Visa om Fritjof och Carmencita har surra rundt i hovudet mitt i helga. Eg har nemleg vore på tangokurs, litt motviljug lot eg meg overtala av min for tida svært danseglade mann, men det var faktisk morosamt å dansa tango… Så nå kan snart han Gunnar på Mo og alle dei andre bare ta seg i vare…
Veka som gjekk var innhaldsrik. Det mest utfordrande var at på fredag gjekk startskotet for årets HC Andersen- turné der eg og Jan Ivar besøkjer alle skulane i kommunen og spelar teater. Først er det eit teaterstykke på om lag femti minutt der han og eg er skodespelarar, og så instruerer me elevane slik at dei ein time seinare har små forestillingar for kvarandre over eventyra om “Prinsessa på erta” og “Keisarens nye klær.”
Stykket var meint som ei eingonsgreie ved 200 årsjubileet for HC Andersen, men nå er me ute for fjerde året på rad. Sjølv om me har gjort dette tre gonger før så er det litt arbeid med å gjeninnøva stykket og pakka utstyret me treng. I tillegg til det me brukar sjølv så har me med oss fleire kassar med kostyme som ungane skal bruka.
Det var godt å koma i mål og bevisa for oss sjølve at manuset sit som det skal. Me feira med ein privat liten premierefest på pastabakeriet umiddelbart etterpå.
I går brukte eg føremiddagen til å hjelpa Arne og Inger til å flytta ut av det nye huset og inn i det gamle. Me var ein stor gjeng som hjalp til, men det slo meg kor ufatteleg mykje arbeid det ligg i det å byta bustad. Eg trur me får bli buande her i all vår dag… Å bidra med nokre timar er bare triveleg, men å organisera heile greia…
Etterpå var det rett på tangokurs, og i går kveld gjekk det opp for meg kor sjeldan eg er verkeleg fysisk sliten. Eg var heilt klar for senga ganske tidleg på kvelden, og parkerte på sofaen til det var seint nok… Sannsynlegvis er det veldig sunt å ta seg ut litt, kanskje eg må slå meg på kombinasjonen flyttesjau og dansekurs.
I dag samla me familien i stova og tok ei felles feiring av morsdagen og nokre gebursdagar. På onsdag skal eg på eit tredagars kurs i dramaturgi. Det trur eg blir fint. Og så er det vinterferie. Eg har mykje å bruka ferien til. Det skal bli deilig.
Forresten… På kurset var det ein veldig pedagogisk danselærar som prikka meg venleg på aksla og sa “ Det er bra, veldig bra!” Det er første gong eg har høyrt nokon kommentera meg på dansegolvet på den måten. Kanskje han har erfart det same som meg… Ein kan utretta små under gjennom å rosa elevane sine.
Och hon dansar underbar tango?
Heidi
er ikkje det dummaste staden ein kan vera. Eg sveiv rundt heilt aleine. Det er sikkert tjue år sidan sist. Eg kjenner at eg ser på bileta med litt andre auge nå enn då. Eg har av ein eller annan grunn blitt veldig opphengd i kor gamle kvinnene på maleria kan vera….
Eg prøver å lesa inn kva erfaringar dei ber på, kva slags kvardagsliv dei ber med seg og kva erfaringar som er meisla inn i andletstrekka… Dette veit eg at eg ikkje tenkte på på same måten då eg var tjueto år og kunsthistoriestudent og vandra der for aller første gongen.
Ein annan ting eg alltid finn interessant på kunstutstillingar er å bruka øyrene og smuglytta til folk sine samtalar om bileta. Eg lytta til pappaen som var der med eit barn og tydelegvis visste mykje om både kunst og historie. Så lytta eg til pappaen med to små barn som tydelegvis ikkje visste så mykje, men som undra seg saman med barna. I trappa heng det eit stort bilete av ein naken mann og ei naken dame: Utdrivinga frå Paradiset.
– Hvem er det pappa? – Skal vi se, det er Adam og Eva. Det er de aller første
menneskene på jorda. – Det tror jeg ingenting på!
Så lytta eg til kunstudentar som studerte linje- og fargebruk, til mannen i elegant frakk som viste ein besøkjande rundt, og til venninnegrupper på min eigen alder. Eg snakkar ikkje om pågåande openlys smuglytting, men rett og slett dette å stå ved eit maleri og sjå og høyra kva folk rundt meg seier, sånn heilt tilfeldig liksom… Det kan anbefalast som like spennande som å henga på ein autorisert guide…
Då eg for tjuefire år sidan flytta til Oslo, gjekk det opp for meg at eg var i ein storby der folk ikkje småprata med einannan, slik eg var van med å gjera det både frå heimstaden min og frå andre stader eg hadde budd. Ein gong stod eg på busshaldeplassen i lag med ei eldre dame, og slik det ville vore venleg og høfleg heime på Sørvestlandet innviterte eg til småprat:
– Han er viss forsinka i dag bussen, men det får me vel
tola så lenge det ikkje regnar…
Eg smiler venleg til dama som snur seg forbausa til meg med fylgjande kommentar:
– Unskyld, men kjenner jeg Dem?
I går opplevde eg noko liknande. Eg stod i køen på museumet for å betala nokre kunstkort. Den eldre dama framfor meg lurte på kvifor kafeteriaen var stengd, ho brukte alltid å drikka kaffi der, og i dag var det stengd. Ho som ekspederte sa at det var stengd på grunn av eit privat arrangement. “Ja, jeg er ikke buden!” sa dama. “Ikkje eg heller,” glapp det ut av meg. Det var meint som ein humoristisk støttekommentar, men dama såg heilt forfjamsa ut… Og eg vart veldig lattermild av at ho reagerte som ho gjorde.
Togreisa heim ut på ettermiddag vart ein lat behageleg sundagsettermiddag i lag med kjærasten min. Eg drakk varm te og varm kaffi og kald lettbrus, kikka ut vinduet og las “Tusen strålende soler,” av den same forfattaren som skreiv “Drageløperen”. Det er ikkje ofte ein kan ta seg tid til å lesa ut ei bok i eit strekk, så takk til NSB.
Det eg les om tilhøva i Afganistan er opprørande. Eg stilde meg sjølv same spørsmålet som ein av elevane mine kom med i sist veke i samband med at me snakka om at i mange land er det framleis lov å slå barn. Den kloke tiåringen såg meg rakt inn i auga og sa: “Men når dokke vaksne veit at det er slik så så synest eg dokke har plikt til å prøva å gjera noko med det.” Han har sjølvsagt heilt rett…
Heidi
Eg sit på eit hotellrom med adresse Grensen, Oslo sentrum. Eg drikk Ladies Earl Grey med vatn frå tekokaren og pepsi-max frå Deli de Luca, med tre bollar for ei krone ekstra, som kjærasten min gumlar i seg.
Det er luksusliv med ei helg på hotell, sjølv om hotellet er av det enkle slaget der frokosten blir hengd på døra i ein plastpose i morgon tidleg.
Me reiste oss gjennom natta med NSB i ein av desse sjarmerande og utruleg tronge nattogkupeane, der ein søv opptil fleire gonger kvar natt, og vaknar med jamne mellomrom av at toget stansar på ein stasjon eller at ein eller annan medpassasjer gjennom eit feiltak prøver å opna kupédøra di med sitt eige nøkkelkort.
Me kom fram tidleg og gjekk gjennom sentrum i regnet. Så tok me følge til kvart vårt møte. Mitt møte vart opna ved at ein av dei som skulle vera med stakk hovudet inn på møteromet og helste oss andre med eit muntert: “God morgon synderar.”
I ettermiddag har me ete på indisk restaurant og sett Bent Hamers siste film “O Horten,” i lag med seks andre kinogjengarar. Eg kjenner meg litt att i blikket til Bent Hamer, helsing meg viss du ser filmen.
I det me passerte staden der Kåre Conradi og co akkurat nå spelar musikalen singing in the rain, verkeleg høljeregna det. I tillegg til singing in the rain var det dancing in the slush…
I kveld hadde det nemleg lagt seg tre fire cm snøslaps på gata og på fortauet som ein bokstaveleg talt måtte vassa seg gjennom for å koma seg fram. Dei heilt flate raude og rosa semskeskinnskorne mine var langt frå vanntette, så etter to hundre meter var eg søkkvåt til anklane. Eg har nå sett i gang ein optimistisk tørreprosess med avispapir og den hotelleigde hårfønaren, men ser ikkje vekk i frå at eg må starta morgondagen med å kjøpa meg skor, eventuelt gummistøvlar…
Då me gjekk heim att møtte me to relativt tynnkledde afrikanske damer… Den eine var barbeint i tynne, heilt opne gullsandalar, med ti cm høge hælar. Som dei må frysa…
Eit gladare innslag i gatebildet var ein mann som gjekk rundt på gata under ein enorm paraply samtidig som han spelte trekkspel. Sidan me bur midt i sentrum, fem etasjar over bygatene kjem det mange lydar frå “fredagskveld på byen rett inn på romet vårt. Lyden av trikkar og bussar blanda med lyden av allsang og høglytt skråling…
Eg er framleis søkkvåt på beina, og vurderer å krypa under den varme dyna snart. God helg, alle saman.
Heidi
Mange spørsmålsteikn blir tend i auga på ein del folk når eg seier at eg jobbar med nye liturgiar. Liturkvadåfornoko?
Kyrkjespråket, prøver eg å forklara. Bøneropa, og dei andre ledda som går igjen i gudstenestene. Det presten seier utanom i preika, og det folk svarar.
– Men skal det forandrast då? Er det ikkje greitt nok som det er? spør mange. -Og det er jo forsåvidt eit godt spørsmål.
Men nå sit eg nå her og leiker meg med å formulera nye bøner. Det er ei stor utfordring å bevara formen og samtidig utfordra formen. Det er reine skattejakta å prøva å finna formuleringar som er gode, og som har spenst, samtidig som dei skal vera slitesterke nok til å kunna brukast over tid. Dei skal vera så personlege at dei kjennest personlege, og samtidig så allmenne at folk kan leggja sitt eige liv og sine eigne erfaringar inn i dei.
Dei må heller ikkje vera så runde at dei ikkje lenger utfordrar oss, språket og trua vår.
So help me God…
Dette er utruleg interessant, men samtidig noko av det vanskelegaste eg har gjort. Stemmen skal vera meir allmenn enn han er min, og det skal vera ord som kan brukast til gudsteneste, bøn og ettertanke. Nokre av bønene skal brukast ofte, medan andre skal vera i ein ressursbank til heilt spesielle anledningar…
Framleis nokon som heng med i svingane. Då har eg faktisk lyst til å visa eit par av dei bønene eg sit her og jobbar med akkurat nå. Viss dei etterkvart blir brukbare reknar eg med at dei kjem i ressursdelen i liturgiboka, ikkje som dei som skal brukast aller mest. Eg er svært glad for tilbakemeldingar frå dei, både frå folk med eit sterkt forhold til liturgi og frå folk som ikkje har noko forhold til det i det heile tatt. Gje meg gjerne ramsalt kritikk…
Dette er ei samlingsbøn til bruk tidleg i gudstnesta.
L= Liturg= prest eller ein annan som les teksten høgt aleine.
A= Alle som er i kyrkja.
L: Gud, la dette romet
vera stort nok til å romma oss.
A: La det vera stort nok
for liva våre
og for alt det me ber med oss.
L: La det vera høgt nok under taket,
til ekkoet av levde dagar
og til skrika frå levande barn.
A: La det vera stille nok til at me kan høyra deg.
Dette er ei anna samlingsbøn:
L: Me er her.
Finn oss Gud.
Finn dei glade tankane våre.
Finn viljen vår til å leva heile liv.
Finn det i oss som alltid lengtar
etter å få leva som trygge barn
nære inntil deg.
A: Finn oss og bevar oss.
Så tek eg med to litt meir spesielle bøner. Eg har blitt utfordra til å skriva noko med spesielt fokus på glede og humor. I England har dei visstnok årleg ei klovnegudsteneste i ei spesiell kyrkje. Fascinerande. Desse to samlingsbønene er tenkt å kunna brukast i temagudstenester med spesielt fokus på livsglede:
L: Me er her for å løfta gleda
høgt mot himmelen og mot stjernene.
Saman skal me le mot livet
og smila overberande av oss sjølve,
me som ofte dett for djupt ned i alvoret
og gløymer at me har smilehol.
Ta i mot oss og gledene me ber på;
gleder fødde i alvor og erfaring,
gleder fulle av leik og tøysete songar.
Ta i mot oss her me står
med og utan raude klovnenasar.
Lat gleda slå djupe røter
i oss og mellom oss.
A:Me takkar deg som skapte oss til glede.
***
L: Me er her
me som har latter i lommane
og ber med oss glade vindar i håret.
Me er komne for å fylle huset ditt med glede.
Den himmelblå gleda over å få leva
skal me pusta roleg ut og inn.
Alt anna legg me til sides eu stund.
Tal til oss du, gledenes Gud.
A: Gjer oss sterke og heile.
*
Heidi
Som brukar stoppeklokke når eg gjer husarbeid, med høgtideleg løfte til meg sjølv om at eg skal få same antall minutt ved tastaturet etterpå?
Som sit ein særdeles travel kveld med quizar på start.no og prøver ut to gonger på rad kva slags sko eg eigentleg er?
Me lever i ei tid med ekstrem dragning mot sjølvbekrefting. Det kan jo henda at lesarane ikkje får sova i natt viss dei ikkje får vita svaret… Svaret på kva sko eg er, altså… To gonger på rad vart eg ein converse-sko. “Du er sjelden, fortsett med det,” var dommen…. Og då hadde eg måtta juksa og tilpassa svara fleire plassar fordi ingen av svaralternativa stemde for meg. På spørsmålet om kva eg hadde mest lyst til å gjera med det same eg vakna ein lørdags morgon, svarte eg den eine gongen: “Sitja på trappa og røyka,” og den andre gongen:” Gå i demonstrasjonstog…”
Nå har eg aldri røykt, og det er etterkvart blitt langt mellom demonstrasjonstoga, men dei to andre svaralternativa: “Gå på shopping,” og “Ta ein tur til beautysalongen. “passa i alle fall ikkje… Sitja på trappa der i mot… Så altså folkens, ein conversesko…
Viss det blir mange skrivefeil her, så er det delvis fordi eg ikkje har på meg briller, eg gjekk bare forbi pc-en, og stoppeklokka tikkar tross alt på husarbeid… Og dessutan spaserer det ein katt med buskete hale fram og tilbake på tastaturet medan eg skriv…
Heidi
På sundag tok eg ein tur på ergometersykkelen min, og då ser er fjernsyn. Eg bestemte meg for å kikka litt på Finding Neverland som gjekk på NRK, men hadde vel ikkje dei heilt store forventningane. Det viste seg å vera ein nydeleg film. Eg fekk kjærasten min til å lagra resten av filmen på hard-disken, og på grunn av manglande teknisk innsikt fekk eg med meg slutten først nå i føremiddag.
Og eg håpar at Neverland ikkje er stengd for nokon av oss. Staden for leik og fantasi og alvar. Staden for alt som finst som me aldri snakkar om, alt som finst som me ikkje har ord for, og alt som bare kanskje finst…
Fanatikaren i meg har vakna så lenge det varer. Eg vil påstå at han ikkje er berar av mitt mest dominerande karaktertrekk, men han finst der ein stad, og er henta fram for anledningen. Eg må innrømma at eg fekk ein støkk då eg fekk diagnosen for høgt blodsukker for ei veke sidan. Eg fekk beskjed om at eg med rett kost, fysisk trening og vektnedgang hadde sjansen til å unngå å få diabetes, men at eg var tydeleg disponert for det.
Og tida tikkar som klokka i krokodillemagen i Neverland, og eg har bestemt meg for å ta eit krafttak for å unngå diagnosar det kan vera fysisk mogleg å unngå…
Eg har kartlagd at blodsukkeret er heilt normalt når eg et karbohydratfattig mat, så forsåvidt var det flaks eller uflaks alt ettersom, at eg hadde ete såkalt normalt i vekene før legebesøket. Eg hadde ei slags kjensle av at det var tryggast å ikkje vera på ekstremkur når ein skulle ta prøvar, så det er på ein måteheilt tilfeldig at det blei oppdaga i det heile tatt…
Men livet vever på sin vev, og trådane er i djupe vakre fargar, med ein ørliten mollstemt tone av januar og mørketid. Morgonane er framleis mjuke med tende lys i klasseromet og soloppgang utanfor vinduet ein gong mellom ni og halv ti.
Eg fekk ein støkk på torsdag då Ingrid kom heim og fortalte at ho plutseleg hadde besvimt på jobben, men at snille kundar hadde teke godt vare på henne. Truleg skuldast det at ho hadde ete alt for lite, for etter å ha fått litt mat og drikke var ho i god form og har vore det etterpå. -Men det er travelt å gå siste året på vidaregåande skule og å jobba så mange timar som ho gjer utanom i butikk. Eg er vel ikkje verdas beste eksempel på det å ikkje ta seg heilt ut…
I går var kjærasten min heilt i Bodø for å halda kurs. Eg hadde så mykje eg gjerne ville ha gjort på jobb før eg gjekk heim, og fekk litt dårleg samvit då Sunniva ringde og sa at det ikkje var mat i huset, og at ho snart skulle vera på danseundervisning og så gå vidare til ungdomsgruppa i kyrkja. Eg innsåg at huset var kjemisk rensa for ferdigpizza, suppeposar, nudler, karbonadar og anna ein kan ty til i nødsfall…
På impuls bad eg henne koma ned på jobben, så kunne me for ein gongs skuld eta ute. Eg fekk hanka med meg Halvard og som var på gitartime… Men klokka tikka, og tilbodet på veldig rask mat viste seg å vera svært begrensa.
Det ende med at dei to fekk kvar sin tallerken pommes frites og eit glas brus som var inkludert i prisen.
Eg var ikkje spesielt imponert over min eigen evne til nærigsvit på vegne av avkomet, men får håpa dei opplevde det hyggeleg å bli invitert ut på middag. Sjølv raska eg med meg eit beger salat frå daglegvarebutikken, som eg åt på jobben etterpå. Der forblei eg, mellom anna i krangel med ein gjenstridig kopimaskin til klokka var ni om kvelden…
Nå sit eg her og skriv med stoppeklokke… I kveld skal eg ha besøk og huset treng kjærlege hender. Men skriving er ein flik av Neverland som ein skal ta seg tid til å oppsøka…
Heidi
Går med stormsteg retning framover i den gamle dagboka mi. Dette er i frå januar månad i 1995. Då hadde eg ein tremånadars gammal baby, ein 20 månadar gammal baby, ein femåring og ein åtteåring…
Dyna er mjuk.
Eg må ha frose for eg vaknar med to dyner oppå meg.
Kjærasten min står i døra. “Du må stå opp,” seier han.
“Ja,” svarar eg tappert, og prøver å halda draumen fast.
Litt etter er han i døra att. “Nå går eg,” seier han.
“Du må koma, mamma,” seier Odd Christian.
“Ja,” seier eg.
“Eg synest at du bare søv, eg.” seier han.
“Nei då,” svarar eg.
“Nå kjem eg.”
*
– I dag kan du fylgja meg ned når eg går, for Sunni ligg
og søv. – Ja, svarar eg. – Det kan eg.
Men eg kjenner motvilje mot å gjera noko som helsr.
Trongen er stor til å få kaffi og knekkebrød aleine før dei
andre barna vaknar.
Han tek på seg regntøy over kvit genser og dongeribukse.
Eg snører jakken hans og tek på han den blå lua. – Nå har Ingrid fått ein jakke som er mest heilt lik min,
seier han. – Du har tid til å gå innom Ingrid før skulen begynnar,
seier eg. Han spring over vegen.
*
Eg leitar etter reine klede. Eg sentrifugerer og dei sentrifugerte kleda inn i tørketrommelen.
Ingen reine bukser å finna. Kanskje eg snart kjem inn i dei eg hadde før siste svangerskapet?
Eg tek ein dusj og vaskar håret i grønsåpe sor det er tomt for sjampo. – Halvard er vaken! seier Ingrid.
Ho og Sunniva spring rundt med nakne føter oppe i stova.
*
Buksa er trong.
-Så fint at du var ung på syttitalet og kan alle knep med tronge bukser, seier eg og presser ho på meg…
* – Nå skal du få ny bleie, seier eg til Sunniva. – Ja! svarar ho. – Baba! – Har du lyst til å bada? spør eg. – Jah!! svarar ho, og spring ut på badet.
*
To nakne småjenter i Sunniva sin badebalje.
Ingrid er blitt stor jente,
brei over akslene og smal over hoftene.
Ingrid sprutar badevatn.
Sunniva grin og vil ikkje meir. – Det er stygt, seier eg, å øydelegga badet for Sunniva.
*
Halvard i armane mine.
Han er så nydeleg, smiler til meg og gurglar.
Ingrid spring framleis barføtt med raud bukse og svart genser. Sunniva står med ei billedbok og vil bli lesen for.
*
Eg legg Halvard til brystet.
Han syg seg fast.
Sunniva heng over meg og stryk han over håret. – Kor har Sunniva fått den saksa i frå, spør eg. – Du må ta ho i frå henne, Ingrid, det er farleg!
*
-Nå vil eg høyra Sabeltann, seier Ingrid. – Sabeltann eller Kine-plata mi. – Nei, svarar eg. – Eg vil høyra litt på radio medan eg ammar. – Kan ikkje du leika litt med Sunniva slik at ho ikkje
forstyrrar babyen. – Eg høyrer ein dokumentar om eit forskningsprosjekt
om horekundar. – Eg skal i alle fall bestemma musikken etterpå, seier
Ingrid.
*
– Nå skal du få sova, seier eg til Sunniva.
Eg finn ein lilla tutt i skåla, og fyller ei tåteflaske med vatn. – Godnatt, seier eg med fløyelsstemme.
Ennå er det føremiddag.
Det er litt tidleg å legga henne, men eg er så trøytt sjølv, og eg har så lyst til å setja meg ned å skriva litt.
Eg legg Halvard på eit teppe på golvet og set på kaffitraktaren. – Eg har lyst på knekkebrød, seier Ingrid.
*
Me er på veg til sentrum.
Sunniva sit i søskensete på vogna til Halvard.
Ingrid går på sida av med støvlar og raud kåpe.
Det regnar, og me stiller oss under eit tak.
Ein klasse går forbi.
Det er tredje klasse på veg til symjetimen.
Mange av dei går utan regntøy. – Hei, seier Siri til oss. – Hei, seier Tom til oss- – Her kjende me jamen mange, seier Ingrid. – Skal me heller gå heim, spør eg, det regnar slik.
-Nei, seier Ingrid, me går vidare, mor!
*
Eg ser på klær i butikken.
Eg orkar ikkje prøva med alle tre ungane rundt meg.
Eg orkar ikkje prøverom i det heile tatt i dag.
Sunniva har sett eit bord med duplo-klossar og vil ned frå søskensetet.
Brillene mine doggar.
Eg må ta det av for å sjå.
*
Når kjærasten min kjem heim går eg ut.
Eg går aleine i regn og vind.
Det er så godt å koma ut.
Heilt aleine litt, bare med Halvard i barnevogna.
*
Og eg sit her i 2008 og lengtar litt tilbake…
Men travelt ser eg at det har vore…
Heidi
Eg er ikkje glad i å gå til legen. Der kan ein nemleg koma til å få avdekka at ein er sjuk. Hadde det ikkje vore for celleprøven frå livmorhalsen som norske kvinner er “pålagde” å ta kvart tredje år, så hadde eg sikkert aldri gått dit i det heile tatt. Eg lever nemleg lukkeleg under strutsemottoet: Det ein ikkje veit har ein ikkje vondt av.
Det høyrer med til min sykliske besøk-hos legen-frekvens å få eit par purrebrev frå kreftregisteret av typen: Me kan ikkje sjå å ha registrert at det er tatt celleprøve dei siste tre åra. Etter eit par slike tuslar eg meg til legesenteret, det vil seia sånn ca med fireårsintervallar…
Heldigvis er legen min med all god grunn ein veldig populær dokter, så ho opererer med sånn ca to behagelege “Psyk- deg- opp- månadar” frå ein bestiller time til ein faktisk må dukka opp på kontoret hennar…
På måndag var dagen komen. Og somvanleg foreslo ho å sjekka ut litt grundig sidan ho først hadde meg der. Alt såg bra ut så langt, men hypokondar som eg er så veit eg at alle prøver av ulikt slag faktisk er der for å dekka av eit eller anna som kanskje kan vera i uorden.
Eg trudde eg var “trygg” for prøvesvar den første veka, men allereie på onsdag låg det ein kvit konvolutt i postkassa med stempel frå legekontoret. Dei slo fast at blodsukkerverdien var litt høg, så for sikkerheits skuld ville dei gjerne at eg skulle koma innom ein dag det passa for å måla blodsukkeret på ny og ta ei glukosebelastning…
Så i dag føremiddag reiste eg ned etter å ha fasta frå i går kveld. Der tok dei ei ny blodsukkermåling som var litt i grenseland, og så måtte eg drikka to glas med sukkervatn og setja meg ned og venta i to timar. Lett ør av alt sukkeret sat eg der og las i magasinet “Strek” om kristen meditasjon og om å våga å søkja seg sjølv. “Bare den er redd for einsemda som ikkje har oppdaga dybdene i seg sjølv og i Gud. “ Radioen var på over høgtalaranlegget og Elvis Presley song: “Please release me, let me go…” Det var ikkje vanskeleg å vera enig med sistsyngande…
Der sat eg, eigentleg ganske roleg tilhøva tekne i betraktning og lova meg sjølv og alle gode makter å leva eit sunt og prektig liv dersom eg slapp unna diabetesdiagnosen denne gongen… Eg såg for meg lange utreiingar og daglege insulininjeksjonar, og bestemte meg for at eg skulle nok leva langt og lukkeleg med det og om eg måtte…
Då dei to timane var gått var eg innstilt på det meste, men håpa det beste… Resultata var i det minste i rett ende av skalaen… Verdiane var for høge til å vera heilt normale, men heldigvis for låge til å kvalifisera til å ha diabetes 2. Men eit kraftig skremmeskot var det. Dama på laboratoriet meinte at med trim og bevisst kosthald og endå meir vektnedgang hadde eg gode sjansar til å normalisera blodsukkeret. Klart eg skal bli flinkaste jenta i klassen…
Eg har levt i halvanna år på ein diett mest heilt utan sukker og andre karbohydrater, men har hatt pause nå i jula og ete meir eller mindre normalt då. Lurte litt på om det på nokon måte kunne ha påvirka verdiane, men det kunne ingen svara meg på. Eg har i alle fall fått grønt lys for å halda fram med dietten.
Ingrid seier, “Fy så urettferdig, eg kjenner ingen som et så sunt som deg.” Eg svarer at eg får bare vera glad det ikkje er noko verre. Eg er jo aldri sjuk, så innimellom må det vel vera min tur og… Men det kjennest på ein måte sjølvforskyldt, sjølv om eg har kjempa mot dette med overvekt i heile mitt vaksne liv, så må vel resultata kunna seiast å vera noko blanda…
Så får ein trøysta seg med at blodtrykk og kolesterolnivå er fin-fint…
I dag då eg sat der og venta med hovudet fullt av sukker så reflekterte eg litt over godleiken. Vondskapen høyrer ein så mykje om, men legg ein merke til det gode?
Eg observerte ei mor som var så fin med dotter si som sat og venta på å få koma inn til legen med eit eller anna preparat sprøyta inn på augene. Mora trøysta, småprata. las frå eventyrbøker og fortalde jenta kor flink ho var. Ei anna mor fortalde treåringen sin at sidan ho var så flink skulle dei gå i leikebutikken og kjøpa dokkestellebord etterpå. Mormora som var i lag med dei for å passa babyen medan dei var hos legen sa at den leika ville ho betala.
To eldre kvinner som venta på laboratoriet snakka saman om korleis det var å leva med ein mann med alzheimers, og ein mann hadde truleg teke seg fri frå jobben for å fylgja den nitti år gamle mor si til legen. Han var så fin med henne og behandla henne med ein respekt som berørte meg. Damene på laboratoriet var så venlege både med meg og med dei andre pasiantane. Eg vart så glad fordi det faktisk er slik det er. At folk møter einannan med omsorg og respekt.
Og nå fekk eg akkurat innkalliing til tannlegen… Så fint då slepp eg å melda meg sjølv med den tanna som brakk før jul. Og det beste av alt: Det er mest tre veker til den dagen eg har tannlegetime.
Heidi
– Nå skal eg visa deg depresjonistavdelinga på Lindex, seier Eva Mari. – Depresjonistavdelinga? seier eg. – Teltavdelinga-, repliserer ho, og det begynner vagt å gå opp for meg kva ho meiner.
– Avdelinga for ekstra store klær, ja, seier ho med ein energisk undertone av forakt. – Kom og sjå..
Innerst i eit hjørne av butikken er dei store storleikane på stativ som verkeleg står påfallande tett innpå einannan.
Her er det ikkje mykje albuerom.
-Først skal ein med ei unskuldande kroppshaldning måtta snika seg som ein tjuv inn i eit hjørne innerst i butikken, og så skal ein måtta ta påkjenninga av å kanskje riva ned heile reolar fordi det er så trangt der at sjølv ein slank person står i fare for å riva med seg det meste i eit normalt passeringsforsøk…
Når ho seier det ser eg at det faktisk er sant alt saman. Og der og då fotonar det seg ustyrteleg komisk… Ikk je vart det noko handel på oss der i dag, slett ikkje.
Derimot var det eit anna butikk-konsept som rørte hjarta mitt. Butikken Askeladden som låg ikkje så langt unna. Det var ein blanding av gjenbruksbutikk, antikvitetsbutikk og loppemarknad. Viss det ikkje var for at eg ikkje orkar å bera med meg så mykje på toget, og fordi eg har meir enn nok ting frå før, så hadde eg vore sterkt frista til å leggja att store deler av den nyerhverva løna der. Knivar og gaflar med raud- og blå- rutete skaft som fekk i godt humør. Store bilete i tunge rammer av gamle dame eg aldri har kjend, og ukjende babyar i blondekjolar.
Eg har ei litt sær tiltrekning mot gamle fotografi. Fleire gonger har eg på loppemarknad kjøpt fotografi av totalt ukjende personar som eg har hengt på veggen heime bare fordi eg synest dei er fine. Responsen frå andre er påfallande unison. -Kva i all verda skal du med bilete på veggen av nokon du ikkje kjenner… Ein gong kjøpte eg eit fotoalbum på loppemarknad. Då stod plutseleg Odd Nerdrum der i ein stor kjortel og sa at han gjerne ville kjøpa det viss eg ikkje ville ha det. Kanskje eg kan trøysta meg med at eg ikkje er unormal likevel? Eller…
Ein annanting eg ein vakker dag skal begynna å samla på er gamle glas. Tenk noko så flott som eit selskapsbord dekka med hundre forskjellige gamle glas. Nå er i og for seg ikkje drikkevanane mine slik at eg har spesielt bruk for gamle stetteglas i fire ulike storleikar, men alligavel…
Då eg fekk høyra konseptet for butikken fekk eg endå meir sansen for det heile. Heile varebehaldninga er saker og ting dom folk gjer dei gratis fordi dei ikkje har bruk for det lenger, og dei tilsette er ei blanding av frivillige hjelparar og folk som av ulike grunnar treng arbeidstrening. Drifta er eit samspel mellom pinsemenigheten og kommunen. Heia Askeladden!
Nå har Eva Mari kokt kaffi, me har kjøpt veldig mørk sjokolade som heilt sikkert er tilsvarande sunn…
Utover spisestuebordet har me breidd filt og tyll og blonder, på peisen brenn det bål. Nå skal me sy og vera kreative.
Heidi
Inn i eit sjukt sett tankar og eit plaga sinn, til dømes. Desse opplevingane har eg hatt i heile mitt lesande liv. Nå sist blei eg trukken inn i det medan eg sat på toget.
Då eg var tjue år og gjekk på lærarskulen sat eg ein halv dag på lesesalen og las “Isslottet” av Tarjei Vesaas. Eg hugsar ennå den litt tranceaktige kjensla som kom over meg. Eg klarte ikkje å leggja boka frå meg, og eg brukte store deler av dagen til å rista av meg trancen. Eg veit ingen andre måtar å gå så langt ut av meg sjølv og inn i andre som å lesa ei bok.
På vegen bort hit las eg ei bok som tok skikkeleg tak i mageregionen. Eg hadde med meg romanen “Renselse” av Tore Renberg. Der blir du trukken så grundig inn i ein sjuk hjerne og eit plaga sinn at logikken kring etikk og grenser, det gode og det vonde blir flytta på og gjort utydeleg.
Plutseleg sit du der og trur at kven som helst kan glippa grepet. Kven som helst kan oppleva det logisk å drepa fordi verda plutseleg blir speilvend og sanninga står skriven opp ned.
Då ser ein seg litt om i kupeen. Kven av medpassasjerane
kan allereie tenkjast å ha slike tankar. Kunne det plutseleg skje med meg?
Boka er veldig velskriven, og eg anbefalar ho. Som skrivande menneske kjende eg på at Renberg må vera ein modig mann.- Som vågar å skriva slikt som andre blir fælne av å lesa.
Nå har me foreteke eit byttelån. Eva Mari skal lesa “Renselse”, og eg skal lesa “Drageløparen”, på toget heim. Eg gler meg.
Heidi