Gå til innhald

25. mai

mai 25, 2026

I dag er eg takknemleg for utestova vår av glas, som gjer at ein kan sitja nesten ute i noko som liknar veldig på sommervarme.

Der ute har eg hatt ein fysisk sett veldig lat annan pinsedag, tidvis i sol. Leif har vore på sykkeltur med Gunnar til Rennesøy med medbrakt telt. Dei kom heim for ikkje så lenge sidan, og hadde hatt ein veldig fin dag.

Eg for min del har skrive dikt, høyrd lydbok om Jens Bjørneboe skriven av Håvard Rem og fordjupa meg i Notto Thelle si tjukke bok om japanske vandrepoetar og haiku- dikt, «Veiens visdom og vandringens poesi- Fire japanske vandringspoeter» Alt saman lystbetonte aktivitetar for slike som meg. Boka om vandrepoetane fekk eg til jul for halvanna år sidan, så lesinga har teke si tid, men nå den siste månaden har eg kome skikkeleg inn i det. Det er ei fascinerande bok om japanske vandrarar, nokre av dei buddhistmunkar, som alle har vald eit einsleg liv på vandring. Dei har gitt avkall på rikdom, delvis tigga til livets opphald og skrive dikt.

Haiku-dikt har lenge fascinert meg. Det er ein eigenarta styrke i desse tilslipte ordknappe dikta. Dei skal ha eit avgrensa antall stavingar, ei henvisning til ei årstid og i tillegg eit overraskande element. Eg veit at fleire nordmenn har prøvd seg på denne formen for lyrikk. Eg fekk i grunnen lyst til å prøva eg og…

Men nå vil eg dela nokre av dei gamle haiku-dikta frå boka i omsetjing av Notto Thelle:

*

i skyggen under
blomstrende trær er ingen
helt fremmede
– Issa

*

Kisayata i regn
en sovende skjønnhet
silketre i blomst
– Bashô

*

på denne dagen
stryker jeg ut det jeg skrev
i dugg på min hatt
– Bashô

*

selv i Kyoto
lengter jeg etter Kyoto
når gjøken galer
– Basho

*

kirsebærtrærne
i hjembyen jeg forlot
står nå i fullt flor
– Issa

*

da jeg en dag kom
var månen over hjemmet
skjult bak skyene
– Issa

*

vi ganske enkelt
lever- det er alt vi gjør
valmuen og jeg
– Issa

*

vårregn i luften
selv i fattigmanns krukker
blomstrer plommene
– Issa

*

en kostbar harpe
en tiggers fløyte
sløret i vårdis
– Issa

*

mens hun teller
loppestikk ammer hub
sitt lille barn
-Issa

*

min krysantemum
bryr seg ikke noe om
klær og konvensjon
– Issa

*

et barn på villstrå
klamrer seg så hardt så hardt
til kirsebærblomsten
– Issa

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar