Gå til innhald

Trøytt og ør og heimkomen.

Me kom inn døra heime for eit par timar sidan. Turen gjekk godt i dag og. Me kjørde oss gjennom ein vermessig ganske grå romjulsdag, medan me høyrde lydbøker om Markus og den store fotballkjærligheten og Markus og karaokekongen. Bøkene var fine greier.

Innimellom sat Halvard i baksetet og spelte mandolin; Greenleeves, Flåklypa og Morgonstemning. Han fekk ein av farfaren sine mandolinar i presang og har brukt deler av dagane der aust til å finna ut kor dei gøymer melodiane. Farfaren er så glad for at Halvard gjerne vil spela og har opna døra inn til musikkinstrumentlageret sitt. Han var ikkje heilt sikker på om akkurat dette instrumentet var ein mandolin eller ein mandola, så det får me kanskje finna ut av.

På vegen heim stakk me spontant innom Frode, ein barndomsven av kjærasten min, som har vore ein felles ven av oss sidan eg møtte han for første gong for tjuetre år sidan. Me har delt eit godt stykke veg og opplevingar. Me ser han alt for sjeldan nå sidan dei bur så langt borte, så det var fint å drikka kaffi saman og utveksla klemmar, og nokre tankar om korleis livet har fart med oss dei siste åra.

Langs den lange vegen heim stoppa me for å eta pizza ein stad. Me trong både mat og kvil. Halvard togg pizza til den store gullmedaljen og vart reint filosofisk:

– Er det ikkje rart å tenka på at dokke kanskje bare er
halvvegs i livet.

Det var ingen tvil om at det var oss to eldste trettenåringen vår sikta til. Kanskje det var meint som ei oppmuntring? Kjærasten min var den første som tok ballen:

– Ingen kan vita kor lenge ein får leva. Det kan godt vera
me er meir enn halvvegs.

Så var det min tur…

– Eg synest det er meir rart å tenka på at eg sannsynleg-
vis kan vera halvvegs allereie. Eg synest at eg har levd
så kort.

Trettenåringen min måper.

– Kort? Eg synest at livet mitt har vart kjempelenge
allereie!

Huset heime var underleg tomt sjølv om me var fire og kattane var heime og Ingrid og Oddvar sat på kjøkkenet og åt pizza. Nå har me vore tett innpå mange menneske i snart ei veke, og eit heilt hus for oss sjølve kjennest nærmast litt einsamt. Dei tre siste nettene har eg sove i stova i den mest gjestfrie heimen eg veit om og har delt sovestaden med tobeinte og firbeinte gjester og bebuarar.

I går kveld åt me julemiddag i lag med store deler av familien på kjærasten min si side. Det er fint å få litt juli lag med dei og. Så er det fint å sitja mange saman rundt eit langbord og kjenna at ein høyrer saman.

Vel heime kokte eg oss kaffi og hengde dei nye turkise kulene frå indiska på juletreet. Så tende eg stearinlys og smårydda litt. Eg har takka nei takk til to invitasjonar nå i kveld, og det er heilt sikkert rett å ta det med ro heime, for eg kjenner jo at eg er trøytt.

Det kjennest bra at ferien framleis skal vara i nokre dagar. Eg må ein tur på jobb, men eg skal nyta så godt eg kan at ingenting hastar veldig.

Heidi

Årets lengste netter

la me bak oss for ei vekes tid sidan. Nå er det motsatt av det som står i haustvisa, med andre ord; dagane lysnar minutt for minutt…

Men framleis merkar me ikkje noko til akkurat det. I dag har det bare så vidt vore lyst midt på dagen. Me har trava rundt i Oslo sentrum, og eg tek meg sjølv i å lika dette barmhjertige halvmørket som ligg over landet. Eg har kjøpt små søte røde koppar på indiska med gullkant og raude hjarter på til ti kroner stykket. Og ei raud glasskål på stett kjøpte eg same plassen, og fem turkise juletrekuler med små speglar på. Dei er så fine. Etter den årlege innspurten for å koma i mål til jul, og eit par hektiske dagar med pakking, rydding og juleselskap, er me nå inne i den meir uformelle delen av juleferien, og det kjennest deilig.

I går kjørde me bil mesteparten av dagen, og til mi eiga overrasking sovna eg fleire gonger og sov større deler av turen. Så nådde me fram til juleselskap med svigerfamilien. Etterpå såg eg TV med Henrik og Eva Mari og hadde sore problem med å halda meg vaken då og. Seint på kvelden gjekk me tur med hunden. Me gjekk over kyrkjegarden som framleis var opplyst av brennande stearinlys i gravlykter. Det var klart og fint i veret og eit tynt lag med snø på bakken. Eg vakna såpass til liv at eg var klar for å sjå film då me kom inn att.

Nå er det meir TV og strikking. Sunniva har kjøpt sånn fint tynt ullgarn som skiftar farge medan ein strikkar, og eg får lov til å strikka for henne medan me ser på “Jul på Saltön”. Så skal me eta frukt og julekaker og drikka kaffi i dei raude koppane med små kvite prikkar. Romjula er ei venleg tid på året.

Heidi

Juledag.

Me har feira som feirast skal og bør etter tradisjonen i familien. Det har vore same hektiske førearbeidet som alltid i dagane og nettene før julafta, og så senker freden seg på eit vis sånn etterkvart…

I går var me nitten personar samla her hos oss til middag og julekveld. To av gjestene var dårlege til beins, så me dekka bord både oppe og nede, det betydde at begge etasjane helst burde vera rydda, vaska og julepynta. Dei fleste gjestene hadde ei ganske tøff tid bak seg både med dødsfall i familien og andre ting. Eg sa til syster at eg hadde invitert heim trøysteengelen. Eg trur sikkert at vedkomande kom, for det vart ein fin og varm kveld, sjølv om det fall ei og anna tåre. Julafta er kvelden for mange kjensler.

I dag var det endeleg sjanse til å sova litt lenger enn vanleg. Så tende eg alle lysa, både dei elektriske på juletreet og alle dei levande som står mellom englar og julekrybbe. Me hadde varme rundstykker til frokost, og så var det ein del ryddearbeid frå i gårkveld som venta.

Syster inviterte til juledagsmiddag og me var til saman over tjue familiemedlemmar samla der. Det er fint å ha ein stor familie. I morgon stappar me dei to yngste i bilen og kjører femti mil for å feira siste delen av jula med svigerfamilien min.

I dag gjenopplevde eg ei matglede frå barndomen. Hos bestemor fekk eg av og til lov til å eta kavringar oppbløytte i kaffi med kaldt smør til. Den gongen vart kavringane servert i ei suppeskål med kaffi over og ein solid smørklatt, men å dyppa ein kavring med smør på i kaffikoppen gjer omtrent same opplevinga.

Bestemor som var veldig oppteken av at barn ikkje skulle utsetjast for noko skadeleg, og ho stilte nok spørsmålet om kaffi var bra for ungar. Storesyster hennar, mi myndige grandtante, meinte til og med at barn kunne slutta å veksa om ein gav dei kaffi. Bestemor hadde sjølv ete kavring oppbløytt i kaffi då ho var lita, og meinte at ein liten skvett kaffi av og til kunne vel ikkje vera så farleg… Det hende eg fekk kavringen oppbløytt i kokande vatn, men det gjorde liksom ikkje sama nytta…

Nå er det midnatt og på tide å koma seg i seng. Me må tidleg opp for å få utnytta dagslyset best mogleg på den lange bilturen.

Ha ei triveleg romjul.

Heidi

Og når kvelden komme,

og eg stilt går ombord. Når min livbåt blir låra i seks fot med jord…

Gravferda vart vakker. Kvite liljer på kvit kiste i ei gammal kyrkje pynta til jul med barnehageenglar i sterke fargar. Tung lukt av blomar. Bred dina vida vingar o Jesus över mig…

Sunniva har misforstått kor tid ho måtte gå frå skulen, og kjærasten min klarte å oppdriva ho i siste liten før ho vart for sein til å vera med. Ho må skifta frå skuleklærne oppe på galleriet. Halvard kjem den mørke dressen han fekk til 17.mai. I det antrekket skrik håret hans endå høgare etter ein tur til frisøren.

Leid milde ljos i gjennom skoddeeim, leid du meg fram.
Mor og far på første benk, og onkel med medbrakt rullestol på sida av syster og meg. Mor sine barndomsvenninner kjem til kyrkja i flokk og fylgje, og det rører meg at dei framleis har slik omsorg for einannan, meir enn femti år seinare. Ei av dei har kjørt i meir enn tre timar for å koma dit.

Då lyser mot meg engleåsyn blid, som eg har elska før, men misst ei tid. Presten er så fin. Det lyser varme og ro ut av han. Han har teke seg god tid til å snakka med dei etterlatte for at det som blir sagt skal vera så rett som mogleg. Eg blir glad og rørt fordi det er slik. Slike prestar skulle alle få med seg den dagen dei skal ta avskil.

Gjev meg handa di ven, når det kveldnar… Og nettopp handa var det han ville ha då det storma som verst på slutten av ferden. “Hånda”, sa han, “Hald meg i hånda”, først då fann han streif av fred…

Presten gjev teikn til at me kan bera ut kista. Eg ber på høgre sida mellom bror og svoger. Kjærasten min og far går på den andre sida saman med Sven. Det er trehandtak på kista. Eg meinar å hugsa det var metallhandtak då me bar ut bestemor, men kanskje eg tek feil. Døra er smal i denne kyrkja så me må berekna godt for å koma oss greitt ut. Me går ned ein bakke på
kyrkjegarden og bak kjem syster med onkel i rullestolen. Han seier ho må halda at så han ikkje skal renna frå henne, og Ingrid må støtta framme. Me held igjen så ikkje vogna kista kviler på skal renna for fort framover.

Plankane over den opne grava er glatte og eg blir litt redd for å skli, men me får plassert kista trygt på heisekjettingane.

Så senker dei ho ned i det skarpskorne holet i molda, og det slår meg at seks fot med jord er ganske djupt. Presten kastar tre skuffer mold ned på den kvite kista. Av jord er du komen, til jord skal du bli, av jorda skal du igjen oppstå…

Eg står på sida av far. Han syng med på salma. Så ta da mine hender og led meg frem, inntil jeg salig ender i himlens hjem. Frå den andre sida høyrer eg Sunniva sin stemme. Songstemmen hennar er spinkel og sterk på same tida. Han rører meg djupt. Varsamt legg eg armen kring den smale ryggen hennar.

Heidi

Kokosmakroner og sjokoladekjeks.

Eg har bakt nå i ettermiddag. Eg har prøvd å få kokosmakronane høge og seige slike som eg likte så godt i barndommen når eg fekk dei hos andre. Om eg har fått det til er eg ikkje heilt sikker på, men nå er i alle fall julebrevet skrive, ein stabel presangar ferdiglaga og to slags julekaker i boks.

Gravferda på fredag var vakker. Gravkapellet var lyst og fint og blomane utruleg fine. Ein solist spelte Tir Nanoir og Deilig er jorden på saksofon, og det vart snakka om korleis ho såg lyset over senga og høyrde fuglar synga den siste kvelden. Og at ho spurde dei som sat rundt senga om ho skulle skulle helsa over til den andre sida.

Sterkast inntrykk gjorde det på meg å sjå dei to niesene mine på fjorten og sytten år, som var dei einaste barnebarna hennar, bera kista ut i lag med foreldra sine og to menn eg ikkje kjenner. Og det å sjå dei dei to jentene gråta ved den opne grava,

Så var det på julebord rett etterpå. Kontrasten var stor, men etter ei stund så var eg på plass i meg sjølv og på plass i situasjonen. Me dansa og song og hadde det fint, og eg angra på at eg hadde sagt eg skulle koma tidleg heim. Eg var heime halv to, og det er relativt tidleg til meg å vera. Me var i eit lokale heilt for seg sjølve. Det synest eg er mykje koselegare enn å vera på hotell der det er andre julebord samtidig.

Nå står det att ei gravferd til på tysdag. Og skulegudsteneste og avslutning og førebuingar til å ha huset fullt av gjester på julafta.

Heidi

Eit julebord og to gravferder…

Er noko av det som ventar meg dei første døgna. Julebordet og den eine gravferda faktisk allereie nå i dag.

Som julekvelden på kjerringa, er eit uttrykk som brukar å ha ein viss relevans til meg kvar jul. Aldri har eg vore så seint ute som i år. Ikkje ei kake er bakt, bortsett frå nokre av ferdig deig frå Ikea, og snautt ein gave er ferdig laga/kjøpt/innepakka. Men det blir jul likevel. Det tilseier all erfaring.

Og advent har me feira som advent feirast skal i mitt hovud. Adventlys i morgonmørket kvar dag til morgonkaffien heime, tilnærma fri flyt av mandariner og obligatorisk seigt kjøkkengolv. Det siste er ikkje fordi me har bakt noko som helst, men fordi Halvard hadde funne ei oppskrift på heimelaga karamellar som han bare måtte prøva ut. Dessverre hadde han gløymt å ha smør i sukkeret og sirupen, så klisset som låg til tørk på folie på kjøkkenbordet måtte kokast opp for andre gongen…

I klasseromet har me laga papirlenker og sunge julesangar. Me har hatt julemusikk og levande lys kvar morgon, før me har lese høgt frå Jostein Gaarder sitt julemysterium. Me har bakt kaker, ete julegraut og hatt lagekveld med foreldra. I går gjekk døra opp midt i andre time og eit syngande Luciatog av førsteklassingar gjekk gjennom romet med kvite skjorter, glitter i håret og små elektriske stearinlys i hendene.

Midt i alt det levande lyset ligg det ein mollstemd tone og dirrar. Døden og livet har gått hand i hand gjennom adventtida. Livet er dyrebart.

Eldsteguten ringer frå Bergen. Ikkje kjekt å ligga vaken med forkjøling og influensa og tenkja på at ein skal ha eksamen om eit par dager. Slike gonger er ikkje vaksne gutar bare vaksne lenger, så då må me le litt i lag. Mor prøver å overbevisa son om at det går heilt fint an å lesa til eksamen sjølv om ein har feber, son vegrar seg litt for å tru på det som blir sagt.

Midt oppi gravferder og julebord burde eg vore hos tannlegen. Plutseleg var det knekt av ein del av ei jeksel, det er ubehageleg med varme og med kalde ting inntil og eg har skrapt opp tunga på den skarpe kanten. Kanskje eg rekk å gjera noko med det før jul? Me får sjå.

Rart blir det i allefall å gå rett frå begravelse til julebord, men det blir sikkert fint å vera der.

Dagen begynnar, og eg her tenkt å ta eit skikkeleg tak i han. Nå må eg bare hugsa å ringa presten for å seia at engleteikningane me har laga til skulegudstenesta er klare.

Heidi

Ei kvit rose.

Me var på veg til sjukehuset då me fekk telefonen om at han var død. Inne på sjukehuset vart me sitjande i foajeen og venta på dei andre som var varsla. Anna kom med ei kvit rose. Så gjekk me inn i flokk og fylgje. Me var åtte stykker.

Inne på romet hadde dei stelt han fint. Gebisset som bare var til plage på slutten hadde dei sett inn att. Over seg hadde han eit kvitt brodert teppe, og haka var bunden opp. Framleis var han ikkje heilt kald på hendene og i panna. Dei hadde tend eit kvitt lys på nattbordet og dei kvite liljene stod på sida av.

Anna la den kvite rosa fint under hendene som låg fredeleg saman oppå teppet.

Akkurat som sist slo det meg at det me såg ikkje var ein person lenger. Det var kroppen til eit menneske som ikkje hadde bruk for kropp lenger. Alle rynkene var glatta ut, og det var vanskeleg å kjenna han att. Det var høgtideleg, trist og vakkert på same tida. Og eg klarte ikkje la vera å tenka at det var litt som å vera på eit vokskabinett.

Me fekk sagt farvel til han. Reisa er over.

For første gongen på ei veke skal eg sova utan å ha mobilen på nattbordet.

Fred over minnet.

Heidi

När du går över floden går du ensam?

I går vart det nye timar inne på sjukehuset. Og på fredag var eg der og. Han har det roleg og fredeleg nå. På fredag hadde eg blikkontakt og han snakka med meg, men han hadde problem med å få fram orda, og eg måtte gissa og han svara ja eller nei. I alle fall trur eg det var det han gjorde.

Halvard var med oss inn. Han ville gjerne sjølv, og var veldig flink, men eg trur det var sterke inntrykk for ein trettenåring. Halvard haldt han i handa og snakka med han, og hadde meiningar om kva han prøvde å sei.

Hendene hans liknar på gummihanskar med vatn i, dei er så opphovna. I ansiktet har rynkene blitt sletta ut. Håret er plutseleg blitt langt og kvitt og tynt. Blikket er som blikket på eit barn. Hadde eg blitt bedd om å identifisera han, og ikkje hadde sett han den siste månaden, ville eg ikkje ha kjend han att.

Men uroa er borte. Han har vore redd og uroleg. Nå bare kviler han. Dyna er glatt og kvit og velstelt, og på bordet står det kvite liljer. Tida der inne har slutta å gå. Ho har opna seg, og plutseleg veit eg ikkje om eg har vore der i ein eller tre timar. Det er ein eigen fred i romet. Det er ikkje vondt å vera der.

Me sat der, eg kjærasten min, bror min og kjærasten hans. Ei lita stund hadde me fjernsynet på, mest utan lyd og såg Norge slå Russland i VM i handball. Onkelen min har vore sånn omtrent det mest sportsinteresserte mennesket eg veit om, så mennene var enige om at om han hadde kunna uttala seg så hadde han stemt for å skru på handballkampen. Eg sat og haldt han i handa.Det var som å sitja der med eit lite barn. Pusten var anstrengt og han låg der heilt stille.

“Bare sov, ikkje ver redd,” sa eg på fredag. “Nå må du bare kvila”, sa bror min då han gjekk. Dette er tredje døgnet han er heilt utan væsketilførsel. Veldig lenge kan ein vei ikkje ligga slik?

To gonger før har eg site ved eit dødsleie. Første gongen sat me på skift over morfar. Eg var eit par og tjue og sat der delvis aleine. Andre gongen var det bestemor. Då sat me ein heil flokk kring senga. Dei gongene var eg oppriven på ein annan måte enn nå, fordi dei begge var menneske som stod meg svært nær.

Fred over barnet i vuggen, og over den som skal dø,
står det i Brecht/Neruda si fredsvise.
Og nå begynnar dagen min, så teksten min får slutta med akkurat dei orda som ei signing over dagen.

Heidi

Vinterkräksjukan eller ikkje?

Fordi eg dagleg vandrar omkring i eit svensk bloggelandskap, så får eg førstehandskjennskap til livet i landet på den andre sida av grensa. Mykje av det eg les kunne like godt vore skrive i Norge, men det er interessant å registrera små merkbare forskjeller…

Nå må både svenskar og nordmenn gjerne arrestera meg, for nokre av desse forskjellane finst kanskje bare i hovudet mitt, men her hentar eg altså ut bitar av mitt høgst begrensa antropologiske forskningsprosjekt.

Først litt om sjukdomar…
Alle svenska bloggarar ser ut til å vera opptekne av noko som heiter vinterkräksjukan. Det merkelege er at denne sjukdommen trur eg ikkje eksisterer i Norge, eller, sjølvsagt finst sjukdomen, men med andre rammebetingelsar, liksom…

Visst blir me magesjuke i Norge og, men her har me ikkje ord som fester elendet til vinterhalvåret. Her kallest det spysjuke eller omgangssjuke og kjem like gjerne midt på sommaren. Så i alle fall er det ikkje slik der eg bur at ein i november begynner å psyka seg opp til at nå kjem snart vinterkräksjukan…

Så er det dette med sjukdom og smitte. Eg har fulgt ein diskusjon på hypodea der folk er oppgitte over at nokon kan utsetja andre for smitte ved å koma halvsjuke på jobb. Eg får inntrykk av at det er heilt vanleg å gå rundt med desinfeksjonssprit i handveska. Det gjorde eg då eg var i Tanzania, men det ville ikkje falla i tankane mine at eg skulle gjera det her. Eg er av dei som omtrent kjem krypande halvsjuk til jobben om eg er dårleg, fordi eg veit at vikarar ikkje veks på tre, og at ein dag i senga for mitt vedkomande vil belasta kollegene mine.

Kanskje eg er heilt på tur, men eg har inntrykk av at det er slik dei andre på jobben tenkjer og. Det ville ikkje falla meg inn å irritera meg over at dei næraste kollegene kom forkjøla på jobb. Eg ville tvert i mot vera takknemleg fordi dei haldt seg på beina, slik at me slapp unna eit vikarproblem. Men me som går oppi halvsjuke ungar støtt har kanskje høg terskel for smittefrykt…

Noko uventa fekk eg i går støtte i avisa VG. Der påpeikte dei at det var merkbare kulturforskjellar mellom Norge og Sverige på dette punktet. I Norge blir det sett på som litt umoralsk å vera heime frå jobb med forkjøling og lett feber, medan i Sverige blir det sett på som litt umoralsk å koma på jobb med fare for å smitta andre. I den svenske debatten vart karensdag nemnd som argument for å gå sjuk på jobb for ikkje å tapa pengar. I Norge har me ikkje slikt. Me får lønn på alle sjukedagane.

For å dra det dramatisk vidare. Skikkane kring dødsfall er og ulike. I Norge kjem alle som vil til ei gravferd. Det blir sett på som å visa avdøde den siste ære, og det kan bli reagert negativt på om ein ikkje prioriterer å gå i gravferda til ein slektning, ein tidlegare kollega eller ein nabo. I Sverige har eg forstått det slik at ein byr inn til gravferder. Ein annan stor forskjell er at i Norge blir avdøde gravlagd innan ei veke medan det ser ut som ein kan venta ein månad i Sverige.

Det ser ut for meg, men eg kan godt ta feil, som om ein er meir oppteken av skikk og bruk og god oppdragelse i Sverige. At det på eit vis er viktigare enn i Norge å fylgja det som er opplest og vedtatt som god folkeskikk. På den andre sida så ser eg at det i svenske bloggar er mykje meir banning enn i dei norske. Eg lurer på om aksepten for språkbruk er høgare i Sverige.

På skulen der eg jobbar er det nulltoleranse for banning. Det vil seia at viss det glepp eit banneord ut av munnen på eit barn, enten det bare tøffar seg eller treff tommelen med ein hammar, så skal foreldra varslast.

Eg lurer på om det er ein friare språkbruk i svenske klasserom? For viss dei vaksne snakkar med dei same orda som dei skriv, så kan ein vel knapt forlanga at barna ikkje skal banna?

Det er mykje ein kan undra seg over… Eg håpar ikkje nokon trur dette er kritikk av det svenske, for det er absolutt ikkje slik meint. Eg bare morar meg litt over at me er så like, men på nokre få små felt ganske ulike.

Heidi

Forening.

Mor hadde det og farmor hadde det. Rett nok med litt forskjellig innhald. Farmor sine foreningsdamer dreiv verksemd for misjonen. Det gjorde ikkje mor sine foreningsdamer.

Felles for konseptet var likevel eit reint og rydda hus, masse god mat, kaffi og tatling.

Og sjå om ikkje eg held det gåande endå. I kveld var det forening her med fem damer på besøk. Fire av dei gjekk eg på gymnaset i lag med. Det har variert kor mykje kontakt me har elles, men sånn omtrent ein gong i månaden tek me med oss liva våre og møtest rundt eit dekka bord, til meir eller mindre djupe samtalar…

Eg har av og til prøvd å kalla evenementet for syklubb, for det er noko litt gammelmodig over ordet forening, men det har eg gitt opp. Det er ikkje kvar gong det blir sydd eller strikka på møta våre, men det hender. Forening er det likefullt.

Eg hugsar at me ungane fekk eta restar på kjøkkenet når mor hadde forening, og at me ikkje var ynskja i stova. Der skulle damene få snakka fritt utanfor høyrevidde av manne- eller barneøyrer. Sjølvsagt var magnetøyrene og falkeblikket mitt skarpt innstilt på stova og på kva det kunne gå an å plukka opp frå dei vaksne sin verden. Det hende det dukka opp bortimot sjokkerande informasjon, men mor var alltid pinlig påpasseleg fordi ho kjende barnet sin lyttekapasitet…

Likevel vil eg påstå at eg samla meg informasjon for livet dei gongene eg klarte å gjera meg usynleg i eit rom fullt av snakkeglade damer.

Eg hugsar at mor serverte aspic, smørbrød og etterkvart ein og annan varmrett. Sjølv måtte eg gjera det enkelt i kveld. Syster mi si svigermor døydde i natt, og eg kjende eg måtte innom for å få klemt syster, svoger og nieser og gitt dei kvar sin klem. Kjærasten min sa at dei kanskje ikkje hadde fått i seg så mykje mat, så han bad meg ringa og spør om me skulle kjøpa med oss pizza i tillegg til blomsterbuketten. Det viste seg å vera ein god idé.

Det var sterkt å vera i lag med dei og sterkt å høyra kor klar svigermora var for å få lov til å kryssa over grensa.
Nokon gonger kjem døden som ein venn. Det er viktig
lærdom det og.

Fred over minnet hennar.

Og foreningsdamene har lagt ut i den mørke desembernatta i høljeregn i kvar sin bil. Nå skal eg ned og rydda litt og få reinska litt av serveringsfata med ost, eggerøre og spekekjøt-

Ein eller annan psykolog sa at den viktigste psykologiske sikringsfaktoren for mange kvinner heitte “syklubben”, og at menns psykiske helse truleg hadde vore betre om dei hadde eit liknande forum.

Kven veit…

Heidi