Gå til innhald

Pinsedag

mai 24, 2026

Dette har vore ein fin dag. Heilt frå eg var lita har pinstihelga vore noko som har stått for meg som noko veldig fint. Eg trur det har med det å gjera at det er så fint og nyutsprunge ute på den tida, og at det så vidt eg hugsar ofte er fint ver og. Det kan og henga saman med at feiringa ganske ofte har vore nær den dagen eg fyller år…

I dag var det min og Hilde sin tur til å ha sundagsskule. Akkurat som første påskedag, så synest eg at første pinsedag har eit fint og litt ekstra høgtideleg preg når det gjeld gudstenesta. Løva kom dansande inn med flagg og ballongar for å feira at dette blir rekna som fødselsdagen til den verdsvide kyrkja.

På sundagsskulen hadde me figurteater i dag. Barna hadde kvar sin seigmann, noko som symboliserte apostlane og kanskje mange fleire som sat innandørs i Jerusalem under høgtida og ikkje hadde kraft eller mot nok til å gå ut og forkynna evangeliet for alle folkeslag slik dei hadde fått i oppdrag. Så laga me lyden av storm, og tende eit telys for å symbolisera den store flammen som kom inn i rommet. Barna fekk så halda kvar sin ostepop over seigmannen som skulle vera flammane kvar og ein fekk over hovudet. Så vart dei sterke og modige og gjekk ut for å forkynna for dei andre seigmennene som hadde vore i posen. Dei snakka språk dei eigentleg ikkje kunne. For å illustrera det måtte me snakka på litt ulike språk me og, slike som me kanskje ikkje kunne. Me begynte forsiktig med engelsk, tysk og spansk før me gjekk over til gresk og latin som eg hadde laga setningar på via google translator. Me snakka om korleis dei aller første «huskyrkjene! blei danna før me song me «Hurra for deg som fyller ditt år» til kyrkja. Så feira me litt bursdag med seigmenn, ostepop og litt non-stop. Det siste skulle symbolisera at åndskrafta frå då av skulle vera for alle og aldri ta slutt. Så fekk dei ballongar og me snakka litt om at Den hellige ånd kunne likna litt på ein varm god pust som kunne hjelpa oss til å flytta oss litt i den retninga Gud ville.

Sundagsskulen vart avslutta med at me sat rundt borda og laga decoupage med serviettar og decoupagelim på kubbelys, som dei skulle få ta med seg heim, som teikn på Guds lys og elden på pinsedag. Eg må kanskje og fortelja at det ikkje er Hilde og meg som skal ha ære for ideen med ostepop over seigmann. Akkurat den delen av opplegget fann eg i «Sprell levande», som er eit inspirasjonsprogram for sundagsskulen som me i Brynekyrkja abonnerer på. Eg synest dei har utruleg mange spreke idear som kan brukast til å laga spennande opplegg.

Eg ser av og til folk skriva på facebook «Er det andre her som har gått på søndagsskolen?» Etterpå kjem det mange kommentarar om gullstjerner på himmelen, eple på tre og fiskar i garn, og veldig ofte hugsar nokon flanellografen. Så blir det konkludert med at dette er gode minner, men at sundagsskular sikkert nesten ikkje finst lenger. Då kan det kanskje vera på sin plass med eit blogginnlegg som fortel at sundagsskulen lever i beste velgåande. Det kunne kanskje for eksempel passa å gjera det på pinsedag?

Etter sundaggskulen sykla eg saman med den yngste mormorjenta heim til hagen deira. Den eldste sykla heilt aleine, og stod over ryddinga før me kunne gå heim. I hagen var det ekte pinsever. Her på Jæren er litt av sommarmantraet «å finna sæg enn plass der dar æ live!» Ein slik plass har dei utanfor huset. Der blir det ofte dei fem plussgradene ekstra som gjer at ein rett og slett får følelsen av at det er sommar. Det var første gongen i år at eg var i nærleiken av sommarkjensla. Jentene serverte meg kald drikke i eit glas med isbitar og glas- sugerøyr. Mor deira baud på kaffi, så det var bare velstand. Då eg skulle sykla heim, fekk eg med meg ein stor bukett blå blomar jentene hadde plukka til meg i hagen.

For tre dagar sidan baud eg på eit nyskrive pinsedikt. I dag byr eg på eit «gammalt» frå ei av dei tidlegare diktsamlingane mine. Dette diktet har eg brukt mykje på opplesingar. «Gjer hovudet mitt kaldt nok til klare tankar om det eg ikkje veit at eg veit. Ver krafta eg ikkje står i mot, og vakt mine innfall…

Blås på meg, Heilage Ande

Blås på meg Heilage Ande
blås meg nedover gata
så eg kjem på rett plass

ver den kvite dua
eg kan fylgja etter
på tå 

utan å forstyrra eller skremma

vis veg,
gløym ikkje
å bruka meg,

varm hjartet mitt
nok  til å tola ruskever

gjer hovudet mitt
kaldt nok
til å klare tankar
om det eg ikkje veit
at eg veit

ver krafta 
eg ikkje står i mot
og vakt mine innfall

ver kjærleiken
eg ikkje har ord for
og den som styrer lengten.

Ver flammane
over håret mitt
og elden lengst inne i magen

fyll meg med din fred 
og med din uro.      

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget