Gå til innhald

Halleluja…

april 30, 2006

To vellukka førestellingar er i boks. Skrivekurset er i gang, med åtte motiverte, flinke og fine skribenter i tolvårs-alderen. Skuldrene kan senkast eit par hakk, og eg pustar roleg inn og ut, inn og ut.

På tysdag gløymde Halvard pianotimen sin for andre gong på rad. Eg blei sint og oppgitt og la ein lapp til han på stovebordet med underskrifta. “Sint mamma”.
Då eg kom heim låg det ein ny lapp på stovebordet med påskrifta “Mor er kul” 🙂 Så kom Halvard tuslande og spurte om han kunne få lov å synga ein song for meg. Med litt vaklande gitarakkompagnement og eit sekund pause kvar gong han skifta grep song han Leonard Cohen sin “Halleluja” for meg: “…but love is not a victory-march,
it`s a cold and very broken Hallelujah…”

Etterpå bad han om å bli høyrt tre gonger i engelske gloser, før han avslutta med å spela heile “Til Elise” på piano med andre delen på plass, den han etterkvart meistrar viss han får ta ørsmå pausar og jonglera litt med tempoet i dei vanskelegaste partia. Med andre ord: Guten har stor blidgjeringskompetanse… Det kan kanskje koma vel med seinare utover i livet…

Eg er akkurat komen heim frå jentetur til Kristiansand med to nære venninner. Me har hatt to netter på hotell, med ekstraseng på dobbelt rom, sprunge fem samanhangande timar i butikkar, og brukt resten av tida til å sitja saman på diverse kafear og snakka, snakka, snakka… Herleg. Akkurat det leveglade jenter i førtiårsalderen har bruk for av og til. Snakka, snakka, snakka, som om me var elleveåringar på overnattingsbesøk hos einannan, og ikkje hadde tid til å sova vekk eit einaste minutt.

Det stod ikkje mange tenner att i tapetet etter oss då me sjekka ut, men orda låg truleg og sveiv ein stad under taket…
Venninner er diamantar i livet mitt. Dei av dei som måtte lesa her må ta det rett til seg…

Eg elskar å observera folk og miljø i alle rom eg stikk nasen min inn i, inkludert dei digitale romma. Ein kveld observerte eg ein mann i stor pelskåpe som sat inne på ein kafé og drakk nekjøla sjampanje, med ei vakker ung dame i kvar armkrok. Truleg får eg aldri vita kven han er, men eg liker å leika litt med tankane kring det…

Og litt hender det då i løpet av ei pratehelg… På den eine kafeen me kom inn på, var det besynderleg innreiing med ein stor murhaug og knuste stolar midt på golvet. Etterkvart fekk me vita at det ikkje var ein installasjon slik me hadde trudd… Ein murvegg hadde rast ned rett før me gjekk inn og knust deler av inventaret…

Me sat på ein annan kafé, og betalte for te og cappuccino. Me oppdaga at me ikkje hadde betalt for eit glas rødvin ei av oss hadde fått, og gjorde kelneren merksam på det. Han vart forundra og litt overraska over at me sa frå. Fordi me ville betala vinen, fekk me ein tiar tilbake fordi dei ville spandera kaffien på oss, og det kosta tilsaman ti kroner meir enn vin 🙂 Verda er til sine tider ein venleg stad…

Skjønt ikkje bare vennleg, då me kom inn i togkupéen vår og skulle heim var folk der høgrøysta og oppskjørta. Ein mann hadde nettopp gått amok der inne og trua folk med eit stort balltre. Dei hadde vore skikkeleg redde, og politiet hadde kome og henta han. Eg lurer på om eg ville følt meg kalla til å prøva å roa han ned viss eg hadde vore der, og eg lurer på kor lurt det hadde vore å prøva…

Nå er eg trøtt, vil sova snart. Deilig at det er første mai og fri i morgon… Ein ting til som eg lurer litt på er om eg skal gjera som i fjor og lova meg sjølv å laga ein Andedrakt-tekst kvar einaste dag i mai+ Mai månad er den beste månaden eg veit. Månaden for bløming, liv, lengting og lysare netter. Ein månad det er så veldig verd å ta vare på. Eg får sjå…

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. morsan permalink

    Å, försök att göra det! En Heidi-text om dagen vore underbart

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: