Luke 22 – 22

«Eg forstår ikkje korleis du får tid til alt!» Dette er noko folk ofte seier til meg. I dag byr eg på ein av mine utfordringar og kjem med det ærlege svaret : «Sjølvsagt får eg ikkje tid til alt, eg bare prioriterer litt annleis enn mange andre…»
Grunnen til at eg gjer det kan diskuterast opp og ned, det ærlegaste svaret eg kan gi er at eg prioriterer slik det opplevest naturleg for meg, og stort sett stortrivst eg i mitt eige liv.
Ein av dei tinga som eg dei siste vekene ikkje har hatt tid til, visest på dagens bilete. Ein del ting har blitt lagt på eit overfylt skrivebord eller i posar og nett på golvet inne på arbeidsromet. Dagens prosjekt, som har teke omtrent ein halv dag, var å få rydda der inne…
Det påståst på ramme alvor at ein professor her i landet fann ein gjengløymt sykkel under papirbunkene då han rydda ut av kontoret sitt. Det er ein historie eg har sitert før, og som eg finn mykje god trøyst i…
For har eg funne ein sykkel det inne? Nei då, langt i frå. Derimot fann eg ei biblioteksbok eg har leita etter lenge, og som eg har fått purring på. Nå har eg fått levert ho i grevens tid og slapp straffegebyr. Diverse anna er og flytta på plass og nå er det nesten slik at eg stolt kunne teke med meg ein tilfeldig gjest inn dit og sagt med lett henslengt stemme: «… og her har me arbeidsromet vårt…»
Med radio på blir ryddinga nesten koseleg, og andre og endå kjekkare ting har eg og fått tid til. I dag kom Sunniva heim med tog frå Oslo, og eg gleder meg til å få tid i lag med henne.
I morgon skal det endeleg koma opp juletre her og. Der er me og litt i utakt med resten av samfunnet. Barnebarna blir henta av oss i barnehagen for å bidra med pyntinga. Eg ser humoren i at eg er sikker på at eg snart høyrer nokon seia «Nå er eg så lei av julepynten, det skal bli herleg å få ut treet…»
Det bekymrar meg litt at eg har blitt litt forkjøla i dag. Det er korona og diverse sjukdom på alle kantar, og det vil me helst sleppa unna i jula dersom det er mogleg. Me får bare kryssa fingrane og ta det som det kjem. Jul skal det bli uansett.
Heidi