Gå til innhald

Luke 18 – 22

desember 18, 2022

Her var skattekista gjort klar for sundagsskulen. I dag var det eit hålkeføre ute som var livsfarleg for både syklistar, fotgjengarar og under middelmådige sjåførar. Heldigvis fekk eg skyss av ein som er meir habil på glatta enn meg.

Det var vel litt tynnare i kyrkjeradene en det pleier, men dei under ti år lot seg heldigvis ikkje skremma for det var mange ungar som kom. Me hadde fått låna kostyme av dei som har ansvar for trusopplæringa, så alle som ville kunne få kle seg ut som Josef, Maria, gjetar, engel eller vismann og vera med på eit lite spontanteater med tema jule-evangeliet. Etterpå fekk dei laga fin julepynt som Hilde hadde førebudd og instruerte dei i.

Noko av det fine med vår sundagsskule, som held til i kjellarstova i kyrkja under preika, er at nesten alle har med seg ein vaksen, ein av foreldra eller ein av besteforeldra. På den måten er det mange tilgjengelege vaksne hender og mykje vaksenstøtte. Sjølv synest eg at det å vera i lag mange generasjonar på den måten kan vera ei fin gudstenesteoppleving for oss vaksne og.

Rett etter kyrkja var det heim på kjøkkenet til julekakebaking med barnebarna. Foreldra fekk sjanse til å ordna litt forskjellig, og onkel Halvard fekk lov til å vera onkel både med kjevling og kakebaking og som pianospelande entertainer.

«Du veit tydelegvis ikkje mykje om livet,» sa eldstejenta overberande då me ikkje var heilt einige om korvidt mummitroll finst på ekte eller ikkje. Sjølv om eg tilfeldigvis visste at i dette tilfellet så var det eg som hadde rett, så kunne eg ikkje la vera å beundra den store trua på å ha større livserfaring enn mormor. Eg hugsa plutseleg ein gong eg var på same alder som henne og var heilt sikker på at eg hadde rett sjølv om far og farmor var einige om at dei hadde rett og eg tok feil. Den kjensla av å bare vita at me har rett, kjenner vel dei fleste av oss. Det hender framleis at eg nesten kan lura på om det ikkje står feil i leksikonet

Og for dei som måtte lura: Det funka å skifta ut halvparten av hornsaltet med bakepulver i den tidlegare nemnde kakemanndeigen.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: