Gå til innhald

Kva ville Jesus ha gjort?

mai 20, 2026

Eg synest at det skjer noko spennande og litt uventa når Debatten ein tysdag handlar om kva Jesus ville ha gjort.
Det same tenkjer eg om at Mimir Kristjánsson og Sofie Marhaug har skrive boka «Sosialistenes guide til Bibelen», etter å ha lese heile bibelen for å finna ut kva det heile dreiar seg om. Det at ein på ein respektfull måte, og utan å latterleggjera kvarandre si tru og tankar rundt kven Jesus var, og korleis han hadde villa at me skulle leva, er eit prosjekt som gleder meg.

Sjølvsagt var eg ikkje einig i alt som vart sagt av alle, men eg syntest det vart sagt kloke ting til ettertanke i løpet av debatten.
Det er og fint at det var ein slags einigheit i at ein ikkje utan vidare kan plassera mennesket Jesus i norsk partipolitikk og vita kva han ville ha sagt om eitt og alt. Eg syntest og det var fint at ein kunne einast om at det finst menneske i alle politiske parti som synest det er viktig å fylgja Jesus og som meiner at trua er viktig for måten dei har vald å leva på.

W.W.J.D. stod det på armband som mange ungdomar gjekk rundt med for eit par og tjue år sidan. «What would Jesus do?» Mange av dei fann nok ut at etterkvart at det å svara enkelt og eintydig på dette spørsmålet ikkje alltid var like lett. Eg trur likevel at bare det å stilla spørsmålet gir grunnlag for viktige refleksjonar. Eg ønskjer velkomen ein tidsalder der ein utan å bli raud eller forlegen kan diskutera spørsmål som dette i beste sendetida på TV. Eg vart ein gong fortald at eg som levde mitt skjerma liv på sørvestlandet ikkje hadde noko aning om kor fjernt det var for nordmenn flest å relatera livet sitt til kristendom eller til Jesus. I dei fleste miljø ville ein bli sett på som ein raring dersom ein sa høgt at kristendomen eller Jesus var ei av dei viktigste rettesnorene for livet.

Kanskje noko er i ferd med å forandra seg? Det blir spennande å sjå. Eg var ikkje invitert til å seia meininga mi om noko som helst på debatten i går, og eg synest at mange av dei som var der sa ting som både var kloke og reflekterte. Her på min eigen blogg kan eg leggja ut kva som helst, så nå har eg leita fram nokre dikt frå diktsamlinga som kom ut for 11 år sidan. «Synd» er eit omgrep mange liker å knytta til kristendomen. Då eg studerte kristendom, lærte eg at «synd» kan omsetjast med det å bli krøkt inne i seg sjølv. Altså det å vera ute av stand til å opna seg for noko større, til oppleva fellesskap og til å kunna sjå at noko er vakrare og viktigare enn din eigen nasetipp. Desse dikta har eg lyst til å leggja ut som min kommentar til debatten i går.




TA HELLER MED DEG HJARTET DITT

Pakk livet ditt rundt deg, 
gå ut og ver ein forskjell.

Opna dørene mot byen,  
slå gjerne krossmerket 
på panna di og på brystet ditt. 

Legg navlen og nasetippen 
forsiktig til sides.

Ta heller med deg hjartet ditt 
det såre og det varme, 
ikkje tenk for mykje,
bare ta det med.

Tenn gjerne eit lys 
for alt du ikkje har ord for,
og for alt  du aldri sa. 

Ta gjerne på deg ullsokkane 
dei kan koma godt med. 


GÅ UT OG VER EIN FORSKJELL

Gå ut og ver ein forskjell
Det er sant at verda frys.

Pakk livet ditt rundt kroppen,
opna døra mot vindane.

Ta med deg alt du har av varme,
gå ut og ver ein forskjell.

Heidi

PS: Biletet med transparenten av Jesus sitt ansikt har eg fotografert i teltet der det var keltisk morgonbøn på Korsveifestivalen i sommar. Eg lurer på om det er laga av Barbro Raen Thomassen, men eg er litt usikker. Kanskje nokon veit?

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget