Gå til innhald

1.mai

Det er første mai og klar for ein ny sesong med mai-blogg. La meg starta med å presentera dama som flytta inn hos oss i går. I fylgje kunstnaren heiter ho Thale og er på veg til første dag i ny jobb. Av og til får eg høyra at eg har ein litt eigenarta smak når det gjeld kunst, men desse sjarmerande skulpturane falt eg for for fleire år sidan. Eg er fornøgd med at eg torde å bruka gavekortet frå snart eit år tilbake og litt til på å kjøpa denne, eg er overbevist om at ho vil få det godt hos oss.

Då me kjørde ut til Hå gamle prestegård i går for å handla kjende eg meg fylt av glede. Det er så fantastisk å sjå bjørkene stå der med nye grøne blad, sjå at graset blir grønt att, at åkrar ligg mørke og nypløygde og at vipa er her igjen. Det gjer så godt å kjenna at sola har begynt å varma meg i ryggen att, og plutseleg å oppdaga at kirsebærtreet blømer igjen. Mykje vatn har rent i havet sidan sist det var vår. Det har vore eit merkeleg år, og eg set uvanleg stor pris på at me framleis lever kvardagsliva våre og har det bra midt i alt som er og har vore.

Sundagen har vore fullmøblert slik han ofte er det hos oss. Eg har hatt sundagsskule i lag med Hilde, me laga dokketeater i lag med ungane av historia om sauen som blei borte, og etterpå laga me sauer av trolldeig. Barnebarnet, den velsigna ungen, synest framleis at det er superkjekt å få vera med i kyrkja om sundagane. Måtte det vara ei stund til, for det er så fint å vera der i lag med henne.

Som ei markering av datoen har me hatt lunsj med gode venner heime hos oss og lese Rudolf Nilsen, Hans Børli, Einar Skjæråsen og Alf Prøysen høgt for kvarandre. Mykje har forandra seg sidan songane om jordens bundne treller og i som sulten knuget har vart skrivne, men solidaritet med dei svakaste treng me framleis i aller høgaste grad. Utfordringane er blitt nye og annleis, men behovet for å stilla opp for å hjelpa kvarande til å få til å leva gode liv er framleis veldig aktuelt.

Om ettermiddagen vart hengekøya innvia for sesongen, rett nok av andre enn meg. Etter litt tid ute i sola dekka me langbordet til sundagskaffi for barna, barnebarna og foreldra mine. Sundag er ein perfekt dag for å vera i lag på tvers av fire generasjonar. Det er fint å sjå at barnebarna mine har stor glede av oldeforeldra sine og omvendt.

Det er kveld og eg burde sikkert ha rydda vekk dokker og andre leiker frå stova, men i staden skal eg gå og leggja meg. Veka som kjem blir travel, men eg trur og ho skal vli veldig fin. Ha ein fin mai-månad alle saman 😊

Heidi

Kjære mi tid

Kjære mi tid

hende det at dei vaksne sa

når noko floka seg til.

Nå seier eg dei same orda

ømt og halvhøgt for meg sjølv,

med takk i undertonane

fordi eg plutseleg ser kor fine dei er.

Eg ser at du er her

seier eg til tida.

Du og eg har gått arm i arm

i motvind, medvind og motbakkar.

Me har vandra saman langs endelause strender,

vore nær kvarandre i menneskemøte

og tårevåte avskjedar,

me har vore saman i barnefødslar

på ferieturar og hos tannlegen.

Trufast har du vore her,

og fare mildt med meg

sjølv om du har sett spor og merke etter deg.

Du har opna dørene til det me kallar livet og lete meg gå inn for å vera der.

Du har dekka bord for meg

og for alle dei andre

som nesten har gløymt å hugsa

at du er ein gjest

som ein gong skal forlata oss

på ein haldeplass me bare har høyrt om

og gje deg i veg vidare utan oss.

Så kjære mi tid,

kviskrar eg mildt

med eit streif av skjelving i stemmen,

me er framleis saman du og eg,

la oss bruka kvarandre

med respekt og varsemd.

Heidi

Life is a cabaret…

Den siste halve veka før påske var i forestillinga sitt teikn. Me øver på forestillinga «Til sæters» med fjerde trinn. Det er ei forestilling som er eit samarbeidsprosjekt mellom skule og kulturskule under vignetten «Songskattane». Kvart år får fjerde trinn på skulane i kommunen øva inn mange gamle barnesonger, og så ender det opp på scenen i Storstova, kulturhuset vårt som ei stor forestilling for skular, foreldre og besteforeldre.

Elevane får i tillegg til å vera utkledde som barn frå gamle dagar og synga i eit stort kor med profesjonelle musikarar og vera med på å dramatisera ei rammeforteljing og historiane bak dei ulike songane. På torsdag fekk eg bruka heile dagen på å øva med grupper av elevar. Kvar gong eg er med på sånne prosjekt slår det meg at det skapar ein annan type dynamikk og ein annan måte å vera i lag på enn såkalla vanleg undervisning. Det gleder meg og å sjå at ungane syng Anne Knutsdotter, Håvard Hedde og Blåmann, Blåmann med stor entusiasme og nesten kappast om å få lov til å synga solovers i mikrofonen. Kanskje me tek heilt feil når me ofte trur at for å fenga barna må me stilla med noko hipt og kult og småfrekt?

Det er og fantastisk kjekt at nå kan me igjen samla elevane i aulaen og klassetrinna kan ha forestillingar for kvarandre. På onsdag var me så heldige at femteklasse inviterte resten av skulen på ei eigenprodusert forestilling, og om kvelden fekk eg jammen ta med meg barnebarnet og sjå på ei flott forestilling som Ingrid hadde laga med sitt trinn på sin skule.

På onsdag i krle-timane fekk alle i fjerdeklasse vera med og spontandramatisera den kristne påskeforteljinga med kunstbilete på storskjerm som kulisser. Det er og like velkoment kvart år. Sjølv om eg alltid veit at det ber med seg eit visst element av kaos, så er eg overbevist om at elevane lærer meir av det enn å sitja på pulten sin med ei lærebok.

I mange år var drama og teater ein stor del av jobben min i skule og kulturskule. Det er det ikkje lenger i like stor grad som før, men dei gongene eg plutseleg står midt oppi det blir eg heilt fascinert over kor kjekt og fengande det er.

Det heile blei toppa med tiandeklasseforestillinga eg har vore med på å laga med kulturskulen på torsdag og fredag i Storstova. Det var så kjekt å sjå det ferdige resultatet. Kollegene mine i kulturskulen er så dyktige. Det er eit av dei kjekkaste samarbeidsprosjekta eg er med på, for me vaksne er heilt avhengige av kvarandre sin kompetanse for å få eit bra resultat.

Nå er det full fart i heimen med påskegjester og fulle hus. Eg er takknemleg for ferien og for å ha mine rundt meg. Storfamilielivet er ikkje noko latmannsliv det heller, men det er veldig kjekt. Nå skal eg sjekka om surdeigen er klar til baking.

Heidi

Fredagstankar

Fredag er kanskje den finaste dagen. Då leikar eg frilansar og vaknar utan vekkjarklokke. Eg elskar jobben min i tilfelle nokon ikkje skulle ha fått med seg det, men det er ikkje til å underslå at arbeid i barneskule er høgtempojobbing der ein prøver så godt ein kan å vera blekksprut og gjera mange ting samtidig. I vinter har det vore travlare enn nokon gong sidan me har vassa rundt i pandemien. Dei fleste av oss har ligge nede for telling etter tur medan resten av mannskapet får styra skuta etter beste evne. Nå har nesten alle kolleger og nesten alle elevar vore sjuke, så det er snart ikkje nokon att til å smitta meg. Kanskje eg rett og slett slepp unna? Det får visa seg. Poenget med denne lange innleiinga skulle eigentleg bare leia fram til at etter fire intense dagar på jobb i skule og kulturskule så er det aldeles nydeleg å sova lenge og ha god tid den femte morgonen…

I dag starta eg dagen med steiking av surdeigsbrød som hadde stått på kaldheving i natt, før det vart frokost ved kjøkkenbordet som var bada i vårsol. Med svart kaffi og eit tend stearinlys så kan det ikkje bli stort betre. Etterpå har eg leikt forfattar og andre ting, delvis via mobiltelefonen frå sofaen. Det skjer rare og fine ting. Eg har hatt radioen på og høyrer omen av nytt om krigen i Ukraina. Ein del av hjernen min er i konstant bøn og omtanke for det som skjer der. Eg håpar at diplomatiet snart vinn fram. Eg lar meg sjokkera over kor sterke dei mest primitive mekanismane i verda er. Dette er kanskje ikkje dei beste tidene til å tona flagg som pasifist, men eg tenkjer likevel at «Krig er forakt for liv». Veka før påske skal elevane på 10.trinn framføra ein sjølvlaga musikal med tittelen «Velkommen te Norge». Stykket handlar om oss nordmenn sett gjennom auga på ein ung flyktning. Temaet er langt meir aktuelt enn me ante at det skulle vera då me laga manuset før jul. Nå får me be om at me får store, romslege og inkluderande hjarte slik at me kan vera der når me snart blir utfordra til å vera der for nokon.

Det er rart kva me venner oss til når me må. Viss me hadde fått vita kva som skulle skje oss for to år og to veker sidan, hadde me sikkert blitt sitjande og måpa. Nå har me teke to år med pandemi på relativt strak arm og gjennomlever ein krig i Europa som heldigvis ikkje berører oss reint fysisk, men som har rokka kraftig når det gjeld kva me trudde var mogleg. Her i heimen har me i tillegg opplevd at Leif plutseleg måtte gjennom ein stor hjarteoperasjon i haust. Nå kan me sjå oss tilbake og tenkja at dette har gått fint. Nå veit eg at det er lett for meg å skriva slikt så lenge det ikkje er mitt hjarte det har vore knivar i, men det å stå saman med nokon i ein slik situasjon har og vore ei ny erfaring.

Den merkelege bonusen av å ha fått trimma antihypokondarmusklane kan av og til skimtast. Normalt er eg nevrotisk redd for å få det brevet ein alltid får etter ein rutinekontroll på mammografien. I går opna eg det utan å ta fart eller skjelva på hendene, og fekk vita at det ikkje var funne noko unormalt denne gongen heller. Slikt set ein pris på, hypokondar eller ikkje.

Teikninga over er forresten laga av ein av elevane mine. Me har laga fredsplakatar. Eg får lov av elevane å bruka kunsten deira. Dei synest det er litt stas at eg har lyst til å visa det fram.

I dag fekk eg sjå at teksten eg skreiv for to veker sidan har fått både svensk og dansk språkdrakt. Eg blir glad når tekstane mine kan brukast av andre, og det gir meg lyst til å skriva meir. Eg er veldig glad for at eg dei siste åra har klart å ordna meg fri på fredagar slik at eg har ein dag eg kan bruka til anna arbeid enn det som først og fremst er skulerelatert. I dag har eg fått vita at det er laga eit nytt og fint arrangement til ein flott tangomelodi Bjarte Lending har laga til ein av tekstane mine. Kanskje eg får lov til å leggja ut ei lydfil her ein gong.

I tillegg til dei andre jobbane kjennest det nesten som om eg har ein liten jobb knytta til kyrkja og. Eg er med i soknerådet, diakoniutvalet og utval for grøn kyrkjelyd. I tillegg har eg sundagsskule og er med på å laga bønevandringar på kveldsgudstenestene. Så er det viss eit styre i Oslo og når eg tenkjer meg om. Det er fint å få vera med som frivillig i diverse samanhangar som eg synest er viktige. Her går det an å tenkja at nokon burde læra meg ordet nei, og det kan det vera noko sant i… Det eg er blitt ganske flink til er å bare takka nei til oppgåver som eg kjenner at eg kan utføra med lyst og glede. Eg trur det er ein grei tommelfingerregel å takka nei til ting ein kjenner når ein blir spurt at ein ikkje har lyst til. Men gleda ved å jobba på dugnad for noko ein synest er fint unnar eg mange å oppleva. Eg veit at mange av dei som les dette har erfart det same, enten det gjeld å vera handballtrenar, speidarleiar eller å bidra i Røde kors og saniteten. Dette året er sett opp til å vera Frivillighetens år. Det kan nok bli ein sjanse for mange å få bidra med både det eine og det andre nå når det kjem mange flyktingar til oss.

Nå kjem snart Torhild. Me skal øva inn eit program me skal bruka på eit arrangement på Frelsesarmeen i slutten av mars. 8.mars fekk eg vera med på eit kvinnedagsarrangement på Mellombels. Det var veldig kjekt. Verda opnar seg langsomt opp etter nedstenginga og det kan fort bli travelt.

Ha ei god helg alle saman. Eg legg inn ei nabolagsteikning frå ein elev som ei utfordring til å nyta vårdagen og nabolaget.

Heidi

Stille og modige songar

Eg opplever gong på gong det å kasta ein tekst ut i vinden, og så kjem han på nesten mirakuløst vis heim att i lag med ein melodi. Eg er så utruleg glad for at Carl Petter fanga den siste teksten min i lufta og gav han ein vakker melodi utan at eg ein gong hadde spurt om det. Carl Petter er ein av mine favoritt-samarbeidspartnarar, eg liker så godt melodiane hans, og ikkje minst måten han spelar klarinett på. Og så liker eg at han glatt gir meg lov til å dela noko som både eg og han har lyst til å dela akkurat nå; ord og tonar til trøyst og håp.

Då eg stod opp i dag kjende eg i heile meg ei stor sorg over krigen i Ukraina og alt det som er usikkert kring heile situasjonen. Det er så ufatteleg vondt at noko slikt kan skje, og me kjenner plutseleg kor små me er. Eg har eit lite diktoppdrag om kvelden 8.mars, så eg sette meg ned for å leita i eigne diktbøker etter passande tekstar. Dei fann eg, og kanskje kan eg posta dei her den 8., men til mi eiga overrasking så fann eg mange dikt som rett og slett var til trøyst for meg sjølv. Kanskje det er noko av det som er omtalt i det gamle ordspråket om å setja brød ut på vatnet for å finna det att seinare…

Eg tenkte at det kanskje var ord eg kunne dela her inne i tilfelle dei kunne gje trøyst og håp til fleire enn meg:

ØRSMÅ BITAR AV LIVET

Me ber ikkje heile verda,
det kjennest bare slik av og til.

Det me forsiktig ber med oss i lommer og hender
er bare ørsmå bitar
av livet til dei me elskar.

Sjølv blir me borne, det er me skapte for.

Det er ikkje alltid me hugsar det.

*

DÅ SKAL EG SYNGA DEI MOLDMJUKE SONGANE

Når alt sitrar
og livet skjelv,
når varmen kjem innanfrå
og bare vindane stryk huda mi,

då skal eg syngja,
syngja deg dei moldmjuke songane dei som kunne hatt triste ord,
det hender det er dei som passar best.

*

MED TILLITEN SITT BARNEBLIKK

Som eit nyfødd barn strekkjer eg armane ut og let tyngda vera tillit,

alltid bare tillit, slik skal eg bera meg sjølv vidare.

Det er nå
resten av livet mitt begynner og begynner.

Med tilliten sitt barneblikk
stirrar eg morgonen rakt i auga

heilt til eg får blikkontakt.

*

MED TÅRER BLANDA MED JORD OG STØV

Den dagen eg ikkje lenger kan la det vera,
skal eg gråta

med tårer
blanda med jord og støv og brende greiner
skal eg mala
den gråtande Kristus

Han har gråte lenge allereie.

*

Ørkenbarnet mennesket

Sjå i nåde til den

som haltar seg fram,

ørkenbarnet mennesket

ikledd ein kappe av mørke

før morgonrøden kjem.

Slepp meg ikkje før eg er velsigna

Du som kjenner mi styrke og mi uro.

Du som ser.

Eg tek skoa av og frys på nattekald mold.

*

Sjå til meg

Du som framleis leier dine

gjennom skogar me ikkje har visst om
gjennom brenningar av nedkjølt liv
og gjennom buldrande stormar.


Du som framleis er der
og skal vera

midt i alt som koma skal.


Sjå til meg

her eg går og plukkar stjerner

og syng nylaga songar om mot.

*

Eg ynskjer alle mykje mot, håp og glede. Det er slikt me treng nå.

Heidi

Blåfarga bøner

Me vekkjer motet vårt til nye songar

medan me bles mollstemde bøner

gjennom klarinettane våre

så blåtonane presser seg mjukt

mot alle veggar som aldri skulle vore der,

og strikkar ordlause bøner i blått garn

med klirrande, klagande strikkepinnar.

Me baker brød med smak av håp og salte tårer,

me tørker snått og bekymring under rennande barnenasar

før me kyssar dei på begge kinn,

og ber om fred i verda,

om fred over dei

som akkurat nå sit i eit bomberom

med barnevogn og kalde tåteflasker,

om fred over dei som får utdelt ein uniform dei aldri har bedd om å ta på seg,

og over dei som støtter gamle som ikkje klarer skunda seg når flyalarmen går.

Fred over hjarta våre og vitet vårt.

Fred over alle bøner som legg seg som stumme skyer rundt jorda vår,

over bønene frå stumme struper,

frå trompetar og pennar,

frå snøklokkene og frå vipene

som akkurat kom tilbake,

frå bølgjene som stille slipar rullesteinane på stranda,

frå kråkene i dei store trea

som framleis strekkjer nakne,

mørke greiner mot himmelen.

Heidi

Ein stille og modig song

Når håpet blir rysta, og livsmotet skjelv,

når vegen me gjekk på forsvann,

då står me i regnet og nektar å snu.

Me står der fordi me kan.

*

Når draumen blir velta av isnande vind,

som røskar oss gong etter gong,

då står me i stormen og syng om håp,

ein stille og modig song.

*

Ein song om å leva, ein song om å tru,

ei bøn som me alle kan be,

om tillit og varme, om lys og kraft,

om mot til å byggja fred.

Heidi

Krig i Ukraina

Eg har tenkt at dei siste månadane har vore heilt surrealistiske med tanke på den merkelege smittesituasjonen me har hatt på jobb og elles rundt oss. Plutseleg innsåg eg at det surrealistiske i tilveret hadde fått nye og uante dimensjonar. Det utenkjelege hadde plutseleg skjedd. Det er krig i Europa, ein angrepskrig frå Russland mot Ukraina som eg eit par dagar tidlegare hadde nekta å tru på.

Plutseleg er spørsmåla dei norske politikarane må ta stilling til av eit heilt nytt slag. Det blir diskutert om ein skal endra loven slik at ein kan levera norske våpen til motstandsstyrkene i Ukraina. Norske våpen frå Raufoss våpenfabrikk skal allereie vera på veg via danske styresmakter.

For nokre år sidan reiste eg og Leif rundt i Europa med tog i løpet av nokre sommarveker. Etter eit litt ublidt morgonmøte med byen Lviv som me kom til med nattoget ein grytidleg morgon, forelska me oss heilt i denne sjarmerande byen som eg sidan har hatt veldig lyst til å reisa tilbake til.

Noko av det som gjorde absolutt mest inntrykk på meg vart då me besøkte ein gigantisk gravlund i form av ein stor park. Her kom me til eit område med enkle trekrossar det det framleis ikkje var sett opp skikkelege gravstøtter endå. Slik eg hugsar det var gravene pynta med store mengder silkeblomar. Då me kom heilt bort, forstod me at det var soldatgraver. På fleire av dei var det lagt ut bilete av unge gutar i shorts og t-skjorte med ein fotball under armen og så eit bilete av same unge guten i militæruniform. Nokre av desse var på alder med den yngste sonen min som eg på den tida nesten tenkte på som eit barn.

Når eg høyrer at menn mellom atten og seksti år ikkje får reisa ut av landet fordi dei skal vera igjen og kriga mot okkupasjonsmakta, tenkjer eg på denne gravplassen, og det skjer meg i hjartet. At dei skal ut og drepa med våpen produsert i Norge synest eg er heilt forferdeleg, sjølv om det som har utløyst behovet for dette er endå mykje meir forferdeleg. Å sjå gatebilete der ein ser menneske i soldatuniform stå klare for å drepa kvarandre er ikkje til å halda ut.

Korleis ein kan løysa denne forferdelege situasjonen på ein mest mogleg fredeleg måte er jo det mest alle menneske spør seg sjølv om akkurat nå. Å høyra Putin bruka retorikk som eg håpa var begravd med den kalde krigen er heilt gruoppvekkjande.

Me får ta godt vare på kvarandre og prøva å halda hjarta varme og tankane klare. Me har sett verda stå av kriser før, og får håpa at dette ikkje er noko unntak. At mykje er gale med mange slags balansar er det ikkje tvil om, men midt i det heile lever me dei små, viktige liva våre både på Bryne, i Lviv og Kiev og i Russland. Me tørker alle snue av nasane til barna våre og baker brød til dei. Me tek vare på kjærleiken, varmen og dei små og store gledene så godt me kan, og me håpar alltid på at gode ting skal henda.

Då me var i Ukraina vart eg rørt av måten folk søkte til kyrkjene på. Eg stod i ei lita rosa kyrkje i ein ukrainsk by og såg unge og gamle kvinner, barn og soldatar koma inn for å kyssa store ikon dekkja av plexiglas. I kyrkjeromet var det nokre eldre kvinner som tydelegvis hadde det som si kyrkjeteneste å tørka av glaset over ikona med noko som likna på store gammaldagse lommetørkle.

Eg såg folk i alle aldrar stå i kø for å koma inn på gudsteneste og eldre menn som stoppa, tok av hatten og bøygde hovudet i ærefrykt når dei passerte kyrkjer. Mi bøn i dag må vera, ver hos dei, Gud, og gje dei kraft og mot til å bera tyngda av eigne liv og eit land i krig.

Eg sit på ein fredeleg kafé på fredelege Bryne etter pliktoppfyllande å ha vaska hendene i antibac. Eg høyrer latter og lyden av det gode og helsar på barn som nyt skuleferien. Eg famlar litt meir enn vanleg etter dei rette orda, men kjenner dette var eit innlegg eg måtte skriva i dag.

Fred vere med oss alle.

Heidi

Rare veker

Det er vel inga overdriving at me er inne i uvanlege tider. Som eg skreiv sist, så har eg nesten litt behov for å loggføra korleis vekene denne vinteren har vore. Det må rett og slett vera interessant å ha det nedskrive til seinare bruk og refleksjon.

Kanskje me trudde me hadde nådd ein slags topp av koronapandemien då trinnet mitt haldt heimeskule dei siste dagane før jul fordi me hadde smitte på trinnet. Slik skulle det ikkje visa seg å vera. Etter jul tok det verkeleg av med veker der me hadde fleire sjuke enn friske elevar, og sidan har det aldri heilt slutta å ta av…

Dei siste vekene har smitta slått som store bølgjer over personalet på skulen min og over dei fleste andre arenaer. På jobb har det vore eit dagleg puslespel å få til å vera nok vaksne til å driva god og forsvarleg undervisning, og me har verkeleg fått tøya fleksibilitetsmusklane våre på å måtta snu opp ned på det me har av planar nesten frå dag til dag. I familien har til nå 75% av barna mine og svigerbarna mine vore smitta dei siste vekene og 50% av barnebarna for å vera litt meir matematisk enn eg pleier å vera. At små barn plutseleg er veldig dårlege er ikkje kjekt i det heile tatt, men heldigvis gjekk akkurat det fort over.

Noko av det som er utfordrande er å gå og venta på at nokon, kanskje for eksempel meg sjølv, skal bli smitta og det å leggja planar for korleis me løyser det når og viss folk blir smitta. Eg synest for eksempel det er ganske utfordrande å ikkje kunna melda seg til å hjelpa til med å passa smitta barnebarn fordi eg så langt ikkje har hatt korona sjølv. Men som barnebarnet trøysta meg med: «Me æ jo enn familie for dæ om atte æg ikkje kan koma inn te dæg fordæ æg he korona!» Det er jo veldig sant… Og det å få snøklokker levert på døra av ei som ikkje kan koma inn er jo til å bli rørt til tårer av.

Tre turar austover i haust har måtta avlysast på grunn av smittefare. Den eine turen vart flytta på, men let seg ikkje gjennomføra på andre forsøk heller. Eg skulle ha vore på eit styremøte i Oslo som eg måtte fylgja via ipaden frå stovebordet heime. Det gjekk heilt fint det og.

Eg gleder meg veldig til at eg ikkje lenger føler at eg må åtvara folk om at eg har vore oppi veldig mykje smitte i det siste, og at det kanskje er lurt å halda litt avstand.

Då den store opninga kom midt i eit kaos av smitte og korona sa eg til yngstesonen at eg nok syntest dei kunne ha halde igjen bittelitt ei stund til. Eg måtte smila litt av svaret hans: «Men du må huska på mor at dæ æ andre samfunnshensyn å ta enn hypokonderiske femtiåringar.» Eg innsåg at han hadde eit poeng, og måtte smila litt både av det og av at han var hensynsfull nok til å slå av ti år i aldersanslaget.

Eg må jo seia at dei siste to åra har vore god eksponeringsterapi for skaphypokondarar. Eg må vera ein av landets ivrigste brukarar av heimetestar, men har elles klart meg bra. For å vera heilt ærleg må eg innrømma at eg kjenner det litt når det blir bestemt at koronasjuke barn kan gå på skulen som vanleg dersom dei bare har lette symptom, det kan jo vera at dei som har bestemt det har rett i at barn må få ein så normal kvardag som vanleg.

Og akkurat det synest eg faktisk at me har lukkast i. På skulen lever me det normale livet så langt det kan la seg gjera og eg er veldig imponert over dei eg jobbar saman med som verkeleg står på for at pandemien og stort fråfall av vaksne på jobb ikkje skal gå ut over ungane. Midt i koronabølgja lever me eit nokså normalt og veldig triveleg skuleliv. Fleire av dei eg snakkar med på jobb seier at dei aldri har følt seg så slitne om kveldane som dei gjer akkurat nå, så då får me trøysta kvarandre med at det sikkert bare er heilt normalt etter månadar med litt høge skuldre medan me balanserer våre eigne post- eller pre-koronasymptom så godt me kan. Dette står me i og greier oss faktisk ganske bra.

Då me høyrde om fritidskarantene, at me som lærarar skulle kunna gå på jobb og vera i karantene i fritida, høyrdest litt urimeleg ut då eg høyrde om det første gongen. Nå innser eg at det i grunnen nesten er slik me har levd etter jul. Det har vore velsigna deilig å setja seg i sofaen med eit strikketøy, ein katt og eit fjernsynsprogram når kvelden nærmar seg.

Morgonane og kveldane er blitt merkbart lysare. Snart trengst det ikkje sykkellykt lenger dei morgonane det ikkje er så glatt at sykkelen må bli heime i garasjen medan eg tek beina fatt. Eg har snøklokker i ein blå vase på bordet, og vipa er observert på Jæren allereie. Det blir vår i år og, sjølv om dei som styrar verda raslar med sablane og hissar til krig. Nå held me oss godt fast i alt som godt er, lagar surdeigsbollar som skal stå til heving i åtte timar på kjøkkenbenken og pustar langsamt inn og ut medan lyset kjem tilbake og pandemien går over.

Heidi