Gå til innhald

20. mai

mai 20, 2026
Dette er eit gammalt bilete som Iben teikna for kanskje tre år sidan. Ho har teikna mormor som i grunnen ser ut til å vera ei ganske hyggeleg dame. På teikninga er ho for anledninga litt meir lettkledd enn ho pleier å vera.

Nå er det snart ein månad sidan eg til mi forskrekking fann meg sjølv på sjukehuset. Ved slike vegkryss trur eg det er normalt å leggja planar om kor flinke og fornuftige me skal vera om me bare blir heilt friske igjen. I dag då eg sat og jobba med dikt eg har skrive, såg eg at eg i grunnen ikkje treng å koma lenger enn til tannlegestolen før løftene om ei betre framtid kan trengja seg på…

Det verste er at det er skrive med eit lite element av heilt ekte kjensler… Det kan tenkjast at det er noko djupt menneskeleg i dette.

***

Eit nytt og betre menneske


Eg sit her i tannlegestolen,
sit og ventar 
på framkalling av røntgenbilete,
medan eg lover å bli
eit nytt og betre menneske,
bare eg slepp vekk her i frå,
eit menneske av det slaget
som brukar tannpirkarar og tanntråd
i minst ti minutt
kvar gong ho er innom badet.

Medan forbetringane er i gang,
lovar eg å krydra alle pausar i dagen
med situps og knebøy,
bli eit godt menneske rett og slett,
eit som alltid småspring opp alle trapper
sjølv når ein skal heilt til topps.

Ei som alltid har støvkluten i baklomma,
og skurekluten klar til kamp,
ei som knaskar agurk til sundagskaffien,
med alltid delikat oppskorne kålrabistenger
i ei glasskål på kjøkkenbenken.

Eit menneske som 
alltid er i seng lenge før midnatt
og som i glede og entusiasme
tek seg ein frisk morgontur
før alle andre er oppe.

Framleis er det nye året nytt.
Tannlegen kjem smilande inn,
jekkar stolen min flat
og trer vernebriller over auga mine.
Eg korsar meg mentalt,
og gjer meg klar for det meste.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget