Gå til innhald

19. mai -Livet og sånn

mai 19, 2026

I dag, på den nittande mai må eg først av alt få gratulera Sunniva som fyller 33 år i dag. Eg måtte faktisk opp og telja på fingrane for å sjå om det kunne stemma. Eg skulle gjerne hatt henne her i dag, men eg får leva med at dei fire barna mine er blitt vaksne, og at to av dei har vald å bu i Oslo i staden for på Rosseland. Eg sender i alle fall varme tankar om ho får tid til å lesa dette, og lar smilet hennar spela hovudrollen i collagen over som alt er bilete eg har publisert gjennom åra her på bloggen. Eg tenkte at denne dagen kunne det passa å leggja ut dikt om sjølve det store livet og det store spelet me alle er ein del av. Kanskje nokon kjenner seg att i denne herlege altoppslukande og frittgåande karusellen der liv og dagar hektar seg saman i lange rekkjer av alt me lever og alt me aldri rakk…

Det store spelet

Me vandrar gjennom årstider
til fots og på sykkel, 
krabbande og hinkande,
vaklande og i fullt firsprang,
Kjenner vind i håret og regn i ansiktet,
ligg flate på grasplenar, på svaberg
og i sanddyner,
let sola kjærteikna
bleike eller brunbrende kroppar.

Me veks og minkar,
føder barn og flyt over av mjølk,
flettar hår,
plastrar kne,
tørkar neseblod,
formaner og trøystar.

Me søv i rare vinklar
i senger fulle av barn,
med lyse små barnehovud mot halsen,
mot ryggen og mot magen,
og vakar til langt over midnatt
når den siste tenåringen er trygt i hus.

Me syng og diktar,
kranglar og drøymer.
Me ber til høgare makter om nettene,
og syklar til jobb med hjelmen på snei,
jakken på travelt,
og gensaren bak fram,
og rekk første time kvar einaste gong.

Me dekkjer bord og baker brød,
slikkar vaffelrøre
av vispar og slikkepottar,
tenner lys og plukkar blomar,
feier støv under teppet og kokar meir kaffi.
Me trekkjer gardina i frå
så me kan sjå ut når me ikkje når å koma over terskelen.

Me klemmer, diskuterer og elskar kvarandre,
irriterer oss og tilgir,
strikkar tusen barnejakkar
til hordar av barnebarn,
tørkar klissete fingrar,
og kyssar barnekinn som smakar bringebær.

Me ser reisa me er på
kvar gong me passerer ein spegel,
og smiler så vakkert me kan.
Me kviskrar og ropar,
og takkar gode folk for fylgjet,
mens me prøver å stansa krigar
med begge hender.

Me kviskrar hemmelege bøner
om god jord og god bør
for endå langt frå påtenkte oldebarn.
Me tek av slitne joggesko,
og trør med nakne føter i heilag sand.

Me kjenner pulsen frå det store havet,
banka trufast i takt med vårt eige blod,
medan me takkar for å få vera her.
Nå og i stadig komande årstider.

***

Alt me ikkje når og ikkje maktar

Alt me ikkje når og ikkje maktar,
kunne me leggja forsiktig frå oss
i store røyser og haugar,
kunne me bruka til å byggja med
kanskje majestetiske vardar på høge fjell,
kunne me byggja rare kunstverk av
og signera blygt
med namnet menneske.

Me hadde hatt nok å ta av,
støvet mellom sete og ryggstø
i den velbrukte sofaen,
rotet på verandaen,
ugraset i pallekarm kassane,
usortert rein vask i vaskekjelleren,
brevet me ikkje nådde å skriva,
abonnementet me aldri fekk sagt opp,
tannlegetimen me burde ha bestilt,
skoa me burde ha gått inn,
kjolen me skulle ha slanka oss inn i,
genseren som aldri vart ferdig,
symaskinen som har stått litt for lenge og venta.

Om ein hadde stått der ei stund
og bare beundra kunsten med lett oppsperra auge
ville ein før eller sidan oppdaga signaturen,
den som stod der med lita skrift,
pusta djupt inn og ut,
og gått heim til oss sjølve med rak rygg.

Me ville kanskje lagt merke til
at mist eit av dei tusen frøa me sådde
har blitt til ei langstilka solsikke,
og at ho var vakker der ho dansa i augustvinden.

Me ville kjenna at brødet me bakte
smakar vidunderleg godt,
og leggja merke til den mjuke varmen i stemmen
til vennen me møtte på vegen heim.
Me kunne fryda oss om me ein vakker dag
gjekk over vårt eige kjøkkengolv,
utan å få verken syltetøy eller smuler under sokkane.

***

Min etappe

Det er min etappe
så her spring eg,
meg stafettpinnen i handa
med håp og gode tankar,
med bankande puls,
og blodsmak i munnen.
Det er meg det kjem an på nå.

Det hastar ikkje
å planleggja vekslinga,
Det er framleis langt fram,
sjølv om eg veit at nokon varmar opp
fulle av adrenalin
i vekslingsfeltet ein plass.

Her er mange som er klare.
Me er mange på laget.
Me kjem nok i mål til slutt.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget