Gå til innhald

Luke 16 – 22

desember 16, 2022

I dag vakna eg til eit snødekt jærlandskap, og meir snø vart det utover føremiddagen. Så steig gradestokken til varmegrader og nedbøren gjekk over til å bli sludd og nesten regn. Det er jo synd at det fine kvite snødekket i fylgje yr skal forsvinna like fort som det kom, men slik er det i dette hjørnet av verda.

I dag har eg fått bakt årets første julekaker til eigen boks. Elles kunne dagen by på julelunsj for kulturskulen heime hos rektor Guri som hadde dekka fint bord til oss og brukt morgonen til å laga mat.

Avslutningar i kulturskulen er noko eg liker. I tillegg til god mat er det alltid kulturelle innslag. I dag fekk me fin musikk av ein trio beståande av fiolin, fløyte og klarinett, fire- og sekshendig pianomusikk, diktlesing og a cappella solosong. Alt framført av dei flinke kollegene mine. Noko av det eg liker med jobben min i kulturskulen i tillegg til at det er ein skule med det musiske menneskesynet i sentrum, er at eg får samarbeida tett med dyktige musikarar, dansarar og kunstfagfolk.

Etter ein pause i heimen der eg fekk skrive årets julebrev møtte eg venninnene mine frå litteraturgruppa på Sandnes det me åt middag saman på restaurant.

Det har vore ein fin dag. Det eg håpar er hypokondaren i meg, synest det kriblar litt i halsen. Barnebarna er òg har vore febersjuke denne veka. Det er masse korona i omløp igjen og akkurat som dei to siste åra, så håpar eg at ikkje familiejula skal bli øydelagd av covid. På tysdag er det drop-in vaksinering med dose fire, og så sant eg held meg på beina til då har eg tenkt å møta fram og tilby overarmen min.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: