
I dag møtte eg det eldste barnebarnet igjen for første gong på over tre veker. Eg trur aldri me har vore så lenge borte for kvarandre før, så det vart eit varmt gjensyn. Minstejenta ser eg ikkje før i morgon, for ho hadde begynt på stor avdeling i barnehagen.
Iben hadde vore hos frisør og hatt saks i det lange håret for første gongen i sitt liv. Tennene ho har mista nede i munnen har kome opp igjen. Ho hadde strekt seg, og eg syntest at nå såg ho ut som ei lita skulejente.
Det er akkurat det ho er og. I morgon begynner ho på SFO, og om eit par veker på skulen på «heilt skikkeleg». Heldigvis skal ho gå i lag med fleire av vennene frå barnehagen, og ho gleder seg til å ta på seg den nye ranselen og begynna på skulen. Mormor synest det er litt vemodig, og kryssar fingrane for at dette skal gå veldig bra for henne og alle dei andre som kjem dit med skrekkblanda fryd, sommarfuglar i magen og høge forventningar. Heldigvis gleder dei aller fleste barn seg til å begynna på skulen
Eg har skrive eit dikt til henne og dei andre som snart skal begynna på skulen. Eg er veldig glad i Kolbein Falkeid sitt dikt «God tur, skolepike», og håpar eg har klart å skriva noko som ikkje er eit dårleg plagiat av hans dikt. I dag byr eg på denne teksten.
Skulejente
Så er du klar vesle skulejente,
med tannfellingsssmilet ditt stolt og engseleg,
i det runde barneansiktet
med dei strålande forventningsfulle auga
Håret ditt fløymande
som ein mogen sommar,
nedover akslene og ryggen din,
nedover den nye rosa skulesekkjen
du sjølv har plukka ut.
Sommarkjolen lett dansande
over seksåringen si tynne hud,
over solbrune barnekne,
over føtene i sandalane,
modige på veg mot ti år på skulen.
Måtte dei sjå deg alle dei,
som står der og ventar
med bokstavar, tal,
gode intensjonar
songar og historiar.
Måtte dei vera der og møta deg
og alle dei andre som kjem,
med sekk på ryggen
full av leik og store kjensler,
barnleg overmot,
draumar og rastlause tankar.
Måtte dei og alle me andre
stå klare med vaksne armar,
gode grenser, kjærleik og tålmod,
slik at du og dei andre kan veksa
og bli sterke, varme og modige.
Måtte me gje deg styrke nok
til at du alltid trygt kan bera vidare
tyngden av den du er,
måtte vinden alltid stryka deg vennleg over håret,
og dytta deg leikent i ryggen.
Heidi
Så fantastisk fint det er med sommar, og så fort ein sommar går forbi.
Eg kjenner at for ein person med lærarsommarferie er det nesten farleg å skriva setninga over. Det kunne koma til å virka provoserande, men sommaren, denne velsigna tilstanden, skulle eg gjerne hatt evna til å halda fast litt lenger.
I går hadde me kome til siste dagen av den tre vekers lange sommarturen vår. Me ende opp med å låna huset til Eva Mari og Henrik den siste veka mens dei var på ferie i Mosjøen. Det gjorde at me kunne nyta tid med det yngste barnebarnet kvar dag og ha eit heilt hus til disposisjon. Dei kom heim laurdag kveld, så me fekk nokre seine kveldstimar og litt morgontid i lag før me reiste.
Første stopp på turen kom alt i Bærum. Me var på eit tidleg føremiddagsbesøk til svoger og svigerinne Joffe og Elisabeth, som hadde vore på ferie til kvelden før. Joffe serverte heimelaga bløtkake med tre lys til ære for tvillingbarnebarna i Tyskland som feira treårsdag. Sidan dei var avstandsmessig forhindra frå å smaka på kaka, gjorde me ein innsats som vikarar.
Turen i går gjekk over fjellet via Brokke-Suleskard. I grøftekantane gjennom Telemark var det så utruleg mange fine markblomar eg så gjerne skulle fotografert. Det vart ikkje fotostopp før i Valle, men som det framgår av biletet så var det fine blåklokker der.
Eg har nesten heilt klart å slutta å vera engsteleg for bilvegen opp og ned frå Dalen, men kvar gong me køyrer det prisar eg meg lukkeleg for at det ikkje er eg som er sjåfør.
Over mot Suleskard er det veldig smale vegar og på denne feriesundagen var det mykje turistar ute med stor bobil eller i bil med stor campingvogn på slep. Det vart mange ganske tronge plasseringar, men heldigvis så kom både me og bilen oss uskadde fram.
Sidan me køyrde rett forbi mor og far sitt hus stansa me like godt og åt kveldsmat med dei. Dei kunne by på rørte bringebær og rips frå hagen.
Som alltid når me har vore lenge borte heimefrå tenkte eg tanken at «Det er nå utruleg vakkert i vårt hjørne av verda og».
Kattematarar og blomstervatnarar hadde gjort ein god jobb heime hos oss. Det var alt som det skulle vera. Nå tek me resten av sommaren her i frå. Det vil seia, på fredag legg eg ut på ei lita reise att… Heldigvis er det sommar lenge endå.
Heidi

Ei veldig dedikert dame, tok i mot oss. HO fortalde at ho var Oslo-guide, katolikk og lek fransiskanersøster, og at ho hadde stor glede av alle tre tinga. Energinivået og entusiasmen var stor.

Det var interessant å høyra om den gongen Oslo var ein bitteliten by mellom to elver med to hovudgater og relativt få mindre gater mellom dei. På dette området var det ein kongsgard, og etterkvart fire kyrkjer og to klostre. Dominikanarordenen, og seinare fransiscanarordenen blei inviterte av kongen til å byggja kloster og etablera seg der. Me snakkar nå om tidleg middelalder. Det kom då først åtte dominikanarmunkar, truleg frå Frankrike for å slå seg ned i Oslo og driva kloster der. Dei må jo ha vore relativt synlege i den vesle byen.
Den første kyrkja i området, Hallvardskyrkja, hadde skrinet med St. Hallvard sine levningar på altaret. Dette blei av og til bore ut til folket. Då kunne ein koma for be om helbreding for sjukdom.
Det er alltid spennande å prøva å sjå føre seg korleis det var å leva i ei heilt anna tid, og det er fint at Oslo kommune har teke vare på ruinane. Deler av ruinane til Hallvardskyrkja, som etterkvart vart utbygd til å bli ei korskyrkje, ligg framleis under bilvegen som går forbi.
Alt dette er sitert etter minnet, så om middelalderentusiastar ser at eg har skrive feil, må dei ha meg tilgjeven…
Etter omvisninga åt me matpakke og drakk kaffi utanfor ladegarden. Så tok me bane og buss for bane opp til Tveita for å besøkja vår eigen Halvard, som nå var komen heim frå ferie. Eg hadde ikkje sett leiligheita han har kjøpt det, så det var kjekt å få sjå. Han serverte oss kaffi på den billelille verandaen utanfor leiligheita i 4.etasje i ei blokk på Hellerud. Det ligg like ved Austmarka og det var fint og grønt der.
Halvard foreslo at me kunne gå tilbake til byen ned ein tursti langs Alnaelva. Det gjorde at me oppdaga eit nytt nydeleg turområde i Oslo. Det øverste biletet er der i frå. Me gjekk ned til gamlebyen og då me nærma oss Vålerenga kirke fekk me med oss klokkeringing og nydeleg klokkespel, kanskje i anledning av olsokmesse?
Halvard blei med oss til middag hos Sunniva der me hadde eit lite familietreff der Borghild og Vilde og var inviterte. Sunniva hadde laga lun salat med gulrøter i ulike fargar, ovnssteikte kikerter, rukkulasalat, ost og mandlar.
Ettermiddagen skulle veslegut for første gong prøva seg med ekstern barnevakt slik at mamma og pappa kunne gå på Tønes-konsert. Morfar fekk prøvd seg med byssing i beresele for første gong. Minstemann var ikkje hundre prosent fornøgd den første timen, men sov fredeleg siste delen av kvelden..
Heidi

I dag var det meld masse regn, så me hadde bestemt at denne dagen måtte passa godt som museumsdag. Eg hadde vore på det nye nasjonalmuseet ein gong i lag med Eva Mari, den gongen nådde me bare første etasje, så eg var veldig klar for å sjå resten.
Sunniva, Trygve og Tage takka ja til å bli med, så det var kjempekoseleg. I tillegg viste det seg at veret hadde ombestemt seg og leverte ein nydeleg varmt sommarver.
Lillegut var ein veldig tålmodig liten museumsgjest. Han sat roleg i bereselen sin, prata, smilte og sov ein av lurane sine. Etter halvannan time var me alle klare for ein liten pause i kaféen med litt påfyll av mat og drikke.
Eg synest det nye nasjonalmuseet er veldig fint. Det var mange sterke inntrykk både frå dei faste utstillingane og dei som skal vera der for ei stund. To gonger var eg uforvarande så nær eit bilete at det utløyste ein alarm. Heldigvis skjedde det i to ulike salar med ulikt vaktmannskap. Er unnskylde meg så fint eg kunne og lova å halda god avstand, noko som tydelegvis var vanskelegare enn eg hadde trudd.
Eg anbefalar å ta nasjonalmuseet i fleire omgangar. Me var der i nesten tre timar og hadde ein god del igjen å sjå då dei stengde.
Dagen vart avrunda med katolsk kveldsmesse i St Olavs kirke før det vart kveldsmat på Espresso house. Nå er føtene trøytte etter masse gåing to dagar på rad. Satsar på at det går over til i morgon.
Heidi

I fylgje Yr skulle dette bli den dagen med finast ver i Osloveka vår. Me tenkte derfor at det var dagen for å vera ute. Med vesle Tage i vogn eller beresele ville me gå tur langs Akerselva.
Eg gjekk det for to år sidan med Leif og Sunniva og i fjor med Torun. Sidan me skulle ha med oss ein baby la me det opp veldig lite ambisiøst, og starta i Nydalen. Dei andre turane langs elva har vore mykje lenger, men i dag og fekk me ein smak på kor fint det er på turstiar forbi nedlagte fabrikkar og badekulpar.
Me stansa ved «Hønselovisas hus» og kjøpte oss kaffi, vaffel og smuldrepai. Fleire enn oss hadde nok hatt samme idéen for det var ganske lang kø, men det smakte godt og var veldig idyllisk å sitja ved dei små kaféborda heilt nede ved Akerselva. Tage er enkel å ha med seg på den måten at han tek godt for seg av maten sin same kor han får han servert, og så lenge han får vera i eit fang, i bereselen eller i armane på nokon, er han stort sett veldig fornøgd.
Dei vaksne mennene sa seg fornøgd då me nådde Vulkanområdet og me var i mål. Eg og Sunniva fortsatte turen på Grünerløkka og i området rundt. Då det nærma seg Tage si leggetid tok eg farvel med dei og tok banen til Jernbanetorget for å gå opp Karl Johan og få med den delen av Osloturistlivet.
Eg må alltid innom og kikka på Nordli bokhandel. Det å gå og vasa på ein stor bokhandel er for meg «sæla å nå», som det står så fint uttrykt i salmen. Eg kunne ha teke med meg litt av kvart av interesse, men klarte å stå i mot freistingane.
Ved Nasjonalteateret stasjon sette eg gmeg ned på ein benk og kikka på folke-og fuglelivet. Noko lite og grått pilte forbi føtene mine og inn under benken. Eg kikka ned og bestemte meg for at det eg såg var spissen av ein litt pjuskete fuglestjert, sjølv om det likna på tuppen av ein rottehale. Like etter kom det noko forbi som utan tvil var ei rotte, og forsvann same vegen. Eg strekte på impuls beina rett ut, og kikka mot den store blomsterkassen den siste rotta hadde hoppa ut frå. Det såg eg to, kanskje tre små rotteansikt som kikka forvitne på meg. Det må rett og slett ha vore ein rottefamilie som haldt til der. Dei vaksne jakta kanskje på søppel til å fora ungane med. Dei vaksne rottene sprang fram og tilbake og virka eigentleg ganske tamme.
Ei dame stilte seg i døra på Narvesenkjosken for å fotografera rottene, men ho vart jaga. Ho fekk streng beskjed om at ho kunne fotografera kva ho ville, men då måtte ho gå heilt ut av Narvesen sitt område. Kanskje han hadde fått beskjed av sjefen. Rotter er truleg ikkje så god reklame…
Så uunnskyld, Narvesen, Oslo sporvegar og Oslo kommune for at eg skriv dette på bloggen min. Eg veit ikkje om det er formildande å skriva at eg faktisk til mi overrasking syntest at dei små gnagarane var ganske søte.
Heidi

Det er mogen fullsommar ute, sjølv om julidagane er av det litt kjølege slaget. I kveld sette me oss ut i hagen for å nyta synet av ein norsk sommarhage, og for å plukka litt bringebær. Me tok med oss ut nysteikte vaflar og litt kaffi. Leif hadde med seg ei bok. Eg hadde bestemt meg for å fotografera og plukka bær, men i morgon trur eg det blir bok og utprøving av den store hengekøya som heng der.
Elles har me ete god middag på Tøyen som Trygve kokte til oss. Tage sin farmor og farfar var og inviterte. Det vart ein veldig triveleg ettermiddag.
Me har nå kome så godt inn i det å ha ferie at me må stoppa opp og tenkja for å finna ut kva dato og vekedag det er. Det er eit godt teikn på at kvilepulsen er på plass.
Heidi

I føremiddag møtte eg mi barndomsvenninne, Sissel, som i si tid var forlovaren min, på kafé. Dei siste åra har me hatt som sommartradisjon å møtast på den måten. Me ser av god tid og finn oss eit bord litt ute av fokus for beteninga slik at me kan sitja lenge med smørbrød og tekoppar utan å få stygge blikk som seier at nå har me sitte der lenge nok…
Det er så fint å snakka med nokon ein har delt store deler av barndomen med. Med femti års avstand til ting som hende kan me sjå eitt og anna i eit anna lys, kanskje me oppdagarar ting me ikkje har forstått før akkurat nå?
Det er òg fint å vera saman med nokon som kjende deg som barn og ungdom slik at dei bare veit ting det elles kan vera vanskeleg å forklara. Ikkje minst er det fint å oppdatera kvarandre på korleis livet ser ut nå, korleis me tenkjer og trur som det står i diktet. Og… det må vel innrømmast… stolt visa kvarandre bilete av barnebarn. Nå har me tre kvar, men om nokre månadar har ho igjen eit forsprang på meg.
Eg har oppdaga noko hemmeleg… Eldgamle damer og menn snakkar truleg sant når dei seier at inni seg er dei heilt like som når dei var tjue. Før trudde eg bare det var noko ein koketterte med, men nå når eg har passert 60 med ein viss margin, så kan eg fortelja yngre lesarar at eg på ingen måte har begynt å føla meg som ei litt gammal dame.
Av og til blir ein brutalt minna om livets gang gjennom bilete andre har fotografert, eller ved at selfiefunksjonen plutseleg er påkopla, utan at ein veit om det. Når ein ser seg i ein spegel får ein som oftast tid til å setja ansiktet i spegelmodus, og då er ikkje alderen spesielt synleg…
Etter veldig fine føremiddagstimar møtte eg Sunniva, Trygve og Tage på Tøyen og gjekk ein tur med dei. Etterpå åt eg og Sunniva Sushi i lag med Leif som dukka opp frå dagens besøk på pilgrimssenter og liknande. Tage sin nye genser, strikka i bilen i sommar passa perfekt.
Det er stas å få trilla han, bera han i beresele eller i armane, prata litt babyspråk og smila litt til kvarandre. Dei første fire månadane i livet går ein raskt fram i alder og visdom, sjølv om det må innrømmast at det framleis er ein ganske lang veg å gå framover.
Etter litt kaffi og bær plukka rett frå buskane borettslaget deira har bak huset, reiste me vidare til svoger Einar og svigerinne Astrid. Dei ser me heller ikkje ofte sidan me bur så langt vekke frå kvarandre, så det var fint å få nokre kveldstimar og ein kopp te saman.
I går regna det heftig store deler av dagen. I dag har det vore mykje betre ver. Den blågrøne regnkåpa mi kom aldri opp av nettet eg bar med meg. I morgon skal det bli endå betre trur eg. Det er ein dag som er så open at nesten kva som helst kan laga seg. Me har kjøpt oss vekesbillett med Oslo sporveier/Ruter, så den er det vel fornuftig å få brukt litt. Eg har veldig mykje eg har lyst til å gjera, så me får nesten bare sjå.
Heidi

Eg trur mange har hatt den same opplevinga som meg. Nokre gonger er ein i eit rom det er litt trist å gå ut av. Etter ein av dei første Korsveifestivalane eg var på, hugsar eg at eg følte uvilje mot å lesa aviser igjen, og motvilje mot å skru på fjernsynet og bli ein del av den vanlege verda igjen.
Eg har høyrt andre fortelja at dei kan ha opplevd det same etter yogaleirar, lange fjellturar, eller feriar ein roleg stad langt borte frå det vanlege livet.
Nå er det ikkje rett å kalla ein Korsveifestival ein stille stad. Tvert i mot kan det opplevast som ganske intenst med mange impulsar, mykje som er til ettertanke og mykje ein gjerne vil ha med seg, og i tillegg skal ein finna roa etter dagen i ein sovepose i eit mørkt telt.
I det vanlege livet er det ikkje ofte ein er på fleire gudstenestar, på ulike kurs og seminar, på kafébesøk med venner, på konsert, matlagingsdugnad og fellesmiddag med meir enn førti andre på ein og same dagen.
Likevel senkar det seg ei ro i meg som det er fantastisk å bera med seg. Det er så fint med alle menneskemøta, og det er så fint å oppleva så mange samlingspunkt, med ro, glede, alvor og store fellesskap. Då me gjekk ut av bilen for å setja opp teltet etter ei regnbyge dei ikkje hadde fortald oss om på Yr, høyrde eg lyden av Carl Petter sin klarinett frå sirkusteltet der dei øvde før opningsmøtet. Då kjende eg at eg på ein merkeleg måte hadde kome heim.
Eg veit eg har skrive det før, men Korsveibevegelsen har for meg vore den staden eg i aller sterkast grad har kjend at her har eg røtene mine, dette kan eg identifisera meg heilt med utan atterhald.
Nokre gonger har eg i kristne samanhenger måtta sortera litt kva eg står for og kva eg ikkje er einig i. Når det gjeld Korsveibevegelsen kunne eg nesten ha gitt ei liste der det står kva dei fokuserer på og praktiserer og sagt: «Dette er det eg trur på, dette identifiserer eg meg med.» Det kjennest, befriande, godt og inspirerande at det finst ein slik plass der eg finn eit tydeleg credo.
Sjølvsagt vil folk innan Korsveirørsla og tenkja ulikt om ting, det merker ein på debattmøte og i diskusjonar etter kurs og foredrag, men eg opplever at menneske lyttar til kvarandre med respekt.
Kva er det så eg meiner at eg identifiserer meg så sterkt med? Det er tanken om å arbeida for ein meir rettferdig verden, for å fremma respekt og likeverd, det å utfordra seg på ein enklare livsstil, og for å byggja gode fellesskap og forsoning mellom menneske. I Korsveirørsla var det veldig tidleg viktig å fremma «grøne verdiar», å ha fokus på det å ta vare på jorda og å leva meir berekraftig. Gjennom dei tretti åra eg har vore tilknytta Korsvei har dette fått sterkt fokus, og heldigvis har kyrkja og samfunnet kome etter.
Alt dette kunne i og for seg vore gode grunnar til å identifisera seg med Korsveibevegelsen, men det som gjer det heilt spesielt er at alt dette er vove saman med eit tett andeleg perspektiv. Det er straumar frå den naturnære keltiske kristendomsforståinga at livet er heilag med morgonmesser med keltiske bøner og irske folketonar. Det er taizékveldsbøner med dei spesielle meditative songane frå den eukumeniske klosterkommuniteten i Taizé i Frankrike. Det er masse kvardagstru med glede og humor, og dei klarer å ha møtepunkt som kjennest fine og viktige for barn, ungdomar og vaksne saman.
I tillegg har dei som lagar festivalane vore flinke til å henta inn ressursar som kan gi nye perspektiv på ting. I år hadde me med oss René August, ei dame frå Sør Afrika som har jobba med forsoningsarbeid i lag med biskop Tutu, og som i dag jobbar med freds og forsoningsarbeid i den brittiske rettferdsorganisasjonen Tearfund. Ho hadde med seg libanesiske Farrah som jobbar i den same organisasjonen.
Eg kunne ha skrive veldig mykje meir, men før eg gir meg må eg og nemna den estetiske dimensjonen på Korsveifestivalen. Det at musikk, dans, installasjonar, biletkunst og drama er ein så viktig del av det heile appellerer veldig til meg.
Nå skal eg forsiktig gå ut av Korsveiromet og prøva å ta med meg ut freden, håpet og motet og dei gode opplevingane. Me menneske elskar å ha noko å spegla oss i, og speglane på Korsvei er av den typen som gir deg trua på at håpet har eit ansikt og ei framtid.
Eit viktig poeng til slutt: Sporisand er min personlege talarstol der eg presenterer livet frå min ståstad. Dette er mi oppleving. Det kan godt vera andre ville vinkla ein Korsveifestival på ein heilt annan måte, og det kunne godt ha vore sant det og.
Nå skal eg snart få det yngste barnebarnet mitt i armane. Det gler eg meg til.
Heidi

Regnet som kom i store mengdar midt på dagen i går gjekk over. Store marked vart avvikla delvis under tak, og det fungerte kjempefint. Der kunne alle selgja varer og tenester til inntekt for Kirkens nødhelp sitt arbeid for menneskerettane i eit gruvesamfunn i Afrika.
Mange hadde med seg ting dei ville selgja til inntekt for prosjektet. Andre selde nysteikte lappar og vafler eller baud på skuldermassasje, neglelakk, hårfletting eller hurtigtatovering. Barn selde teikningar, småting dei hadde laga sjølve eller selde leiker og bøker dei hadde vakse i frå. Andre skaffa seg sponsorar og sprang runde etter runde rundt Dyrskuplassen. Det gjekk og an å kasta ringer, snurra lykkehjul, klappa hund, eller få seg ein køyretur i ei handtrille.
Då eg hadde seld ut bøkene eg hadde med, brukte eg pengane eg sjølv hadde tenkt å bruka på mellom anna song og diktframføring. Ein mann ved namn Kåre bad meg setja meg på ein benk medan han song for meg og såg meg smilande inn i auga. Han hadde menyliste det ein kunne velgja kva ein ville høyra. Valet fall på Vamp sin «Den finaste jentå». «Så takk ska du ha kjære Gud, eller kim du nå va, du som skapte dei finaste ting…» Etterpå kosta eg på meg litt diktopplesing og: » Det er den draumen me ber på…» av Olav H Hauge. Kåre kunne alle songane og dikta på listene utanåt og framførde med sjarm og stil. For 100 kroner til Kirkens nødhjelp fekk eg ei fin oppleving.
Etterpå vart det laga festmat i tuna. Eg veit ingen annan plass der ein bakar foccaciabrød på grill og vedkubbar og har varm smuldrepai med bær laga sane plass til dessert. Folk var oppfordra til å pynta seg med kostyme eller på anna vis før festen, og så gjekk barn og vaksne med tunflagg og rytmeinstrument i prosejon til dans og underhalding på festplassen. Det er fint å vera barn på korsveifestival. Eg såg mange strålande barneauge over å få gjera så mykje fint og sprøtt saman med ein stor flokk vaksne.
Sidan så mykje skjer heile tida er det heilt legitimt å ikkje vera med på alt. Torun og eg sneik oss unna festen for å jpbba meir med noko eg er svært takknemleg for at ho har sagt seg villig til, konsulenthjelp med diktsamlinga mi.
Etterkvart kopla me oss på igjen og fekk med taizekveldsbøna, kakao og lappar på nattkafeen og allsang med skråblikk, glede og alvor frå Asle Finnseth og kompisar. Det vart seint før det vart natt i leiren.
Nå har det vore ryddedugnad. Til slutt fekk me beskjed om at den einaste dugnadsoppgåva som gjenstod var å kjøpa is for å tømma isboksen. Det har me gjort, og jammen vart det litt tid til blogging og. Det er avslutningsgudsteneste om ti minutt, så me får gi oss her. God sundag til alle.
Heidi

Eg ser at innlegget mitt frå i gårkveld kan få ein korsveifestival til å sjå ut som eit maraton for menneske med eksepsjonelt høg grad av gudstenestekondis.
Eg må og fortelja at her er det mykje å velgja mellom og at sånne som meg då fort vil springa som galne for å få med seg alt.
Her er masse kurs og seminar å velgja mellom. Ein kan gå på kurs i mat frå naturen eller på dansekurs. Ein kan gå på kunstutstilling og vera med på aerobictimar. Ein kan ta med babyen din på babysong eller ta ein joggetur. Ein kan parkera på ein campingstol med strikketøyet sitt eller gå på filmframvisning.
Nå har eg brukt nokre timar på noko fantastisk kjekt, hatt nokre timar på kafé med mi gamle lærarskulevenninne Margunn som er på Korsvei for første gong. Torun var og med før ho måtte i veg på dugnad. Så fint å kunna oppdatera kvarandre på levd liv og erfaringar.
Nå er middagen snart klar. Det blir spennande å sjå om regnbygene lett oss eta i fred.
Heidi
