Sommarbarn
18.mai

For snart eit år sidan fekk eg eit lite junibarnebarn. Nyfødde barn er det mest fantastiske eg kan tenkja meg.
Slikt kan det fort bli dikt av. I dag deler eg nokre av tekstane eg skreiv etter at han var blitt fødd.
Eg har flikka og pussa litt på tekstane. Det kan hende det blir meir og før det blir bok.
Sommarbarn
Du skal sova nå, vesle menneske.
Høyr sommarkvelden pustar
i same rytmen som deg.
Du har god tid,
du har bare brukt tre juniveker
på å vera fødd.
Nå kan du drøyma om sommar,
om mjølk og mor og sterke armar,
om gras og blomar
og liv som skal koma.
Sommaren er mjuk og vennleg,
han skal bera deg og mor di,
begge to skal sova.
Nå er livet mjølk og varme,
juni, trøyst og voggesongar.
Det andre veit du ikkje om,
tida for det kjem tids nok.
Pust roleg inn og ut, vesle menneske
Du skal sova nå.
*
Babysommar
Silkevengmjuke mørke hårstrå,
rundt lite hovud,
blind, mjuk tyngde
mot brystet og halsgropa di.
Ei bleierumpe stor nok til ei handflate.
Desse somrane med nyfødde barn,
denne fjørlette pusten mot puls og hjarte.
Desse heilage barføtte dagane
med ubeskytta sjel og tankar.
**
Til deg
Velkomen hit
du som vart fødd i går.
eller ein gong i sist veke.
Ver velsigna.
Me skal verna deg,
me som står rundt deg med soler i auga.
Me er ikkje så verst, forstår du.
Det er sommar nå.
Me kan køyra deg i open vogn
gjennom folkerike gater
der folk drikk kaffi på små kafear på fortauet.
Eller kanskje kan bruka bereselen,
og blanda hjarterytmane våre
med jøglarar med som går på stylter,
med gatemusikantar med fiolinar og store hattar.
Me har venta på deg,
og lurt på om me burde skamma oss
for slikt me har å by deg.
Her er mange fine folk, ser du,
mykje musikk og mange sterke armar.
Her finst det gode mjuke fang,
fleire enn ein kunne ha tenkt,
Alt det andre veit me om,
me får ta det etterkvart.
Me skal læra deg å finna det gode,
og gi deg styrke til å bruka nebb og klør,
på gode måtar
den dagen du må,
og ikkje kan la det vera.
Men først er det eventyr og banan,
grovbrød og leverpostei,
druer, grøne eple og ville bringebær.
Og vit at me skal bada deg
i kjærleik, håp og draumar.

Heidi