Å frysa litt på føtene…
Ute er det eit tynt melisdryss av nysnø. Ein ny lørdag er på hell, og eg sit her og frys litt på føtene. Eldstebarnet på nitten år er akkurat i ferd med å letta frå Singapore på veg til Australia. Det kjennest merkeleg og litt trist at han er på den andre sida av jordkloda. Det er uendeleg langt borte om noko skulle skje, men han har gledd seg til turen i eit år, og det blir sikkert heilt fantastisk.
Om litt skal eg kjøre Ingrid til ei venninne. Det er rart med døtrer og mødrer, ein merkar det utan ord når eit eller anna er litt ute av balanse. I alle fall merkar eg det på døtrene mine, på mora mi og på mormora mi då ho framleis levde. Det er ein underleg non-verbal form for kommunikasjon mellom kvinner ,om gjer at ein både som mor og som dotter, ja som syster og når eg tenkjer meg om, kan kjenna eit streif av uro ein ikkje heilt klarer setja fingeren på. Den gode mor lar barna sine fly sa ein lærar eg hadde i eventyrtolking. Slik er det, men av og til gjer det litt vondt. I dag kjenner eg at nokon har det vondt. Det ligg som ei sitrande uro under huda mi, og eg må finna nærare ut av det.
I går hadde eg besøk av tre barndomsvenninner. Det var oss fire store deler av barneskulen og heile tida på ungdomsskulen. Så delte vegen seg. Den beste venninna mi vart mor då ho var atten. Den andre fulgte tett på. Sjølv begynte eg på høgskule og var på ein annan planet då dei diskuterte gardiner og golvbelegg. Nå har me leika med livet så lenge at me liknar kvarandre igjen og kan spegla oss i kvarandre sine erfaringar.
Ingrid roper, og minner meg på at eg har lova å kjøra henne. “Mor kan me reisa?” ropar ho frå første etasje. Når ho ikkje får svar, ropar ho ein gong til. “Nå kjem eg.” Viss kvelden blir romsleg hentar eg innlegget fram att og skriv meir…
Heidi
Går faktisk inn og kommenterer meg sjølv… For det eg skal seia nå passar ikkje inn i sjølve innlegget…
Det er sundag og eg ville jobba vidae med teksten min. Då skjøna eg at det vart heilt feil. Derfor skriv eg heller ein ny, sjølv om eg av erfaring veit at då vil lesarane velja den nye teksten og l vera å lesa denne 🙂