Gå til innhald

Korsvei – torsdag

Eg skulle så gjerne ha skrive mykje her, men dagane er så fullmetta av innhald at det er vanskeleg å få tid til skriving. For å gi eit lite inntrykk av Korsveilivet kan dagen for eksempel vera slik:

Vaknar i teltet og høyrer prating og lyden av glade morgonvakne barn. Slår følge med ei god venninne til keltisk morgonmesse i det teltet på Dyrskuplassen som strengt tatt heiter Ormen Vinbar. Nydelege songar på irske folketonemelodiar og nattverd med keltisk liturgi.

Frokost på tunet med knekkebrød, brød og pulverkaffi. Folk hentar fram det dei har av pålegg og deler med kvarandre.

Alle rundt manesjen. Samling i sirkusteltet innleig som kyrkje for anledningen. Utruleg dyktige musikarar leia av Tore Thomassen. Mykje song, liturgi, historieforteljing, dans og teater

Barn oog ungdom går ut til eigne aktivitetar. Sunniva Gylver overtek og snakkar om korleis ein kan sjå og erfara det gode midt i alt som er. Etter ein kort pause blir det samtale og diskusjon kring tankane hennar.

Me går til tunet vårt igjen og har eit felles brødmåltid. Astrid og eg går på seminar om Mariahuset og høyrer ei jente fortelja om erfaringane sine frå Mariahuset, eit bufellesskap der halvparten av bebuarane har utviklingshemning.

Etterpå felles middagslaging i tunet der førti menneske et middag saman. Eg finhakkar store mengder løk og sitron.

Koseleg måltid saman og oppvask med varmt vatn frå tekokaren.

Seminar i lag med Torun om dialogarbeid.

Møta og prata med venner me ikkje har sett på lenge.

Konsert med Oskar Nordbø og band.

God natt, telt og sovepose langt over midnatt.

Også ssova og bli klar til ny dag og nye inntrykk.

Eit fint liv.

Heidi

På plass i lavvoen

Annankvart år dei siste 28 åra (med eitt unntak, trur eg), har me vore på plass i Seljord for å vera med på Korsveifestival.

Det er litt som å vera i ein annan verden i fem dagar, og det pleier å vera så fint å ha eit litt anna fokus enn det ein elles lever med. Eg må innrømma at nettene i telt er det som fristar minst, men det blir oppvegd av alt det andre som eg liker så godt å få vera med på.

Veret ser ut til å bli ganske bra og. Teltet vårt er forresten den litt skeive lavvoen om nokon måtte lura. Me har vore på nattkafeen med gode venner og ete vafler. Nå er det på tide å landa dagen. Dersom du lurer på kva ein korsveifestival måtte innebera får du fylgja godt med her. Det kjem sikkert meir etterkvart.

Heidi

Eit pludrande, smilande barnebarn på stellebordet

… og ein katt i vogga. Det var ikkje planlagd å besøkja vesleguten i dag, men når me var så nære kunne me ikkje la det vera. Han er blitt veldig pratsam, sjølv om det ikkje er så lett å forstå kva han meiner. Det er fascinerande at alle babyar pludrar på same måten. Dei prøver ut alle lyder, og så legg dei vekk dei dei ikkje har bruk for i det språket dei skal tileigna seg. Den vesle pratmakaren øver intenst på skarre-r akkurat nå, så den blir han god på viss han ikkje legg han vekk.

Me hadde fine timar med familien Sunniva og ein god ettermiddag og kveld med Eva Mari og Henrik. Damene insisterte på ein sommarkveld ute så lenge me hadde lyse. Markisa tok av for dei to-tre regndropane som har falt og tepper hjalp mot kulda.

Frå i morgon av er det teltlivet som tel… 😁

Heidi

Sundag føremiddag i Vadstena

Eg har nokre favorittstadar i verda: Köbenhavn, Skagen, Amsterdam, Trondheim, Berlin… I fjor vart Vadstena lagt til lista og hamnar kanskje øverst på denne lista. I fjor vart eg heilt forelska i denne plassen med dei koselege gamle bygatene, klosterlivet, den fantastiske utsikten over Vättern frå soveromet hos nonnene, pilgrimssenteret, klosterhagen og den spesielle atmosfæren. Eg vart kjempeglad då me oppdaga at vegane våre gjekk omtrent slik at me kunne få sundag føremiddag i Vadstena.

Det regna heftig då me kjørde dit, og det regna framleis så pass då me kom dit at det var greitt me hadde paraply og regnkåpe i bilen.

Eg har tidlegare syntest at det er fantastisk å feira gudtstenester i Nidarosdomen, så det å få med sundagsmesse i Vadstena pilgrimskyrkje var noko eg hadde veldig lyst til.

Gudstenesten hadde eit veldig høgkyrkjeleg preg med inngangs og utgangsprosesjon, evangelieprosesjon og to deltakande prestar, den eine var liturg og den andre hadde preika. Det var veldig mykje liturgi på for meg ukjende liturgiske melodiar. Eg synest sungen liturgi er vakkert, men ein kjenner seg litt kyrkjeframand når ein ikkje klarer å henga med på songen. Ei lita stund var eg faktisk inne på tanken at dette kanskje var ei katolsk messe, og ikkje i regi av svenska kyrkjan, men slik var det ikkje.

I både Sverige og Danmark har dei så vakre sommarsalmar. Me song ein av dei i dag, det var veldig fint. Eg får lyst til å skriva noko lyst og fint og sommarleg. Det eg tek mest med frå sjølve gudstenesta er nok presten sine ord om å våga å fylgja å tru at kjærleik er sterkare enn ondskap, lyset sterkare enn mørket og livet sterkare enn døden. Han avslutta med å lesa det som blir kalla Frans av Assisis bønn. “Herre gjør meg til et redskap for din fred… » Det er ei bøn det er lett å gjera til si.

Då gudstenesten var over hadde det slutta å regna og me kunne gå ut i solskinet. Me rusla rundt i gatene, fann ut at pilgrimssenteret dessverre var sundagsstengd. Såg igjen klosteret det me budde sist og sette oss på ein benk og såg ut over Vättern der nokon bada.

Eg kjende ei viss dragning mot eit fantastisk konditori med verdens koselegaste bakgate der me var i fjor, men rrisekameraten klarte å overbevisa meg om at me heller burde støtta pilgrimskafeen i klosterkyrkja. Så vart det eit rekesmørbrød og ein kopp kaffi der i staden.

Me gjekk forbi ein benk det det stod eit skilt om at dette var ein poesibenk. Ein skulle scanna ein QR-kode, så kunne ein setja seg på benken og høyra eit passande dikt bli lese opp på mobilen. Det måtte me prøva. Det var ein fin idé. Eg lurer på kor mange som tek seg tid til å gjera det.

Her ville eg aller helst ha sett inn mange bilete frå Vadstena, men eg slit for tida med å leggja ut bilete på bloggen fordi eg ikkje har meir plass. Kvar gong eg vil leggja ut eit bilete må eg stryka eit frå eit eldre blogginnlegg. Slik vil eg helst ikkje ha det, så eg prøver å finna ut av det. Eg kan leggja ut nokre bilete i kommentarfeltet på facebook.

I dag tok me oss tid til å velgja langsame vegar nordover. Me kjørde langs innsjøen, så på vegar gjennom skogar med små røde hus i klynger omtrent slik eg har forestilt meg at det er i Bakkebygrenda. Me såg og ein rovfugl som flaug fram og tilbake over engene på jakt etter mat. Det er fint å ha god til til å kjøra gjennom svensk sommar.

Nå har me landa i Karlstad og har vore ute og ete italiensk til kvelds. Eg hadde ein vegetarisk rett, pastaputer med fyll av ost og pære i gorgonzolasaus med svart pepar, hakka valnøter og friske urter. Det var godt.

I morgon kjører me tilbake over grensa og avsluttar Sverigeturen for denne gongen. Snart blir det Korsveifestival og så Osloferie.

Heidi

Ängelholm og Jönköping

Flagget på biletet såg me fleire gonger i dag både på flaggstenger og ved butikkar. Leif spurde ein mann på gata om det var det skånske flagget, og det var det fekk me til svar. Halvt dansk og halvt svensk, utdjupa han. Og slik er det jo, gjennom tidene har Skåne tilhøyrd både Sverige og Danmark. Landskapet her er nesten dansk, og dialekten med blaute konsonantar kan òg minna litt om dansk.

I går kveld fann me ut at me måtte bestemma oss for om me skulle bli ei natt til i Lund, og ha tid til å utforska meir av Skåne, eller om me skulle bruka litt meir tid nordover igjen slik at me kunne utforska nye stadar og landskap i staden for å måtta ta strakaste motorvegen. Me bestemte oss for det siste og fann ut at me først skulle ta småvegar mot ein ny by i Skåne det me kunne bruka nokre føremiddagstimar før me kjørde vidare til Jönköping. Valet fall på den halvstore kystbyen Ängelholm som viste seg å vera rin triveleg stad å nyta sola ein laurdagsføremiddag midt i juli.

Biletet over er frå då. Me sette oss utanfor konditoriet med kaffi og «en räkmacka» og en «vaniljbulle» på deling. Rekesmørbrødet smakte veldig godt. Majonesen var truleg halvblanda med crème fraiche, og det var tynne strimler av rødløk på, noko eg aldri har kome på å blanda med reker. I tillegg var det egg, salat og masse dill og sitron. Dette skriv eg for å hugsa det til neste gong eg serverer friske reker. Me fekk og med oss deler av ein korpskonsert på torget, noko som gjenoppfriska minnet om korpsturane med Rosseland skulekorps fleire somrar på nittitalet.

I natt er me på eit hotell som ligg midt i sentrum av Jönköping. Me har vore ute og ete middag og etterpå har me gått kveldstur i gatene. Me høyrde orgelmusikk og såg lys i det som vel må ha vore domkyrkja, så me tenkte me kanskje kunne få med ein konsert, men me fann ingen opne dører.

Imorgon er planen å stå tidleg opp og kjøra til Vadstena for å få med sundagsgudstenesten i den fantastiske kyrkja det og etterpå nokre føremiddagstimar i byen der. I fjor var me nokre dagar i Vadstena, då overnatta me to eller tre netter i klosteret til Birgittinarsystrene. Den gongen gjorde byen og heile atmosfæren det sterkt inntrykk på meg, så eg gleder meg til å koma dit igjen.

Heidi

Kåseberga, Ales stenar, Ystad og Lund

I dag har me hatt ein utruleg fin og innhaldsrik dag. Etter frokost sette me oss i bilen med tanke på å få mest mogleg ut av dagen, for dagane går så fort, og på denne turen er dei ikkje så mange.

Sjølv er eg ingen stor konsument av krim, verken i bokform eller på skjerm, men reisekameraten kunne opplysa meg om at nå var me i Kurt Wallander-land. Altså Henning Mankell sin mest kjende krim-antihelt-etterforskar for dei som veit like lite som meg…

Sjokkert over mine manglande kunnskapar på krimfronten, bestemte han seg for at det måtte me gjera noko med. Det viste seg å liggja fleire lydbøker om Wallander på Fabel, så me sette på ei av dei. Det var verkeleg litt spesielt å høyra landskapet me kjørde gjennom bli beskrive medan me kjørde og me såg skilt mot dei same plassane som dei hovudpersonen i boka kjørde til.

Dette landskapet kan kanskje beskrivast som typisk dansk iblanda ein porsjon jærsk natur. Me såg til og med skilt til «Tinghøg», og kjende oss nesten heime. Mindre kjend var alle fareskilta med bilete av eit villsvin, som altså betydde at me måtte passa på for her kunne villsvin plutseleg springa ut i vegen. Me såg ingen villsvin, og det var sikkert like bra, me ville i alle fall ikkje ha dei i panseret. Langs vegen var det gule kornåkrar med dei ville valmuene og andre ville blomar innimellom kornet.

Vegskilta viste veg til «Tommelilla», noko eg tenkte måtte vera det koselegaste namnet som tenkjast kunne på eit område. Eg oppdaga etterkvart at det kanskje kunne vera ein campingplass.

Me kom til ein plass som heitte Kåseberga, der var det ein stor parkeringsplass der folk parkerte bilane sine, og så gjekk ein til fots inn i eit veldig triveleg fritidsområde med fin natur og små gardar, gjestgiveri og kafear i hagar og bakgardar. Me fulgte ein grusveg opp på ein stor haug med beitande kviger for å koma til målet, «Ales stenar» . Dette var ei stor samling store steinar sette opp i ein stor nesten båtforma oval. Desse har stått der i uminnelege tider, men ein er framleis ikkje heilt sikker på funksjonen.

Det går an å bruka steinformasjon som eit stort solur, der skuggane fell på ein spesiell måte på spesielle tidspunkt. Dei kan og ha vore brukte som ein måte å peila ut kursen på havet på. Som du ser på biletet bak meg så ender haugen som ein stor sandklitte ned i havet. Det kan og vera at steinane kan ha vore ein form for religiøs kultplass.

I alle fall var det veldig vakkert der oppe, og det som var endå meir spektakulært enn steinane var at ein gjeng kitarar, med ovale fallskjermar fulle av snorer, segla fram og tilbake over klittene og stranda som store fuglar. Dei segla opp og ned og fram og tilbake i oppdriftsvinden frå havet. Dei flaug rett over hovuda våre, me såg ansiktsuttrykka deira og kunne nesten ha ført ein samtale med dei. Den eine kjørte tandem, eller hadde med seg ein passasjer. Dette må vel vera der nærmaste ein kan koma det å prøva ut det frie fuglelivet. Eg klarte å forstå at det må vera ei fantastisk kjensle å fly på den måten, sjølv om eg hadde høgdeskrekk på deira vegne.

Etter føremiddagstimar på Kåsaberga reiste me til Ystad som var ein nydeleg liten by, og som kunne by på fint sommarver.

Etter ei stund skilde me lag for at begge kunne gjera det me hadde mest lyst til. Eg kjøpte barnebøker, ei svensk diktbok, ein Edith Södergran-biografi og knappar til skuldrene på to barnegenserar. Eg var og innom ein brukskunstbutikk.

Så reiste me til Lund, og denne gongen fann me domkyrkja open, i alle fall ei lita stund. Me fekk sjå oss om, tenna lys og sitja litt der i ro og ettertanke, det var fint.

Middag vart det òg i dag. Me åt på ein liten italiensk restaurant ute i ein bakgard under store heildekkjande parasollar. Eigentleg hadde dei ikkje plass til slike som ikkje hadde bestild bord, men dei klarte å klemma oss inn på eit tomannsbord visd det var ok for oss at andre fekk bordet halv åtte. Det var det nesten halvannan time til, så det gjekk fint. Eg hadde pastaputer med soppfyll og trøffelsaus med ost og kvitlauksbrød til Det smakte kjempegodt. Fredagen vart avslutta med kaffi ein annan plass og litt vandring i gatene. I morgon må me vidare. Det er nesten synd, for det er så fint her. Kanskje me kjem igjen ein gong…

Heidi

Lund i Skåne

Me ladar bilen utanfor Lund. I dag har me kjørt heile dagen for å koma oss sørover. Planen var å koma seg til Ystad, men det viste seg å vera vanskeleg å finna overnattingsplass det i to netter, så vart det Lund i staden. Eg har ein merkeleg dragning mot å koma til stadar som liknar ein heil del på det me har heime… Her i Skåne er det flatt som heime på Jæren, når me er litt oppe i høgda har me utsikt over havet og vindmølleparkar. Det bles såpass at bilen ristar litt her me står, og nå kom det ei regnbyge og… Det får me tola. I dag har det nesten ikkje regna.

Den pausen me har hatt i dag hadde me i totida då me lada sist. På bensinstasjonen/ladestasjonen var det nokre små restaurantar, så det kunne kombinerast med å få seg litt mat. Jammen ende me ikkje opp med thailandsk buffet i dag og. Det smakte veldig godt. Lydbok og strikketøy er òg gode greier på lange bilturar. Eg oppdaterer nærare utpå kvelden.

*

Og nå er tida komen for litt oppdatering. Biletet øverst er frå hotellet det me bur «Scandic Star» ca 4 kilometer utanfor Lund sentrum. Hotellet er gigantisk, og resepsjonsområdet er utforma som ein stor bakgard med tak over. Det er det som viser på biletet. Inntrykket er litt kaotisk med palmar, ein bar, ein restaurant og diverse skap det ein kan kjøpa mat og drikke. Det positive er at det er veldig tilrettelagd for barn (bortsett frå baren). På golvet er det malt eit paradis, det er eit stort bord det barn og vaksne kan sitja og perla skjermer barn kan leika på og ishockey/fotballspel.

Me fekk eit rom i 4.etasje og fann ut at me måtte ta ein tur ned til sentrum. Lund er kjend for den store gamle domkyrkja, at det frå gammalt av har vore ein sentral stad i svensk kyrkjehistorie, og ikkje minst for å vera ein gammal universitetsby. Alt dette såg me tydelege spor av i byen. Me må få med oss ein tur i domkyrkja og ein tur innom den store bokhandelen like ved.

Me vandra litt i gatene i området rundt domkyrkja. Det hadde slutta å regna, og det var i grunnen ganske godt og varmt ute. Sidan me åt varm mat midt på dagen, nøydde me oss med å dela ein bagel og ein havremuffin på Espressohouse. Me gler oss til å sjå meir av den store verda i morgon.

Heidi

Allsång i ein park i Strömstad

Med ein reisekamerat som har nase for å snusa opp slikt som foregår, sit me nå i ein bitteliten park ved ein musikkpavinjong der mannen i grønt leier ei lita forsamling i allsong på ein svært entusiastisk måte. Band har han med seg og. Det dryp ein og annan regndrope, men me syng med så godt me kan frå benken vår:» Jag tror, jag tror på sommaren, jag tror jag tror på sol igen»…

Så langt kom eg på blogginnlegget i parken… Så tenkte eg: «Nå må du skjerpa deg, Heidi, legg vekk mobilen, om ikkje anna så av respekt for dei som står der framme og legg all sin entusiasme i å prøva å få folk til å slappa av og kosa seg…

Først hadde eg nok ein liten ironisk distanse til heile arrangementet, men så vart eg riven med. Det vart rett og slett litt sterkt då alle måtte reisa seg og synga vidare på stikkorda «reste sig och sa:» » Det finnst inga soldatar mer, det finst inga gevär, och ingen känner längre til det ordet militär»… Eg må innrømma at det er ein draum som lever sterkt i meg endå. Og svensktoppane frå 60-talet viste seg å dukka opp frå gøymde rom i minnet då dei skulle syngast. Rare greier. «Men för all del, jag kan ha fel» og «Släng en slant uti brönnen och önska dig nån ting». Det er noko fint med å synga saman. Eg såg nesten for meg eit liknande arrangement på Bryne Torg med band, trekkspel, godt humør og Ståle Ree i grøn dress på scenen… Så dersom du skulle lesa dette, Andreas Vollsund…

Då me gjekk tilbake til hotellet segla «Misjonsskipet Elida» ut frå hamna mens ein gjeng mannskap og syngande ungdomar stod på dekk og song velsignelsen. Det var òg fint å få med seg. Nå sit me i hotell-foajéen der ein norsk duo syng og spelar jazz og gamle schlagarar. Det er utsikt over havet gjennom vindauget og gode forhold for sommarblogging.

I går hadde me lang dags ferd til Bærum med eit ver som best kan beskrivast som ein dusj utan sparehode på full guffe med opne kranar heile turen. Vel framme vart me belønna med Eva Mari sine nybakte naanbrød og chicken tandoori. Ho hadde brukt forspranget på nokre timar godt og omsorgsfullt.

I føremiddag var me innom i Helgesens gate og fekk nokre timar med det yngste barnebarnet som for tida er smilande, trillande rund og glad i å «prata». Det er alltid vanskeleg å riva seg laus frå han. Han er framleis så ny i verda at kvar gong eg ser han igjen etter nokre veker så har han utvikla seg og lært noko nytt.

Me stoppa på Nordby storsenter, rett over grensa på «Svinesund» for å eta lunsj ein stad inne på grunn av regnet. Det var eit gigantisk kjøpesenter, og då me kom inn virka det som om fleire millionar nordmenn hadde fått det for seg å bruka dagen på svenskehandel. Det var lange køar framfor toaletta, lange køar for å kjøpa hamburgarar og kø for å koma inn ein stad og kjøpa pizza. Me havna i kø framfor ein «food-court (!))» med thailandsk buffet. Det var trongt om borda der og. Me ende med å dela bord med ein veldig jovial og hyggeleg trønder. Han sa at me bare måtte flytta på veska til kona hans, som var for å henta seg mat, og setja oss ned. Så innleia han med å seia at maten der var kjempegod. Eg kjende at det å møta eit positivt og hyggeleg menneske var det eg trengte der og då. Eg hadde køar, trengsel og kjøpesenter heilt i halsen og lurte på korfor me hadde stansa der. Eit smilande menneske som såg ut til å nyta staden og maten var akkurat det eg trong før eg henta meg vårrullar, ris og dumplings og kjende at livet datt på plass.

Eg tenkte der og då at dette måtte eg slå eit slag for i dag på bloggen. Rett og slett formulera ein skriftleg honnør til hyggelege, vennlege og positive kvardagsmenneske som er med på å gjera livet til ein triveleg plass for oss andre.

Ha ein fin sommarkveld, alle saman. 🍓

Heidi

Paviljong

På hjul

Så er me i gang med den delen av ferien som ikkje er i eigen heim. Akkurat nå ladar me bilen utanfor Kristiansand og varmar oss på kaffi frå termos. Det har høljeregna heile dagen, og me er lukkelege for at det ikkje er denne tysdagen me skal sjå opp lavvoen i Seljord. Me har til og med måtta ha på litt varme i bilen fordi det vart kaldt å sitja der sommarkledde.

Den opprinnelege planen vår var å dra til Åland denne veka. Av ulike grunnar vart ein del av ferieplanlegginga sett på vent før ferien, og me oppdaga at me rett og slett var for seint ute med tanke på bestilling av ferge og stader å bu. Det får med andre ord stå på lista over ting me har lra ein annan gong. Nå er planen å oppleva Skåne via innfallsmetoden. I natt overnattar me hos Eva Mari og Henrik som reiste frå oss i dag morges, og så blir det Sverige i morgon. Det ser heldigvis ut som om regnet skal gi seg sånn etterkvart.

I går fekk me vera med på å feira lille Hugo sin treårsdag med pølser og sjokoladekake, og føremiddagen fekk eg ha saman med mormorjentene som var komne heim frå Spania. Det var veldig fint å sjå dei igjen, og det blir litt hardt å vera borte frå dei i tre veker til.

Det har vore fint med sommaegjester og med lange lyse kveldar. Dei kveldane det har blitt kjøleg å sitja ute har eg og Eva Mari teke med oss strikketøyet og sett oss i utestova. Det er så fint å vera i det seine kveldslyset dei få vekene me har det her. Dei siste to kveldane har me kobla på lydbok og høyrd noveller av Levi Henriksen og Anna Gavalda. Det er fint å høyra på høgtlesing, nesten like fint som å lesa høgt for nokon… I bilen i dag har me og høyrd på lydbok, «En vakker dag», av Soudabeh Sadishahi, ein iransk/norsk forfattar som har skrive ein roman om Iran under sjahen og Khomeini-tida. Interessant. Innimellom har me høyrt på P2, melom anna eit program om kulokk, sauelokk og hestelokk. Det er mange slags kulturtradisjonar i landet vårt. Nå trur eg ladeperioden er over, så nå får eg leggja ut dette før det er for seint. Eg blir bilsjuk av lesing og skriving mens bilen går. Viss du vil bli med på tur, får du henga på i veka som kjem.

Heidi

Full sommar på Jæren

Som eg skreiv i sist veke, når sommarvarmen kjem til vårt hjørne av verda må me bare snu oss fort rundt, gripa dagane i lufta og nyta dei.

Sommarvarmen har skjedd oss nå i helga. Plutseleg hadde me blå himmel, varm sol og fleire-og-tjue grader. Då slepp ein det som sleppast kan av det ein har i hendene og let livet skje.

Me har sommargjester i helga, og det er ein fin kombinasjon med sommarvarme. Eva Mari, Henrik og hunden Lara kom på fredag kveld, og frå i går av har me og hatt besøk av barnebarnet deira, Hugo frå Stavanger, som har overnatta her i natt. Når ein får besøk av ein liten gjest som snart skal fylla tre, er det ganske praktisk å ha eit hus fylt av leiker, tripp-trapp-stolar og barnesenger, og leikestova i hagen vart og sett stor pris på.

I går tok eg og Eva Mari med oss Hugo på badetur til eit vatn i nærleiken, og jammen fekk eg ikkje innleia badesesongen med ein liten symjetur. Då har eg bada i år og, og eg reknar med at det blir meir bading etterkvart.

Nå har gjestene våre reist på badetur med den yngste gjesten, og skal samtidig avlevera han trygt heime hos foreldra. Planen vår er at me skal slå fylgje med gjestene austover på tysdag, og då kjem me til å vera borte i dryge tre veker. Den eine veka skal me på Korsveifestival og bu i telt, så det er ganske mykje som må tenkjast gjennom og mykje som må pakkast. Me har kome litt i gang, så det går nok bra.

Det andre eg har kome godt i gang med er første bearbeiding av tekstar til ny diktsamling. Eg har printa ut nøyaktig 303 dikt, noko som er 2-3 gonger så mange som eg treng for å laga ei diktsamling på omtrent same storleiken som dei eg har laga dei siste åra. Det betyr fortsatt hardt arbeid med utvelgjing, forbetring og tematisk sortering. Eg har tenkt at det er ei oppgåve eg skal jobba litt med kvar dag i sommar. Det et slikt arbeid som kan la seg gjera på «heimekontor» same kor eg måtte befinna meg.

Elles har eg, inspirert av det britiske syprobrammet «Sewing bee», lappa to favorittsommarbukser som eg har slite hol i… Det kan jo diskuterast om damer på 60 + burde ha forstått at deira tid med lappa bukser burde vera tilbakelagt, men me får vifta med berekraftsvimpelen om det trengst.

I fylgje vermeldinga skal regnet koma i kveld/ natt, så nå får me nyta tida fram til det som rein nåde. Leif har eit lammelår i omnen til sein middag når gjestene våre kjem tilbake, og dei siste dagane har han varta opp opp med både nysteikte rundstykke, heimelaga knekkebrød og heimekokt rabarbrasaft. Ikkje verst.

Fleire sommartekstar kjem etterkvart. Bare heng med.

Heidi