Gå til innhald

16. mai

mai 16, 2026

Nå har eg bakt ein ritzkjeks marengs og skal snart ut ein tur med dotter og mormorjenter. Sidan 17. mai som alt er på trappene er ein dag der eg vil tru dei fleste hugsar korleis det var å vera barn, tenkte eg å by på eit par dikt med referansar til barndomen, og med litt velvilje til og med til 17.mai… Av og til når eg tenkjer tilbake må eg innrømma for meg sjølv at referansane tyder på at det faktisk var ei stund sidan eg var eit førskulebarn… Biletet over er av nyare opprinning. Ein dag under korona fann tre og eit halvt år gamle Iben at det var på tide noko skjedde. Ho ringde til mormor og morfar og fortalde at Minnie Mus fyllde året i dag, og at mormor og morfar var forventa å koma i selskap, gjerne med ein presang til bursdagsbarnet…

***

Pigmentan, Spenol og Vaselin

Me klipte jenter i kvite matroskjolar
og store sløyfer i håret
ut av øskjene med Milo og Omo.
Me vaska mest i sunlightsåpe
og ingen hadde fortald oss eller dei vaksne
at såpenamnet var på engelsk.

Kvite knesokkar til 17.mai
og halvsokkar når det blei varmare.
Turnsko med kvite snorer,
og Pigmentan over fregnene for ikkje å bli solbrende.
Spenol på ryggen for å bli fortare brun,
men Vaselin var best på leppene når dei blei såre.
Loket var alltid for glatt og gjenstridig
så me fekk god tid til å studera kløveren på den gule boksen,
og lura på om vaselin verkeleg var laga av kløver,
kanskje me kunne laga vår eigen
når me bare vart store nok?

*

Linolium og divanar

Cheselin og Brylkrem i onkelhåret,
så det alltid var mørkt og glinsande
og sette mørke merke øvst på lenestolane.

Stolane som hadde fjøring i setet og ein sprekk i ryggen,
der barnehender i beste fall kunne finna seg ein toøring,
eller i bestefall ei heil krone,
frå vaksne lommar som rann over.

Linolium og divanar.
Divanteppe på veggen med fine bilete,
og luktene i onkel si nyvaska folkevogn
med rutete teppe i baksetet
der me av og til fekk sitja framme heilt aleine,
i gardsromet utanfor garasjen
og leika at me var vaksen og køyrde bil.

*

Det tunge brønnloket

Det tunge brønnloket
over den uendeleg djupe brønnen,
og holet som gjekk tvers gjennom flaggstonga.

Bestemor sine svarte fløyelssko med snøring,
som ho aldri brukte
fordi ho nesten aldri gjekk ut av huset og hagen,
bare ein sjeldan gong om sommaren
tok ho dei på
fordi ho ville vera med i onkel sin bil
og sjå sola gå ned i havet.

Risengrynsgrauten
til kjøling på benken
før me åt han med heimekokt saus.
Morfar sine arme riddarar
og varme sjokolade
i eit hus fullt av nevrosar
der det var godt å vera barn.

*

Kvite rips og solbær

Avisene skulle til Enevald.
og breva skulle til May.
Postlevering med morfar,
til naboane våre
og kanskje fekk postassistenten
ein bringebærbombom
eller ein Kongen av Danmart i løn.

Trilla mjølkespann med farfar,
til mjølkerampen langs vegen,
få sitja i den rustne mjølketralla
på veg tilbake.
Sjå på farfar sine store sterke armar
og sterke rygg med rutete skjorte
mens han drog oss heim att.

Farmor hadde bringebær i hagen.
Bestemor hadde kvite rips og solbær.
Sommaren var bær
rabarbra dyppa i sukker,
hesteblomar og syreblokker.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget