Gå til innhald

Eg begynnar sterkt…

… med to nye tekstar på første dagen i mai. På føremiddagen lasta eg Halvard, Sunniva, Vilde og Irene inn i bilen og kjørde til kongeparken.

Eg las mai-tekstane mine frå i fjor, og oppdaga at våren i år er mykje seinare enn då. For eit år sidan i dag var bjørkene grøne og kirsebærtreet bar knoppar. Her er alt bart og mørkt enn så lenge, men eg har kongeblå skilla i bedet og i ein og annan hage såg eg påskeliljer.

Etterpå kjørde eg opp til foreldra mine. Det skjer mest aldri at eg er der aleine. Mor hadde ein rest med vaffelrøre som ho heiv i jernet, så kokte ho kaffi og fann fram eit fruktfat. Fra kom han og, og eg vart sitjande i tre-fire timar og snakka med dei. Ikkje ofte det skjer det heller.

Innunder yta glir moldmørke årer, blåveisen blømer i gråbleike vårer. Livstrua bryt gjennom tela og tvang. Danse mi vise, gråte min sang.

Til middag vart det fiskebollar og kotelettar i salig blanding. Så gjekk Ingrid, Oddvar og eg tur i lag rundt det vesle vatnet det tek 50 minutt å gå rundt.

Jan Ivar kom for å drikka kaffi og diskutera om me skulle svara ja på å ha omreisande teater i sjette-klassane i år og. Som dei stort-sett-relativt-positive-personane me er, bestemte me oss for å svara ja.

Eg hadde planar om å få gjort både det eine og andre i dag, men er ikkje komen i mål. Eg kjenner meg litt småsjuk, med ein hoste som riv frå magen og opp. Alt i alt kjennest livet heilt ok. Nå må eg laga nokre lekseark til den eine eleven min. Så skal eg leggja meg tidleg med Martin Lönnebo og Marilyn French. Begge i bokform om nokon måtte lura…

Vinden bles sunna og vinden bles norda,
lyset og skuggen er sysken på jorda…

Og lyset er lyst sjølv om klokka er kvart over ni. Det kjennest bra…

Heidi

Ei liste først i mai :)

1. Ta närmaste bok och slå upp sidan 18, rad 4 – vad står där?

“Og mine liljer visna inn i stein.” – Litt flaut å innrømma det, men det var tilfeldigvis ei diktbok eg sjølv har skrive…

2. Sträck ut din vänstra arm så långt du kan, vad rör du vid?

Ei svart skrivebok med svarte stive permar og gule bokstavar, som eg ennå ikkje veit kva eg skal bruka til…
Eg elskar fine notat- og skrivebøker. Kjøper inn nye rett som det er, og så blir dei liggjande og venta til eg finn ut kva dei skal brukast til…

3. Vad var det senaste du såg på tv?

Ja, kva var det? Har ikkje sett TV på lenge. Eg trur det var Idol, fredag for litt over ei veke sidan.

4. Utan att se efter, gissa vad klockan är:

9.10 – 9.45 viste seg å vera rett.

5. Bortsett från datorn, vad hör du just nu?

Mi niese Vilde som spelar piano nede i stova. Svak lyd av fjernsynet som høyrest ut til å stå på ein engelsk kanal, Sunniva som kjem opp trappa for å spørja om me skal gå snart. Eg har lova å kjøra dei til ein fornøyelsespark. Regnet som slår mot ruta. Eg spør om dei verkeleg vil dit i dette veret.

6. När var du senast utomhus och vad gjorde du då?

Eg gjekk inn og ut av bilen då eg kjørde kjærasten min til ei golfturering for ein time sidan. Det var ganske kald vind ute.

7. Vad tittade du på, innan du började svara på den här undersökningen?

Eg las denne teksten hos Tulo, og knabba han etterpå.

8. Vad har du på dig?

Svart bukse med perlebroderi på eine beinet, svarte sokkar, grønstripete trøye og ein sjøgrøn jakke.

9. Drömde du något inatt?

Ja, eg drøymde noko om å samla naboar til eit stort arrangement i hagen vår. Eg drøymer veldig mykje for tida. Det er veldig spennande å prøva å finna ut kva draumane fortel om meg sjølv, men for å hugsa dei skikkeleg må eg skriva dei ned med det same eg vaknar. Det tek eg meg sjeldan tid til.

10. När skrattade du senast?

Veit ikkje om eg har ledd i dag, men lo mykje i går. Eg ler ofte og mykje. Nokre gonger ler eg når det absolutt ikkje passar seg. Eg har liksom litt for mykje humoristisk sans til at det er heilt stovereint.

11. Vad finns på väggarna i rummet där du är nu?

Eit innramma dikt eg har fått av Margrethe, ei av niesene mine. Eit bilete som hang over senga mi då eg var lita av Jesus som velsigner barna, fotografi av ungane mine, fine postkoprt, to 3D bilete i tre eg kjøpte på ein butikk i Skotland, kopi av ein collage eg har laga, naturfotografi som kjærasten min har teke og ein datateikning Ingrid har laga.

12. Har du sett något konstigt på sistone?

Det gjer eg kvar einaste dag. I helga kom eg for eksempel inn på ein kafé der ein murvegg nettopp hadde rast ned og knust ein stol. I det same oppvarma romet sat ein mann i ei langhåra pelskåpe og drakk sjampanje med ei jente i kvar armkrok.

13. Vad tycker du om den här utmaningen?

Eg er ikkje utmana, bare ute og stel. Undrar på kvifor slike lister appellerer slik til oss? Kanskje fordi det får oss til å fortelja ting me elles aldri ville kome på å skriva ned?

14. Vilken var den senaste film du såg?

På kino var det Gymnaslærer Pedersen. Kvifor ser ikkje svenskar norsk film? Me ser jo alle dei bra svenske filmane

15. Om du blev multimiljonär, vad skulle du köpa?

Eg skulle gje masse pengar til mi tanzanianske venninne Linda, som driv ein barneheim for utviklingshemma barn.
Så ville eg handla litt fin kunst og skaffa meg vaskehjelp for resten av livet.

16. Berätta något om dig själv som folk inte känner till.

Kva skal eg velja å fortelja då? At eg kunne tenkja meg å bu i kloster eit år ein gong i livet mitt? At eg drøymer om å skriva ein roman? At eg likar å knusa ripsbæra med ein gaffel før eg et dei med mjølk og sukker på? At eg har prøvd å læra meg å spela tussefløyte og at eg har ein draum om å spela saksofon? At eg gjerne skulle hatt åtte barn?

17. Om du kunde förändra EN sak i världen, utan att ta hänsyn till politik och skuldkänslor, vad skulle det vara?

Gjera noko med menneskenaturen slik at alle vart opptekne av å gjera verda til ein fredeleg, god og rettferdig plass…

18. Tycker du om att dansa?

Ja, men det er nok inga estetisk oppleving å sjå på, det finst ein heil del ting eg er flinkare til enn det for å seia det slik… Men lika det? Ja visst!

19. George Bush?

Eg skulle gjerne hatt ei veke med han på ei øde øy, bare for å prøva å få han til sjå ein del ting frå ein heilt ny vinkel. Eg trur ein del av standpunkta hans er direkte farlege.

20-21. Vad skulle dina barn heta, pojke resp. flicka?

Eg har ein Odd Christian og ein Halvard, ei Ingrid og ei Sunniva. Eg skulle nok gjerne hatt ei Anna og ein Johannes og.

22. Skulle du nånsin överväga att bo utomlands?

Ja, då eg var i Afrika kjende eg at der ville eg lika å bu ei stund.

23. Vad vill du att Gud ska säga när du kommer till pärleporten?

Velkomen, mi kjære. Nå skal du få sjå og skjøna. Kjenner du at her er alt nytt?- At her finnest bare kjærleiken.

Heidi

Halleluja…

To vellukka førestellingar er i boks. Skrivekurset er i gang, med åtte motiverte, flinke og fine skribenter i tolvårs-alderen. Skuldrene kan senkast eit par hakk, og eg pustar roleg inn og ut, inn og ut.

På tysdag gløymde Halvard pianotimen sin for andre gong på rad. Eg blei sint og oppgitt og la ein lapp til han på stovebordet med underskrifta. “Sint mamma”.
Då eg kom heim låg det ein ny lapp på stovebordet med påskrifta “Mor er kul” 🙂 Så kom Halvard tuslande og spurte om han kunne få lov å synga ein song for meg. Med litt vaklande gitarakkompagnement og eit sekund pause kvar gong han skifta grep song han Leonard Cohen sin “Halleluja” for meg: “…but love is not a victory-march,
it`s a cold and very broken Hallelujah…”

Etterpå bad han om å bli høyrt tre gonger i engelske gloser, før han avslutta med å spela heile “Til Elise” på piano med andre delen på plass, den han etterkvart meistrar viss han får ta ørsmå pausar og jonglera litt med tempoet i dei vanskelegaste partia. Med andre ord: Guten har stor blidgjeringskompetanse… Det kan kanskje koma vel med seinare utover i livet…

Eg er akkurat komen heim frå jentetur til Kristiansand med to nære venninner. Me har hatt to netter på hotell, med ekstraseng på dobbelt rom, sprunge fem samanhangande timar i butikkar, og brukt resten av tida til å sitja saman på diverse kafear og snakka, snakka, snakka… Herleg. Akkurat det leveglade jenter i førtiårsalderen har bruk for av og til. Snakka, snakka, snakka, som om me var elleveåringar på overnattingsbesøk hos einannan, og ikkje hadde tid til å sova vekk eit einaste minutt.

Det stod ikkje mange tenner att i tapetet etter oss då me sjekka ut, men orda låg truleg og sveiv ein stad under taket…
Venninner er diamantar i livet mitt. Dei av dei som måtte lesa her må ta det rett til seg…

Eg elskar å observera folk og miljø i alle rom eg stikk nasen min inn i, inkludert dei digitale romma. Ein kveld observerte eg ein mann i stor pelskåpe som sat inne på ein kafé og drakk nekjøla sjampanje, med ei vakker ung dame i kvar armkrok. Truleg får eg aldri vita kven han er, men eg liker å leika litt med tankane kring det…

Og litt hender det då i løpet av ei pratehelg… På den eine kafeen me kom inn på, var det besynderleg innreiing med ein stor murhaug og knuste stolar midt på golvet. Etterkvart fekk me vita at det ikkje var ein installasjon slik me hadde trudd… Ein murvegg hadde rast ned rett før me gjekk inn og knust deler av inventaret…

Me sat på ein annan kafé, og betalte for te og cappuccino. Me oppdaga at me ikkje hadde betalt for eit glas rødvin ei av oss hadde fått, og gjorde kelneren merksam på det. Han vart forundra og litt overraska over at me sa frå. Fordi me ville betala vinen, fekk me ein tiar tilbake fordi dei ville spandera kaffien på oss, og det kosta tilsaman ti kroner meir enn vin 🙂 Verda er til sine tider ein venleg stad…

Skjønt ikkje bare vennleg, då me kom inn i togkupéen vår og skulle heim var folk der høgrøysta og oppskjørta. Ein mann hadde nettopp gått amok der inne og trua folk med eit stort balltre. Dei hadde vore skikkeleg redde, og politiet hadde kome og henta han. Eg lurer på om eg ville følt meg kalla til å prøva å roa han ned viss eg hadde vore der, og eg lurer på kor lurt det hadde vore å prøva…

Nå er eg trøtt, vil sova snart. Deilig at det er første mai og fri i morgon… Ein ting til som eg lurer litt på er om eg skal gjera som i fjor og lova meg sjølv å laga ein Andedrakt-tekst kvar einaste dag i mai+ Mai månad er den beste månaden eg veit. Månaden for bløming, liv, lengting og lysare netter. Ein månad det er så veldig verd å ta vare på. Eg får sjå…

Heidi

Kor langt kan strikken strekkjast?

På torsdag var det premiere på musikalen vår : “Om å målbinda Frida Froskenfryd”. Ungane glitra og strålte på scenen, og me fekk gode tilbakemeldingar frå alle kantar.
Men her er det ikkje snakk om kviling på laurbær. Nå er det ungdomssgruppa vår i drama-/teater i kulturskulen som står for tur, og på tysdag har me premiere på ungdomsstykket “Kritt og sjokolade:”

Stykket er sett saman av fire små stykke som Jan Ivar og eg har skrive etter to noveller og to ungdomsbøker. Heile handlinga går føre seg i eit klasserom og handlar om den delen av livet på ein ungdomsskule som ikkje har noko særleg med pedagogikk å gjera…

Stykka handlar om Alfi som inngår eit veddemål med kamerat,ane om at han vågar å pressa Siri inn mot ein vegg og kyssa henne med hendene sine under genseren hennar. Alfi får nasebeinet sånn omtrent knust, og ender opp med store mengder naseblod i form av bringebærsaus som blir dytta opp i nasen hans ute i kulissene…

Dei handlar om misjonærbarnet Maria, som opplever mobbing og utestenging via sms og msn når ho kjem tilbake til klassen sin. Dei handlar om Luki som meiner han har funne seg sjølv. Han går rundt i oldemor sine klede, og forlangar å få strikka med rosa garn i timane. Dei handlar om Bonden som misunner dei som ligg på sjukehuset og skal døy, og som hamnar der sjølv, etter å ha blitt pressa til å eta ein ryggsekk full av grønsaker. Det handlar og om guten som bit Siri i hestehalen for å finna ut om håret hennar smaker sjokolade…

Stykket er bra. Eg meiner: Reint tekstmessig er det bra. Jan Ivar og eg har brukt veker og månadar på å leita fram brukbare noveller og romanar, og me har øvd i fleire månadar…

Likevel… Eg lurer på korleis det skal gå. Elevane våre er flinke. Nokre av dei har skikkeleg talent, – men dei er ikkje meir enn 12-16 år gamle. Det er side opp og side ned med tekst å læra. I dag har me øvd i seks timar, og ein del av dei strever framleis med nok så grunnleggjande som å hugsa teksten sin. Framleis har me ikkje fått taima det skikkeleg, men eg er redd det varer i bortimot ein time. Eg ser at fire stykke kanskje er mykje. Eit par av gutane våre har markante rollar i alle fire stykka, og meir enn mykje å halda styr på.

I dag har me heia og kviskra, varma rundstykke til dei i omnen på skulen for å unngå blodsukkerfall og total utmatting, tørka bringebærsaus av myggane og vannsøl av golvet. Me har skrive jukselappar og slått signal på triangel for at dei skal vita kva for nokre replikkar frå chattinga som kjem på storskjermen bak dei…

Me vaksne har pøst på svart kaffi og knaska paracet, og Stig har gjort ein kjempeinnsats med å sortera lyden frå åtte myggar og lyset frå ei rekkje med lyskastarar.

Eg innser det: Eg har problem med å innsjå eigne grenser, og har eit innebygd behov for å tøya strikken.
På onsdag skal me ha skuleførestelling for sekshundre elevar, kor av dei fleste er tenåringar. Kan ein spa opp eit meir krevjande publikum? Kanskje har me gjort dette for vanskeleg til å koma i land på ein anstendig måte? Det vil komande veke visa. Men det me skal seia viss me må er:
“Me prøvde i alle fall. Prøvde og trudde…”

Etterpå laga eg scampi i kvitløk og chili til middag. Eg innsåg at bittesmå chiliar må vera dei aller sterkaste. Maten smakte godt i den grad det let seg gjera å svelgja han …

Og så lokka eg kjærasten min til å bli med på ein tre mil lang kjøretur for å gje Live ein blomebukett i anledning konfirmasjonen i morgon. Og så viste det seg at konfirmasjonen hadde vore i dag… Men blomar er vel kjekke å få uansett…

Mitt namn er Kaos…

Heidi

Påskenatt.

Lyset vert sløkt. Småsnakkinga stilnar av. Presten si stemme høyrest frå bakerst i kyrkja. Han kjem inn med det store Kristuslyset. Framfor han går ein attenårs- gammal gut med ein prosesjonskross. På veg opp kyrkjegolvet stoppar presten opp fire gonger. Han løftar det store lyset sitt mot aust med orda “Kristus er verda sitt ljos”. Han seier dei same orda medan han vender seg mot nord, sør og vest.

Vel framme i koret vert det store Kristuslyset sett i stake. Fire ungdomar tenner kvart sitt kvite lys i flammen. Dei deler med seg til førstemann i kvar benkerad. Alle i kyrkja har kvite lys og alle deler flammen sin med naboen til alle lysa er tende. Eg får flamme av ein ung gut, og lar Halvard, som sit på venstre sida mi, dela min. Ein augneblink tenkjer eg på brannfaren i den gamle trekyrkja, men bestemmer meg for ikkje å la tanken forstyrra meg. Når alle har fått eld syng me saman: “Jesus lever graven brast, døden oppslukt er til seier.” Stemninga i den mørklagde kyrkja lyst opp av fleire hundre talglys er nærast uverkeleg. Me syng meir: “When Israel was in Egypts land, let my people go.”

Guten som bar prosesjonskrossen blir ståande aleine i koret. Han har langt mørkt hår. Han syng utan akkompagnement. Røysta hans er naken og sårbar: “Amazing grace, how deep the love that saved a wrench like me…” Midt i songen gløymer han teksten og vert ståande taus og fortapt i to sekund. Så begynnar han å le, unskylder seg, går og hentar teksten før han syng vidare. Ei gruppe kvitkledde ungjenter dansar liturgisk dans i midtgangen.

Under nattverden syng ei gruppe ungdomar frå Columbia. Det er vakkert og framandarta med mykje rytme. Kyrkja er full av folk. Veldig mange er framleis svært unge. Dei fleste der inne kunne faktisk ha vore barna mine. Dei står roleg i midtgangen og ventar på tur til å knela kring alterringen. Halvard kneler mellom kjærasten min og meg. Ansiktet hans er roleg og konsentrert. Me får kvar vår oblat som me dyppar i vinkalken før me puttar han i munnen. “Kristi lekam gjeven for deg. Kristi blod utrend for deg.”

Når gudstenesta er slutt , og klokkene har slått ni slag, tek me med oss brennande lys ut på kyrkjegarden. Me stiller oss i sirkel mellom gravene. Den kalde trekken bles ut lysa, men dei som har lighter eller fyrstikker får liv i elden og prøver å dela med fleire. Der i den mørke natta, eit stykke ut i den andre timen av påskedag, står me og feirer oppstoda ved å synga ei salme. “Deg være ære, Herre over dødens makt, evig skal døden være Kristus underlagt. “ Og nok ein gong får me syn for at kjærleiken er sterkare enn døden.

Heidi

Jakta på påske-egga…

Det vart seint i går kveld. Eg venta på sofaen på mine tenåringsbarn, og klokka vart mest tre før eldstejenta fann det for godt å koma heim. Når dei kjem heim skal det pratast, og etterpå kjem tankane…

Eg hadde forsiktig lufta i eit heimsleg forum om påske-egga si tid kanskje var forbi her i huset… Dette forslaget vart det protestert på det heftigaste på. Påske-egg skulle det vera. Påske-egg i papp sprekkfulle av godteri, i form av marsipan-egg, mandel-egg sjokolade-egg og andre søte saker. Så skulle dei sjølvsagt gøymast etter “same prosedure as every year”, med andre ord bak sofaputer og gardiner, for at små og store barn skal finna dei om morgonen første påskedag…

Etter lørdagsfrokost med kaffi og aviser, dukka Aller Kjæraste Syster opp frå påskefjellet. Bilen hadde spontant kjørt henne ned til meg, og det måtte vel vera eit teikn på at det var vår dag i dag… Og det var det. Men først hadde eg lova Odd Christian ein tur til eit kjøpesenter, mellom anna for å kjøpa pyrisept til den øyreflippen Ingrid spontant hadde overtalt han til at ho skulle få lov til å pierca… Og så hadde eg oppdaga at dei gamle papp-egga var blitt kasta då eg rydda kjellaren i juni. Men eg hadde ein naiv tanke om at det måtte la seg gjera å finna nye på sjølve påskeafta…

Dette viste seg å vera lettare tenkt enn gjort. Me spurde oss føre på seks butikkar, men alle stader var dei heilt utselde. Det einaste alternativet var ein bokhandel som hadde foliekledde egg på storleik med fotballar til syttifem kroner, men då dukka for ein gongs skuld økonomen opp i meg og nekta ein kvar form for innkjøp.

I staden reiste eg på kunstutstilling med Aller Kjæraste syster. Me drakk kaffi ute i havgapet og vandra langs strendene saman før me avslutta med gratulasjonsbesøk hos svigerinne med påskeliljer og sjokolade.

Eg hadde så godt som gitt opp påske-egga, og vurderte alternative former for innpakning som sko-øskjer og blomsterpotter, men fekk ikkje heilt fred i sjela… Eg tok bilen for å dra på bensin-stasjon-til bensinstasjon-eggejakt, og tenk så fann eg rette typen: papp-egg kledde med glansa papir med kyllingar på den eine halvparten og påskeharar på den andre…

I kveld var det bare kjærasten min, eg og Halvard som var heime. Me spelte quiz og drakk Pepsi-max ,før me alle tre reiste til midnattsgudsteneste. Nå er alle mann i hus og påske-egga er gøymde etter alle kunstens regler.

God påske alle saman! Nå er det den liturgisk rette tida for akkurat den helsinga. Eg håpar det var påske-egg nok å få på dykkar side av grensa…

Heidi

Langfredag -06

Eg går til gudsteneste. I dag er gudstenesta ei verbal Via-Dolorosa- vandring. Presten og klokkaren les veksellesing: Kristi lidingshistorie etter eit manus av Martin Lönnebo; den svenske biskop emeritius, som er eit av dei klokaste menneska eg har møtt. Kristus blir framstild som kongen i narredrakt. Det er eit fascinerande bilete. Organisten spelar ein musikalsk Via Dolorosa. Musikken er sterk og talande.Eg lukker augene og har ikkje lyst til å opna dei att. Historia kjem under huda på meg. Eg frys på ryggen og får tårer i dei attletne augene. Då eg opnar dei att etter mest ein time, kjenner eg meg svimmel og litt “ute av kroppen”. Eg må spørra klokkaren etterpå om det var uhøfleg å sitja med augene lukka medan han las. Han seier at det er heilt i orden.

Altaret står nake og tomt denne eine dagen i året. På eit bord framme i kyrkja står eit lite bord med ei tornekrone, og mørkeraude roser som symbol for Kristi blodsdropar. På golvet ligg mange sølvpengar. Først trur eg nokon har mista dei. Så skjønar eg at det er blodpengar. Det er dei tretti sølvpengane Judas kasta frå seg. Løna for å svika.

Etter gudstenesta vinkar klokkaren meg til sides. Eg får med meg heim ei av dei mørkeraude rosene. Han får ein klem tilbake, og rosa har fått vase heime i stova mi.

Ikkje alle skjønar trongen mi til gudstenester. Mange av dei nære venene mine deler ikkje trua på Gud. Dei skjønar nok ikkje heilt kva som driv meg. Då brukar eg å seia at for meg er kyrkja og Gudstrua som ei perle eg har funne i ein åker. Ho er meg så kostbar at eg ville vera villig til å ofra det meste bare eg fekk behalda perla.

Etterpå skundar eg meg heim for å vera barnevakt for det yngste tantebarnet mitt. Først må eg berga Lise som har kjørt bilen sin bensintom. Me får trilla til næraste bensinstasjon. Så må eg innom for å kjøpa is til hjartebarnet.

I påska er det mange folk ut og inn her. Eg kokar middag til åtte. Det blir indisk kyllinggryte med karri og nudler. To brett kanelbollar inn og ut av omnen. Mor og far og onkel på kaffibesøk, bror min kjem innom i rett tid til å eta middag.

Etter å ha kjørt Ingrid til ein 17-års-dag, blir det tid for bare meg. Vårsola har avløyst regnet frå i går. Eg går tur i skogen medan fuglane kvitrar som galne alle stader frå. Rett frå vinter til vår. Sjela fell på plass. Nok ein vinter er brakt til endes. Snart kjem det til å lukta timian i skogen min. Eg har aldri funne plantene men det lukter så godt der om sommaren.

Odd Christian viser meg ein personlegdomstest dei har arbeidd med på folkehøgskulen. Han ligg på nettet og sjølvsagt må eg prøva… Finn ut at eg er idealist og champion, ein personlegdomstype som visst nok 3% skal inneha… Veldig likt Odd Christian sin… Så tok eg ein enneagram-test og var ein klar to-ar, noko eg visste frå før… I vår tid hadde stemor til Snehvit ikkje trengt nokon trollspegel… Ho kunne ha sjekka dataen og funne ut at ho var vakrast i landet her…

Odd Christian smilte fint til mor si, og bestilte henting klokka halv to… Eg er alt for svak for ungane mine og eg veit det godt…

Heidi

Skjærtorsdag -06

Det regnar. Silregnar gjer det utanfor glaset og mot takvinduet. Eg sit her i det kreative kaoset mitt og et frosne blåbær med fruktose og kesam. Det grøne glasarmbandet mitt klirrar mot bordet når eg skriv, og eg let dei frosne blåbæra smelta sakte i munnen…

Eg har sett meg ned for å skriva salmar. Ein merkeleg aktivitet, men på ein del måtar er eg då og ein litt merkeleg person. For ei lita stund sidan sette eg på fjernsynet, og programleiaren annonserte at dei skulle senda “Chess”. Eit merkeleg samantreff. Den musikalen har eg dei siste vekene gått og tenkt på at eg har lyst til å sjå. Eg har aldri sett han før, men likar musikken. Så nå blir det ei salig blanding av chess og salmeskriving akkompagnert av silande regn. Det er vel inga dum blanding på ein skjærtorsdag?

Der ringde det på døra. Odd Christian gjekk for å opna. Det er truleg Oddvar som dukkar opp. Eg syntest eg høyrde motorsykkelen hans. Kaffi kunne ha smakt godt når eg kjenner etter. Får oppmuntra kreativiteten med ein kopp varm og svart drikke sånn etterkvart.

Så har eg fått rydda unna bagasjen etter snarturen min til Oslo. Då eg kom heim etter bare nokre få dagar, oppdaga eg kor stor og lang Halvard er blitt utan at eg har lagt merke til det. Eg måtte klemma han litt for å kjenna at han framleis er den vesle guten min midt oppi alt det andre han er.

Eg har rydda stove og kjøkken. Då eg ville kjøpa gule påskelys i går, var dei utselde i butikken. Limegrøne får duga. Påskeblomar gløymde eg heilt å kjøpa, men ei lita handfull krokus og klosterklokker frå hagen vart ein vakker vårbukett i ein firkanta glasvase med limegrøn sand i botnen.

Til frukost i dag var alle samla. Det er ikkje så ofte det skjer. Eg er så glad for å ha eldsteguten min heime på påskeferien frå folkehøgskulen. Me åt heimebakt tomatbrød frå ferdigmiks på pose og drakk appelsinjus og kaffi. Etterpå tok kjærasten min med seg dei to yngste opp til snøen for å stå på snowboard. Får håpa for deira del at nedbøren der oppe ved skitrekket kjem som snø og ikkje regn…

Påske er ei høgtid som alltid har betydd mykje for meg. I kveld skal eg gå til skjærtorsdagsgudsteneste, men først skulle eg altså skriva salmer…

“One night in Bangkok” syng TV-en til venstre for meg. Eg har så mykje eg ville ha gjort, og så mykje eg ville ha skrive. Eg har så mange tekstar i hovudet eg ville ha lagt ut her på Andedrakt, men endå har eg ikkje hatt tid. Kanskje det kjem ei heil rekke nå i påsken? Det er fleire personar eg skulle teke kontakt med, men eg har forlagd mobilen. Kanskje det får vera eit teikn? På at nå treng eg litt ro og konsentrasjon… Og nå skal eg skriva minst i ein time før eg går ned og kokar kaffi…

Apropos “Chess”, ein ven eg set stor pris på meiner at livet er som å spela sjakk. Ein kvar driv spelet sitt ut frå underliggjande strategiar. Det nektar eg å tru. Livet er ein surrealistisk musikal snarare enn eit sjakkbrett.

Og skjærtorsdag er i dag.

Heidi

Kvite morgonar.

I mest ein månad var det kvitt her. Snøen vart liggjande, og veke etter veke har det vore solskinsdagar og frostnetter. Nå har sola tært vekk det meste i av snøen, og i dag er veret som normalt. Det vil seia storm, og regn i vindkasta.

Morgonane har vore lyse og kvite. Nå er dagane lenger enn nettene. Lyse morgonar og vinterver er ein sjeldan kombinasjon her hos oss.

I natt tok dei ein time frå oss, og legg eg meg ikkje snart, så blir eg trøytt i morgon. Eg smakar på ordet sommartid, og eg hutrar litt i kveldstrekken.

Nokre personar kjem med uventa strimer av lys og uventa bølger av varme. I sist veke møtte eg Reidar som hadde kjøpt seg film. Han insisterte på at eg skulle låna filmen av han for å sjå han først… Han er ikkje ein person eg omgåst ofte, men omsorgen i handlinga tok heilt innersvingen på meg.

Sist fredag bremsa Ståle ned sykkelen bare for å seia noko oppmuntrande. Eg kjenner han ikkje spesielt godt, men han har fleire gonger overrumpla meg med varm kvardagsomsorg. Ein dag sa han utan vidare:” Eg har skrive song til deg. Når du fyller år skal eg ringa på døra og synga han for deg…”

Hurra for Reidar og Ståle, som har gåva å senda ut varme vibrasjonar når ein minst ventar det.

I dag hadde eg sleng på bilen i ein sving der det hadde lagt seg mykje nysnø. Det gjekk bra denne gongen og…

“Så heldig eg var som fekk deg til mor,” seier Sunniva og kyssar meg lett på kinnet.

Jo då…
Visst finst her varme mot slutten av mars.

Heidi

Det var ein gong ein vinterferie…

…og dagane trær eg på ei snor.

Fredag:
Kjørde kjærasten min og dei minste barna til flypassen.
Litteraturgruppe hos Heidi med parmaskinke og parmesanost. Det levande livet gjorde at litteraturen kom litt til kort.

Lørdag:
Møtte allerkjæraste syster nede i sentrum. Ho fant ein kaninpels som ropte på henne. Me kjøpte pastasalat med oss heim. Ein lang kveld rundt kjøkenbordet med stearinlys og dei store jentene våre. Ingrid fekk chackrabehandling i stova.

Sundag:
Lang frokost hos Borghild, Gerd og Tonje: Borghild har fylt året og er heime på ferie. Snodig at dei ein “nettopp” haldt i armane sine som nyfødd, eittåring og fireåring fyller tjue.
Spinningwheel is spinning….

Heimebakte fastelavnsbollar på kjøkkenet med Ingrid og Oddvar. Eg og Ingrid måtte slokka brann. Brannvarslaren gjekk, og frå røyret mellom veggen og omnen i kjellaren slo det høge flammar. Panikken var nær ved å ta oss, men me klarte å slokka med vann og våte handdukar. Fin kveld i kyrkja etterpå med Bach og meditasjon.

Måndag:
Tur på den verste hålka eg nokongong har kjørt bil på. Flyplassen var stengd då me skulle henta dei andre. Flyet
deira måtte returnera til Oslo. Far måtte henta oss, for eg torde ikkje kjøra bilen heim…

Tysdag:
Jobba med planlegging av ungdomsstykket vårt heime hos Jan Ivar. Serverte vesle Hedvig lunsj frå tåteflaske.
Fekk oppskrift på supergodt foccacia-brød med oliven og soltørka tomat. Laga skikkeleg slow-food til syklubben: nam-nam-chilisuppe som var så sterk at hendene mine lukta kvitløk, løk og chili i to døgn.

Onsdag:
Fekk skrive ferdig musikalen og fleire dragehistoriar. Slo hol på kneet på veg til spansk-kurset. Var på fin restaurant med kjærasten min og framleis hol på kneet…
Åt hjortefilet med gresskar. Kino etterpå og CD plate med kjærleiksdikt i bilen…

Torsdag:
Besøk av Janne for første gong på fjorten år. Tulipanar og nysteikte rundstykke. Fekk skrive endå meir. Nå begynnar det å hjelpa.

Fredag:
Sterilisering av kattane som var hjarteskjerande slakke etterpå. Me klappa dei og prøvde å forhindra at dei datt ned frå sofaar og stolar. Skriva, skriva, skriva ved sida av kattesjukepleie.Lang telefonsamtale med eldsteguten som kom tilbake til folkehøgskulen frå Australiaturen
Singstar med Halvard. Alle dei andre i huset er relativt flinke til å synga, bare ikkje eg. Fann ein liten nisje å hevda meg på: Rap: It`s tricky to rock a rhyme, to rock a rhyme, to rock a rhyme… Slo Halvard ned i støvlane tre gonger Yeah.

Lørdag:
Jobbeøkt med Jan Ivar vart avslutta med at eg fekk trilla Hedvig i barnevogna gjennom nydeleg vinterver. Kaffe mocca på kaffebaren. Kjærasten heim frå snow-board tur med brukken arm… Kvelden brukt på legevakt og sjukehus. Han får reisa heim med ugipsa arm med brudd oppunder albuen. Han kjører bilen, eg girar… Har fått panikk for kjøring på glate vegar.

Sundag:
Sjukepleiar og vertinne for den skada kjærasten min. Seks personar har vore på sjukebesøk, og kaffien var varm frå klokka ti til klokka fem. Har jobba heile kvelden
med finpuss på musikalen med hjelp frå Torhild som song melodiane i telefonrøyret medan eg finpussa rytme 🙂
Telefon frå Camilla, som eg har tenkt på å ringa til kvar dag i tre månadar 😉 Så har eg laga ferdig prosjektskisse for eit skriveprosjekt for barn, med dealine til i morgon, og førebudd første skuledag etter ferien. Utruleg så godt ein jobbar under press. Sneik meg til ein tur innom Andedrakt og klarte ikkje å la vera å skriva litt… Og eg som skulle leggja meg så tidleg…

Fin perlesnor, ikkje sant? Med minst fire ganske dramatiske innslag, litt romantikk, ein del snø og solskin og større porsjonar venskap. Skulle gjerne hatt lenger ferie, men Kvardagar here I come. Til rors Columbus!

Heidi