Me starta dagen med å ligga i dei to dobbeltsengene på romet og sjå på TV. Eg går ut frå at USA er mor til alle realityshow. I går såg me ein gjeng kvinner i tjueåra slåst mot ein gjeng kvinner i førtiåra om gunsten til ein mann på tretti. Merkelege konsept dei spar opp.
Eigentleg må me vidare nå. Eg ville bare ein gong til gje adressa til kjærasten min sin blog. Der ligg det mange bilete og filmsnuttar. For å koma dit tastar du som fylgjer:http://vancouver-la-calgary.blogspot.com/
Ein ting til. Då eg først såg skiltet med restroom trudde eg det var ein plass ein kunne kvila litt… Måtte gode makter forby at eg kjem til å seia det vulgære ordet toilet når eg spør meg veg til eit slikt anlegg. Det heiter restroom. Nemleg!
Heidi
Eg tek tilbake alt ufordelaktig eg sa om Santa Cruz. Staden har vist seg å vera ei perle.
Eg gjekk ned til stranda i lag med Halvard og Sunniva. Heilt nær til stranda, like ved der folk bada, leika det ein sel. Det har eg aldri før sett: Her kunne ein fått ein variant av å symja med delfinar, nemleg å symja med selar…
Me vassa ut i vatnet, men det var ganske kaldt. Dessutan var det veldig misfarga av sanden. Ungane fann ut at dei heller ville bada i bassenget utanfor motellet, og dermed vart eg att aleine.
Det var herleg avslappande. Eg trur aldri eg har lagt meg til på ei badestrand heilt utan selskap før, men i dag kjendest det heilt ok å gjera det. Eg la meg ned på magen oppå handkleet i den varme sanden. Der låg eg og såg på livet og lytta til samtalane rundt meg, det var like før eg sovna i den behageleg sommarvarme temperaturen.På turen tilbake las eg på informasjonstavler og såg at fornøyelsesparken var ein lang tradisjon. Det var slike anlegg i fleire badebyar på vestkysten, og han hadde vore der i meir enn hundre år. Det var på ein eller annan måte ei formildande opplysning, fann eg ut.
Etterpå gjekk eg ein tur på stranda før eg gjekk opp til dei andre, som hadde lurt alvorleg på kor eg var blitt av…
Det hadde plutseleg bare gått tre timar på eit eller anna vis.
Om kvelden gjekk me opp til eit bysentrum som kjærasten min hadde funne i turistguiden. Det var bare å gå opp gata og over ei bru. Me åt herleg mat på italiensk restaurant. Etterpå gjekk barna tilbake til motellet aleine fordi dei fraus og heller ville sjå på TV.
Kjærasten min og eg fann to bokhandlar med sjel, og då er me heilt selde begge to. Eg kjøpte tre bøker og betalte for to, akkurat som dei reklamerte med. Nå gler eg meg til å lesa dei. På eit koseleg bakeri kjøpte me cappuccino fordi dei hadde så fin live-musikk der. Ein trio spelte saksofon, kontrabass og trommer så det svinga heilt inn i sjela. Eg lurer på om eg er for gammal til å læra å spela saksofon? Eg er utruleg tiltrukken av det instrumentet,
Amerikanarane er veldig venlege og flinke til å ta kontakt: Ekspiditrisa på supermarknaden seier plutseleg “I just love your necklace,” og fleire gonger til dagen får me spørsmålet: “Where do you guys come from?” Når dei får svaret seier dei fleste at dei alltid har hatt veldig lyst til å reisa til Norge…
Nå har eg rett og slett sovna fleire gonger ved tastaturet: Ein gong haldt fingrane mine fram med å skriva nonsensord, gongen etter datt hovudet hardt framover i midten av ein setning, og siste gongen raderte eg deler av teksten og måtte til å skriva på ny. Det er nok best å gje seg medan leiken er sånn nokonlunde god. Dei andre fire søv om kapp her. Natteranglaren i meg fornektar seg ikkje… Skrivefeila tek eg ansvaret for å finna i morgon.
Heidi
Då me kom oss ut av dei kronglete gatene i an Francisco, valde me ein veg heilt ute langs kysten i staden for high-wayen. Det viste seg at landskapet der var utruleg vakkert. Kysten kunne minna litt om vestkysten av Norge, Danmark eller kanskje snarare Skottland med lange øde sandstrender, og til dels bratte sandklitter ned til havet.
Det som var mest overraskande var temperaturen. Det var ganske kaldt, faktisk. Ikkje meir enn femten grader, og vinden var kald. Der var ein omtrent komisk kontrast mellom palmar og kaktusliknande sukulentar langs stranda, og den kalde nordavinden som minna ein heil del om heimlege strender. Ein stad me stoppa for å sjå oss om stod det ein heil del kunstmalarar langs stranda med oljemaling og staffeli. Dei stod der og malte med vindjakkar og solhattar under parasollar som skugga mot det skarpaste lyset. Nede i havgapet på klipper av vulkansk stein sat det skarvar og kvilte seg. Det var bokstaveleg talt ganske malerisk.
Då me ei stund seinare kom til Santa Cruz, ein skikkeleg badeby, virka kontrasten til den kjølege fredelege strandstripa me hadde passert ganske sterk. Her var det hus i Mexikansk stil, mange hippe surfebutikkar, barar og Casino, tivoli og spelehallar for barn.
Me delte oss i eit jentelag og eit gutelag og gjekk for å få oss litt mat. Me hadde ambisjonar å få oss litt enkel lunsj i sunn norsk stil, men det viste seg å vera lettare tenkt enn gjort. Vanleg mat, kva det måtte vera var det lite av, og jentene ende opp med cheeseburgar og pommes frites på ein snackbar inne i ein spelehall for barn. Eg tråla menyen etter noko som såg litt sunnare ut og bestilde “chicken popcorn”, små kyllingbitar. Desse var frityrsteikte og viste seg å vera bittesmå, slik at bitane til ein stor del bestod av griljermjøl og peppar kokt i fett. Eg lot ernæringsvett gå framfor oppdragelse, så ein stor del av porsjonen havna i søppelbøtta.
Då me møtte igjen gutelaget hadde Halvard eit sterkt ønske om å få vera i Santa Cruz til i morgon for å bada og slappa av. Sunniva hadde og veldig lyst. Både eg og Ingrid var langt meir tvilande, men det ende med at det blei som dei yngste gjerne ville.
Så nå er me her på “Super 8 Motel”, som har vist seg å ha eit ok overnattingskonsept til vårt bruk. Ungane kosar seg i bassenget utanfor, og kjærasten min somna av utmatting straks han kom inn hit. Det tek nok på å vera både sjåfør og reiseleiar. Eg for min del vurderer å dra på meg badedrakta under tøyet for første gongen i sommar og gå ned til stranda. Er ein i syden så er ein i syden… Og temperaturen ute har stige til over tjue grader i alle fall.
Eg måtte bare skriva litt først sidan pc-en faktisk for ein gongs skuld var ledig.
Heidi
Så risikerer du å få med deg litt av kvart. Eg er så metta på inntrykk at augene svir av trøyttleik, og føtene verkar etter å ha stått og gått heile dagen. For ein innhaldsmetta dag det har vore…
Då me kom i går, la eg merke til at regnbogeflagget vaia i hovudgatene. Leif hadde lese ein eller annan plass at det skulle vera ein stor “Gay-parade” i dag.
Vel ute på gata skjøna me at noko stort var i gjære. Folk sat allereie klare på campingstolar og venta på paraden som skulle vera om ein time. Frå salgsboder langs vegen kunne ein få kjøpt ulike regnbogeartiklar: Boaar i regnbogefargar, halsband, nøkleringar, stripete sokkar og ballongar. På ein stor scene vart ein transvestitt med lang lys parykk og coctailkjole intervjua av eit TV team. Gata kokte av forventning, det vart dansa magedans ute i gata, dragartistar paraderte og let segfotografera, det vart delt ut gratis kondomar til publikum og seld pannekaker steikte på gata.
Tusenvis av homofile par av begge kjønn, mange i like klede, som for å visa at dei høyrde saman, venta hand i hand på paraden. Det var mest så eg kjende meg som ein del av ei minoritetsgruppe der eg stod og haldt i handa på ein kjærast med masse hår på leggene…
“Dette er det merkelegaste eg har vore med på” sa Ingrid. “Men det er noko kjend med det, for det minnar på ein merkeleg måte på ein krysning mellom 17.mai og Jærdag.”
Stemninga bygde seg opp, medan ein venta på at toget skulle begynna å bevega seg. Eg høyrde ei voldsom motor-rusing, men forstod ikkje heilt kva det var. Ei kortklipt dame i campingstol på sida av meg brølte fleire gonger “Go girls go!”
Som trigga av tilropa høyrdest nå ei heilt enorm rusing av motorar. Så kom fleire hundre lesbiske damer kjørande på tunger motorsyklar. Dei var i alle aldrar. Nokre av dei hadde bar overkropp og nokre barberte issar. Ein del av dei vifta med store regnbogeflagg medan dei kjørte.
Etter damene på motorsyklar kom ein stor gjeng menn på vanlege tråsyklar. Eg meinte å gjenkjenna ein veldig koseleg mann eg hadde snakka med tidlegare på morgonen. Han spurte korleis me likte San Francisco. Eg hadde mellom anna svara at “My children find it a bit overwhelming because there are so many to them strange things here…” Då eg såg han i opptoget håpa eg at eg ikkje hadde sagt noko som kunne misforståst…
Etter syklistane kom ei stor gruppe mannlege cheer-leaders, syngande dragartistar på ein lastebil, eit band i fargerike uniformar med ein mannleg tamburmajor i trong gullkjole. Eg såg og ei prestedame med regnbogefarga stola og ei dame med eit prosesjonskors. Ein mørkhuda person gjekk opp og ned på fortauet medan han svinga rundt og rundt ein stor gul plakat der det stod “Jesus loves everybody” Eg ser ikkje vekk frå at det frå hans side var ei slags punktmarkering av ein slags protest mot arrangementet, men det kan jo henda eg tek feil…
På dette punktet måtte me samla med oss ungane og småspringa vidare: Me hadde nemleg ferjebillettar til fangeøya Alcatraz, og hadde begynt å få dårleg tid…
Øya låg tjue minutt frå land. Denne staden med denne skrekkens historie som fengselsøya det var umogleg å ryma frå, med alle dei verste fangane frå store deler av USA hadde blitt naturreservat. Her vrimla det av brunprikkete måkeungar, og det vaks kvite liljer mellom ruinane av hus som ikkje hadde vore i bruk på lenge. Øya hadde bratte klipper ned til sjøen i tre retningar, og såg verkeleg ganske uframkomeleg ut.
Guidinga i sjølve fengselet foregjekk på ein genial måte. Alle fekk headset med høyretelefonar og vart guida frå plass til plass og rom til rom. Stemmane på lydbandet høyrte til tre fangevaktarar og tre tidlegare fangar der, slik at me skulle få to sider av den same historien.
Etter end besøk på fangeøya åt me middag på ein kul restaurant med surfeinnreiing, trendy servitørar og veldig høg musikk. Eg åt fersk tunfisk som var rød i kjøtet som roastbeef på ei seng av grøn salat med sesamfrø, sitron og koriander. Ikkje til forkleinelse for Mc Donald-salatar som faktisk er kjempegode her i landet, men dette var ei sjeldan og overraskande god oppleving.
Via vakker saksofonmusikk på gata fekk me plassert oss på ein motorisert og bensindriven tretrikk som tok oss med på ein totimars guida tur gjennom sentrum av Sanfrancisco. Mannen som guida oss var ei oppleving. Det var som å vera på stand-up-show. For ein fyr. Han viste oss mellom anna kor kjendisar budde og kor filmar var blitt spelte inn, og gata som hadde så mange og bratte svingar at ein gong ein sjåfør prøvde å kjøra ned i limousin vart bilen sitjande bom fast. Dei måtte dela han i to for å få han vekk. Heile San Francisco ligg på ein måte på eit fjell med bratte åsar opp i alle retningar. Inne i sentrum ligg skyskraparane tett i tett med tronge skyggefulle gater mellom. Det merkelegaste av alt er at det er utruleg vakkert.
Då klokka var halv åtte, var me så slitne at me nærmast sjangla tilbake til ungdomsherberget. Me tok vegen gjennom Chinatown, som var ein imponerande stor bydel.
På veg tilbake til ungdomsherberget skulle eg bare innom ein liten butikk og handla litt. På vegen heim klarte eg å gå meg vill. Eg hadde rota meg heilt bort, men hadde adressen til herberget i lomma, så det gjekk bra til sist.
Ingrid og eg laga oss kveldsmat nede på kjøkkenet og vart sitjande lenge og prata medan dei andre slokna som slips i kvar si køyseng.
Kvelden på eit ungdomsherberge midt i sentrum av ein storby har mange lydar: Bilistane er raske til å bruka bilhorna sine, og stadig vekk høyrest det sirener av ulike slag. Lenge stod det ein gatesongar under vinduet og song kjærleikssongar, og nå nylig var det ein illskrikande liten unge som syntest at det å sova på ein slik stad som dette var heilt utenkjeleg…
Men eg har absolutt tenkt tanken på å sova litt. Dette har vore ein intens dag. Trur kanskje dette er den lengste bloggen nokonsinne, men det trengst rett og slett med tilgang til god spalteplass etter ein dag som dette…
Heidi
og lukta av kaffi. Det er morgon på ungdomsherberget. Verda ser lysare ut for ungane nå. Dei ler litt av reaksjonen sin i går då dei lo og gråt alle saman. Denne byen er nokså overveldande for å seia det slik. Det er utruleg mykje lyd alle stader, og dersom ein har lyst til å visa att på gata må ein vera rimeleg eksentrisk.
Nå er det frokost i spisesalen. Dei andre har gått dit, eg måtte bare skriva litt først. Her er ei slags stove der folk mellom anna sit med datamaskinane sine og skriv reisebloggar. Me snakka med ein dansk mann som reiser verda rundt med familien sin. Dei brukar eit halvt år. Barna på elleve og åtte har dei tatt ut frå skulen og underviser dei sjølv. Fascinerande tanke.
Å bu på ungdomsherberge er litt voldsomt for døtrene mine med all den manglande komfort det inneber, men eg kjenner at ein del av meg elskar denne formen for vagabondliv. Ha med seg minst mogleg og oppleva mest mogleg med vidopne sansar.
Eg har med meg ei bok, “Van Goghs rom”, av Martin Lönnebo. Ho opnar ein annan dimensjon opp, både på gløtt og med vidopen dør alt ettersom. Eg har lyst til å dela nokre av desse tankane etterkvart, men skal eg få frokost så må det profane prioriterast akkurat nå…
Heidi
Ikkje det at eg trur dei feirar St Hans aften her. Dei er nok av naturlege grunnar mindre opptekne enn oss av at sola snur og. Men me er her i alle fall…
Mykje har me sett i dag og. Ei dame sat utanfor campingvogna ho budde i, ikledd badedrakt med parasol, og hadde eit slags garasjesal med ein del av tinga ho åtte.
Eg var sjeleglad for at det ikkje var meg som kjørte bilen inn i byen her. Det var trongt og kronglete og utruleg mykje trafikk. Byen er kaotisk og sjarmerande, men for dei trygghetssøkjande ungane våre vart det i meste laget.
Før me kom inn på ungdomsherberget her me bur, måtte me parkera i eit utruleg trongt og høgt parkeringshus like over gata. Det første me møtte var to brannbilar med utruleg høge sirener, eit par tiggarar og ei dame som virka lettare psykotisk. Jenta i innsjekkinga sa at me måtte dela seksmannsromet vårt med ein framand person… Men me hadde blitt lova eit rom aleine, så det gjekk dei tilbake på…
Romet me fekk låg i fjerde etasje og var relativt shabby med fire køysenger, eit skittent teppe på golvet, og eit vindu mot gata me ikkje fekk til å lukka. På vegen hang ein plakat om kva me skulle gjera i tilfelle jordskjelv.
Det vart for mykje til saman for dei to minste barna. Dei gråt og ville ikkje vera her. Ikkje i denne byen, og slett ikkje på dette herberget. Sunniva ville sova i bilen, og Halvard ville ikkje ut i det heile tatt… Heldigvis lot dei seg lokka med, og det viste seg å vera ganske spennande. Men dei taklar dårleg å møta tiggarar.
Ei dame datt om på gata rett framfor oss, men det var for ho hadde så høge sko. Ei anna dame, som virka nokså forvirra gjekk gatelangs og song opera. Me fann ikkje pizzarestauranten me leitte etter, så det vart take-home mat til spisesalen på ungdomsherberget. Dei stakkars ungane våre, som er heilt overfora på inntrykk har sovna i kvar si køyeseng, og nå må eg levera frå meg datamaskinen.
Heidi
Då eg slo auga opp klokka halv sju var min første setning: “Kan eg få datamaskinen først?” Det kunne eg ikkje. Her er dei tre eldste av oss like ville etter å få tur ved tastaturet. Her skal skrivast, leggjast ut foto, konverserast via facebook med kjærasten i Norge, og bearbeida bilete frå i går…
Sidan eg tapte kappløpet vart eg likegodt liggjande litt til. Eg fekk uventa underhaldning. Naboen på hotellromet ved sida av song for meg. Han nynna melodi etter melodi med kraftig
amerikansk stemme, og innimellom stønna han av velvære…
Stemmen var kraftigare enn direkte musikalsk, men eg meinte å kunna gjenkjenna “Home, home on the ranch…”
Ute skin sola så fint. Sunniva og Ingrid har stått side ved side og sminka seg i same spegelen. Halvard har kikka på teiknefilmar og litt utålmodig sunge “On the road agein, can`t wait to come on the road again…” Sikkert i håp om å inspirera oss andre til å koma oss i veg.Men eg seier: “Nå har eg venta i halvannan time, eg og vil skriva litt før me reiser. Og dei andre veit det er sant og finn seg i det. Nå sit dei og ser på ein slags parodi på det amerikanske samfunnet på det eine av dei to tv-apparata på hotellet vårt. Dei ler høgt alle saman. Ingrid set opp håret sitt medan ho ser fjernsyn og Sunniva er rørande vakker i mora sine auge med rosa miniskjørt og rosa singlet.
Me har hatt god tid til å snakka om livet, kjærleiken og døden i eit par dagar, og så langt er samveret vårt reine idyllen. Eg kjenner det er godt å vera saman med familien min så tett ei stund. me har ikkje alltid så mykje tid saman heime i kvardagslivet. I går i bilen høyrde me lydbok. “Glasskår” av Harald Rosenløv Eg. Det var SUnniva som hadde teke ansvar for låning av lydbøker, og dette var ein heilt uvanleg vakker oppvekstroman. Anbefalast til alle vaksne og.
Sidan det aldri vart min tur på den berbare PC-en, la eg meg pladask på magen i senga og skreiv dikt. For framleis har eg vit til å ha papir og penn for handa. Det er så fint å ha tid til å skriva.
Nå gler me oss alle til å kjøra vidare. Me er framleis nyforelska i å oppdaga Amerika. I går let me oss fascinera av det vekslande landskapet. Me kjørde gjennom ørkenliknande område, gjennom skogar, forbi små bebyggelsar med dokkehusliknande hus i klynger, og til og med eit høghus som reiste seg i eit landskap der det burde vore plass til hundre tusen eineboligar om det var det ein ville. Seattle som var den einaste storbyen me passerte, reiste seg med skyskraparar og eit område hus omkring, så var det øydemark igjen.
Eg rakk å tenkja at “Synneva har faktisk rett, “ desse skyskraparane er faktisk vakre. Frå bilvinduet såg me haukar eller falkar, ein hjort og to dådyr, ekorn og oksar. Me såg til og med masse lamaar. Det ser ut til at lama er eit populært husdyr her.
Og nå er dei andre så utålmodige at eg gjer etter for gruppepresset og stoppar for nå. Først frokost og så kjøra mot SAn Fransisco. Forlat meg alle mine trulege skrivefeil. Eg skal retta dei opp seinare.
Heidi
Sidan me framleis hadde deler av norsk døgnrytme i kroppen, var me klare for action klokka halv fem i dag. Klokka halv sju var me klare for amerikansk frokost på hotellet.
Det vart servert bagels med og utan blåbær og rosiner, donuts, to typar frokostblanding, melk og to typar syltetøy.
Eg såg litt forseint at dei hadde posar med havregrøtblanding ein kunne laga seg i microen. Kanskje det blir løysinga i morgon tidleg?
I dag har me prøvd ut ulike typar fast-food-konsept. Langs highwayen står det stadig vekk klynger av enormt store skilt som ropar om mellom anna serveringstilbodet til ei kvar tid. Eg trur ikkje eg lyg om eg seier at me i løpet av dagen kjørte forbi minst 25 skilt som det stod Mc Donalds på. Lunsjen i dag vart lagt til salat- og sandwich-kjeden Subway. Eg fekk ein stor og veldig god salat med friske grønsakar som eg sjølv plukka ut. Ungane prøvde seg med litt vekslande hell på ulike typar sandwich. Brødet her er søtt og stort sett veldig lyst, og
typar pålegg ikkje heilt som dei er vane med.
Middagen vart på kjedenTaco-bell, og desserten på kjeden Diary-queen der Halvard og Sunniva gav iskremen toppkarakter.
Me har kjørt langt i dag, bortimot hundre mil, og kjørt gjennom statane Washington og Oregon, og har nå akkurat kryssa grensa til Calfornia. California har eg hatt eit slags forhold til frå eg var sånn ca tre-fire år, og bestemor las på rosinpakkane at dei heitte sunmade og komfrå California. Sunmade vart uttalt akkurat som det skrivest, for bestemor var aldri i nærleiken av ein engelsktime. Men sunmade (ikkje noko sønnmeid, altså,) saman med ordet California, høyrdest så vakkert ut.
Eg har mykje eg hadde likt å skriva om, men nå har eg sovna to gonger over tastaturet, så eg får berga det eg har før det forsvinn…
Heidi
I dag har me reist i fylgje med sola. Klokka var omtrent akkurat det same då me landa i Vancouver som då me letta frå Amsterdam ni og ein halv time tidlegare.
Nå er det morgon heime, men her er det framles kveld, og ikkje har me sove endå. Til saman elleve timar på fly er unekteleg ganske lenge på ein dag, men det gjekk over all forventning. Flyskrekken som for nokre år sidan gjorde at det kjendest heilt uaktuelt med slike turar som dette, har av ulike grunnar forsvunne som dogg for sol. Eg klarte til og med å nyta synet av isen over Grønnland og konturane av Rocky mountains.
Feriebegrepet er blitt ganske annleis og. Frå å reisa Europa rundt med bilen ful av små barn,opptil fleire barnevogner, campingutstyr og ein stor lavvo, reiser eg nå med folk som både pakkar og tek seg av sin eigen bagasje. Folk som sit fint på setet sitt i flyet og les eller ser TV, og som til og med sort sett et den maten dei får servert på flyet, sjølv om han liknar lite på det dei får heime.
Me var så nære grensa til USA at me bestemte oss for å kjøra over før me slo osss til ro. Ingen av oss tenkte vel at det skulle vera særleg meir komplisert enn å kryssa over ved Svinesund, og i køen ved grensestasjonen sovna eg rett og slett. Eg vart brutalt vekt av at ei bevæpna grensevakt sa at alle måtte ut av bilen. Eg trudde først det var for å ransaka bilen, men alle saman måtte inn på eit kontor og fylla ut eit omstendeleg skjema. Til og med Halvard måtte skriva under på at han aldri hadde vore involvert i , at han ikkje ville prøva å opphalda seg illegalt i landet, og at han ikkje var psykisk sjuk… Kva som hadde skjedd viss eg verkeleg hadde vore psykisk sjuk veit eg ikkje. Hadde eg blitt stoppa på grensa? Merkeleg land…
Så måtte me avlegga elektroniske fingeravtrykk av både left og right index-finger i tillegg til å bli fotograferte. Den koslege grensebetjenten, som kunne ha vore saksa rett ut av ein amerikansk film, lurte på kva yrke me hadde. Kjærasten min sa som sant er at “We are both teachers,” korpå han som avhøyrte oss spurte interessert: “And for how long did you have to save money to be able to make this trip?”
Endeleg var me klarerte for opphald i landet, og det feira me med å eta middag på Mc Donalds. Dei fleste gjestene handla på drive-in-måten, men me fant oss eit bord. Nå er det endeleg blitt kveld for ss, nå når dei står opp heime i Norge. FAr til ein av elevane mine prøvde akkurat å ringa, truleg for å høyra om dei skulle ha med skulebøker siste dagen eller om det var lov å ha med brus.
Nå er heile familien installerte på eit stort rom med to doble senger og ei ekstra seng på eit motell rett over grensa. Dei andre søv allereie.
Heidi
Vel framme skulle me henta leiebilen vår. Ein staseleg amerikansk bil var det. Problemet var bare at han likna så pass lite på dei bilane me har kjørt tidlegare at me hadde store problem med i det heile tatt å få han til å starta…
Eg vakna grytidleg med lett reisefeber i kroppen. Det er ein million ting eg sulle ha gjort før me reiser. Eg må velgja tusen av dei. Framleis kjennest avreisa heilt uverkeleg. Eg stappar klede i vaskemaskinen og minner meg på at eg må byta ut kattesanden. Eg lurer på om eg skal grovrydda kontoret eller finrydda soveromet?
Viss eg blir sitjande her, så rekk eg vel ingen av delene.
Det ville i grunnen vera mest likt meg sjølv. Ute har sommarmorgonen hylla seg inn i skodde. Ikkje så tett skodde at flyet til Amsterdam ikkje kan letta, går eg ut i frå.
Me har leidd bil og reisleleiaren vår sit i stova og seier at kvar vår bag er maks av det me kan ta med oss. Det blir ei utfordring, men i grunnen likar eg ideen å reisa med lite. Men eg må ha noko å lesa i og noko å skriva på. Så får livet bare henda…
Heidi