
Dette er arbeidsplassen min. Den finaste tida er rundt 17.mai når dei rosa kirsebærtrea blømer. Mange tre rundt skulen er fjerna i løpet av dei siste åra. Heldigvis har eitt av dei rosa trea fått lov til å bli ståande. Denne eine veka i året med rosa blomar burde vera nok til å la treet stå til evig tid.
Bygningen eg jobbar i er 100 år gammal i år. For to minutt sidan slo det meg plutseleg at det er heilt villt at eg har hengt med i 36 av dei. Det er nesten same kjensla som då det gjekk opp for meg at då eg var fødd var det bare 16 år sidan krigen slutta. Når ein som vaksen tenkjer 16 år tilbake, så kjennest det som om det var skremmande kort tid sidan. Det er ikkje rart i etterpåklokskapens lys at dei vaksne snakka så mykje om krigen, sjølv om det for oss barn opplevdest som uendeleg lenge sidan.
I morgon skal me bruka heile arbeidsdagen + deler av kvelden på å framføra «Songskattane» i Storstova. Det blir spennande. Etter vekesvis med øvingar i timar og ekstraøvingar i friminutt og i tillegg eit med konstant blikk på eventuelle rekvisittar og kostyme me kan bruka på scenen, blir det spennande å plutseleg vera midt i framføringane. I kveld har me hatt ein siste messengerrunde på om me har nok lykter med ledlys i. Nå trur me at me har funne dei lyktene me treng. I morgon kjem fjerdeklassingane frå skulane på Bryne til kulturhusey klokka 8.30 iførte klede «frå gamle dagar». Så tek me resten der i frå.
Heidi

Det er slutt på pedagogen, en maskin har overtatt…
«Heidi, kan eg få visa klassen ein film eg har laga?» spurde ein av elevane i dag. Eg sa at viss det passa å visa han dei siste fem minutta før me skulle på biblioteket så var det greitt.
Det viste seg at han hadde brukt ein app og lagt inn bilete av alle lærarane på trinnet slik at me song kvar vår song med munnbevegelsar, augebevegelsar og stor innleving. Me fekk oss ein god latter både då og seinare då me vaksne såg filmen etter at elevane hadde gått heim. Det er utruleg kva det går an å gjera. Få ting er forresten så befriande som å le høgt og lenge saman med ein elev.
Eg har for lengst akseptert at mange av elevane har gått forbi meg i digital kompetanse. Det er heilt greitt då kan dei hjelpa meg. Det er litt av ei digital reise me har vore med på dei siste åra. Dei gongene eg tenkjer over alderen min i skuleuniverset og alle, inkludert ungane tar det mykje raskare enn meg.
Den digitale eksplosjonen både i skulen og samfunnet ellers reiser mange interresante problemstillingar. Dei skal eg ikkje diskutera her og nå, for nå er eg veldig trøytt etter ein lang og intens arbeidsdag. Det anslaget får rett og slett få lov til å henga i lufta ei stund…
Heidi

På denne tida av året er det tida for å samla lause trådar og for å prøva å ta ned ein del av ballane som er i lufta på ein god måte. Eg er ikkje alltid så flink til å avslutta ting, eg liker på ein måte at det som er bare skal fortsetja og fortsetja. Ser ein positivt på det, så inneber dette ein god porsjon stayer-evne. Noko eg veit at eg må jobba med er det å gje slepp på ting og la nye ting koma. Dei siste vekene har eg jobba med å ferdigstilla den boka me skal laga på skapande skriving på kulturskulen. I år skal me samarbeida med kunstfag som lagar bilete til boka, og eg trur det skal bli veldig fint.
Elevane mine på skapande skriving liknar litt på meg i det at dei har halde ut veldig lenge på faget. Nå er dei frå femten til atten år gamle. Dette har gjort at det har vore vanskeleg å ta inn nye unge elevar fordi då både alderen og erfaringa ville vera så ulik. Dersom du er ti år gammal er det ikkje lett å koma inn i ei gruppe der dei andre er minst fem år eldre enn deg.
Til hausten er det på tide. Då skal me starta ei ny skrivegruppe for elevar frå 5.-7. klasse. Eg har plass til ti elevar, blir dei fleire er det vanskeleg å hjelpa kvar einskild slik eg helst vil. Eg skal senda ut eit informasjonsbrev til skulane i Time, men les du dette og kjenner nokon i målgruppa som liker å skriva så er det bare å ta kontakt med meg eller kulturskulen.
Eg tenkte å by på eit par av tekstane frå boka me lagar nå. Sidan eg ikkje har klarert det med elevane mine, oppgir eg ikkje namn på forfattarane.
Å se
Å se ut på en verden der ingen vet at du eksisterer.
Å se ut på en verden som ikke vet at du ser den.
En interessant følelse:
På en måte er det spennende.
På en måte er det veldig trist.
Å se på en verden som ikke ser deg som deg.
Å se ut på en verden som fort vil glemme deg.
***
Hiroshima
Stillheten,
den menneskene opplevde i Hiroshima.
Det så ut som ei lita stjerne før den traff.
Lyset fra den lille stjerna blei sterkare.
Fjør som flyg.
Glas som blir knust.
Menneske som døydde då den traff.
Ein død by.
Ei mor som hysjar på ungen sin.
Lyset som strålte då den traff.
Fred er noko du er.
Stillheten var ubehageleg.
Før den traff var den som ei lita stjerne.
Lyset frå stjerna lyser for kvar centimeter ho kjem nærare.
Fjør som flyg.
Glas som knuser.
Menneske som går i dekning.
Menneske som døyr.
Ei lita stjerne rett før ho traff.
Ein død by.
Ei mor som hysjar på ungen sin.
Byen ser ut som gamle ruinar.
Fred er noko du er.
***
Heidi

Løvetennene er på sitt finaste nå. Det lyser knallgult og frekt frå tjelver, hagar og grøftekantar. «Tenk om løvetennene hadde vore grøne og graset gult», sa barnebarnet då me betrakta herlegdomen gjennom bilvindauget på veg til Soma gård. Me var einige om at det hadde nok sett rart ut sidan me er så vane med at det er motsatt.
Det har vore ein fin maisundag. Først var me i kyrkja. Barnebarnet og resten av barnekoret song av full hals og klarte seg kjempebra. Foreldre og besteforeldre sat med ein liten klump i halsen og høyrde på, for ingenting er så tåredryppande som syngande barn. Eg reknar med at eg ikkje er aleine om å oppleva det slik, sjølv om me nok er litt ulike. Mi liste over ting som garantert trigger tårene mine er i tillegg til syngande barn -skulekorps, mannskor med kvite songarluer og teksten på «Fortell ikke meg at du er eeeensoom». I den siste songen er det spesielt verset om den gamle mannen som sit aleine på kafeen og drikk sin kalde te. «Han har ingen venner, men han gir ikke opp for det…» Sidan eg begynte å gråta av den songen då han kom ut i 1971, hadde bror min i mange år stor underhaldning i å syngja han for meg for å sjå om det hadde sin forventa effekt. Det aller mest tåredrypande eg veit er kombinasjonen av syngande barn med levande lys i hendene. Då er det nummeret før eg hulkar høgt. Dette scenarioet er ikkje fullt så sannsynleg som det ein gong var fordi det nå er så strenge reglar knytta til levande lys at eg mest aldri ser det lenger.
Etter kyrkja reiste me med barnebarna og foreldra deira til Soma gård der me klappa lam og geiter og grilla pølser og åt is. Ungane var storfornøgde med at det i tillegg var mange trampoliner, traktorar og kjekke leikeapparat der. Minstebarnet er ein hund etter alle mulige variantar av disser og vipper, og dette hadde ho god tilgang til. Ingen av oss hadde vore der før, og me var einige om at dette kunne me ha lyst til å gjera om igjen ein annan gong. Sola skein så fint sjølv om det var relativt kjøleg. I dette hjørnet av verda forlangar me ikkje å ha det varmt eller vindstille for å synast at veret er fint.
Me la heimvegen til vegen ytterst langs strendene. Akkurat nå er det så fint ute at eg får lyst til å gråta. Kvar vår er det nesten ein slags sjokkeffekt i å oppleva at naturen vaknar til live att etter ein vinter. Hos oss er vinteren meir bleikgul og grå enn han er kvit, det er alle grønfargane som gjer våren så eksplosivt fin. Kvart år skjer det eit under i naturen sjølv for oss som ikkje har ein einaste centimeter med snøsmelting. Eg gleder meg til resten av oppvakninga. I år tenkte eg meir enn eg vanlegvis gjer på datoen for i dag. Plutseleg er ikkje det å bu i eit fritt og fredeleg land ikkje fullt så sjølvsagt lenger. Løvetennene mot den blå himmelen på biletet øverst fekk meg til å tenkja på det ukrainske flagget. Måtte verda snart koma på hengslene att.
Heidi

I dag morges såg me at den næraste naboen hadde hengt ut flagget. Å ja, dei har jo heilt sikkert konfirmant i dag, tenkte eg. Det viste seg å stemma, så me fekk i full fart ordna det slik at det vart ei helsing frå oss til konfirmanten. Likevel fekk eg den litt ubehagelege kjensla av å vera «naboblind» som eg av og til får . Det har eg jo ikkje lyst til å vera. Eg vil gjerne vera ein nabo som er der for naboane mine.
«Eg e naboen din», er eit prosjekt som er blitt starta opp her på Bryne etter at det er prøvd ut i ein kommune ikkje så langt her i frå. Prosjektet inneber ulike grep som skal gjera at nabolag skal opplevast nære og trygge. Me på fjerde trinn bestemte oss for å gå aktivt inn i prosjektet, noko som inneber at elevane våre har intervjua naboar, skrive tekstar og malt bilete om det å vera gode naboar. I tillegg har fleire av dei blitt fotograferte til ei utstilling, og dei har alle hatt til oppgåve å tenkja ut korleis ein kan driva gleding i eit nabolag. Eg må jo bare seia at eg har som mål å leva meir som eg lærer på dette feltet.
Då eg flytta til Ålgård litt før eg fylde seks år, flytta me inn på eit byggefelt som var under utbygging. Me var mellom dei første som flytta inn på Solås, og kvar veke kom det nye naboar. Sidan alle flytta inn omtrent samtidig, var det naturleg at folk hjalp kvarandre med utlån av alt frå spader til reier, og på den måten vart godt kjende med kvarandre. Fordi dette i tillegg var ei tid der ingen av ungane på feltet gjekk i barnehage eller på SFO, og dei aller fleste mødrene var heimearbeidande, så vart det til at både me og mødrene våre heldt oss mykje i nabolaget. Ungane var ute og leika, og mødrene besøkte kvarandre og hjalp kvarandre. På sundagane om sommaren spelte fedrene våre krokket i ein eller annan hage. Det ville vera ei overdriving å seia at eg gjekk ut og inn hos alle naboane, men i ganske mange hus gjorde eg det, og eg trur nesten ikkje det gjekk ei veke utan at ein eller annan vaksen nabo var inne i stova heime hos oss.
Eg skal på ingen måte hevda at alt var betre før, for det trur eg ikkje på i det heile tatt, eit og anna må me vel likevel innrømma at me har tapt på vegen. Då me flytta inn i gata her for meir enn 30 år sidan var det eit etablert nabolag der dei fleste hadde bygd husa sine omtrent ti år tidlegare. Me har bare gilde naboar, og nå dei siste åra har det vore ganske stor utskifting av bebuarar.
Sidan dei fleste her er nokre år eldre enn oss, har mange flytta over i leilegheit, og det har flytta inn mange unge familiar. Dei me har hatt mest kontakt med bur her ikkje lenger. Rett over vegen hadde me naboar me ofte var inne hos, dei delte me avis med i mange år, og Helge stakk rett som det var innom oss med noko han hadde bakt eller andre ting han bare hadde lyst til å dela med seg av. Det var fint, og dei var nok flinkare til å vera gode naboar enn me var.
Ein gong for mange år sidan var det ein bil som stoppa då eg gjekk på gata. Det viste seg å vera ein nabo, men ikkje ein av dei næraste. Han lurte på om eg var sint av ein eller annan grunn sidan eg aldri helste på han når han kjørte forbi. Eg vart oppriktig lei meg, og sa som sant var at eg ikkje hadde lagt merke til at han kjørte forbi. Eg har av og til fått høyra at eg er dårleg på å helsa, og det er eine og aleine fordi eg ofte går i eigne tankar eller det at eg ikkje ser like godt som eg høyrer… Tanken på at nokon skulle tru at eg ikkje ville helsa syntest eg var veldig ubehageleg, så det var godt at han stoppa slik at me fann ut av det. Med dette vil eg gjerne ha sagt til naboar og andre som kjenner meg at eg aldri med vilje lar vera å helsa på nokon.
Plutseleg er me i ei tid der det ikkje lenger er naturleg å gå innom nokon som helst utan å melda eller ringa på førehand. Mange av oss gjer det ikkje ein gong hos dei me er i nær familie med. Litt av grunnen er nok at me lever travle liv og at det helst skal passa både å gå på besøk og ta i mot besøk. Kanskje lista er blitt for høg. Alt bør helst vera perfekt før me inviterer nokon, og eg må ærleg innrømma at alt sjeldan er perfekt hos oss. I alle fall ikkje perfekt dersom det ordet betyr heilt reint og heilt ryddig.
Då me hadde små ungar kunne me invitera venner heim til sundagsmiddag og servera posetomatsuppe med makaroni og eit franskbrød frå næraste butikk. Viss lista nå ligg på fleire rettars gourmetmiddag laga frå botnen av og litt nybakt til kaffien, så er det ikkje så rart at me ikkje har overskot til å invitera så ofte eller så spontant.
Før koronaen snakka me faktisk om at nå hadde me lyst til å invitera naboar på kaffi. Rett etterpå vart det umogleg, men nå når det har opna igjen er det vel bare å slå på kaffitraktaren. I alle fall når det blir sommar og fint å sitja ute…
Eg trur på teorien om nabokjerringa som har ein funksjon, og at alle barn nyt godt av å kjenna naboane, men eg er ikkje alltid så flink til å visa det i praksis. Nå trur eg ikkje nødvendigvis at alle naboar skal gå ut og inn hos kvarandre. Eg innser at for mange kan det bli litt for tett. I tillegg trur eg at mange av oss får litt av det same sosiale nettverket på jobb som ein før hadde i nabolaget. Det er likevel slik at skulle det oppstå ting som gjer at ein treng nokon, så er det fint å kjenna dei som bur i same gate. Før hende det at me måtte låna sukker eller bakepulver, men nå når butikkane er opne nesten døgnet rundt, treng me ikkje å gå rundt med koppen i den slags ærend.
Det er likevel vore veldig fint at naboane er her. Den gongen eit av barna fekk eit vepsestikk i foten kom ein nabo som høyrde skrika springande med Aloe-Vera, og då Leif vart operert i haust, kom det ein nabo som hadde teke nesten den same operasjonen over for å snakka med han og oppmuntra han. Slikt har me sett veldig stor pris på.
Då eg i si tid studerte på ein høgskule eg ikkje skal namngje, var det ein av studentane i studentrådet der som held tale og fortalde oss nykomlingane kor viktig det var å sjå kvarandre, helsa, smila og slå av ein prat. Fleire månadar seinare kunne ein medstudent fortelja at ho hadde fulgt litt ekstra med på henne som held den fine talen, og lagt merke til at festtalaren aldri hadde verken helst på henne eller smilt til henne når dei gjekk forbi kvarandre på gangen. Eg tenkjer at dette er veldig menneskeleg. Kanskje me er slik dei fleste av oss, litt travle, litt distré og litt sjenerte. Eg kan veldig godt bli ho som skriv så fint på bloggen om å ta vare på naboane, og så opplever dei det gjeld at det er langt mellom liv og lære.
Eg las nettopp ein stad på nettet at det å kunna namnet på minst fem naboar gir positiv effekt på velvere og psysisk helse. Heldigvis bestod eg testen og kunne kryssa av på at namnet på minst fem naboar. Akkurat det var ikkje noko stort problem, men eg vil ikkje kunna ta hus for hus i gata mi og fortelja kven og kor mange som bur der, kva dei heiter og korleis dei ser ut. Det er i grunnen litt skremmande så lenge eg som sagt har budd her i meir enn tretti år.
Eg trur det er bra at nokon lagar eit prosjekt som dei kallar «Eg er naboen din» til oppmuntring og inspirasjon. Eg veit at det finst mange som er utruleg mykje flinkare til å vera ein god nabo enn det eg. Eg vil prøva å læra litt av desse menneska. I dag er nok dessverre statusen: «Eg er naboen din, men er litt naboblind».
Er det nå eg her på bloggen skal ønska alle i nabolaget ei framleis god helg?
Det trur eg jammen eg gjer, det kjennest nemleg heilt ufarleg.
Heidi

Nå i mai og framover mot sommaren er det mykje å gleda seg til. Me skal få gildt besøk frå Bærum, eg skal ha ei langhelg i Oslo med venninner, me skal feira 17.mai og diverse andre ting, og i tillegg skal det om alt går som det pleier bli endå grønare og varmare. I tillegg er mai alltid ein travel månad der ein del ballar skal tast ned på ein god og formålstenleg måte. På eit eller anna vis klarer eg å få litt for mykje å gjera sjølv om eg verken skal ha foreldresamtalar, eksamen eller konfirmasjon. Når eg tenkjer på kva eg har klart å pressa inn i denne månaden i tidlegare år, så burde dette vera rein plankekjøring.
I dag har det passa meg fint at det ikkje låg ein solskinsdag utanfor vindauget og ropte på meg. Eg visste at eg hadde veldig mykje som helst skulle vore gjort for ei veke sidan og er fornøgd med å ha fått gjort veldig mykje inne. Den årlege tekstsamlinga frå skapande skriving skal me i år laga i lag med kunstfagseksjonen. I dag har eg jobba med å få alle tekstane klare for presentasjon, og i morgon skal eg og kunstfaglærar Sissel prøva å ferdigstilla ei pdf-fil med tekst og bilete til trykkeriet. Eg håpar at me får det til. Eg er alltid litt skjelven overfor arbeidsoppgåver som krev digital kompetanse, men eg reknar med at det skal gå bra. Eg gler meg til det ferdige resultatet.
Eg har og hatt gleda av å bruka tid i dag på å korrekturlesa ei masteroppgåve ein av kollegene mine snart skal levera i kunstfag. Eg fekk veldig lyst til å finna meg eit lite område å forska på eg og. Det er utruleg mange ting eg er barnsleg nyssgjerrig på å finna ut meir om, og i skulesystemet er det veldig mykje det ville ha vore interessant å bruka meir tid på. Dersom eg mot formodning skulle vakna ein dag og ha fritidsproblem, så er det kanskje noko å vurdera. Oppgåva gav meg endå meir entusiasme for å sikra at me i skulen ryddar plass for den praktisk estetiske og kreative dimensjonen. Det å jobba med at barn får utfalda seg innan kunst, litteratur og drama er noko eg verkeleg brenn for. Det er mykje eg liker med den nye læreplanen. Han legg opp til at elevane skal få vera meir utforskande og skapande. Slikt kan eg lika.
I går fortalde barnebarnet meg at «Pappa vil ta vekk alle blomane i hagen, men eg vil ha dei der for dei er så fine». Ved nærare undesøkjing av saka viser det seg at alle blomane i hagen i dette tilfellet er løvetann. Eg tenderer til å vera einig med barnet. Løvetann er verkeleg vakre. Eg får lyst til å plukka inn store bukettar til å pynta huset med, men dei har dessverre kort levetid inne. Framleis kan eg få barnsleg lyst til å laga løvetannkransar og lange lenker når eg ser dei. I tillegg til desse to funksjonane så kunne ein og bruka dei til å laga fløyter av, og delte ein stilkane i lange remser og la dei i vatn var det reine trolldomen kor fint dei krølla seg. Den beste kaninmaten var dei og, kaninane var ville etter dei taggete blada. Ulempa var dei små svarte ringane som ein lett kunne få på kleda dersom ein ikkje var eit veldig flink til ikkje å skitna seg ut, og det har eg for å vera ærleg aldri vore. Det var ikkje utan grunn me fekk beskjed om å halda oss vekke frå hestablomar når me var kledde til selskap.
Det er kanskje ikkje så ofte ein blir spurd om kva slags blom ein identifiserer seg med med, men skulle eg få det spørsmålet så ligg nok løvetannen nærare enn både roser og liljer. Kanskje eg hadde svart solsikker, dei er mellom yndlingsblomane mine dei og. I år har me sådd store mengder, nå gjenstår det å sjå om me kan få nokre av dei til å veksa seg store og sterke.
Heidi

Der drivhuset står på dette biletet hadde morfar et «eplestykke» eller ein liten potetåker, som vel dei fleste ville ha sagt nå. Der gjekk bror min og eg og tumla med han då me var bittesmå, for akkurat dette området var barndomens verden for meg. På Jonsokaften og sikkert rett som det var elles og, kunne morfar fortelja at han hadde noko på lur, me måtte ut og leita. Mellom forene på eplestykket, bak ein busk eller kanskje inne i steingarden hadde han gøymt to flasker eventyrbrus eller Donaldbrus, og så fekk me eit spikerhol i bruskorken slik at herlegheita kunne vara lengst mogleg. Før i tida var det ekte kork på undersida av bruskorkar, og det gjaldt å ikkje få den ned i brusen.
Først delte me hus med besteforeldre og tre onklar, så flytta me inn i huset ved sida av eplestykket som eigentleg var onkelen min sitt hus. Kvar kveld klokka sju stod me i vindauget på soveromet og vinka opp til bestemor som stod i sitt stovevindauge og vinka god natt til oss. Onklane i huset til bestemor var og veldig til stades, så me vart oppdregne av eit heilt kompani av vaksne. Det gir meining til utsagnet om at det skal ein landsby til for å oppdra eit barn. Den eine onkelen kom på besøk kvar gong det var lønningsdag på Serigstad støyperi. Me skulle få kjenna at det var lønningsdag me og, så då fekk me lakrisrullar der midtstykket var ein slik rund godsak med bittesmå perler på, slike som framleis finst i lakriskonfektposar. Det hende me fekk sjokolademus og, og desse hadde eit mykje betre fyll enn det som er i sjokolademus i dag. Desse herlegheitane vart kjøpt hos Jostein Pollestad frukt og tobakk i Storgata på Bryne.
Nå vil tilfeldigheitar og litt andre ting at bror min nå bur i bestemorshuset og barnabarna mine i huset på sida av eplestykket. Ringen er på ein måte slutta.
Nå har eg barnebarn i huset der eg sjølv var barnebarn, og eg håpar eg kan vera med på å gje dei ein god og trygg barndom slik alle mine fire besteforeldre var med på å gje meg akkurat det. Det trengst ikkje superbesteforeldre for å ta vare på barnebarn. Det trengst bare gode og trygge vaksne som viser i handling at dei er veldig glade i barna. Som det står i songen «Som barn tar man kärleken för given, allting annat är mot ens natur…»
Ein av aktivitetane eg og barnebarnet på fire har saman, er at eg går saman med henne til barnekoret i kyrkja annankvar torsdag, og der har me vore i dag. Først er det øving og så er det felles kveldsmat og leik. På sundag skal ho opptre med koret for første gongen. Dei andre opptredenane har gått i vasken på grunn av sjukdom og korona, så nå kryssar me fingrar for at det går bra denne gongen. Den siste songen dei har øvd inn er ny for meg, men veldig fin. Teksten går som dette:
***
Det er hundrevis av spurver, tusen millioner,
De smetter og de spretter rundt ved skog og vei.
Det er hundrevis av spurver, tusen millioner,
Og Gud kjenner hver og en, og Gud kjenner meg.
Det er hundrevis av barn på jorda, tusen millioner,
Og Gud husker navnet på oss hver for seg.
Det er hundrevis av barn på jorda, tusen millioner,
Og Gud kjenner hver og en, og Gud kjenner meg.
***
Dette er ein tryggleik eg synest det er fint om ho får ha med seg.
I det eg skal følgja henne heim for kvelden, oppdagar eg at ho har gløymt å eta druene eg hadde med i ein liten plastboks. Ho tel at i boksen er det åtte bringebær og ti druer. Så et me druer og bringebær og går mot huset deira i den småkjølege vårkvelden.
Det siste stykket sit ho på sykkelsetet mitt medan eg trillar sykkelen, då kjem ho i rett høgde til ein fortruleg samtale medan me begge held blikket på vegen slik at me kan halda sykkelen på rett kurs og i balanse. I grusbakken ned til huset er det best å springa sjølv, for der er det litt bratt, og sykkelsetet mitt er så høgt.
Eg hugsar at eg av og til sat på sykkelen til mor, det hadde eg nesten gløymt, og eg trur ikkje det kan ha skjedd ofte. Det var før barnesetene si tid, og eg fekk beskjed om å halda føtene godt ut frå sykkelhjulet. Elles kunne eg brekka foten og det som verre var.
Så fort eit liv går. Det som kjennest som veldig kort tid sidan var eg eit barn, og plutseleg utan at eg heilt har forstått kor åra vart av, er eg blitt ei mormor. Det er godt at barnet ikkje veit endå at det er slik det er. For eit barn er framtida uendeleg.
Heidi

Det er fortsatt kaldt, men det blir grønare for kvar dag som går. Eg har vore på tur med minstejenta som blir to i august. Ho sat på den rosa trehjulssykkelen sin med styrestong og kommenterte alt ho såg, stort sett med eitt og eitt ord. Bil!, Buss!, Bolla!, Voff! Ho peika begeistra på ein spurv og ropte Gakk! og på ein måke og ropte Ko-ko! Det er fascinerande å observera språk i utvikling. Eg som er nesten sjukeleg dårleg på å finna fram, lar meg imponera djupt og inderleg når ho med ein liten finger peiker på huset der ho bur på lang avstand og seier Mamma! Pappa!
Dagane er utruleg innhaldsmetta akkurat nå. Av ein eller annan grunn pleier det å vera slik på denne årstida. Det er tida for å ha det skikkeleg travelt og samtidig gir april og mai ein slags fredagsfølelse som ei venninne av meg så treffande påpeikte. Du veit at du har ein lang, lys og blomstrande sommar framfor deg som snart skal opna seg, men ikkje heilt endå. Det er fint å våga å tru at me har gode ting i vente.
Heidi

Tysdag er den travlaste dagen. Då går det det i eitt med ein arbeidsdag på nesten 12 timar i strekk. I dag var første delen av dagen i scenekunsten sitt teikn om me skal våga å ty til dei store orda. Me er i innspurten på Songskattprosjektet og øver så ofte som det finst tid og rom for øving og er sånn nokonlunde pedagogisk forsvarleg.
Elevane våre har lært utanåt alle versa på mange gamle songar. Anne Knutsdotter, Håvard Hedde, Blåmann, Blåmann og Eg gjette Tulla i femten år ljomar mot veggane i skulebygningane. Elevane syng solo, dansar og spelar teater i gammaldagse klede og i moderne grise- og hønsekostyme. Det er intenst og veldig kjekt. Så gjeld det å halda roa når det eine barnet har mista ein knapp, det andre barnet har vondt i magen, det tredje barnet er redd for å gløyma replikkar og det fjerde barnet har gløymt geitekostymet sitt i klasseromet.
For dei det gjeld er alt saman veldig viktig, og då er det viktig at læraren lyttar, trøystar og ordnar opp sjølv om det svirrer tusen andre kjempeviktige ting rundt ein lettare stressa lærarhjerne. Eg trur at noko av det som gjer at eg liker så godt å jobba med forestillingar er at me og elevane kjem så nære kvarandre. Me blir avhengige av kvarandre på ein heilt eigen måte, og me blir sårbare saman fordi noko spesielt står på spel, noko som kan bli heilt fantastisk eller fullstendig mislukka.
I matpausen fekk eg den beste bevertninga hos ein gjeng som hadde laga kafé for lærarane sine og som med omsorg og yrkesstoltheit serverte varm mat og kald saft til vaksne som takknemleg sette seg ned for å få ein liten pause.
Etter den obligatoriske pedagogiske utviklingstida, som finn stad frå halv to til halv fire kvar tysdag, er det pause i lag med personalet i kulturskulen før det er undervisning i kulturskulen dei siste timane av arbeidsdagen. Nå er planane å ta fri dei siste timane av dagen. Nå skal eg rydda meg ut av kulturskulen og sykla heim i det bleike kveldslyset. Me kom i mål i dag og.
Heidi

Verda er vakker med alle nyansar av grønt. Kveldane er lange og lyse, men framleis er kveldslufta bitande kald. Ein spinkel sigd av ein nymåne visest på himmelen og minner om at fastemånaden Ramadan er over for denne gongen. Mange av elevane våre var heime og feira id i dag.
Eg har vore på styremøte via telefonen. Me fekk ikkje logga på ipaden. Det er snodig å sitja med ein telefon i handa og kommunisera med dei andre som sit i Oslo. Det er fint at det kan la seg gjera, men ganske stressande når eg har ordet og det plutseleg er så mykje ekko på mobilen at alt eg seier kjem på øyret mitt sekundet etter at det er sagt.
Om kvelden er det forening med jentegjengen som har møttest ein gong i månaden i meir enn 35 år. Me er god mat og oppdaterer kvarandre om kva livet har hatt å by på sidan sist.
Etter koronaepidimien er det uvant at aktivitetsnivået skal opp på rundt rekna normalen. Dagane er fullteikna med ting som må gjerast. Det er bare å ta for seg. Det får bli ein ting om gongen og tunga rett i munnen så blir det fint alt saman.
Og strikkekofta mi med garn frå Solberg spinneri veks heile tida. Kvar dag kviler eg i nye omgangar. Eg håpar ho blir fin og at ho passar når ho er ferdig.
Heidi