Då eg var lita var øya eg budde på eit halvt hjarte. Ein dag sette stormen inn. Det haldt fram med å blåsa i fleire veker…
Innleiinga har eg stole frå ei av jentene på skrivekurset mitt. Det er med andre ord skrive av eit barn på elleve år, som ei innleiing til ei lang, poetisk og ufullendt historie. Eg lar meg imponera. I dag var det tredje gongen med skrivekurs. Til nå har alt fungert som eg hadde kunna håpa. Før dei går heim skriv dei i loggbøkene sine ting som: “Dette var heilt enormt superkjekt,” “ eg skulle ynskja kurset varte i tre timar og ikkje i to”, og “eg gler meg allereie til neste gong.”
Dette høyrest opplagt ut som sjølvskryt, men ærleg talt: Det er ingenting hokus-pokus i det eg gjer. Eg undrar meg sjølv over responsen. Kanskje kreativ skriving rett og slett er ein undervurdert kulturaktivitet for barn og ungdom? Eller er det det at det er stort for desse skuleflinke jentene og den eine guten ,at ting er på deira premisser? Dei får oppgåver til å strekkja seg på, masse merksemd og den hjelpa dei treng?
Eg veit faktisk ikkje sjølv. Eg kjenner at eg får litt prestasjonsangst. Framleis har me bare hatt tre av femten kurskveldar. – Men eg får gle meg så lenge alt går så bra og ta utfordringane når dei kjem… Eg kjenner eg brukar masse energi i alle fall. Nå har eg to dagar i veka der eg går rett frå skulen over i kulturskulen. Det er ganske intenst. Den eine dagen har eg skrivekurs, den andre dagen drama/teater.
Så nå får eg samla krefter til å gå ned og ta ein omgang oppvask. I morgon kjører me til austlandet for å henta heim eldsteguten, som er ferdig med året sitt på folkehøgskule. Han gruer seg fælt for å bryta opp. Eg trur han har hatt eit fantastisk år der. Nå blir det spennande å finna ut kor vegen går vidare.
Heidi
Det er ei treningssak. Det det seier helten min, den svenske biskopen Martin Lönnebo, som eg veit eg har referert til gjentekne gonger i dette vesle vinduet mitt mot verda.
Eg held på å lesa ei av bøkene hans, “Veven”. Han seier i føreordet at det er ei bok som må lesast langsomt, eit kapittel i veka er anbefalt dose. Det er ei bok som skal hjelpa ein å veksa som menneske og som truande. “En träningsbok för själen.”
Denne veka går øvinga ut på å tenka seg sjølv og andre som ein del av Guds stora medlidande, og bøna for veka er å få vera ein del av allkärleken. Å tilgje, bli tilgitt og å elska. Det trur eg er gåtene og nøklane til livet. Dette å leva med at det ikkje er lett å vera menneske, verken for meg eller andre, og at me alle treng medlidande frå Gud, oss sjølv og andre på same måte som me treng å kjenna oss som ein del av allkärleken…
Dette vart viss veldig filosofisk, men eigentleg er Lönnebo ein svært jordnær og praktisk tenkjande mann i tillegg til at han stiller dei store spørsmåla. Det er rett og slett slik at denne boka har hjulpe meg til å bevara roa i livet mitt dei siste fem-seks veldig travle vekene.
Eg har fått hjelp til å tenkja: Eg er ikkje forplikta til å prestera noko stort. Viss eg gjer så godt eg kan, og er til stades i mitt eige liv så er det nok. Eg har mange feil, men ingen forventar at eg skal vera feilfri. I staden kan eg lytta med merksemd når eg får kritikk, og læra noko av det. Eg treng ikkje måla meg med nokon på nokon måte. Eg kan gle meg over det andre er flinke til og visa forståing i det dei ikkje er flinke til.
I går las eg fylgjande sitat som eg i skrivande stund ikkje hugsar opphavsmannen til.
Eg blir ikkje større av å få ros.
Eg blir ikkje mindre av å få kritikk.
Eg er den eg er.
For dei som har lese heilt hit:
I dag har eg ete jordbær i sola.
I dag har Sunniva rydda huset for meg.
I dag har Ingrid lukt beda.
I dag går eg barføtt for første gongen i sommar.
Heidi
for første gongen på veldig lenge,- teksten om å fiska vassinsekt og stingsild med ein gjeng elleville niåringar. Teksten om pølsegrilling, utegym og eventyr…
Teksten om korleis Aller Kjæraste Syster tok meg med til stranda for å sjå på solnedgangen og konversera Violene på fransk. Violene er ein utvekslingselev på 16 år som skal vera hos dei i ti dagar. Eg hadde fransk på gymnaset i to år, det er rett, men det er 26 år sidan nå… eg oppdaga at eg framleis kunne litt, men det vart den aller enklaste formen for verbal kommunikasjon som tenkjast kan…
Me fekk sjå ei stor blodappelsinfarga kule synka ned i havet, og kjende dei første kalde bølgeskvulpa for i år slå mot tærne. I tillegg vart bilen angripen av ein bjeffande hund, noko som kunne ha enda i påkjørsel. Som om ikkje det var nok, var det plutseleg ein hest med rytter i vegbanen. Hesten vart skremt av bilen og tok omtrent dansetrinn midt i vegen.
Aller Kjæraste Syster likar nye opplevingar, så plutseleg fann me oss i køen på Drive in Mc Donald. Ho hugsa for seint at pengane låg bak i bilen, og sidan det gjekk på engelsk og norsk inne i kupeen kom bestillinga delvis på engelsk. Crazy people. Sjølv eg som vanlegvis aldri kjøpar is, måtte jo bare takka ja i den settingen. Det kan då alle forstå…
Noko i denne duren var det altså de gjekk glipp av pga ufrivillig radering.
Senga neste…
Heidi
Eg har vore borte ved tjødna for å leita etter froske-egg eller rumpetroll, men ingenting er å sjå. Det er synd, for i morgon kjem me med seksti ungar på jakt etter “småkryp i og ved ferskvatn”. Det høgaste ynskjet me har er å finna froske-egg, slik at ungane kan få fylgja utviklinga. I fjor lukkast me i å dyrka fram levande småfroskar i ein annan klasse.- Eit skikkeleg fascinerande prosjekt. Det var første gong eg var med på å få det til, dei andre gongene har rumpetrolla døydd så snart dei har begynt å få bein.
Kanskje det er ein biolog i oss alle, i alle fall i meg. Eg kan falla heilt i stavar over ryggsymjarar, buksymjarar og vårfluelarvar… I dag har me hatt om froskar og om froskane sin paringsleik, om korleis hannen klorar seg fast på hoa i fleire døgn for å sprøyta sæd over egga, straks dei er lagde. Kommentar frå 9-år gammal gut: “At han ikkje heller vil sprøyta sæden sin inn i hoa!”… Nokon som snakka om erotikk?
På frosketuren i morgon, som sannsynlegvis blir utan froskar, skal eg samla ungane og fortelja om “Froskekongen” rett frå mi sekshundre siders tjukke Grimms eventyrbok på tysk. Til mi undring står det ikkje at jenta kyssar frosken i originaleventyret. Derimot kastar ho han hardt i veggen når han vil sova på hodeputa hennar og han dett ned som menneske…
Eg trur det var Søren Kirkegaard som sa at ein skulle fortelja barn mange eventyr fordi dei handlar om alt barn skal møta sidan i livet. Då eg studerte eventyr i samband med forteljarutdanninga mi, las eg mellom anna ein psykoanalytisk tolkningsmodell for eventyr. Her blir det hevda at eventyret froskeprinsen skal førebu barna på seksualiteten. Noko som for eit kvart barn fortonar seg å vera avskyeleg, ender opp som prinsen i eventyret. Livet let seg tolka. Så mykje er sikkert…
Men tilbake til kvardagslege og venlege eventyr. Våren held fram med å eksplodera. Bøkehekken langs vegen står med lysegrøne, klissete nyfødte blad, og tulipanar stikk opp over alt. Og i dag blømer rett og slett det berømte kirsebærtreet mitt… Eg hadde aldri trudd det skulle gå så fort. Og på skulen sådde barna solsikker for fem dagar sidan. Dei er nå to og ein halv cm lange og me fører nøye logg med utviklinga…
Froskar eller ikkje froskar. Her går det unna…
Heidi
Då eg vakna visste eg kva eg måtte. Eg måtte skunda meg til Allerkjæraste Syster for å sjå om eg kunne finna eit skjørt eg kunne låna til Sunniva, slik at ho kunne vera fin i konfirmasjonen. Eg har fått ein frykteleg mistanke om at eg tok alle skjørta til Sunniva med til skulen for tre veker sidan slik at dei kunne brukast til kostymer på “Frida Froskenfryd.” Eg veit at eg tok med eit par skjørt i alle fall, men eg tok dei då heim att? Kor i all verda har eg lagt dei?
Det er farleg å verkeleg brenna for noko. Ein blir heilt utan grenser. Viss eg er på jakt etter ein tøybit i rett farge på premieredagen, ja då ligg stovegardinene mine tynt an, om dei har akkurat den fargen… For familien min er det ein vanesak å sjå klede og personlege eigedeler att på scenen… Det er i og for seg ikkje noko eg er stolt av, eg bare innrømmer at det er slik…
Men altså, skjørt: Aller kjæraste syster hadde lagt att seks skjørt før ho drog på skulen, og eg tok med alle seks heim for å sjå kva som passa best… Og Sunniva vart fin og rosa og så nydeleg at eg vart mjuk inni meg bare av å sjå på henne.
Klokka elleve var eg og Sunniva klare til konfirmasjonsgudstenesta i ei av frikyrkjene her, der skulle nabojenta konfirmerast, og me var inviterte. Kjærasten min har vore konfirmantleiar i vår eiga kyrkje, så han gjekk for å vera med på konfirmasjonsgudsteneste der.
Dei var bare tre konfirmantar, og alle fekk mykje fokus. Dei to jentene dansa ein sjølvlaga dans, dei vart presenterte ein og ein på storskjerm, og me såg biltete frå ein tur til utlandet. Alle tre fekk snakka om korleis dei opplevde undervisninga dei hadde fått, og dei var framme på plattformen og fekk forbøn. Det var tydeleg at denne vesle frikyrkja verkeleg hadde gjort alt for at
ungdomane skulle trivast. Som alltid når eg er med på dåp eller konfirmasjon, så gråt eg så maskaraen skvatt…
Far til konfirmanten hadde bestillt ein gresk kokk som aldri dukka opp, men han er ein handlingens mann som etter fem minutt med tiltakande panikk, bretta opp skjortearmane, og gjekk i gang med å laga middag til sine femti gjester sjølv…
Dei Columbianske gjestene dansa i nasjonaldrakter, og kakebordet bugna av kaker. Konfirmanten song ein sjølvlaga song om å bli trøysta av Gud når alt kjendest trist, me song oss gjennom eit heilt hefte med heimelaga songar, og brørne til konfirmanten dansa til musikken av YMCA. Dei gjorde det ikkje for å visa at dei kunne, snarare tvert om… Sambuaren til eldstebroren hadde intenst lysande sjokkrosa hår til den heilnorske bunaden. Fascinerande.
Som dei så treffande syng i “Spelemann på taket”. “Is this the little girl I carried? Is this the little boy at play?
When did she come to be a beauty? When did he grow to be that tall? Wasn`t it yesterday that she was born?”
Og her sit eg og høyrest plutseleg ut som ei gammal sentimental tante… Spooky…
Kjærasten min ser på golf på TV. Framleis må verda vera på hengslene… Og i kveld skal eg i alle fall leggja meg før tre…
Trur eg…
Heidi
Eg har nå teke del i ei “midt-på-natta-forestilling”. Eg kjem frå eit lokale dekka av persiske teppe, innreia som eit rom i palasset til kalifen. Alle måtte ta av seg på føtene før me slapp inn. Midt i romet stod det ei dame på ein plattform og dansa magedans til orientalsk musikk. Me fant meir og mindre behagelege måtar å setja oss ned på for å nyta synet.
Det var Synneva si forestilling, den ho har øvd på i fleire månadar. Ho fortalde erotiske historiar frå 1001 natt, og gjorde det veldig dyktig. Vove inn i forteljinga var det magedans og musikk. Ein mannleg dansar i orientalske klede kom dansande inn med ei vannmugge med kokande vatn. Denne vart tømd i ei stor glas-skål med lotusblomar i og desse opna seg langsomt, noko som vart vist på lerret framme.
Det heile vart toppa av ein italiensk teiknar som teikna i sand. Han laga humoristiske og erotiske illustrasjonar i takt med forteljinga og musikken. Folk låg og sat på teppene i halvannan time. Alt i alt ei annleis teater-oppleving. Me kjende eit streif av ei anna tid og ein annan kultur.
Dette har vore ein like varm og fin dag som den i går.
Eg vart vekka av glade menneske og smellande sjampanjekorkar. Dotter til naboen gifter seg og hadde utrikningslag… Det var sjeldne og koselege lydar å vakna til.
Etter lang frokost på kjøkkenenet, spaserte eg i gatene med kjærasten min. Optikaren retta opp dei forvridde brillene mine så lett som bare det, og ingenting ville han ha for det. Han sa at eg skulle betrakta jobben som rein servise, og bad meg helsa til eleven som hadde forårsaka det heile… Etterpå gjekk me rett på Johanne. Eg sa at siden englane hadde kviskra til meg at me skulle treffast i dag så hadde eg ein tekst til henne i veska: Det var bryllaupssalma mi, ein av dei to tekstane eg har tenkt å senda til salmekonurransen. Ho har lova å laga melodi til,
og dåpssalma har eg gitt til Anne Kristine.
Ingrid sin formgjevningsklasse har utstilling denne helga.
Temaet var Jæren, området der me bur. Dei hadde leigd eit ekte utstillingslokale: den vesle mølla der eg var med på å ha påskeutstilling i fjor. Ingrid og ei klassevenninne hadde laga ei tredimendjonell ku i gips dekka av “ku-skinn” med rosa jur og små gummistøvler på beina. Denne har eg nå innlemma i kunstsamlinga mi… Ingrid sin mormor og morfar kom for å vera til stades på den første utstillinga hennar, og me drakk kaffi i lag med læraren hennar.
Så var det henting av Sunniva som hadde vore på skuletur. Turen var lenger enn eg hadde trudd, og hentinga tok meir enn tre timar. På veg heim stansa me og plukka blåveis i ei grøft. Me kjørte langs havet, og akkurat nå er det så vakkert ute at ein blir mjuk inni seg bare av å sjå på.
Vel heime så var det alt det som alltid skulle ha vore gjort for lenge sidan, og i tillegg var det friterte scampi, fersk tagliatelle, dressing og wok- grønsakar. I morgon skal me i konfirmasjon, og eg har til mi forferding oppdaga at skjørtet som Sunniva skal ha på seg er borte-vekk… Og det viser seg at ho har ingen andre ho kan bruka heller… Heldigvis så må eg snart kvalifisera til doktorgrad i improvisering, og all erfaring tilseier at det ordnar seg nok på eit eller anna vis. Nå høyrer eg at Ingrid kjem heim, så då kan hønemor finna vaglet sitt ho og.
Heidi
I dag har naturen pynta seg i eksplosiv fart. Bjørkene har fått grønt slør, og plutseleg står det ein raud tulipan og smiler i bedet mitt, sånn heilt utan vidare. Vinden har vore sterk og varm, og eg har tørka klede på kledestativet i hagen.
Det er ei merkeleg greie med meg og klesvask på tørkestativet. Eg trur det er rett å seia at det er det husarbeidet eg liker å halda på med. Eg som ikkje er systematikar i det heile tatt, liker å henga opp reine såpeluktande klede etter bestemte system på snorene.
Ei snor for kvar person, og kleda hengde etter strenge reglar, underklede, T-skjorter, skjorter, genserar osv. I tillegg skal det sorterast etter farge og tekstur…
Kanskje ein psykoanalytikar ville funne denne bristen i mitt vanlege ikkje- system interessant. Truleg er det slik fordi det er ein så forenkla form for system i ein så liten krok av tilværelsen at til og med eg lukkast i systematikken…
Eg var ein tur hos onkelen min og plukka liljer. Eg plukka ein handlepose full av påskeliljer, og ein vase full av andre variantar, heilt kvite, kvite med gult i midten og gule med oransje i midten. Dei er så fine.
Eg tok med ein bukett med påskeliljer til venninna mi. Då eg kom inn i huset hennar hadde ho ein halv millimeter hår på hovudet. Ho går på cellegift, og håret vart så tynt at ho bestemte seg for å ta det bort. Fine, modige venninna mi. Heldigvis går alt bra så langt med behandlinga. Etterpå tok ho på seg den nye parykken, som var så fin så fin. Eg ville aldri ha gjetta at det var ein parykk, trur eg. Ho las Piet Hein dikt for oss om å gjera tida stor og god. Og eg sa at i kveld torde eg ikkje by på klemmar fordi eg var redd for å smitta henne med hosten min.
Me var fem venninner i lag. Me møtest ein gong i månaden for å diskutera bøker og livet generelt. Aller mest det siste for å vera ærleg. Det er alltid fint.
Og eg kjenner eg har noko å trena meg på: Å ikkje fullføra setningane for andre. Det irriterar kjærasten min grenselaust at eg gjer det, og i kveld tok eg meg i å gjera det fleire gonger. Eg trur eg skal slutta å snakka så mykje. I staden skal eg bli taus og mystisk…
Heidi
Kirsebærtreet
blømer rosa om dagen,
ikkje om natta…
Ikkje mitt kirsebærtre då, for det står framleis nakent.
Derimot er det eit haiku-dikt som ein av elevane på skrivekurset skreiv i dag. Vakkert-.
Dei kjem dit, ni jenter og ein gut på 12-13 år for å utvikla seg som skribentar. Det er første gongen me prøver noko slikt. Det er eit spennande prosjekt. Me begynte sist torsdag, og det gav meg ein voldsom energi å oppdaga at desse elevane, midt i spennet mellom tenåringar og barn, faktisk var oppriktig interesserte i skriving. Dei var seriøse og flinke, og etterpå skreiv dei i loggbøkene sine at dette hadde vore endå kjekkare enn dei trudde, og at dei gledde seg til neste gong. Slikt er jo balsam i øyrene på ein skulelærar som alltid er vant med at det er ein prosentdel av klassen som det tek masse energi å motivera for arbeid.
Og i dag kom verkeleg sommaren. Det var uvant varmt ute. Sikkert minst 20 grader, – merkeleg kjensle.
I løpet av dagen er eg blitt betre av forkjølinga og, men eg er stuptrøytt etter å ha blitt vekt av eiga hosting, mjauing frå kattar som vil inn, og sjuke barn fleire gonger i natt.
Dessutan var det eit par harde tak på jobb i dag, som og kjennest i ryggmargen. Eit resultat av det er at eg må koma meg til ein optikar for å sjå om han klarer å vri brillene mine på plass att.
Eit vakkert bilete frå i dag. Eg samlar nemleg på slike: I køen på butikken stod eg bak ein lettare utviklingshemma mann som var ute og handla i lag med ei som truleg hadde som jobb å hjelpa han. Både hjelparen og kassadama var så vennlege og tålmodige. Dei gav så tydeleg mannen ei oppleving av å klara kvardagen sin, og av å vera verd noko. Kassadama smilte like hjarteleg tredje gongen han kom med same spøkefulle kommentaren til henne. Og begge nikka oppriktig interessert då han for fjerde gongen fortalde at i dag skulle han ringa til mor.
Små lys av venleg omtanke er noko det gjer meg så godt å registrera. Bare prøv å legg merke til det, det gode finst faktisk, som små stjerner glimrar dei på himmelen over vanlege torsdagar.
I morgon har eg fri. Det skal bli godt.
Heidi.
Eg vakna til eit skikkeleg ruskever med regn og kald vind. Då eg skulle heim frå jobb, hadde plutseleg veret slått om, himmelen hadde klarna og vindane var milde…
Og lommeboka mi er så godt som heilt tom. Eg rekk viss ikkje å læra å disponera lønna mi, eller å smøra på mascara utan å søla i halve ansiktet, før eg fyller førtifem…
Dagen har gått i eitt. Eg hosta meg gjennom dei første skuletimane og var i eit totimarsmøte etterpå. Så var det tilbake til klasseromet. To av dei gutane som kan tenkjast å gje meg dei første grå håra kom springande etter meg. Då eg snudde meg, fekk eg to spontane klemmar. Den eine lenger enn den andre. Og eg er ikkje den vaskelegste å smelta…
Foreldrekonferanse med Sunniva og læraren hennar, spanskkurs og foreldremøte i Halvard sin klasse. Det å vera både lærar og mor opnar for ein del utsikter og innsikter. Det vart ein lang og følelseslada diskusjon om klassemiljø… Fluenes herre og Cinema paradiso.
Nå får eg kanskje finna meg litt kveldsmat, men det gjer så vondt å svelgja… Ikkje så vanskeleg å sjå at det kan ha ei positiv side og…
I takt med den mildare vinden, begynnar naboar å snakka til einannan på gata att. Er det i morgon forsommaren skal koma? Vervarslinga seier så. Atten grader har dei meldt…
Heidi
Eg hostar til eg held på å brekka meg, er lemster i kroppen og frys. Halsen er så sår at det gjer vondt å svelgja. Men skikkeleg sjuk er eg ikkje. Slett ikkje. Ikkje på nokon måte. Slikt har ein ikkje tid til…
Men i kveld skal eg leggja meg tidleg med eit par gode bøker. Eg lovar. Først skal eg bare…
Eg må gjera spansklekser. Det er eit spennande språk. Sjølv om eg har alt for lite tid til å jobba med det så får eg då med meg litt…
I dag er det heller kjøleg ute. Kald trekk frå nord. Det vart eit lettkledd opphald på skuleplassen etter at ein av elevane mine hadde “kome borti brannalarmen”. Og heile skulen måtte setja i gang brannprosedyren: Ut fortast mogleg utan skor og yttertøy…
Og i ettermiddag var skulekorpset ute og marsjerte medan dei spelte “Gammel jegermarsj”. Jo visst er det mai månad. Eg sprang til vinduet for å nyta synet.
Jan Ivar har pappapermisjon frå i dag av, og Ingrid steppa inn som uautorisert og ulønna dramalærar saman med meg. Det er koseleg å gjera ting saman. Dramaelevane var greie og motiverte. Eg har lova dei at me skal laga ei eventyrforestilling og visa til barnehagar i juni.
NRK har laga ein flott dokumentar om “Siv og Knut”, to hardt belasta narkomane som kjempar for å bli rusfrie etter at Knut i fleire månadar har tigga for å kjøpa den brudekjolen Siv ynskte seg til bryllaupet. All ære til dei som på denne måten løftar fram menneskeverdet til ei gruppe menneske folk ofte går forbi med lett forakt i blikket.
Nå er det spansk. Etterpå droppar eg trimturen til fordel for “Bli frisk prosjektet.”
Heidi