Systerdag -22. mai

I dag hadde eg ein avtale eg gleda meg til. Syster mi hadde invitert meg ut til å eta lunsj på Bryne. Eg skulle bestemma kor me skulle og kva eg ville eta, og så skulle det vera ein gebursdagspresang sånn litt på forskot. Me ende på Smiå og koste oss med kyllingsalat og rekesmørbrød med ripssaft til i fine glas og god kaffi etterpå. Me vart sitjande heilt til me forstod at deg var på tide å gå fordi dei skulle stenga.
På veg heim var eg innom ein butikk for å kjøpa bær til å pynta ei kake med. Dei dyrebare bringebæra var ikkje så godt innepakka som eg trudde… Då eg la dei i bærenettet hoppa loket av plastboksen, og dei trilla ned i nettet mellom alle slags tunge varer som kunne knusa dei og gjera dei veldig lite eigna til kakepynt. Eg måtte unnskulda meg til dei som stod bak i køen, for etter at eg hadde betalt blei eg ståande på nedsida av kassen og ausa bringebær frå nettet og opp i plastboksen, med fingrar som såg meir og meir blodige ut. Berenettet som miljøbevisstaktig nok var av tøy fekk røde flekker, og den fine himmelblå kåpa mi fekk bringebærflekkar den og.
Det er akkurat den typen hending som barna mine med jamne mellomrom opplevde i barndomen, og som dei fann ganske pinlege. Ei av døtrene mine sa ein gong at ho alltid var glad når me kom oss ut av ein butikk utan at eg hadde mista noko i golvet, utan at eg hadde gløymt bankkortet heime, og utan at det viste seg å vera dårleg dekning på det allereie nemnde kortet… Sjølv om eg vil påstå at det å gå ut av ein butikk utan den slags hendingar er det normale sjølv for meg, så må eg erkjenne at eg har ein viss coping-kompetanse med å koma i slike situasjonar og kjem meg stort sett heilskinna ut av dei. Når eg litt varm i toppen skulle ut av butikken, kom ein mann springande etter meg og lurte på om dette var mitt. Det var det… Ei øskje med det den yngste mormorjenta kallar kjørkedrops… Altså «bombomar» som er eigna til bruka dersom det skulle bli nødvendig med litt bestikkelsar under første del av gudstenesten, før sundagsskulebarna går ned saman med løva for å fortsbetja festen i kjellarstova… På folkemunne blir dei og kalla sveitsiske urtedrops… Etter å ha levd i nesten 65 år med at folk spring etter meg med det eg har gløymt eller mista, er eg blitt ganske flink til å smila fint, takka og seia at nå var eg heldig…
Og nå ligg ca 25 heile bringebær på ein blå asjett med plast over seg, og ser fram til ein heidersplass mellom alle blåbæra på ei kake dekt med krem…
Sidan dette på ein måte vart systerdagen, set eg inn eit systerdikt som står i ei av diktsamlingane mine. Ta godt vare på systrene de måtte ha blitt velsigna med. Dei er gull verd.
***
SYSTERDIKTET
Mor Livet heller systrer ut av same koppen,
like og ulike
med det same varme blodet
dunkande i same rytmen
under den alltid litt for tynne huda-
Greiner på same treet,
kvistar på same greina.
Siamesiske tvillingar
på kvar sin klode
med den same arven
dunkande i nervebanane.
Tofsla og Vifsla med dei hemmelege orda
som bare dei forstår
likt eller forskjellig
og ei veske full av rot som ingen skjøner
med trollmannen sin flosshatt
aldri for langt borte
til at det magiske og uforståelege
kan få lov til å skje.
Ein venn gitt deg av barndomen
med auge som har kikka inn i dei same roma
og ein kropp som har ligge flatt
på det same grøne golvteppet,
og med tilgang til det same kjøkkenet
med fiskebollar i kvit saus
og fiskekaker i brun.
Med tomatsuppe, makaroni og potetstappe,
og den same stripete katten på veg opp trappa
med løfta hale på veg mot fanget ditt.
Det var du og eg
som fann vegen ut den same døra
etter år i baksetet på den same bilen
og månadar rundt det same kjøkkenbordet,
blitt løfta høgt under taket av den same farfaren
og fått bringebærbrus og bollar
frå sykkeltaskene til den same morfaren.
me som har balansert med tusen tankar i hovuda
og tusen ting i hendene
mellom kravlande viljesterke ungar,
lukkeleg malande kattar og
alltid ventande morgondagar.
Det er me som har ledd.
Me som har sett dei same tinga
på to eller tusen forskjellige måtar
me som har plussa og ganga og delt
og fått forskjellige svar og heilt det same.
To Matrjuskadokker
med dei same laga mødrer
på utsida eller innsida.
Det er me som har gått
og alltid skal gå
gjennom timar som var og er og skal koma.
Me som finn vegar i det veglause
om nokon nokon gong skal finna dei.
Heilt til me ein dag
om litt eller veldig lenge
blir gamle damer, for lengst like gamle
med store hattar og flagrande hår,
du med miniskjørt og eg på tresko
med tippoldebarn på alle kantar
klatrar opp i det same treet
og set oss på kvar vår grein
for å venta på kråkene
og sjå kva som hender i neste runde.
Heidi