Snart pinse

Av ein eller annan grunn har eg skrive ganske mange pinsedikt gjennom åra. Sidan me nærmar oss denne høgtida med veldig raske skritt kan det kanskje passa å presentera eitt av dei som eg aldri før har verken lese opp eller publisert på annan måte. Eg trur det må vera skrive i fjor.
Mysteria i dei ulike høgtidene er noko av det som tiltalar meg mest. Då eg var tenåring syntest eg at alt som hadde med Den Heilage Ande å gjera nesten var litt skummelt. Skulle det koma noko frå oven som nesten let oss mista kontrollen på oss sjølve?
Gud var heilt greitt og trygt. Gud Fader og Skaparen som elska menneska var det lett å forhalda seg til då eg var barn. Han tvilte eg viss aldri på. Han var sentrum i barnetrua mi, og slik er det kanskje framleis.
Jesus var og fint. Kanskje litt vanskelegare å forstå seg på når det vart snakka om forsoning og frelse. Den Heilage Ande var eit litt skummelt og mystisk framandelement som det vart snakka lite om.
Det var fint og nesten litt befriande då ei venninne sa til meg at ho syntest det var lettare å tru på «Den hellige ånd» enn både Gud og Jesus, for det var ikkje så forbunde med dogmatikk og vanskelege tradisjonar.
Sjølv har eg fått større og større sans for denne delen av «tre-einigheita». Tenk å tru at det er ei god kraft som kan dytta oss i ryggen og fylla oss med mot, håp og vilje. Eg opplever av og til at eg «bare veit kva eg skal gjera» utan at eg heilt forstår korfor. Det hender eg nesten ser kvite piler i grusen som viser kor eg skal gå. Eg trur det finst ulike ord for dette i dei ulike kulturelle språka me snakkar. Nokon vil kalla det intuisjon, andre vil kanskje kalla det «underbevissthet»… For oss som trur på krefter større enn menneske er det ikkje heilt unaturleg å tru at av og til får me hjelp frå noko utanfor oss sjølve.
Nå trur eg at dikta under skal få stå litt på eigne bein. Eg vil ikkje «forklara dei i hel».
***
Pinsedag
Det var den dagen
eg plutseleg og heilt uforvarende
kjende eldtunga på hovudet
og Guds heilage pust i ryggen.
Vinden som skal dytta meg
medan eg ber meg sjølv
ut i gatene, ut i byen,
ut i skogane, ut til bølgjene.
Eg går med pusten din
som vind i ryggtavla,
ein rygg som eit segl
så føtene mine vinn leia.
Eit lite fryktlaust barm
Ei nesten gammal dame,
og begge to er meg,
utan at eg forstår
korleis det kunne gå til.
Men trygge er stega mine,
gjennom alt det forunderlig tidlause
i landskapet som opnar seg.
Eit himmelsk fredsrike,
i meg, rundt meg,
og langt der framme.
***
Bare la seg bera
Å leggja seg ned
i eit felt utan ord og tankar
og bare la seg bera
av fred.
Som barn som blir borne
veit me ikkje alltid kor me skal hen,
me veit ikkje kva me endå ikkje veit.
Me tenner lys og kneler,
før me let livet bera oss vidare.
Heidi