Eg sat med tre barndomsvenninner på fredag og diskuterte parfymar. Mange hadde same erfaring som meg. Ein kjende ei god lukt på nokon, fekk namnet, kjøpte same parfymen for å oppdaga at han lukta heilt annleis på ein sjølv. Eg synest alle parfymar av ein eller annan grunn blir tunge, søte og kvalmande på meg sjølv. Eg måtte stilla meg sjølv spørsmålet: Kva ville eg lika å lukta, og svaret eg fann var som fylgjer: Vanilje, kanel og kardemomme… Nokon som veit rett merke?
Dagen er stort sett i all heilskap via familiefeiring. I forigår fylde Sunniva tretten år, og i overmorgon fyller eg førtifem år. Familien skulle samlast på mellomdagen fann eg ut…
Sidan eg var så søvnig i går vart alt utsett til i dag. Eg var oppe klokka ni. Sunniva og dei to venninnene som overnatta, kom ned klokka ti i pyjamasar og fekk varme hattingsrundstykke. Sjølv laga eg dei til foccaciabrød og bakte eplekake, medan eg høyrde radioprogram om Jakob Sande og gudsteneste frå pinsekyrkja i Tromsø på radioen. Så var det vasking og rydding, dekking av bord, stryking av dukar, koking av blomkålsuppe og steiking av karbonadar. Klokka fire dukka familien opp og me var seksten til middag.
Først langt utpå kvelden var eg kome så langt at eg kunne tenkja på neste skuledag, og først hadde eg eit henteoppdrag. Nå nærmar klokka seg midnatt, og eg sit her på arbeidsromet mitt på jobben endå. Det er nesten litt eksotisk. Så seint har eg aldri jobba før. Nå snik eg meg til litt andedrakt, men det er nok bare eit tidsspørsmål før eg løyser ut innbrotsalarmen for andre gongen i kveld. Får logga ut nå, trur eg. Men det er jo alltid spennande å leva i spenning…
Heidi
…at eg var for trøytt. Plutseleg skjedde det igjen, og fortvilinga bare seig over meg… Det er ein tast eg burde ha lært at eg ikkje må røra når eg skriv tekstar, men eg har viss ikkje funne ut kva for ein. Eg hadde omtrent bare att å trykka “Spara dagboken”, skulle bare avslutta med ei lita replikkveksling… Og så: Borte vekk nå igjen, heile den lange teksten…
Men det var det med å vera søvnig. Det har vore for seine kveldar og for tidlege morgonar, så min kavaler av ein kjærast skal venta på Ingrid og eg skal leggja meg tidlig.
Eg lokka med meg Odd Christian som sjåfør, og kjørde den yngste tenåringen min med to venninner til det store kjøpesenteret. Ho ville så gjerne ha ein shoppedag, for ho fekk mykje pengar i går…
Eg vassa rundt på senteret med eldsteguten min. Me var i platebutikkar og på bokhandlar og hadde det ganske uforpliktande og fritt. Jentene ville nemleg helst gå utan vaksne, akkurat som eg og helst ville det då eg var på deira alder… Og eg fekk den første sommarferiekjenninga. Plutseleg bare kjende eg at nå er sommaren like rundt hjørnet. Det kjendest godt.
Etterpå åt me pannekaker med sprøsteikt bacon, for det fekk dei ikkje på folkehøgskulen. Så skulle eg gå lang tur, gjera masse husarbeid og skulearbeid. Men eg held på å sovna både sitjande og ståande. Såg film med Halvard i staden : “Just like heaven.”
Så nå blir det soving i staden for rydding. Det høyrest herleg ut. Skal ta med ei god bok eg har kjøpt på salg…
Heidi
Eg kjørde heim i natt. Eg opna vinduet på gløtt. Litt fordi eg var trøytt, men mest fordi eg elskar lukta av forsommarnetter like etter at det har regna. Denne kjølege, litt skarpe lufta med krydderlukt av bjørk og jord, av gras og brudespirea. Framfor lyktene mine dreiv det trolske tåkedottar, og ein plass måtte eg stoppa heilt opp fordi ein sau med lam stod midt i vegen.
Eg hadde vore i lag med venninnene mine frå barne-og ungdomsskulen. Me prøver å møtast ein til to gonger i året. I dag åt me laks, aure, crabsticks og salatar og såg på idolfinalen før me gjekk over til å løysa verdasproblem.
I dag har Sunniva feira gebursdag. Den vesle solgaven av ei jente er blitt tenåring i dag. For tretten år sidan blei ho henta ut gjennom eit hol i magen min. Ho var allereie då smalare og spinklare enn nokon av syskena var ved fødselen. Eg hadde gledd meg utruleg mykje til å få eit spebarn att etter fire år, og det var kjærleik ved første blikket.
Ingrid har ein gong lagt fram ein dyster spådom om at Sunniva kan koma til å få eit skikkeleg ungdomsopprør fordi ho har vore alt for snill som barn, men så langt har me ikkje sett noko til det. Storesyster gav henne eit portrett ho hadde teikna av henne med eit gavekort på klipping, sminking, striping og stritting av hår. Gjett kven som skal utføra tenestene… Og på kortet stod det:“Du må ha arva alt godt som er å få frå begge sider av familien. Gratulerar med dagen, vesle tenåringen min.”
Eg hadde fri frå jobb i dag, så eg har bakt bløtkake med italienske jordbær på toppen, og sjokoladekake i randform. Odd Christian overtalte meg til å ta han med ut på lunsj på ein kinarestaurant… Det var koseleg å ha han heilt for meg sjølv og bare prata.
Klokka seks kom gjestene. Dei var sytten jenter på tolv-tretten år, dei fleste frå Sunniva sin klasse. Dei åt tacos og tortillas, og fekk gele og kaker til dessert. Stemninga var høg, og det var mykje lyd i huset. Noko som imponerer meg litt, er den evna til å gje kompliment og omsorg til kvarandre. På korta stod det ting type: “Du er fantastisk snill og omsorgsfull, ein kan stola 110% på deg. Eg kjem alltid til å vera glad i deg. God klem frå…” Og slik er tonen. Der trur eg jentene har ei stor styrke i ein til tider krevande kvardag. Så flink var ikkje eg til å rosa andre så eg var tretten år. Det er eg mest heilt sikker på…
Vakker mai-natt eller ikkje… Nå går augene mine i kryss.
Får vakla ned til senga. God natt, god natt…
Heidi
Grønkledd, i sånn lang omtrent fotsid regncape, med hette som dekka dongeriskjørtet, og bare avslørte den svarte strømpebuksa, gjekk eg til jobben min i dag. På føtene hadde eg yndlingsskorne mine frå Forum Design, som eg har budd i i atten månadar. Det tragiske er at dei bokstaveleg talt er så utslitne at det er hol under solen, så trass i forsøk på oppshining med svart skokrem, så blir ein søkkvåt på føtene av å gå der i regnver. Men dei fine nye limegrøne skorne med minus-solar får eg framleis gnagsår av. Eg får kjøpa meir plaster.
Eg kjende meg som ein figur frå ei Tove Jansson-bok, der eg tok meg fram i sprutregn med våte føter. Eg skulle bare ha spelt på munnspel medan eg gjekk, så ville inntrykket vore fullendt.
Inne i klasseromet hadde nokon tukla med termostaten, så der var det tretti varmegrader eller der omkring. Litt søvnige 18-mai- barn sat og glippa fredeleg med augene, medan eg las om den vesle bjørnen som ikkje kunne somna fordi det var så urettferdig at han ikkje kunne suga på tommeltotten sidan han var ein bjørn, og sidan bjørnar ikkje har tommeltott…
Sjølv vart eg så søvnig at eg måtte hella i meg minst tre desiliter svart kaffi i første pausen for å halda meg vaken. Englebarna vakna til seg sjølv sånn etterkvart.
Etter jobben var det rett på skrivekurset. Der begynte energien fort å bobla. Det er rett og slett noko av det kjekkaste eg har gjort på lenge. Ungane fekk vannmelon og blå druer til pausen sin, for å kompensera for regnet ute.
Då alle andre var gått heim, sånn ein plass mellom klokka sju og elleve, hadde Helen og eg eit møte på personalromet for å skriva personalrevy. Ho baud på salat og kaffi, og me hadde eit liggjande møte på kvar vår sofa med beina høgt.
Då eg gjekk heim, møtte eg to ulike personar som på avstand likne veldig på bror min. Eg tenkte at eg kanskje skulle ringa han i kveld, og før eg var heime ringde mobiltelefonen i veska mi. Det var bror min som ringde og ville snakka med meg… Aller kjæraste syster ville nok ha sagt noko om intuisjon og trådlaus energi…
Heidi
… kommer ikke Olav Tryggvasson?
Under barnetoget haldt regnet seg unna. Eg vinka og hoia på barna mine, både dei heime og dei på jobb, og alt var fint og stemningsfullt. Sidan me har sjuandeklassing i heimen, var det vår tur til å ta ansvaret for arrangementet på skulen. Mi vesle oppgåve var å administrera eit ringspel. Dei som traff med ein av ringane fekk premie, og dei som ikkje traff med nokon av ringane fekk to karamellar. Det var ei koseleg oppgåve, sjølv om det etterkvart begynte å regna. Eg kjenner det i korsryggen etter å ha bøygd meg ned eit par hundre gonger for å plukka opp att ringane kvar gong ein var ferdig. Rett nok hjalp Sunniva meg i ein periode, men ryggen min fekk ta tyngste støyten.
Vel heime var det fram med tjukk genser for å få varmen i meg. Så skulle Ingrid kjørast til Vik for å eta kalkun med Oddvar sin familie, inkludert fleire par besteforeldre.
Eg skrudde på radioen og fekk tilfeldigvis litt mannskor.
Mannskor er eg svak for. Og eg kjørde ein halvtimes tur langs havet for å sjå på flagga, bølgene og bjørkene samtidig som eg song med for full hals på “Når fjordene blåner,” og “Norge i rødt, hvitt og blått.” Nokre sære ting skal ein då tillata seg på sjølvaste nasjonaldagen…
Så var det heim til rømmegraut og spekemat og baking av rundstykke. Eg vurderte å droppa folketoget, men eg måtte liksom ha det med… Syttande mai nevrose? Ein kan ikkje gå glipp av musikkorps og marsjerande fotballspelarar i høljeregn. Korleis skulle ein kunna det?
Eg er akkurat kome heim frå syttande mai-selskap hos Astrid og Jon der ti vaksne og ni barn og ungdomar har ete rundstykke, kaker is og kringle. Den varmaste opplevinga i dag: Me har fått plukka inn det klissvåte flagget frå verandaen og går inn for landing.
HVor bliver Ormen Lange?
Kommer ikke Olav Tryggvasson?
Heidi
…og mista heile den lange fine teksten… Om Odd Christian som slepp sivilteneste fordi dei har alt for mange som ventar, og om meg som synest det er ei merkeleg vurdering, sidan han faktisk har funne seg ein arbeidsplass som vil ha han…
Men glad er han, og eg får prøva å gle meg med han.
Ute luktar det bjørk og gras, og regnet siler ned over 17.mai-natta. Ungdomane mine er ute på livet, og dei minste er i seng. Eg har planta blomar og gått i tog med elevane for å øva til i morgon. Eg hadde mi fulle hyre med å halda styr på dei, men fekk likevel ein sentimental klump i halsen over musikk-korps og ropande ungar.
Nå må rydda og stryka skjorter…b- Og bare trykka på rett tast… Heia, heia. Viss du kan lesa dette har eg klart det…
Heidi
Eg har brukt store deler av ettermiddagen til kunsthistorie. Ingrid skal ha prøve i morgon, og læraren hennar har vore mykje borte, så eg fann ut at eg fekk “vikariera” litt. Me har lese om renessansen og barokken. Det er veldig interessant. Då eg tok etterutdanning i tekstilforming, hadde me ein del kunsthistorie og eg elska det. Eg må innrømma at eg synest biletkunst er mykje meir spennande enn arkitektur. Ingrid er ganske interessert ho og, så det er interessant å lesa saman. Kvar gong eg set i gang med litt fordjupning i et eller anna, så kjenner eg kor gjerne eg skulle hatt endå mykje meir tid til å lesa og læra om ting…
Og elles då? Det var ein intens dag på jobb, og eg hadde problem med å koma meg derifrå. Vel heime var det ut for å kjøpa 17.mai-skjørt til Sunniva. Ingrid hugsa at eg hadde lovs henne og eit skjørt, og me måtte ut og leita. Det vart kort rosa kappeskjørt til Sunniva og langt brunt kappeskjørt til Ingrid. Og så fekk dei kvar sin topp til.
Eg blir ikkje kvitt hosten. Den største ulempa med det er at eg ikkje torer besøkja venninna mi med kreft. Ho er på cellegift, og har nedsett immunforsvar.
I morgon må me planta ut sommarblomar frå onkelen min, og kanskje planta noko nytt i keramikk- krukkene.
Og så er det dugnad i klassen til Ingrid, og klargjering av alle 17.mai- kleda…
Halvard begynnar å få taket på “Balade pour Adeline”. Eg skjønar ikkje korleis han får det til. Eg har prøvd å henga med han med pianolekser, men har ikkje sjans i havet… Dessverre… Eg skulle svært gjerne ha vore meir musikalsk. Nå får eg nøya meg med å nyta det andre får til, og kosa meg med pianoet når eg er aleine heime.
Heidi
Ulempa med å dela seng med eit A-menneske kan for eksempel vera at ein blir vekt klokka halv sju ein sundag av at personen på sida av deg har tent lampen for å lesa. Og akkurat når du held på å somna om, er same personen i ferd med å stå opp med alt det måtte innebera av slamring med klesskapdører og romstering på soveromet.
Eg fann ut at eg like gjerne kunne ta konsekvensen av å ha fått meir sundagsføremiddag enn eg hadde trudd. Lesing på senga er ikkje det dummaste ein kan ta seg til.
Og som sagt: Kirsebærtreet blømer…
Eg har vore på gudsteneste og sett barn på fire år leika brødunderet, for så å dela ut pitabrød i benkeradene. Fireåringar er så flotte… Skulle gjerne hatt ein på den alderen att…
Eg har hatt ein roleg sundag, sånn stort sett til stades i heimen. Odd Christian og eg har sitte med beina under oss i sofaen og sett på Australiabilete og lese i skulekatalogen hans. Ute var det nordavind og bare fem-seks grader, så me hadde alibi for å ikkje gå ut i sola.
Halvard spelar på pianoet. “Balade pour Adeline” som eg hugsar som noko bortimot ei landeplage på midten av syttitalet med Richard Claydermann. Det er merkeleg korleis enkelte melodiar bare smyg seg inn i øyrene på alle som høyrer og blir der etterpå. Odd Christian spelar gitar og syng. “Bruk stemmen din og syng skikkeleg ut,” seier kjærasten min. Ein liten tur til foreldra mine vart det og tid til, med Ingrid og Oddvar i baksetet. Far klemmer meg når eg kjem og seier “Og koss går det med eldstejenta mi i dag då?” På sett og vis held ein aldri opp å vera barn i foreldreheimen… Som eit apropos til min eigen evig pågåande debatt med meg sjølv om å innsjå at barna er store.
Nei, sova var det viss eg skulle. Eg får avslutta med den gode lukta av nybakte rundstykke som framleis vibrerer i heimen etter kveldsmaten. Eg hadde lova å baka, men klokka var over ti før eg var ferdig… Astrid stakk innom på veg forbi huset, men ho hadde ikkje tid til å venta til dei var steikte… Men godt vart det med gul ost og smør som smeltar…
Heidi
Etter halvanna døger er eg tilbake. ør og omtåka etter hundre mil i bil, litt lite søvn og mange sterke inntrykk…
Eg halvsov meg austover på fredag. Eg kjende eg var så trøytt, og det var så godt å sitja med lukka auge og lytta til ei gammal Cat Stevens- plate som kjærasten min hadde lasta ned frå nettet. Då eg innimellom opna augene, var landskapet der ute som eit eventyr: Nyutsprunge grønt i alle nyansar, blømande frukttre i kvitt og rosa og innimellom gul forsythia.
Det vart ein kveld med svigerfamilien, og tidleg opp i dag morges for å nå fram til folkehøgskulen i tide. Først var det samling i kyrkja, og elevane var stivpynta i bunadar og svarte dressar. Det var korsong, song og helsingar, og alle elevane vart nemnde med namn i forbøna. Eg hosta så eg haldt på å brekka meg, og lurte på om eg måtte gå ut, men sidan eg var i så godt selskap, det hosta og harka nedover alle benkene, så våga eg å bli… Me kom litt for seint så eg fekk ikkje helsa på Odd Christian før me skulle ut av kyrkja. Eg vart ståande ytst i benkerada og venta på han. Eg gledde meg til den varme klemmen som eg heilt i tråd med forventningane fekk då han oppdaga meg.
Etterpå var det samling i gymsalen med meir song, musikk og utdeling av vitnemål. Eldsteguten min var så vaksen og litt framand der han stod med dei andre. Eg må rett og slett innsjå at eg er mor til ein vaksen mann.
Samlinga ende med at alle elevane stod i ring rundt foreldra, haldt einannan i hendene og song. Odd Christian og Leif Olav vart ståande på sida av ein annan. Dei har gått i lag dette året på folkehøgskule. Odd Christian og Leif Olav har kjend einannan heile livet: Eg såg dei for meg som treåringar, som seksåringar og nå skal dei snart fylla tjue.
Etter middag og marsipankake til alle dei frammøtte, var det klart for avreise, men me måtte venta i både ein og to halvtimar på at han skulle bli ferdig med alle klemmerundane. Først i september kjørte me han bort og var vitne til alle desse atten-nitten-åringane som møtte einannan for første gong med avventande interesse. Nå fekk me vera vitne til at dei same ungdomane hang rundt halsen på einannan og gråt hjarteskjerande fordi dei skulle skiljast… Eg snakka med eit par av lærarane som sa at det hadde vore eit fantastisk år. Dei sa fine ting om guten min, og slikt er ein jo alltid svak for. Eg ser at dette året har gjort han godt. Nå blir utfordringa å gli inn i ein sommar som heimebuar og så får me sjå kva dører som opnar seg. Studier eller sivilteneste…
Som for å komplettera dagens tema spela dei ikaros på bilradioen:
“Låt den du elskar få pröva sina vingar,
en dag så flygar din elskade rett,
om du vil respekterast av din avbild
får du visa din avbild respekt”
Måtte Gud gjera meg klok nok til å sleppa taket på på ein god måte. Her har eg fire barn som snart skal ut på eigne venger.
Eg er metta på inntrykk og er ganske sliten. Kanskje ei avis kunne vera noko?
Heidi
… å skriva ein tekst kvar einaste dag i mai, så må det nesten bli nå. Om få timar set eg meg i bilen i lag med Ingrid og kjærasten min. Me skal kjøra femti mil og ender opp tidleg på kvelden hos svigerfamilien min. Målet med turen er guten som skal hentast på folkehøgskule. Halvard og Sunniva skal overnatta hos kompisar, for dei er det ikkje plass til i bilen når klede utstyr og gitarar skal heim att.
Eg er glad kvar gong eg slepp å vera sjåfør, så både kjærasten min og eg er inneforstått med at han skal kjøra og me andre skal vera passasjerar. Eg gler meg skikkeleg til ein heilt uforpliktande dag i passasjersetet med utsikt til den norske forsommaren langs heile sørlandskysten.
Det har kome hestar på den vesle haugen eg har utsikt til frå vindauget mitt. Eg ser grøne bjørker og lønner og masse sommargrønt gras. At det kan gå frå vintar til sommar på to veker… – Prosessen brukar ta mykje lenger tid her hos oss. Våren var sein i år.
Heidi
