I dag skulle eg rydda meg ut av klasseromet og over i det andre bygget. Men først var det den siste skuledagen i lag med ungane. Først var høgtlesing for siste gongen i år, og for siste gongen hadde eg utsikt utover havet kvar gong eg kikka opp frå boka.
I tredje timen bakt ei gruppe av elevane muffins, i fjerde timen var det fotballturnering og så laga eg fruktsalat med ei gruppe. Me avslutta dagen med is , fruktsalat og muffins i kantina, reinhaldaren hadde trudd romet var ledig slik at ho kunne bona golvet, men ho tok det fint då
ho vart forvist. Medan ungane åt haldt eg ein tale for eit og eit barn, og fekk ein sommarklem frå kvar av dei.
Eg gler meg alt til neste skuleår, men først treng eg ferie, det treng me alle saman nå.
Så vart eg gåande og rydda og kasta ting frå eit års levd skuleliv i ein svart søppelsekk. Strikketøyet som eit par sveitte hender aldri fekk heilt dreisen på, og gruppearbeidet i engelsk som aldri vart hengd opp på veggen. Men der fanst og små sigrar der. Steinaldermannen laga av piperensarar og skinnlappar og bilete av steinalderbustadane våre. Maleria med sko oppover ein innkjørsel, og dei fine blå dragane me malte i haust som har hengt i korridoren. Eg sette meg til å sortera fargeblyantar og fargestifter. Dei aller minste kasta eg, men dei fleste får vera med over i det andre bygget til det neste livet soom startar i august. Eg har i meg ei slags vegring mot å avslutta ting. Eg vil helst at ting skal vara evig.
Klokka sju eller noko slikt var eg klar til å gå heim. Heim til pakking og rydding. Kroppen min reagerte med eit heidundrandes allergianfall, det går litt fort i svingane, prøver han nok å fortelja meg… Mitt i det heile ringde ei dame som vil at eg skal vera med i ei gruppe som skal utarbeida nye liturgiske ledd til gudstenester. Det er klart at eg svarte ja.
Det er ein uverkeleg tanke at eg har ferie nå. Det har på ingen måte gått opp for meg. Kanskje eg skjønar det når eg sit på flyet. Amerika i morgon eg…
Det er nokre små plagg eg ikkje finn att, men kor skal eg leita?
Heidi
Eg avspaserer føremiddagen. Eg vaskar klede, ryddar, og prøver å få unna litt. Klokka eitt dreg eg til skulen for møte og rydding. Innimellom prøver eg å fjerndirigera litt av det som skjer i klassen min via sms…
Eg har høyrt radio og drukke kaffe til arbeidet. Velsigna vera P2. Det er så mange bra program der. I dag presenterte dei ein analyse av Peer Gynt, der dei mellom anna avslørte at handskrifta til Ibsen forandra seg medan han skreiv dette manuset. Han begynte med å skriva normal høyrehallande handskrift og ende opp med venstrehallande steilskrift. Så kom dei med moglege teoriar til dette. Gjennomgjekk han ei sterk indre utvikling? Våga han å reindyrka sin eigen personlegdom? Eller hadde han rett og slett vondt i handa? Tenk at nokon har som jobb å filosofera over slike spørsmål. Fascinerande…
Eg trur eg kunne ha elska å sitja og grava meg ned i små spissfindige litterære problemstillingane eg og… Tenka, tenka og skriva, skriva.
I staden driv eg utagerande omsorgsarbeid, undervisning, skriving av bruksmanus og rydding av klasserom. – Og eg elskar det og. Sjølv om eg av og til møter meg sjølv i døra med ein gigantisk flyttekasse fylt med overfylte ringpermer. Men å møta seg sjølv i dører gjer ein nok uansett…
Det eg filosoferte over, medan eg stod og vaska det lange håret mitt i dusjsåpe fordi me var tome for sjampo, var korfor nokre menneske mest alltid er glade, medan andre slit med tungsinn heile livet. Eg trur eg er så heldig å vera fødd med det ein på bestemor si tid kalla eit lettlig sinn. Eg ser korleis mange slit med å finna gleda og halda ho fast. Det gjer vondt å sjå på.
Er evna til å gle seg genetisk og medfødd? Eller er det ein muskel ein må passa på å trena opp og halda ved like? Dersom eg var ein god fe og kunne gje elevane mine og mine eigne ungar ein einaste gave for resten av livet, så skulle eg strø over dei gullstøv som gjorde at dei var i stand til å gleda seg mykje over lite. Eg stod der i dusjen og grubla over formelen på gullstøvet, og det gjer eg framleis. Eg trur eg skal tenkja på det resten av dagen. Sånn innimellom ryddinga, sjølvsagt.
Heidi
Har eg sagt at eg ikkje er flink til å rydda? I tillegg til alt eg skal rydda sjølv på skulen, så skal elevane administrerast i ein stor ryddeprosess og. Dei skal rydda skuffene sine, bera bøker, ordna permane osv… Ei oppgåve som kjennest sånn omtrent for stor for meg… Men me har fått gjort ein heil del, og eg har eit par dagar att før eg reiser. Bare eg får meg sjølv, ungane, pass og pengar på flyet til Amsterdam og så til Canada seinare på dagen, så kan det meste ordnast sånn etterkvart…
Etter ein lang dags rydding tok eg ungane mine med meg og åt middag på kinarestaurant før konserten til Halvard og ein gjeng andre fløyte- og pianoelevar på mølla. Det var godt å setja seg ned og la seg innhenta av tonar og ro. Så spurta me opp til aulaen på skulen der Sunniva var ein del av ei danseforestilling. Eg har ikkje sett henne dansa i ei forestilling før og eg vart rørt fordi dansen hennar utstrålte så mykje glede.
Dans er eit sterkt språk og eit mektig uttrykksmiddel. Nokre dansarar får meg til å gråta fordi dei får fram følelsane sine på ein måte som kryp rett under mi eiga hud. Ei av Sunniva sine venninner dansa solo med heile følesesregisteret aktivert.
Når ein er trøytt er huda tynn. Det såg eg både på kolleger og på elevar i dag. Nå trur eg me treng ein pause alle saman. Eg skal skriva små personlege sommarbrev til elevane mine, og på onsdag skal me ha ein kosetime i kantina før eg reiser i frå dei.
Nå trur eg at eg skal få ein vaskemaskinfull reine klede ut på snora. Sola skin.
Heidi
Eg vurderte å rydda heile dagen, men eg har den merkelege hangupen at sundag føremiddag så er plassen min i kyrkja. Det hender eg diskuterer med meg sjølv før eg kjem så langt, men når eg er vel på plass i kyrkjebenken så kjennest det alltid rett.¨
Etterpå var eg på jobb for å rydda. Rydda, rydda, rydda…
Arkivera eller kasta med hard hand, that`s the question. Eg hadde håpa at eg skulle koma lenger på fire timar, men ein del fekk eg då gjort…
Dagane tikkar mot ferie, og eg heng med så godt eg kan. Om fire dagar så sit me på flyet og er nær ved å landa i Canada. Eg har mykje eg skal klara og nå før eg kjem så langt… Det vil seia. Det viktigste er vel å få med seg billett og pass og koma seg på rett fly. Alt det andre ordnar seg på den eine eller andre måten.
Eg plukka ein rosa, kvit og lilla bukett i hagen og ramma inn med grøne lønneblad. Så pakka eg inn ei diktsamling, ein pakke bamsemums og ein rull meg hjartedrops og gjekk på gratulasjonsvisitt med Astrid. Det var fint å setja seg ned ei stund og prata. Og i går kom Torhild i gullbilen. Først åt me moreller i den oransje sofaen vår i lag med kjærasten min, og så drog me på Peppes og åt
Cæsar-salat med kylling. Så ikkje tru at eg BARE ryddar. Det høyrest bare slik ut…
I morgon skal eg på konsert der Halvard skal spela piano klokka fem, og på danseforestilling der Sunniva skal dansa klokka seks. Kjærasten min skal til Haugesund, så som god forelder bør eg rekka begge deler. I forkant har eg invitert ungane på kinarestaurant klokka fire, for eg ser me rekk ikkje å laga middag.
Og snart skal me for alvor slusast inn i ferien.
Heidi
Det er jo viktig å trivast, og for å markera på ein triveleg måte at ryddedagar er festdagar, tende eg to solgule lys på frokostbordet. Dessutan hadde eg plukka inn gule liljer i ei rund blårutete skål som eg kjøpte på loppemarknad ein gong. Riktig fint vart det. Dessutan var plommene i dei nykokte egga solgule og matchande. Det var bare det at eg måtte flytta blomane vekk fordi eg fekk eit akkutt anfall av høysnue.
Då frokosten var eten op,p såg eg at det var regn i lufta. Eg sprang derfor ut for å berga inn dei tørre kleda frå tørkestativet. Då eg kom inn med ein stabel reine handkle fekk eg ei melding på mobilen som eg måtte svara på. Etterpå snur eg meg og får eit lite sjokk.
Dei brennande lysa hadde fått stå på bordet. Trekken frå verandadøra hadde tydelegvis kasta flammen bakover, og plutseleg stod oppslagstavla på veggen over kjøkenbordet i fyr og flamme. Det vil seia alle dei viktige papira som hang der og fortalde om skuleavslutningar, salme- og barnesongkonkurransar, bryllaup og sølvbryllaup og i tillegg nokre gamle barneteikningar,hang på veggen og brann med lange flammar.
Eg hadde ikkje tid til å tenkja meg om, men greip på instinkt oppslagstavla der ho ikkje brann, fekk henne ned frå veggen, sprang ut på verandaen og kasta ho ned på gardsplassen medan eg ropte høgt at det brann.
Sunniva som hjalp meg å ta inn klede kom springane til. Hennar første instinkt var at ho ville trampa på dei brennande arka som låg på treverandaen for å slokka dei. Det var bare det at ho var barbeint. Eg fekk heldigvis stoppa henne før ho brann seg, sprang inn i huset og henta vatn som eg fekk slokka med. Så nå får kanskje me sjå det symbolske i at avtalane våre har brunne opp?
Me slapp med støkken. Men eg har fått bevist det eg eigentleg visste frå før. Gå aldri i frå brennande stearinlys i eit rom!
Sidan rydding ikkje er heilt mi greie, har eg lese litt oppmuntrande litteratur. Ein eller annan klok person hadde skrive at på skikkelege ryddedagar skulle ein stilla klokka på alarm nå og då, og når alarmen gjekk ta ein pause og gjera noko heilt lystbetont…Så her sit eg…
I går då eg med skrivekløande fingrar sprang til andedrakt var nemleg internet ute av funksjon, så eg fekk ikkje skrive om ein relativt vellukka ryddedag, krydra med lang frokost med Ingrid, middag med Odd Christian og kveldstur langs stranda med Sunniva.
Halvard har begynt å utforska nærare dette med besifringsspel på pianoet. I går kveld og i dag har livet vore akkompagnert av Greensleeves-variasjonar med Halvard ved klaveret. For å seia det slik, han har framleis eit visst utviklingspotensiale…
Nå ser eg at den vesle ehhh, pausen, har vart i meir enn ein halvtime. Pliktene kallar…
Heidi
hvor er Jonatan?
Eg er komen trygt ut på den andre sida av ein 48 timars lang sommaravslutningsmaraton. I går øvde me i tre skuletimar på Kardemommeby. Eg vart glad og rørt over å sjå kor godt grunnlag Jens hadde lagt i førearbeidet, og kor flinke ungane var blitt.
Så var det å småspringa til aldersheimen, der Halvard skulle spela konsert. Neste etappe var eit lynraskt klesskift heime, før me reiste til sjuandeklasseavslutning med kullet til Halvard. Me åt lasagne og salat, og ungane song og dansa.
Det var mange talar, og i den siste fekk kvar av ungane gode og personlege ord direkte til dei og ei langstilka rød rose. Halvard klaga på at det tok lang tid, men eg såg stjernene tennast i begge augene hans etter rosande ord frå Geir Magnus, og stolt løfta han rosa si over hovudet då han kom tilbake til stolen sin.
Eg blir alltid rørt når lærarar viser at dei ser det gode i kvart einaste barn, og er i stand til å løfta kvart og ein av dei opp i lyset. Heia Geir Magnus, Marit og Monica.
Eg gjekk heim i lag med Halvard nokså seint på kvelden i småkald nordavind. Far hans var i komiteen og måtte vera att for å rydda.
I dag var det først ei gjera- ferdig- økt i kunst- og handverks-romma. Så var det litt øving på Kardemommesongane, før me fekk ungane i kostyme, og hadde to skuleforestillingar med plass til alle dei elevane på skulen som var yngre enn dei. Tobias stod på toppen av tribunen med svart hatt og kvitt skjegg og song høgt og tydeleg:
“Når det blåser i fra sør
blir jeg straks i godt humør,
da blir himlen alltid blå
og da pleier vi å få
mye sol og sommer her,
og jeg roper til enhver:
Hallo, hallo
nå blir det deilig sommervær.”
Tante Sofie skjende og trampa i golvet, og vesle Kamomilla viste sånn sorg over ikkje å få gå på Kardemommefesten at alle fekk vondt av henne.
Den eine røveren vart så ivrig i scenen frå fengselet, der dei skal vaska ansiktet, at han spontant begynte å vaska seg under armane utanpå skjorta. Då publikum spontant begynte å le lot han den våte kluten sveipa innom områda dekka av buksa og.
Små og store røvarar vart tekne i å smugeta av tante Sofie sine peparkaker i romet bak scenen, og bakparten på kamelen måtte hjelpast ut av kostymet for å rekka ein lynrask tur ut på toalettet før scene-entreen…
Etter ein kollegatur ned i sentrum for å få oss litt mat, var det opp att til skulen for å halda to kveldforestillingar for foreldra: Dei vaksne filma, fotograferte, gråt og lo i salig blanding, noko som eg tolka positivt frå plassen min i hjørnet av scenen, der eg sat mellom rundane som forteljar. Foreldra heldt vakre talar, og delte ut vakre blomebukettar til oss vaksne. Det kom uvventa på meg å få blomar sidan eg skal halda fram med gruppa til neste år, så eg vart rørt og glad då og.
Dagens største utfordring var å frakta senga som me hadde brukt til røverane i Kardemommeby ut av den vesle aulaen og over til den store aulaen i det andre bygget, der senga skulle brukast av Jeppe på tiandeklasseavslutningsfest i kulturskulen. Der skulle tiandeklassingane våre visa små sekvensar frå Jeppe på Bjerget forstillinga.
Kardemommebyforestillinga skulle slutta samtidig som den andre forestillinga begynte. Så langt var alt vel. Jan Ivar skulle venta på senga ved den store aulaen ,og me meinte at den overgangen skulle gå glatt.
Det var bare det at for å få senga ut, måtte me opna ei foldedør med ein spesiell nøkkel me ikkje hadde, og som rektor måtte koma springande med. Det viste seg og at me måtte ha ein spesiell nøkkel for å avmagnetisera branndøra slik at me kunne få senga ut av bygningen. Siste skritt var å få opna sidedøra inn til hovudbygningen nok til å få inn den store senga, og takka vera ein lokal brannmann, som er far i klassen min, så fekk me det til,
medan konserten i den store aulaen allereie var i full gang.
Jan Ivar er heldigvis flink til å halda hovudet kaldt i slike situasjonar, og han klarte å smugla senga inn i aulaen innan me fekk bruk for ho der…
Så var det grilling på skuleplassen med foreldre og elevar, før eg fekk med siste rest av kulturskulearrangementet. Sjølve konserten var over, men eg rakk den delen av programmet som består av kaffi, kaker, allsong, musikkinnslag frå lærarane og fine talar.
Til slutt fekk eg gitt fire av dei fem dramaelevane våre frå tiandeklasse ein avskjedsklem. Det er vemodig å senda dei frå seg. Eg veit at fleire av dei hadde hatt veldig lyst til å få halda fram viss dei hadde hatt tilbod om det.
Vel heime, seint utpå kvelden, venta det meg ein stor husmorjobb. Kjøleskapet vårt takka for seg for ei veke sidan, og har sidan halde stabilt på ein temperatur på 18 varmegrader. Nå var det reparert, men alt som var inni eller oppå kjøleskapet, og det var ikkje akkurat så lite, stod lina opp på kjøkkenbenken. Her gjeld det å vera klar for nye utfordringar.
Akkurat det same skjedde oss i juli i fjor, og kjærasten min påstår at reperatøren antyda at det kanskje var for mildt klima her for akkurat den typen kjøleskap. Eg kan ikkje la vera å le høgt av tanken: “Kjøleskapstypen som ikkje toler varmt norsk klima…” Det gjev på ein måte nytt innhald til uttrykket “å selgja kjøleskap på Nordpolen…”
Nå lakkar det mot midnatt, og eg er søvnig, glad og trøytt i føtene. Ein dag er over…
Heidi
Ryddeplan for skulen… Ein relativt detaljert oversikt over kven som ryddar og flyttar kva kor tid. Hjeeelp… Eg er ikkje flink til slikt. Rydding er noko eg ikkje har taket på…
Men eg får vel gripa fatt i planen og rydda så godt eg kan.
Eit stykke på veg kjem ein vel med god vilje…
Og ferien nærmar seg med stormskritt… Dagens gladmelding er at eg har funne alle bøkene som skulle inn til skulebiblioteket… Dei aller fleste i familien min har vore hos mor og far på junigrilling. Me har grilla laks, karbonadar, mais, pølser og pinnekjøt. Og passet mitt kom i posten i dag.
Temperaturen har sunke minst ti grader ute og me rimar av kjøleskapet vårt som ikkje er i form…
Heidi
om du trenger til en dans, og Kardemomme byorkester spiller nesten uten stans…
I denne veka skal fjerdeklassane våre spela “Folk og røvarar i Kardemommeby” for første andre og tredje klasse pluss for foreldra. Det blir fire forestillingar, og full fart på torsdag, og på onsdag skal me på sjuandeklasse avslutningsfest for Halvard som bare har ei dryg veke att på barneskulen.
Det er varmt framleis. Klasseroma er veldig varme. Då er det ikkje så lett å konsentrera seg for ein gjeng tiåringar som får sin første leksjon i temaet statistikk. På slutten av timen la eg heile prosjektet på is og tok med meg klassen ut på takterrassen for å lesa høgt for dei. Det var tydeleg at dei var sånn passe oppvarma, for alle som ein sette seg ned i skuggen og ikkje i sola.
“Du skal ikkje sova burt sumarnatta ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute under dei lauvtunge tre.”
Nokre av rumpetrolla til Halvard har allereie blitt til små froskar. Det er ein spennande prosess å vera vitne til. Eg har foreslått at han slepper ut froskane, for eg trur ikkje det er liv laga for dei i eit gammalt akvarium. Eg såg det sat langt inne for Halvard å gjera akkurat det, men han lova meg at viss tre av dei døydde så skulle han sleppa ut resten.
Eg har min eigen personlege engel, eller oppmuntrar. Han syklar rundt i gatene, og stundom møter eg han når eg treng ei lita oppmuntring. I dag når eg kjem nedlessa med handleposar og tankar er han der plutseleg og ropte muntert: “Hei, nå er det lenge sidan me to har snakka om livet, døden og kjærligheten!”
Han klappar meg på skuldera. “Nyt det fine veret, og dagen. Det er i dag me lever. Carpe diem! Då smiler eg, for ingen kan vel gjera noko anna. Det glimter til i blikket hans. “Halleluja!” seier han, med akkurat det tonefallet som seier at han seier det både på spøk og på ramme alvor, og begge deler er like seriøst og oppriktig meint. “Halleluja!” svarar eg, med
truleg minst like mykje glimt i augene.
Så går me kvar til oss, eller syklar for hans vedkomande, og eg kjenner at eg møter folk på gata med eit halvfjollete smil rett frå magen.
“Og kjenna at vi er i slekt med havet, med vinden og kvite sky. Og vita at vi skal vera i saman like til morgongry.”
Slik burde det ideelt sett vera. Vandra i saman heile juninettene og snakka lågmælt og alvorleg med kvarandre heilt til ein ler høgt bare fordi ein har lyst.
Men sidan eg skal tidleg opp i morgon til ein intens og krevjande jobb, får eg vel kanskje vurdera å sova litt likevel… Trur eg…
“Hurra, hurra for byen vår, her vil vi bo i hundre år.”
Heidi
Personalturen i år skulle gå til Preikestolen. Denne berømte klippeformasjonen ikkje så veldig langt her i frå, som blir marknadsført som ein av dei store turistatraksjonane her i landet. På engelsk er staden kalla “The pulpit rock,” og tilsvarande namn finst på andre språk.
Visst har eg vore der før. Fleire gonger til og med, men då eg skulle rekna etter var det visst eh… om lag tjuefem år sidan sist… Det er nemleg ikkje slik at dersom ein bur nære ein slik stad, så er ein der stadig vekk… Då me for tretten år sidan hadde tyskarar på besøk som gjerne ville dit, var eg for gravid til å vera med, og sidan har det aldri blitt noko av…
Då sprekingane på jobb fant ut at dit skulle me i juni, var eg snar med å skriva meg på. Ein er då eit sosialt vesen, men etter kvart som dagen nærma seg vart eg litt uroleg. Nokon eg kjenner sa at det var ein ganske krevande tur, og at ho ikkje hadde orka det. Sidan vedkomande som sa det er ei relativt sprek dame, så vart eg endå meir i tvil.
Då eg sist gjekk der med Kjetil tenkte eg ikkje på at det var verken langt eller bratt eller stritt, men då var eg altså tjue år…
I går vakna eg og kjende meg svimmel og uvel, men eg pakka sekken og la i veg. På bussen opp sa eg til dei andre at eg ikkje var heilt i form, og at eg lurte på om det vart for stritt for meg, men at eg ville vera med eit stykke, og så kunne eg heller snu eller venta på dei andre. Eg sa noko om at eg ikkje såg på det som eit stort nederlag å ikkje koma til toppen, sånn i tilfelle nokon skulle tru det, liksom…
Og så la me i veg, lettkledde i sommarvarme med ryggsekker på ryggen. Dei første kneikene var grueleg bratte og ura som fulgte etterpå var mykje brattare og lenger enn eg hugsa. Eg danna baktropp, men hadde alltid nokon å gå i fylgje med, kollegene mine er nemleg både omsorgsfulle og ansvarlege slik.
Det var så varmt at sveitten draup som dropar ned på steinane i ura. Utruleg mange menneske var ute i same ærend som oss, og det vart snakka tysk og engelsk, italiensk, finsk og nederlandsk på alle kantar. Nokre var skikkelege sprekingar i tipp-topp-fjellutstyr, medan andre såg ut som om ingen hadde fortald dei at det var ein fysisk ganske krevande tur dei la ut på. Då eg i si tid gjekk turen med far, hugsar eg at me møtte nokon franske damer på stiletthælar. Dei kom truleg ikkje så langt.
Opp kom me. Etter å ha brukt to timar på oppstigninga, noko som er normal marsjtid i fylgje brosjyrane. Eg var ganske stolt då eg sveitt og sliten kunne setja dei limegrøne joggeskorne mine på Preikestolen.
Fordi eg har høgdeskrekk, var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle ut på kanten, men Stig meinte at det var klart at eg skulle dit når eg først var komen så langt. Dei siste ti metrane leidde han meg i handa, og dei siste to metrane kraup me ut før me la oss på magen, og kikka ned over kanten dei 604 metrane rett ned i havet.
Då me kom ned att, reiste me til Helen si hytte for å overnatta der. Ho har eit fantastisk sommarhus ute i havgapet ein stad i Ryfylke. I hagen var det masse blomar og eitstort trebord av gammalt eiketre. I eit hus i hagen var det boblebad med plass til mange og badstu.
Etter å ha fått seg ein skikkeleg dusj var det omtrent som å koma til himmelen å synka ned i ein hagestol og bare nyta livet. Dei sprekaste bada i sjøen meir eller mindre heile kvelden, og me song, prata, lo og grilla godsaker frå Håland kjøtt.
Eg hadde planlagd å tilbringa deler av natta i boblebadet, men då eg kunne få haik med ei som skulle kjøra heim om kvelden, slo eg til. Familien min klagar på at eg har vore alt for lite heime den siste månaden, og det har dei sjølvsagt heilt rett i…
Då me kjørde gjennom den lyse juninatta lukta det salt sjø, og grasange etter den første slåtten. Himmelen var lys og bleikblå, og det var så vakkert at eg ynskja eg bare kunne halda synsinntrykka fast for alltid.
Eldsteguten påpeikte at i løpet av den veka han har vore heime, har me ikkje hatt eit einaste måltid der alle har vore samla. Derfor vart det felles frokost ute på verandaen med nytrekt kaffi, egg, steikte poteter, brød og rosinbollar.
Det blømer fint i krukkene mine ute på verandaen.
Kanskje eg er i gang med å transformera meg til eit sporty menneske som eignar fritida si til småpusling i hagen?
Ungane er ute og badar med kvar sine venner, og livet er godt… Kanskje eg rett og slett skal få litt sol på kroppen?
Endå meir kaffi? Noko kjekt å lesa i? Ei kjenning av sommarferie sjølv om to travle arbeidsveker står att av skuleåret. Slett ikkje å forakta… Slett ikkje…
Heidi
og dagen blir for stutt…
Dagen i dag er fridagen min. I denne veka tenkt å vera ein effektiv milepæl i husarbeidet sitt teikn…
Men ting bare skjer. Life is what happens to you when you`re busy making other plans… Og endå er lite blitt rydda…
Pass har eg fått bestillt, sjølv om eg hadde den ubehagelege opplevinga av at det ikkje var dekning på kontoen då eg trakk kortet. Eg måtte opp og sjarmera kjærasten min på jobben hans, og det ordna seg.
Marinerte lammekoteletter, maiskolber og spinatsuppe.
Det smakte veldig godt. Men nå må eg få brukt den siste timen før eg skal ut att til rydding… Det er heilt utruleg varmt i dag…
Heidi