Gå til innhald

17. mai

mai 17, 2026

Noko med det finaste med 17.mai er glade barn, musikk-korps, norske flagg og faner, og det at livet har blitt grønt igjen etter ein lang vinter. Sjølv om det ikkje var spesielt varmt ute i dag, så har det ikkje regna, og vinden har ikkje vore kaldare enn det me godt toler, slik set me pris på.

Leif hadde sørga for at det stod nybakte surdeigsundstykke på bordet då me hadde relativt tidleg 17. maifrokost saman med Eva Mari og Henrik, som skulle feira mesteparten av dagen med barnebarn i Stavanger.

Me for vår del sette kursen mot Tu for å sjå Iben og Hella gå i barnetog. Denne skulekrinsen ligg rett i utkanten av Brynebyen, men sidan det er over kommunegrensa til Klepp er feiringa lokal og landleg. Det er flott å sjå barnetoget nærma seg med Tinghaugbakken som bakre kulisse. Dette er skulekrinsen eg ville ha høyrd til i om me ikkje hadde flytta til Ålgård då eg var nesten seks år gammal. Her har mor mi og onklane mine gått på skule, og i dette landskapet hadde eg mine første leveår. Me gjekk ofte tur med morfar i bakken bak på biletet, og her viste han oss ofte det gamle hønshuset som hadde vore skulehuset hans då han begynte på skulen i 1910.

Saman med dei to eldste mine og familiane deira var me med til Kåsenhallen der skuletoget ende. Der var det korpsmusikk, tale for dagen av to sjuandeklassingar, barneleikar, pizza, pølser, kaffi og kaker. Det aller flottaste syntest eg var minikonsert med «småkoret» som er elevane frå første til fjerde klasse. Dei hadde øvd inn mange av dei gamle og tradisjonelle «17.mai-songane, og song så det ljoma i idrettshallen. Ein kunne bli rørd til tårer av mindre.

Ettermiddagen innehaldt mellom anna eit lite besøk av Ingrid og familien. Dei hadde med seg heimebakte muffins me fekk beskjed om å spara til i kveld. Så reiste me ut for å sjå på folketoget på Bryne der Iben skulle gå med turngruppa si. Ho hadde bytta ut bunaden med turnantrekk, for i toget skulle ho både slå hjul og gå ned i spagat. Eg blir i grunnen litt imponert av at ungane vågar å slå hjul på asfalten i nedoverbakke. Spesielt imponert vart eg av ei i Iben si gruppe som gjekk på hendene i staden for på beina store delar av bakken. Det var og kjekt å helsa på tidlegare elevar og kolleger.

Vel heime att tok eg meg ein liten pause i lenestolen med beina høgt. Eg slo på fjernsynet for å få ein liten smak av feiringa i hovudstaden der utvalde skular kvart år får marsjera forbi slottet og vinka til kongefamilien som vinkar tilbake frå slottsbalkongen. I dag var faktisk min aller første skule som lærar, Bakås skole, representert. Der jobba eg det første året som nyutdanna lærar med mykje spesialpedagogikk, kunst og handverk og KRL. Eg lure eit par sekund på om eg kunne skjelna nokon kjende mellom lærarane som var der saman med elevane, men eg fann fort ut at sidan eg var den desidert yngste læraren i staben, så var det nok lite truleg at nokon frå mi tid framleis jobba der. Skulen låg på Ellingsrudåsen. Det var ein fin plass å starta lærarlivet sitt med entusiastiske og progressive lærerkolleger og eit multikulturelt miljø. Resten av lærarlivet mitt skulle bli på Bryne skule, men eg har ofte tenkt at det året på Bakås var godt å ha med seg på mange måtar. Skulen fekk min første kjærleikmin framleis litt utemma entusiasme og der prøvde eg ut eitt og anna som eg fann ut var i overkant optimistisk å tru at ein skulle få til…

Nå driv Leif på ute på kjøkkenet og gjer i stand til 17. mai-middag saman med Eva Mari og Henrik. I omnen har han lammelår og fløtegratinerte poteter, så skal det lagast ein gresk salat og i kjøleskapet ventar ei 17. mai-kake som me kan servera til dessert. Ein fin dag skal etterkvart tast inn for landing.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget