– Nå skal eg visa deg depresjonistavdelinga på Lindex, seier Eva Mari. – Depresjonistavdelinga? seier eg. – Teltavdelinga-, repliserer ho, og det begynner vagt å gå opp for meg kva ho meiner.
– Avdelinga for ekstra store klær, ja, seier ho med ein energisk undertone av forakt. – Kom og sjå..
Innerst i eit hjørne av butikken er dei store storleikane på stativ som verkeleg står påfallande tett innpå einannan.
Her er det ikkje mykje albuerom.
-Først skal ein med ei unskuldande kroppshaldning måtta snika seg som ein tjuv inn i eit hjørne innerst i butikken, og så skal ein måtta ta påkjenninga av å kanskje riva ned heile reolar fordi det er så trangt der at sjølv ein slank person står i fare for å riva med seg det meste i eit normalt passeringsforsøk…
Når ho seier det ser eg at det faktisk er sant alt saman. Og der og då fotonar det seg ustyrteleg komisk… Ikk je vart det noko handel på oss der i dag, slett ikkje.
Derimot var det eit anna butikk-konsept som rørte hjarta mitt. Butikken Askeladden som låg ikkje så langt unna. Det var ein blanding av gjenbruksbutikk, antikvitetsbutikk og loppemarknad. Viss det ikkje var for at eg ikkje orkar å bera med meg så mykje på toget, og fordi eg har meir enn nok ting frå før, så hadde eg vore sterkt frista til å leggja att store deler av den nyerhverva løna der. Knivar og gaflar med raud- og blå- rutete skaft som fekk i godt humør. Store bilete i tunge rammer av gamle dame eg aldri har kjend, og ukjende babyar i blondekjolar.
Eg har ei litt sær tiltrekning mot gamle fotografi. Fleire gonger har eg på loppemarknad kjøpt fotografi av totalt ukjende personar som eg har hengt på veggen heime bare fordi eg synest dei er fine. Responsen frå andre er påfallande unison. -Kva i all verda skal du med bilete på veggen av nokon du ikkje kjenner… Ein gong kjøpte eg eit fotoalbum på loppemarknad. Då stod plutseleg Odd Nerdrum der i ein stor kjortel og sa at han gjerne ville kjøpa det viss eg ikkje ville ha det. Kanskje eg kan trøysta meg med at eg ikkje er unormal likevel? Eller…
Ein annanting eg ein vakker dag skal begynna å samla på er gamle glas. Tenk noko så flott som eit selskapsbord dekka med hundre forskjellige gamle glas. Nå er i og for seg ikkje drikkevanane mine slik at eg har spesielt bruk for gamle stetteglas i fire ulike storleikar, men alligavel…
Då eg fekk høyra konseptet for butikken fekk eg endå meir sansen for det heile. Heile varebehaldninga er saker og ting dom folk gjer dei gratis fordi dei ikkje har bruk for det lenger, og dei tilsette er ei blanding av frivillige hjelparar og folk som av ulike grunnar treng arbeidstrening. Drifta er eit samspel mellom pinsemenigheten og kommunen. Heia Askeladden!
Nå har Eva Mari kokt kaffi, me har kjøpt veldig mørk sjokolade som heilt sikkert er tilsvarande sunn…
Utover spisestuebordet har me breidd filt og tyll og blonder, på peisen brenn det bål. Nå skal me sy og vera kreative.
Heidi
Inn i eit sjukt sett tankar og eit plaga sinn, til dømes. Desse opplevingane har eg hatt i heile mitt lesande liv. Nå sist blei eg trukken inn i det medan eg sat på toget.
Då eg var tjue år og gjekk på lærarskulen sat eg ein halv dag på lesesalen og las “Isslottet” av Tarjei Vesaas. Eg hugsar ennå den litt tranceaktige kjensla som kom over meg. Eg klarte ikkje å leggja boka frå meg, og eg brukte store deler av dagen til å rista av meg trancen. Eg veit ingen andre måtar å gå så langt ut av meg sjølv og inn i andre som å lesa ei bok.
På vegen bort hit las eg ei bok som tok skikkeleg tak i mageregionen. Eg hadde med meg romanen “Renselse” av Tore Renberg. Der blir du trukken så grundig inn i ein sjuk hjerne og eit plaga sinn at logikken kring etikk og grenser, det gode og det vonde blir flytta på og gjort utydeleg.
Plutseleg sit du der og trur at kven som helst kan glippa grepet. Kven som helst kan oppleva det logisk å drepa fordi verda plutseleg blir speilvend og sanninga står skriven opp ned.
Då ser ein seg litt om i kupeen. Kven av medpassasjerane
kan allereie tenkjast å ha slike tankar. Kunne det plutseleg skje med meg?
Boka er veldig velskriven, og eg anbefalar ho. Som skrivande menneske kjende eg på at Renberg må vera ein modig mann.- Som vågar å skriva slikt som andre blir fælne av å lesa.
Nå har me foreteke eit byttelån. Eva Mari skal lesa “Renselse”, og eg skal lesa “Drageløparen”, på toget heim. Eg gler meg.
Heidi
Eg er midt i ein draum om å arrangera ein heller særeigen konfirmasjon, då eg blir vekt av god kaffilukt frå ein raud kopp med små kvite prikkar, og eit blidt god morgon frå Eva Mari.
Så et me omelett og stablar oss inn i bilen med Henrik bak rattet og retning byen. På St Hans Haugen takkar Eva Mari og eg for turen. Klokka er åtte, og framleis er det grålysning i ein morgonmørk by. Me går inn i ein butikk som reklamerer med å ha vakre unge menn frå Toten og ferske grønsaker. Mannen bak disken er ikkje totning, men ein vakker ung danske som får meg til å le. Dei sel spanske og engelske julekaker til halv pris, og ein kasse er merka “Bananar frå Toten.” Appelsinene er store og oransjegule.
Eva Mari ser på klokka og meiner me har tid til eit morgonprosjekt til. Eit par hus lenger nede i same gata
ligg ein koseleg kafé. Dei fortel at dei sel rettferdig kaffe, direkte frå ein leverandør i Brasil. Me bestiller kvar vår kopp cappuccino og ein grov scones på deling, så set me oss på kvar vår høge barkrakk og ser på morgonlivet medan eg et cappucinoskum med kanel på med teskei.
Av ein eller annan grunn er det akkurat som å vera i København, kanskje det har med den danske baristaen å gjera.
Ennå eit lite stykke tek me fylgje Eva Mari og eg, før morgonvegane våre deler seg og eg set kursen mot sentrum. I Akersgata står det folk med dynejakkar og vinterluer og les monterutgåvene av Dagens aviser.
Dei fleste skal vera på jobben sin snart, og går medmålretta steg mot arbeidsplassen.
I Karl Johans gate er det varebiler som leverer dagens forsyningar til butikkane. Framleis er dei fleste butikkane stengde og hovudgata i landet er mørk og relativt folketom.
Utanfor sentralbanestasjonen står ein mann og spelar trekkspel, og i utstillingsvinduet på ein Second Hand butikk får ein tilbod om å kjøpa ei setesdalskofte som er pynta med lange lause trådar i glade fargar.
Ved Oslo Børs svingar eg til høgre og går forbi lokalet der Kirkens Bymisjon akkurat er i ferd med å servera frokost til dei som treng det aller mest. Utanfor inngangsdøra står ein gjeng og røyker saman, medan andre er i full gang innanfor med kneippbrød og bringebærsyltetøy.
Nærmast med ein viss rutine finn eg fram til Kirkens Hus og får ein nyttårsklem av Oskar Stein og Astrid før eg kvitterer meg inn i gjesteboka.
Ein dag begynnar.
Heidi
ikke vær redd, ikke vær redd…
Eg har nå vore på teater to gonger den siste veka og sett stykket “Det tusende hjertet.” Det var verkeleg flott. Spesielt scenografien imponerte meg. Den eine gongen reiste eg i lag med to elevar og den andre gongen i lag med Sunniva og ein del andre familiemedlemmar.
Av og til er det trist at eg kan skriva så lite om den viktige delen av livet som foregår på arbeidsplassen min. Det er mange sterke inntrykk, og mange vakre situasjonar eg gjerne ville ha skildra, men på grunn av teieplikta høyrer slike skildringar stort sett heime andre plassar enn her.
Nå er eg søvnig. Januarsøvnig eller søvnig rett og slett fordi oppstarten av semesteret ,og overgangen til det normale kvardagslivet, har vore travel og krevande. Nå kvinnar eg meg opp til å pakka sakene mine for å dra til Olso i helga. Eg skal dra rett frå jobben i morgon ettermiddag. I Oslo skal eg jobba med liturgiar, og elles feriera litt…
Regnet utanfor er stort og massivt. Eg har unna meg eit kvarter på sofaen med beina høgt, eit kvarter med kaffi og med hovudet i fanget på kjærasten min.
Så har eg vaska kjøkkenet og møblert frukt og grønsaker. På kjøkkenbenken har eg lime, sitroner, kiwi, aubergine og avokado i ei spansk skål med blått og gult mønster og småløk, kvitløk, chili og sjampinjong i ei portugisisk skål med brunt og beige mønster. Det vart så fine fargar at eg vart glad. Sjølv kler eg meg i lilla og cerice, det gjer godt i ein litt grå månad.
Sigvart Dagsland syng: Himmel, himmel, la meg få et glimt av himmel… frå PC-en til kjærasten min.
Den krybe opp frå mørke krogar og svarte hull, la meg få et glimt av himmel…
Eit vakkert bilete frå kvardagen min: Litt trøytte januarmenneske som gjer alt dei kan for å ta vare på einannan og tenna lys i andre sine auge. Det må vel vera eit glimt av himmel.
Heidi
Dersom me kan vera samde om at livet svingar seg i spiraler oppover i ein syklus kring årstidene, kan eg ta deg med seksten varv nedover på min personlege spiral.
Me er i januar og årstalet er 1992. Odd Christian har rukke å fylla fem år, og Ingrid er to og eit halvt. Kjelda er framleis ei notisbok eg fann då eg rydda…
…
Ingrid kravlar over oss i senga.
Ho stikk kalde små føter på oss
igjem og igjen. – Lesa denne boka! seier ho.
Eg les om Dovne Dennis, anda som kjem for seint til skulen. Etterpå veit eg ikkje kva eg har lese, for eg er så trøytt. – Pappa kan lesa litt! Prøver eg optimistisk. – Nei, ikkje nå, seier kjærasten min,
og dreg dyna over hovudet.
Klokka er fem om morgonen. Dagen begynnar tidleg hos oss.
…
– Skund deg, mamma, eg og må på do!
Odd Christian hamrar utålmodig på døra. – Eg vil gjerne få vera i fred ein einaste plass i huset.
seier eg til kjærasten min.
…
-Eg vil ha havradryn, seier Odd Christian. – Nei, ikkje nå, seier eg. – Det blir så mykje graps. – Du kan få det seinare i dag.
…
– Ikkje sant at eg heilt sikkert kan få gå til Marit Bråten i
dag? spør Odd Christia. – Jo då, viss det passar for dei, seier eg.
…
– Ingrid vil ikkje i barnehagen.
Det seier ho då eg er klar til å gå.
Då har ho site klar i vogna si og venta lenge.
…
Ingrid grin.
Vil ikkje vera i barnehagen. – Eg startar først til andre time, så eg har litt tid…
seier eg til dei vaksne. – Gjer som det er best for deg, du, seier Oddrun.
Eg set meg ned med jenta mi på fanget.
Ho gret framleis.
Ho er sår under nasen av alt snotten.
Håret hennar er tynt og kvitt og sveitt.
Det klistrar seg inntil det vesle hovudetl
…
Så får eg drikka kaffi i styraren sin kopp frå Amerika.
Eg set meg ved frokostbordet saman med Ingrid og dei
andre på småbarnsavdelinga.
Ingrid tek jordbærsyltetøy på kneippbrødskiva si.
-Du må bare drikka kaffien din, seier ho til meg.
…
Så fin bukse du har på deg, Ingrid, seier Oddrun.
Det har vore mamma si bukse, seier eg,
for selebuksa med svarte og raude ruter er eit av dei
plagga bestemor har tatt vare på i alle desse åra. – Så koseleg, seier dei vaksne.
…
– Nå må eg gå, seier eg. – Nei! seier Ingrid.
Berthe tek henne på fanget. – Skal me gå inn til dei store og henta Odd Christian?
spør ho. – Ja! seier Ingrid.
Og eg må gå.
…
Eg kjem fem minutt før det ringer.
Eg drikk kald farris og finn fram kristendomsbøkene.
To gutar ventar på gangen.
-I dag var det grævligt kjedeleg i gymmen, seier dei. – Me måtte ha sånn gammaldags gym og marsjera rundt på rekkjer.
…
Og eg sit her og gjenopplever det sekstande varvet frå her og ned. Eg innser at eg ikkje veit så mykje om travle morgonar lenger.
Heidi
Korleis eg klarte meg før eg fekk blogg? Eg skreiv i skrivebøker. I dag fann eg litt av kvart då eg rydda. I den småhustrige vinterdagen plukkar eg fram første og andre mai for sytten år sidan. Då var eg gift med same mannen som i dag Odd Christian var fire år, og Ingrid skulle snart fylla to.
Vennene me var i lag med var dei same eg skreiv om i går. Eg jobba på same plassen som nå. Det som slår meg når eg les desse tekstane er kor lite eg har forandra meg på sytten år. Eller kanskje det bare er noko eg trur?
…
Kjærasten min og eg på veg ned mot sentrum
delvis hand i hand.
Me høyrer korpsmusikk.
Den aller første i år.
Skal me springa?
spør eg-
…
Dei syng internasjonalen
stemmane ber ikkje heilt.
Det er heller spinkelt.
Jostein har heimestrikka genser.
…
Åse Marie og Ingrid
saman på ein haug av sand.
Ropar i kor og fryder seg over lyden.
Ingrid drikk mjølk av ein plastkopp ho har fått låna.
Ho har rosa matrosdress som mormor har kjøpt,
og ny blå sommarjakke frå oldemor og Ellos.
Ho er full av sandflekkar,
eg skulle kanskje ikkje lete ho leika i dei dine nye kleda.
….
Heidi og eg er på kjøkkenet.
Ho steikjer poteter og karbonadar.
Av og til blir eg så redd for å vera alvorleg sjuk, seier eg.
Det er ekkelt å gå og engsta seg seier ho.
…
Me fire vaksne sit tett i lag i sofaen.
Eg trekkjer beina godt oppunder meg.
Eg var viss for tynnkledd i dag, har fått frost i meg.
Gutane ser på barne TV. Jentene spring rundt i stova.
Nei, nå må me dra, seier Per Inge.
Kven blir første mann til å reisa seg, spør Heidi.
…
-Kan eg sjå Dumbo-film til eg skal i barnehagen?
spør Odd Christian.
-Nei, for då skrik du bare når me må skru av, seier eg. – Eg skal lova å øva meg alt eg kan, seier Odd Christian.
…
Eg går fort. Det er kjøleg ute. Eg skal nå jobben.
Litt før den siste rundkjøringa høyrer eg klokka ringa kvart over åtte. – Skal seia du spring fort, seier Tove. – Det er det tempoet eg plar gå i, svarar eg.
…
Me stiller elevane opp og skal gå heim frå skulegudstenesta. Tove står først med ein elev i kvar hand. Eg dannar baktroppa. – Eg trur eg vil gå inn i ein butikk og stela mange fine ting,
seier ein av gutane. – Nå tullar du fælt, seier eg. – Ja, nå tullar eg fælt, svarar han.
…
– Eg har vore med på å betala klasseballen, då har eg
rett til å vera med, seier han.
Han er sint og såra og ropar orda ut i klasseromet. – Eg har aldri sagt at du ikkje fekk vera med, seier ho.
Ho legg hovudet sitt ned på pulten og gret.
…
Guten me er støttekontaktar for fyller år. Me feier han på
terassen. Han opnar pakkane. Først eit Tom og Jerry blad.
Så ein pakke luktepennar, og eit rullebrett som er ein blyantspissar. I den siste og største pakken er det ein
blå og kvitstripete genser.
Hurra for deg som fyller ditt år, syng eg og kjærasten min. Hurra for deg og Happy birthday. Det kling heller spinkelt der ute i friluft.
– Akkurat slik genser var det eg ynskte meg, seier han.
Me grillar pølser. Det viser seg at han ikkje liker marengskake.
…
Det er rart å møta sitt eige liv i døra sytten år seinare. Og rart å tenkja på at om nye sytten år vil eg snart vera seksti… Skriveboka mi rommar fleire epokar i livet. Kanskje eg kjem hit med fleire. Så blir det liksom endå meir dokumentert. Men nå må eg inn i nåtida og leggja siste hand på skodespelet vårt.
Heidi
Jula var god, men programmet var strengt med få smutthol til bare å gjera ingenting. I går lot eg fridagen vera heilt ansvarslaus og fullstendig fri. Det smakte godt.
Sidan dette var dagen for litteraturgruppemøte, hadde eg eit unikt påskot til å via store deler av føremiddagen til å få lese boka som eg ikkje hadde fått begynt på før kvelden før… Lesing av ei bok på blanke føremiddag, delvis i senga med januarvinden hylande utanfor det opne vinduet, og delvis i eit badekar fylt med varmt, varmt vatn kjendest bortimot uansvarleg, og heilt vidunderleg.
Så måtte eg ut og ordna nokre småting og klarte via sms å lokka Synneva til å lura seg vekk frå det ho hadde tenkt å gjera av store og viktige ting for å møta meg på ein kaffibar.
Etter ei levande økt med ein kopp varm cappuccino, levande lys og god utsikt til kva som foregjekk rundt oss på alle plan, klarte eg å stramma meg såpass opp at det vart laga eit avskilsmåltid for Odd Christian som skulle tilbake til Bergen. Me kjørte han til byen medan vinden ulte sterkare og sterkare kring bilen.
Før litteraturgruppa mi rakk me ei stund i lag med Heidi og Per Inge framfor den brennande vedomnen deira. Me bekymra oss litt om det ville vera framkomeleg over bybrua resten av kvelden, eller om ho kunne måtta stengast på grunn av vind, men me bestemte oss for at det kom til å gå bra.
Kvelden med venninner var og veldig fin. Det er godt å halda seg fast i kvarandre med jamne mellomrom, og i dei travle liva våre viste det seg å vera litt av ein kunst å setja av fredagstreff ein gong i månaden i tida framover på dagar då alle kunne.
Me kom oss tilbake over bybrua ein gong tidleg på natta. Kavaleren eg deler hus med kom og henta meg på halvvegen. Eg hadde nemleg ekstra lite lyst til å kjøra bil på nullgradersføre i noko som likna meir og meir på ein ekte storm. Vel heime måtte eg innom pc-en og msn for å finna ut om bussen hadde kome vel fram til Bergeni det heftige veret. Det hadde han.
I dag bles det framleis like sterkt, og i tillegg driv det snøslaps i vinden. Det begynner å minna om det som på den lokale dialekta heiter eit skikkeleg rennedrev. Då hender det at folk bare må gje opp tanken på å ta seg fram utomdørs.
Sunniva er på helgetur med ei ungdomsgruppe ho er med i. For å forsikra seg om at undulatane William og Pernille ikkje skal bli gløymde under fråveret av omsorgsperson, har ho sett dei ut på kontoret vårt. Den eine katten er heilt oppgira og ligg og lurer på dei i smug. Med jamne mellomrom stormar han buret, klatrar opp på det, og prøver å opna døra. Dei to fuglane bur i eit stort golvbur berekna på rotter, så eg er stygt redd katten kunne hoppa rett inn til dei om døra lot seg opna. Det er visst best me passar på…
Nå må eg ned og ta hand om syndefloden i form av ikkje- utførte- oppgåver den dagen mor las bøker og sat på kaffibar. Eg får begynna å spa ut av kjøkkenet. Kjærasten min foreslår å kasta ut juletreet, men eg ber tynt om å få behalda jula litt til. Eg ser for meg ein kveld med tende lys, bål på peisen og fred over stova.
Heidi
Me er plutseleg i januar. Året er nytt og så godt som ubrukt. Bakken var kald og rimkvit under dei raude skorne mine, og vasspyttane hadde eit tynt, tynt islag. Sola skein lågt på vinterhimmelen og takka tidleg for seg. Folk var ute på stille nyttårsvandringar og helste godt nytt år på dei andre som var ute i gatene. Eg enda opp på skulen min for å jobba litt. Nå har eg heile bygningen for meg sjølv og sit her medan mørkret pakkar huset inn i sein januarettermiddag.
I natt var me på nyttårsfest hos gode vener, det var fint. Nå er jula ute og året inne, og nå blir kunsten å finna tilbake til kvardagane. Året vart innleia med stjerneskot og fyrverkeri, kaker, kaffi og sjampanje, selskapsleikar og salsadans. Til slutt vandra me heim under høg og klar stjernehimmel medan lukta av krutt framleis låg over bakken etter alt fyrverkeriet.
Nå blir kunsten å finna vegen tilbake til kvardagen og landa stødig i sitt eige heilage kvardagsliv.
Godt nytt år til gode vener og til trufaste og tilfeldige lesarar.
Måtte det vidunderlege skje.
May the road rise up to meet you.
May the wind be always at your back,
and the rain fall gently on your fields.
And until we meet again,
may The Good Lord keep you
right in the palm of his hand.
Irish blessing.
Heidi
Sønene mine spelar gitar i stova ein etasje ned, og den yngste av dei prøver å overbevisa meg om at han treng ein gitarmygg slik at dei kan bruka mandolinen i bandet.
Det har vore klarver, og det er frostroser på fortauet. Eg har vore ein runde med forsinka julebrev og vore stikk-innom-gjest i to stover. Det har vore roleg og fint.
Ei føremiddagsøkt med Jan Ivar vart det og rom for. Nå er me snart klare med teaterstykket for tenåringsgruppa vår.
Utanfor har nokon tjuvstarta på nyttårsrakettane, og eg må finna ut kva eg skal ha på meg på festen som startar om førti minutt. Dette året har vore eit godt år på dei aller fleste måtane, og eg ser fram til å ta i mot eit år til.
Det er fin lyd i dei to gitarane nede i stova: Musikaliteten har gutane mine arva frå andre enn mor si.
Ha ein god nyårskveld, gode vener.
Heidi
Eg har akkurat sett ein vakker film som Odd Christian gav meg til jul. Han sa at det var ein av dei finaste filmane han hadde sett. Då eg refererte han til kjærasten min og sa ein av dei beste filmane så vart eg retta på, for fine filmar og gode filmar var ikkje nødvendigvis synonymt fekk eg vita.
Men fin i betydning vakker film, det var det absolutt. Ingrid og Oddvar hadde sett han då eg var austpå, men kom likevel og såg saman med meg. Og Oddvar kokte kaffi til meg slik at eg slapp å gå frå filmen då eg fekk lyst på ein kopp.
Kvinna i filmen har skrive ned livet sitt og kjærasten les for henne for å prøva å halda kontakten med henne gjennom ein framskridande demens. Vakkert laga.
Og dette er min form for “notebook”, utan samanlikning forøvrig håpar eg. Akkurat som Tintomara skreiv at ho gjorde, så hender det at eg går bakover i arkivet mitt og les kva eg skreiv i fjor, i forfjor og året før det igjen her på bloggen. Då slår det meg kor syklisk livet er. Ofte liknar tekstane eg skreiv då til forveksling på det eg kunne ha skrive nå. Og sidan eg likar livet mitt så er eg glad for at det er slik.
Dette vart ryddedagen. Eg gjorde meg klar til å gå til gudsteneste, men her var ingen i kyrkja mi i dag. Så vart det ein ryddande føremiddag. Etterpå gjekk eg til jobben og rydda der og. Eg rydda i gigantiske papirmengder som eg ikkje har makta å ta unna etterkvart. Nå er eg så godt som ferdig, og dett kjennest bra: Det er bare ein ting som plagar meg. Eit viktig dokument eg burde vita kor er finn eg bare ikkje. Eg leitte i vekene før jul og… Ein veldig ubehageleg tanke om at eg har kunne kome til å makulera det ved ein feil plagar meg litt… Men det meste dukkar opp, og gjer det ikkje det er det lite truleg at nokon kjem til å skyta meg…
Likevel. Midt i kaoset mitt skjuler det seg ein samvitsfull person som likar å ha kontrollen…
Men dette ordnar seg…
Heidi