Luke 20- 22

I dag stod elevane for programmet på skulen. Ein av gutane hadde laga film om klassen sin og brukt ein app der ein via eit foto kan få personen på fotografiet til å synga og dansa. På den avfotograferte filmen på biletet over er eg i ferd med å synga ein julesong…
Drop-in-vaksinering var gode greier. Då eg ankom rådhuset eit par minutt etter at dei opna vart eg geleida in i kommynestyresalen av ein person i gul refleksvest. Dei hadde laga to improviserte avlukke lengst framme der to sjukepleiarar vaksinerte fortløpande. Etterpå var det registrering av identitet før ein sette seg på ein stol for å venta under observasjon i tjue minutt. Det gjekk raskt og heilt smertefritt, og eg var så heldig å møta ei eg kjenner som vart vaksinert omtrent samtidig med meg slik at me kunne bruka ventetida til å prata og le. Nå er det nøyaktig eitt år sidan sist vaksinedose. Den gangen vart det sagt at den nye sprøyta begynte å virka beskyttande allereie eit par døgn etter at dosen vart sett. Det kjennest bra å ha fått vaksinepåfyll, og det er lov å håpa at eg skal sleppa lett unna biverknadar denne gongen og.
Elles så kjennest det veldig bra å ha fått juleferie. Eg har sprunge litt bak meg sjølv, så eg tenkjer at i morgon må det først og fremst vlu den store ryddedagen slik at det kan begynna å nærma oss jul hos oss og.
Heidi