på den nye skulebygningen har me fått stolar og bord. Der sat me i matpausen og kjende at det var sommar.
Onkelen min fylde år, og me dekka til selskap i hagen. Då bløtkaka med norske jordbær stod på bordet, og grillen nettopp skulle tennast, kom regnet.
Det sprutregna. Kaka fekk me lokk på, men det plaska i tallerknane og spruta i kaffikoppane, medan bror min drog grillen så nære husveggen at flammane omtrent stod opp langs veggen. Chilipølser og wild west pølser frå Håland kjøtt sånn til festbruk…
Så var det bowlingkveld med klassen min og ein del av foreldra. Eg var på lag med fire av gutane og kom på tredje plass. Eg oppdagar til eiga overraskig at bowling er ganske kjekt, og elevane hadde ein fin kveld fredeleg sameksistens.
Så har eg vore i forening med den eine venninnegjengen. Dei eg kjenner frå gymnaset. Me har ete salat og spekemat på glastallerknar på lindegrøn duk med lijekonvallar i vase.
Og eg har fått ein nydeleg rosebukett med roser i ulike fargar bundne saman i lag med blåbærlyng. Nydeleg. Svart veske med blomar på har eg og fått.
Då Laila og eg kjørde heim var det så lyst og fint og små dottar av skodde låg i fordjupningane i landskapet. Som ein norsk lyrikar seier: “Da Gud ennå trodde på mennesket skapte han juninettene.”
Heidi
Jeppe er i havn, Jeppe er i boks, Jeppe er fullført, over og ut med Jeppe…
Etter å ha hatt veldig fokus på forestillinga, og to intense døgn med framsyningar, er nå stykket pakka ned. Det har vore sterkt, og det har vore fint. Ein kjem desse ungdomane så nær når ein jobbar saman om noko slikt, og det er vemodig å senda nokre av dei frå seg for alltid, fordi dei går av for aldersgrensa eller sluttar av andre grunnar. Eg er glad og eg er trøytt, og her er masse, masse å gjera, så det kjem ikkje til å bli kjedeleg. Likevel er det stille etterpå. Eg er takknemleg for å vera vel i havn.
Bananflueinvasjon i kjøkkenet. Eg bekjemper uvesenet med småskåler fulle av soyasaus som dei trekkjer mot og druknar i. Eigentleg likar eg ikkje å ta liv sjølv om det er bananfluer…
I dag har veret veksla frå strålande sol til lyn og toresmell rett over huset. Eg måtte slå av dataen og la vera å kikka ut vinduet. Nå skin sola att, og eg må ned å ta fiskepinnane, som ungane skal få til kvelds, ut av omnen.
Heidi
For det er dei plutseleg utan at ein har fått tid til å oppdaga når og korleis…
Eit nytt stressmoment i Jeppesaka dukka opp i går. Eg fekk beskjed om at ei jente i ein relativt stor rolle, ikkje kunne vera med likevel. Så vart det krisemøte på verandaen min i går kveld, der me skreiv rollefiguren meir eller mindre ut av stykket, fordi det var for seint å finna ein stand-in… Dette var heilt sikkert ein av dei stressfaktorane som gjorde at eg ikkje sov så godt i natt…
Men det har gått bra likevel. Det meste fall på plass, og plutseleg tok alle bolig i rollefigurane sine: Det heile gjekk rett og slett bra. Kniven landa trygt i kålet, og rottefangaren spraya vatn over rottereiret oppe frå ei gardintrapp. Knallpistolen var det lite futt i, så det måtte ei skarptromme til for å få nok lyd.
Vel heime klokka ni klarte Odd Christian å overtala meg til å steikja pannekaker med bacon. Nå er eg trøytt og glad og nydusja og gler meg til ein heil dag med skuleteater. Men først håpar eg, sova godt og lenge…
Heidi
kommer fra, og hvor englene bor hen… “ -sitat Ole Paus. Konserten hans på lørdagskvelden sit framleis i kroppen.
Når ein har innstillt seg sjølv på å sova på eit tog som dreg ein framover langs sørlandskysten, er det ikkje så lett å sovna på eit tog som står heilt stille. Det første som skjedde natt-toget mitt i går, var å bli ståande bom stille på Asker stasjon. Ingen informasjon blei gitt, sansynlegvis fordi folk var formoda å sova… Eg høyrde korleis dei prøvde om og om igjen å få gang på lokomotivet. Eg kjende rykket i toget då dei kobla lokomotivet frå, og støtet i toget då dei to timar seinare kobla til eit nytt lokomotiv.
Då eg vakna, såg eg ut på høge fjell i staden for flatt kystlandskap, og eg skjøna at me framleis var ganske så forsinka. Konduktøren baud på gratis kaffi som ein slags gest for tort og svie, og det var utruleg vakkert å kjøra tog gjennom ein lys sommarmorgon med rykande varm nsb-kaffi i kruset.
Jærkysten var som ein draum ein time seinare med morgondis i horisonten der ute i havet og vadefuglar langs steinstrendene på Ogna. Ein austlending med kamera fotograferte og var openlyst begeistra, og eg var stolt som bare det. Dette er trass alt mitt eige landskap.
Siste biten heim sat eg og kikka ut vinduet medan mp3-spelaren akkompagnerte utsikta. “Blott ein dag eit ögonblick i sänder” og “I got a chrush upon you.” Slik sat eg og visste eg ville bli forsein på jobben. Eg sende tekstmelding og kunne ikkje anna gjera. Det mest fornuftige bestemte eg meg for, var rett å slett å nyta denne uventa starten på ein ny arbeidsdag…
Men veldig sein vart eg ikkje. Det gjekk mest utover morgondusjen og frokosten. Etter første doble timen var eg litt svimmel av svolt og svevnløyse, men Jens berga meg med ein banan han elles hadde tenkt å eta sjølv i matpausen.
Litt trøytt og ør, elles takk bare bra. Nå skal eg dusja og rydda og ha ei lang natt for i morgon kveld er det premiere på Jeppe.
Heidi
og verda er bare god. Me har skore salat med sukkererter og tomat. Lars har pensla laksen med olje, og Astrid sett potetene på kok. Nå skal me grilla på verandaen.
Me har gått tur langs Mjøsa og kikka på kunst gjennom glaset som beskyttar domkyrkjeruinane. Hundrevis av sko i glas sett i stjerneformasjon til ære og minne om pilgrimane langs den lange pilgrimsleden. Folk bada og veronikaen blømde himmelblått i graset.
Litteraturfestivalen har vore heilt fantastisk. Interessante foredrag og to konsertar fekk me med oss. Svenske Kersti Ståbi song med ein styrke og ei utstråling som gjekk meg rett under huda. Eg kjøpte plate, og ho sa at viss det var nokre tekstforfattarar i salen så ville ho gjerne ha moderne folkeviser. Moderne folkeviser, ja det fekk eg lyst til å skriva.
På museet fekk me med oss ei Anders Zorn- utstilling. Og inntrykka pakkar seg mildt kring kropp og medvit. Sommaren eksploderte medan me var i Lillehammer og syrinane ringla nyutsprunge i kvitt og lilla og purpur.
Nettene er så lyse at ein kan få vondt i magen av mindre, og Ole Paus song om lengt og kjærleik i lag med Den norske mannsoktetten.
Sommaren er endå veldig, veldig ung. Han er faktisk nettopp komen. I natt skal eg sova på natt-toget, og så skal eg rett på jobb. Men først er det grilling på Astrid sin veranda, og noko boblar over av alt som kunne vore skrive ned.
Heidi
Bare sånn i full fart. Nå har eg vore turist i eigen region i ettermiddag og kveld. Det kjennest så fint. Først åt me tunfisksalat og drakk kaffi i sola på verandaen.
Eva Mari og eg foretok ei lita strandvandring. Sanden var fuktig og full av spor etter menneske og fuglar. Me sette oss på ein planke som låg godt inntil ei sandyne, snuste inn lukta av saltvatn og tang og såg på båtane mot horisonten. Seglbåtar og turistskip og kvelden var så velsigna varm og lys.
Cappuccino på ein uterestaurant. Rhododendron og syrin. Dette må vera småbyen min på det aller mest sjarmerande. Ikveld var det rett og slett ganske vakkert. Me kikka i butikkvindu der eg elles aldri har tid til å sjå.
Og nå vert det pakka for fullt. Jaudå, dette skal bli så bra så…
Heidi
sånn reint vermessig… Og siste dagen i mai. Sola skin og det er så deilig varmt. “Summertime,” syng tankane mine. Det er ein travel, travel dag i tankane mine. Er akkurat komen heim frå jobb. Nå går eg og ventar på at Leif og Eva Mari skal dukka opp. Eva Mari har vore på kurs i Stavanger og skal sova over til i morgon. Det gler eg meg til…
Og så må eg finna reine klær til å pakka, ordna billettar, vaska litt klær viss eg ikkje finn reine, og så, og så…
Kjøpa grillmat til skuletur for Ingrid, henta henne på personalavslutning for den eine jobben og henta Odd Christian inne i den store byen sånn ca midnatt. Han driv og vaskar ut hybel så fort han bare kan, for leigeavtalen går ut i dag, og han hadde siste eksamenen i går…
Nå ber Sunniva tynt om litt middag, for ho skal på dansetime om tre kvarter… Må sjå kva me har…
Eg skriv nok her i juni og, men dei første dagane veit eg ikkje om eg finn nokon maskin for då er det litteraturfestival.
Takk for fylgjet så langt…
Heidi
i bedet framfor huset mitt. I alle fall kjem det til å gjera det. Det er store tuer der frå før med to slags gule blomar. Eit og anna anna er det og som kjem opp kvart år, utan at eg veit kor det kjem frå. Og eg har ikkje hjarte til å riva opp det som blømer sjølv om det strengt tatt ser litt rart ut at ting står slik hulter til bulter….
Nå har eg vore hos onkelen min og henta tre slags sommarblomar som han har odla fram til meg. Gule og oransje tagetes, raude begonia og nokre blå blomar som eg ikkje hugsar kva heiter.
Eg har alltid likt å ruska saman bukettar av alt eg finn, og ikkje hatt så veldig sansen for ni gonger ni tulipanar planta på strame geledd. Meir eller mindre med vilje planta eg blomane heilt utan system innimellom det som var der i frå før med tanken at alt som er vakkert kvar for seg er vakkert saman…
Nå har eg eit slags glimt av sjølvkritikk. Eg er ikkje sikker på om det blir fint i det heile tatt… Det ser rett og slett litt rotete og planlaust ut, akkurat som bileta på veggen min, som heng litt etter ledig spikar-prinsippet inntil vidare… Men dei er nå fine kvar for seg og saman likevel då…
Me får sjå. Kanskje bedet blir oppsiktsvekkjande kreativt, frodig og flott når det bare får veksa seg til…
Eller kanskje ni gonger ni tulipanar er litt flott likevel? Stramt og ordentleg og minimalistisk, liksom?
Mary, Mary, quite contrary, what does your garden grow?
Eg har vore litt for trøytt i dag og, men i morgon får eg langhelg att. Og ute skin sola, sjølv om det er relativt kjøleg. To velstelte unge menn på trappa hos onkelen min. Eg diskuterte med meg sjølv om dei var Jehovas Vitner eller mormonarar. Eg haldt ein knapp på det sistnemnde, men dei var Jehovas Vitner. Det er vanskeleg å vera venleg avvisande. Eg kjenner meg jo på ein måte att i dei. Eg har og ting eg er så overbevist om at eg ynskjer å det med andre. Derfor blir det alltid samtalar ut av det.
På eit eller anna vis føler eg litt at eg misbrukar tida deira. Eg er jo veldig overbevist om at dei ikkje klarer å overbevisa meg om det dei trur på, og samtidig at dei er så oppbacka og programmerte at dei ikkje vil høyra på meg heller. Så er me like langt og like gode… Men eg ynskjer å visa dei respekt. Dei føler seg nok ofte både avviste og kjeppjaga…
Verda er ein underleg plass. Er det bare eg som ganske ofte har ei kjensle av å leva i ein sit-com? Av og til blir eg omtrent overmanna av trongen til å setja meg ned og le høgt og lenge.
Life is a cabaret, old Tjom, so come to the cabaret…
Heidi
Og eg sletta nettopp ein tekst eg hadde skrive, av rein vanvare… Kyrne beitar på bakketoppen i dag og, og me tek i mot alle gode teikn. I dag har det vore varmt og deilig ute, sikkert tjue grader, og me har sitte på trappa og latt mildveret stryka oss langs ryggen.
Dagen har gått i eitt, ledd for ledd og blitt ei lang lenke hendingar. Eg har nettopp kome heim frå jobben etter undervisning, møte og dramaundervisning. Me har nå taima Jeppe til å vara i femtifem minutt. Me vaksne skulle gjerne hatt tjue gjennomkjøringar til, men ungdomane begynnar å bli metta av øving, så nå får det stå til. Neste veke må me bare hugsa sjampanjeflasker, glas, mosell, hamburgarar og hamburgarbrød, rottefeller og serveringsforkle, vaniljesaus og druejuice…
Nå skal eg snart ta ein dusj og finna meg noko kveldsmat. Til helga skal eg på litteraturfestival i lag med gode venninner. Det ser eg fram til. Eg må bare få roa livet ned såpass at eg får tenkt og pakka litt…
Martin Lönnebo skisserer ni dydar ein som menneske skal strekkja seg mot å etterleva:
“Kjærlighet, glede, fred, overbærenhet, vennlighet, godhet, trofasthet, tålsomhet og selvbeherskelse.”
Kvar kveld skal ein spegla seg i desse, seier han, og sjå kva som har gått gale og kva som har gått bra. Så skal ein strekkja seg etter dei att neste dag.
I ei verd der “Elsk deg sjølv og bruk albuane dine effektivt,” ofte blir ståande som oppskrifta på eit vellukka liv, synest eg at Lönnebo si livsstolking kjennest befriande. Visst skal ein elska seg sjølv, men det skal ikkje gå ut over kjærleiken til og respekten for andre menneske. Om me torde å bruka den slags gammeldagse speglar kvar kveld, kan det henda at livet ville bli noko meir dyrebart sånn etterkvart?
Heidi
Kjærasten min er slik ein tekno- og dipedutt-frik. Han har hatt diverse utgavar av lyd rett på øyret. Først var det ein walkman og så ein discman og dei siste åra har han hatt meir moderne variantar av slike ting som eg knapt veit namnet på.
Eg har viss så vidt lånt dei respektive tinga, men det kan dreia seg om ein fire-fem gonger i løpet av dei snart tjuefire åra me har halde saman. Det høyrer med til historia at han er ganske forsiktig med tinga sine, og dessverre og at eg ikkje er det…
Men nå er altså framhaldet av denne historia den at eg i to dagar har vore lukkeleg eigar av ein mp3 spelar, og at eg nærmar meg fenomenet med ein jomfruelegdom som truleg er framand for dei fleste av mine lesarar.
Sunniva gav meg eit lynkurs i bruken, og så bar det i veg ut i verda med musikk på begge øyrene. Det første problemet var å få øyreproppane til å sitja på plass der dei skulle. Kanskje øyregangmåla mine er ukurante?
Så bar det i veg, med viser, klassisk musikk, jazz, diktopplesing og julesongar i salig blanding. Det gav ei ny oppleving av vegen til jobben min å gå i fylgje med Jan Erik Vold, Sigvart Dagsland og Carola. Det var ikkje dumt å rydda biblioteksbøker til Chopin heller.
Eg følte meg litt halvvegs til stades i denne verda, og lurte på om eg snakka med passe høg stemme når eg helste på forbipasserande…
Eg skulle bare innom på jobb ei lita stund, men det vart fem timar. Eg kjenner at det skal bli godt med ferie. Ikkje fordi eg er lei av elevane, for dei skulle eg gjerne vera i lag med kvar dag sommaren gjennom. Det er meir fordi eg kjenner eg er sliten. Det er mykje å retta, mykje å systematisera, mykje å ha oversikten over og ikkje minst mykje å rydda opp i før eg kan ta ferie.
Dersom me kan dela menneske inn i slike båsar, så er eg meir ein skapar enn ein tilretteleggjar. Meir ein som likar å setja i gang store og boblande prosjekt enn ein som likar å ta oppryddinga etterpå… Det er mykje meir utfordrande og interessant å utvikla eit nytt prosjekt enn å få det ein har laga og gjennomført, inn i rett perm…
Nå i kveld har eg laga program til Jeppe på Bjerget forestillinga. Det skal bli ein slik foldar som ein deler ut til publikum når dei kjem med ein presentasjon av stykket og prosjektet, og alle skodespelarane in order of appearance.
Og kjærasten min har brend “Imagine” med John Lennon. Jeppe skal vakna til den musikken i baronen si seng og tru han er i himmelen. Først let me han vakna til “Let it be”, noko som passa heilt utmerka heilt til Jan Ivar oppdaga at det var Paul Mc Cartney som song, og sidan han som kjend ikkje er død, så forsvann poenget på sett og vis.
Mp3 spelaren min gav meg idear til mange forestillingar eg har lyst til å laga… Men det var viss rydda eg skulle gjera først… Før eg går i gang med å laga noko nytt, meinar eg… Der skimtar eg boka om å skriva noveller i haugen på skrivebordet mitt. Det gler eg meg til eg skal setja i gang med…
Heidi