Gå til innhald

Luke17 – 22

desember 17, 2022

Nå er julebreva sende, og ein god del av pakkane er pakka inn. Halvard kom heim i dag morges, så nå kjennest det nesten som jul her i huset.

I dag har me fått montert ny varmepumpe i stova. I heile haust har me halde varmen med ullgenser og pledd på vanlege kvardagskveldar når me ikkje har fyrt i peisen. Nå var det plutseleg 24 grader her. Me får finna ut litt etterkvart korleis varmen lar seg regulera på ein god måte.

Rekvisittane til sundagsskulen ligg klare på stovebordet. Det siste eg skulle laga i kveld var deig til kakemenn (og koner, burde eg kanskje tilføya sidan eg ikkje aktar å bruka den nye kjønnsnøytrale forma kakeperson). Den deigen skal nemleg helst overnatta i kjøleskapet før baking.

Eg var sikker på at me hadde ein liten gul boks hornsalt i skapet, men han var umogleg å finna. Turen til kveldsopen butikk var ikkje fristande i høljeregn på islagt føre klokka ti om kvelden.

Etter å ha klatra på ein vaklevoren stol for å koma til lengst oppe og inne i skaphyllene fann eg boksen. Nå kunne eg angra på at eg i mitt overmot hadde smelta smør og målt opp til dobbel porsjon deig. Det var nemleg bare to små teskeier med hornsalt i boksen, og eg hadde bruk for fire. I Etter å ha googla litt fann eg ut at bakepulver sannsynlegvis var ei betre erstatning enn natron.

Dei som lurer veldig på om to skeier hornsalt og to skeier bakepulver vil fungera i deig tilpassa 16 dl mjøl i ein kakemanndeig må venta i spenning til i morgon. Eg lover å dela erfaringa, slikt kan vera greitt å vita.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: