Gå til innhald

Scener i januar:

januar 28, 2006

Det er på tide med ei samling utklipp frå januarlivet mitt…

Det første:
Tenk deg inn i ein skikkeleg travel morgon. Ute er det kaldt, og eg har planlagd for dårleg. Kjærasten min skal ha bilen, og eg skal på utedag med elevane. På med ullgensar og strømpebukse, på med langbukse og den gamle røde skibuksa frå tretten år tilbake. Knappen må vera open, men ho heng då oppe likevel. Rød fjellanorakk, selbuvottar, skjerf og lue, eg burde utan tvil ha fornya garderoben for ekstra kalde dagar. Ullsokkar på føtene og dei gule vinterstøvlane som eigentleg er for store, fordi eg fann dei på halv pris, og dei ikkje hadde andre par.

Ryggsekken full av ved og ein ekstra genser. Eg kjem til å bli for sein. Eg sender sms til ein kollega og seier eg er seint ute. Så spring eg til jobben. Med min kondis, og med ved i sekken tek det om lag femten minutt å småspringa dit. Eg er varm og andpusten når eg kjem fram.

Ungane står klare allereie. Dei står oppstilde i mørkret med utedressar, skjerf og luer, og med ryggsekker på ryggane. Ein gjeng med åtte år gamle norske ungar, kledde for ikkje å frysa. Det er heilt klart i veret, så det lysnar før me er framme ved vatnet ute i skogen. Jon spikkar oppfyringspinnar til bålet. Me får det til å brenna, og samlar alle ungane rundt bålet. Eg tek til å fortelja helgenlegender. Om St Nicholas ,som bare ville dia ein gong om dagen på fredagar fordi han haldt fasten sjølv då han var nyfødd, og om edderkoppen som spann nett framfor opninga på hola der dei gøymde Jesusbarnet. Ungane lyttar, og røyken frå bålet svir i augene. Me hadde planlagt at det skulle ha vore mørkt endå, men måneskin og morgonlys er vakkert det og. Eg pustar roleg inn og ut, og kjenner at eg trivst i jobben min.

Det andre:
Jan Ivar og eg står på ein gang og ser at bomberomet på ein av skulane i kommunen fyllest med ungar. Om få minutt skal me inn dit og spela eit timeslangt teaterstykke for dei. Hovudet mitt kjennest tomt for replikkar, eg har mageknip og kriblingar i heile kroppen. Jan Ivar står barbeint i kostymet sitt og hoppar opp og ned, medan han varmar opp røysta si. Så seier han noko som får meg til å le høgt og lenge Det kjennest plutseleg heilt overkomeleg likevel. “Er du klar?” kviskrar han til meg. Eg nikkar. Han tek kofferten i høgre handa og spring leande inn på scenen. Eg fylgjer etter i ein slags tillit til at replikkane kjem til å dukka opp når me treng dei.

Det tredje:
Det tredje glimtet er frå dagen i dag, dagen då eg skulle rydda hus og skriva eit bestillingasverk om to grøne dragar som skal læra barnehagebarn og skuleungar alt om sosial kompetanse… Eg søv til klokka er halv elleve. Eg vaknar forvirra frå ein draum der Halvard og eg sit på galleriet i kyrkja under ei gravferd og utfører språktesten itpa… Kjærasten min vekkjer meg fordi me må diskutera eit skap på badet før butikken stenger. Me pussar opp to bad. Det ligg baderomsfliser og står arbeidslampar rundt i huset, og det luktar betong og opne avløp.

Eg drikk svart kaffi og et rundstykke med ost. Eg sit ved bordet leeenge. Det er så godt å ha fri. Eg begynnar å vaska kjøkkenet, men kjem på at eg må ta ein runde med lusekammen. Det har brote ut lus i klassen, og sidan alle foreldre har blitt pålagde å sjekka ungane sine, så må eg nesten sjekka meg sjølv og. Eg er svært lite motivert for ein ny omgang lus i heimen, og finn heldigvis ingenting…

Så sendar eg sms-ar til mi høgst elska veslesyster og eit par til Inger i sama slengen. Eg får vaska hus i eit kvarter før Ingrid kjem og tilbyr seg å klippa håret mitt. Det tilbodet tek eg i mot med takk og så går det tjue minutt til…

Eg får rydda i ti minutt, så ber Ingrid meg kjøra henne til Oddvar på Orre. Før me kjem så langt, får ho lokka meg med på eit par tre omgangar med “Sing-star”. På veg heim stikk eg innom butikken, så må eg pynta ei kake eg har lova Halvard at me skal ha i helga. Kjærasten min ligg på sofaen med snue og ei halvbrukken tå,og han lurer på om eg orkar laga middag. Fiskesuppe skal bli, med kjærlege helsingar frå Frionor. Ute skin sola, men eg har så mykje å gjera at eg ikkje kan trenkja på å gå ut. Det ringar på døra og eg får overraskande besøk av ein god kollega, to seksåringar og ein eittåring. Kaffitraktaren på full guffe og fram med strikketøyet, mintgrøne ullsokkar til Hedvig…

Kjøkkenet er rydda, nå skal eg skriva om dragane, men kor er teikningane eg fekk, mon tru?… Og Andedrakt har jo venta i vekesvis på tekstane mine… Så her er eg, lett snufsande med forkjøling og sår hals og sår hovudbotn etter lusekammen. Eg har mange historier. Dette får bli dagsrasjonen. Klokka er halv sju, kanskje på tide å koma i gang med arbeidsdagen. Eg har ei heil helg så godt som utan avtalar og eg kjenner at eg er eit lukkeleg menneske…

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. morsan permalink

    Äntligen! Du låter oss inte vänta lika länge på nästa uppdatering väl???

  2. Heidi: permalink

    Nei, då morsan… Wigentleg har eg jo lyst til å skriva kvar einaste dag. Dei er bare blitt så alt for korte for meg desse dagane som kjem og går…

  3. Tintomara permalink

    Hej igen!
    Veckorna är också väldigt korta nu för tiden!

  4. Heidi: permalink

    Ja, ikkje sant, Tintomara? Kva er det som skjer med tida?

  5. synneva permalink

    Tida… den er der heile tida, den!
    Tusen takk for sokkane forresten! Dei var nydelege!

  6. Heidi: permalink

    Ja, det er det som er så merkeleg. Tida er her heile tida, ho kjem og kjem. Av og til kjennest det som om nokon har speeda opp tempoet ho kjem og kjem i. Høyrde nokon som på ramme religiøse alvoret meinte at tida gjekk fortare nå enn før… Får kanskje gripa til same teknikken som han som stod i kø på Rema ein time til dagen for der gjekk tida så seint…

  7. Leif permalink

    Veldig flott å lese – og så heldig jeg er som får oppleve dette live – hver dag!

  8. Heidi: permalink

    Ja, ikkje sant, Leif 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: