Luke 15 – 22



Endå ein skuledag er over. I dag starta med med felles frokost der elevane hadde teke med seg litt kvar slik at me kunne dekkja ein rikhaldig frokost buffet. Så brukte me den første økta til å eta saman, og til å ha god tid til å prata. Då dei begynte å bli klare for noko nytt, fulgte me Ebenezar Scrooge som vart teken med til kyrkjegarden av spøkelset for framtida. Der fekk han sjå si eiga grav og forstod kva det innebar å vera eit gjerrig og dårleg menneske.
Eg var først litt redd for at boka, som er ganske tru mot Charles Dickens sin originaltekst, skulle bli for avansert og vanskeleg for dei, men med litt felles oppsummeringar og forklaringar så fungerer det godt.
I dag fullførde me juleverkstad-aktivitetane, og noko.av produksjonen sett de på biletet over.
Når Elvira Huskestuen riggar til julevetkstad blir ho fort litt grenselaus. Etter all slags innfall trålar eg skapa til formingsavdelinga på skulen og plukkar med meg tapetprøvar, gardinrestar, knappar, blonder og perler og ber det med meg til armane blir tunge og lange. Så blir det ein samlerunde i skap og hyller heime og, fjører, meir knappar og silkeband i alle lengder og variantar.
Der og då er eg overbevist om at dette er det barna treng for å kosa seg og laga fine ting. Så blir det eit salig produksjonskaos, og etter at elevane har teke pynten sin med heim startar ryddinga med å bera alt saman på plass igjen, medan eg foreslår for meg sjølv å gjera det enkelt neste år…
Som barn hadde eg elska å få gjera det slik, men som utdanna lærar forstod eg at folk er ulike. Første gong eg kom dragande på kassevis av materiale og sa til elevane at nå skulle dei få laga kvar sin engel, såg mange på meg med forvirra blikk: «Men Heidi, koss ska me laga dei englane?»
Nå er det meste rydda, og det eg skal ta med heim er pakka i sekkjer og vesker. Snart slal eg og Iben på barnekor, og etterpå skal eg og Leif på klassisk julekonsert på kulturhuset. Det var julegaven for to år sidan, som i første og andre omgang drukna i korona. I kveld gjer me eit nytt forsøk.
Heidi