Gå til innhald

Femtande mai

mai 15, 2026

Damene fann ut at dette måtte vera den rette dagen for ein aldri så liten roadtrip utan menn og hundar. Første stopp var Sandnes garn sitt utsal på Foss Eikeland. Ein god stad å vera for slike som er bitne av strikkesillen. Sjølv om hyllene heime er fulle av strikkegar og restegarn i alle former og variantar, så er det vanskeleg å stå i mot skikkeleg gode tilbod for eksempel på garn som er farga i litt feil fargenyanse og derfor går for halv pris…

Eva Mari hadde aldri vore på Ryfylkeøyane, og hadde lyst til å oppleva naturen for eksempel på Finnøy. Med undersjøiske tunneler kjem ein seg jo ganske langt. Veret viste seg å vera «småroskje» med litt regn og iskald vind. Det blei derfor ein biltur snarare enn ein tur med innlagd fottur.

Etterkvart kjende me kaffitørsten melda seg, eg meinte at viss me sette kursen mot Judaberg så måtte vel det vera den mest sannsynlege staden for å finna ein kafé. Lenge såg det ut som om me kanskje måtte nøya oss med ein pose bollar frå Coop, men så på kaien, fann me det me hadde leita etter.

Kaihuset kafé med kaffi og gongkaker, lokale kaker som var ein mellomting av lappar og Nordlands lefser, som smakte godt med rømme og syltetøy på. Ein kunne og lesa i vekeblad frå 50-talet, finna seg eit kafébord på loftet med gammal brodert kaffiduk eller handla seg garn og strikkeoppskrifter, eventuelt barnetøy og serviettat.

Utanfor på kaien i bitande kald vind stod det ei dame og selde heimelaga festdrikk. Ho fortalde at ho hadde lokal vingard på Finnøy der ho laga eigne drikkar av rabarbra, bjørnebær, eple, rabarbra og mjødurt, heilt utan oppskrift. Alt ho hadde med var heilt kristelege, sa ho. Det vil seia at dei var utan alkohol, forklarde ho. Me fekk smaka av alt i små medisinbeger som flaug vekk med vinden. Me lot oss sjarmera, og kjøpte med oss festdrikk

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget