Gå til innhald

Måneformørking.

november 15, 2003

Sist lørdag hadde det seg slik at det var premiere på stykket til Jan Ivar og Synneva. Ein bearbeida utgåve av Harold Pinters “The dumb waiter”, inne i byen på Teater Sølvberg. Adrenalin og sommarfuglar bobla i magen min på deira vegne. Eg hadde trass alt teke del i prosessen og vore på fleire prøvar. Eg visste det kunne gå veldig godt, og at stykket var sterkt og krevande.

Tidlegare på dagen kokte eg suppe i lag med Synneva på den nye komfyren hennar. Blomkålsuppe med aromasopp, purre, peparrot og frisk ingefær. Det lukta herleg og sikringane sprengde, men me fekk skikk på det att, og maten til premierefesten var berga.

Og det vart så fint så fint. Etterpå overvann eg skrekken for å kjøra framande bilar og kjørde Synneva sin bil heim frå byen, slik at ho kunne få smaka på sjampanjen som vart spretta på scenen då publikum var gått ut.

Utpå natta gjekk eg ut på verandaen for å trekkja frisk luft. Synneva kom og. Då såg eg at noko hadde skjedd med månen. Han var meir tredimensjonell enn vanleg og hang som ein stor ping-pong-ball på himmelen med lys frå undersida. Det var uverkeleg som i ein draum.

“Sjå på månen,” sa eg til Synneva. “Han ser heilt merkeleg ut i natt.” “Å ja, eg har viss høyrd at det skulle bli måneformørking,” sa ho. “Me må henta dei andre.” Så stod me der tett i tett og såg på månen, det var natt og nokon snakka om frieri og romantikk.

Seinare gjekk eg heim aleine. Over meg mista månen gradvis sløret sitt og himmelen var underleg stjerneklar. Novemberfrosten la seg som eit melisdryss over den svarte asfalten. Eg tenkte at i seine stjerneklare haustnetter skulle me gå turar ute i gatene, på same måten som me skulle vandra ute i seine sommarnetter. Og eg bestemde meg for at akkurat det måtte eg leggja meg på minnet.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Mathilda permalink

    Mysigt med norska!! Bra skrivet! /M

  2. Ukjend's avatar
    TirNa permalink

    Jeg så også på månen denne natten, nærmere bestemt kl 02:30 da jeg plukket opp en barnevaktsittende datter. Utrolig nok tillot skyene oss å få se det hele, de laget en fin åpning i forhenget bare for oss. Slike spesielle hendelser er vakre.
    – og så er det deilig å endelig kunne komme inn på denne siden igjen:o)

Legg att svar til TirNa Avbryt svar