Gå til innhald

23. mai

mai 23, 2026

Magien med å fylla år forsvinn ikkje heilt sjølv om åra blir fleire og fleire. Nokre av oss synest framleis det er litt stas med presangar, kort og gode ord. Og denne eine dagen er det litt ekstra stas med Facebook der personar frå alle settinger gjennom eit heilt liv legg igjen helsingar. Eg sit igjen med kjensla at «Du verda så mange flotte og gilde menneske eg kjenner. Så heldig eg er.» Kvart år prøver eg å svara på alle meldingane, men eg kjem ikkje alltid heilt i mål. Viss du som les dette har send meg ei ubesvart melding, så får eg takka her og nå.

Me har hatt ein travel dag, tidsoptimist som eg er, så blir det ofte ein hektisk innspurt. Men i det familien ramla inn hadde me klar to middagspaier, pølser, surdeigsrundtykke og salat, og til kaffien, ritzkjekskake med bær, varm rabarbrapai med is og krem og nysteikte vannbakkels. Litt forundra over at me rakk det før det ringde på døra.

Noko av det mest rørande var at ein av elevane mine frå i fjor ringde på døra med nysteikte skule bollar og sjølvhekla glasbrikker. Eg avtalte med henne at ho må ta med seg nokre fleire ein dag og koma på besøk.

Eg vart og rørt av at far hadde leita hagen rundt for å finna utsprungne liljekonvall til meg. Blomane er seine i år, men han syntest eg måtte få yndlingsblomane mine på bursdagen. Så fyldest huset. Til slutt var me vel 13 til bords med stort og smått.

Nå var det godt å synka ned i ein velbrukt Ikea lenestol framfor fjernsynet. I morgon skal eg ha sundagsskule, men eg trur eg er nokonlunde klar med førebuingane. Eg får prøva å koma meg litt tidleg i gang i morgon.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget