Luke 19 – 22



I ggår fortalde det eldste barnebarnet lenge og detaljert om fjomsenissane som var ganske rampete og slemme. Problemet deira var at dei kom ut av egg og måtte klara seg sjølv, derfor hadde dei ingen foreldre som kunne læra dei korleis ein skulle oppføra seg… Ho måtte teikna teikningar og for å visa korleis dei såg ut. Til slutt lova eg henne å skriva ned alt saman og laga bok av det. Det har eg gjort i dag. Ho hadde lyst til å ha med seg boka i barnehagen slik at dei kunne lesa henne der.
I dag var det nest siste dagen før juleferien. Bokstaveleg talt halvparten av elevane mine var sjuke i dag, og i naboklassen var det like gale. Me vaksne hanglar litt me og. I dag starta eg dagen med ein negativ koronatest. Nå har eg omgitt meg med hostande ungar både privat og på jobb, så eg fann ut at eg måtte sjekka at eg ikkje gjekk rundt som ei levande smittebombe.
Det har vore spegelglatt på vegar og fortau i dag og. Som tilfeldig forbipasserande oppdaga eg og ei til at ei dame med rullator hadde gått over ende på isen. Saman fekk me henne på beina att og ho forsikra oss om at ho var like heil og kunne gå vidare for eigen maskin . Etterpå fekk eg litt dårleg samvit for at eg ikkje hadde tilbudd henne å følgja henne heilt heim, men eg vart livredd for å smitta henne med covid eller influensa.
Det finaste som skjedde i dag var trinnfesten om kvelden heime hos Merethe. Me prata, åt idet og kjeks og god dessert før me koste oss med pakkeleik. Heldige meg som har fått dei beste kollegene som tenkjast kan. I ein slik jobb som min betyr det utruleg mykje p ha gode folk å samarbeida med.
Heidi