Gå til innhald

Hoste, spansk og brannalarm.

mai 2, 2006

Eg hostar til eg held på å brekka meg, er lemster i kroppen og frys. Halsen er så sår at det gjer vondt å svelgja. Men skikkeleg sjuk er eg ikkje. Slett ikkje. Ikkje på nokon måte. Slikt har ein ikkje tid til…

Men i kveld skal eg leggja meg tidleg med eit par gode bøker. Eg lovar. Først skal eg bare…

Eg må gjera spansklekser. Det er eit spennande språk. Sjølv om eg har alt for lite tid til å jobba med det så får eg då med meg litt…

I dag er det heller kjøleg ute. Kald trekk frå nord. Det vart eit lettkledd opphald på skuleplassen etter at ein av elevane mine hadde “kome borti brannalarmen”. Og heile skulen måtte setja i gang brannprosedyren: Ut fortast mogleg utan skor og yttertøy…

Og i ettermiddag var skulekorpset ute og marsjerte medan dei spelte “Gammel jegermarsj”. Jo visst er det mai månad. Eg sprang til vinduet for å nyta synet.

Jan Ivar har pappapermisjon frå i dag av, og Ingrid steppa inn som uautorisert og ulønna dramalærar saman med meg. Det er koseleg å gjera ting saman. Dramaelevane var greie og motiverte. Eg har lova dei at me skal laga ei eventyrforestilling og visa til barnehagar i juni.

NRK har laga ein flott dokumentar om “Siv og Knut”, to hardt belasta narkomane som kjempar for å bli rusfrie etter at Knut i fleire månadar har tigga for å kjøpa den brudekjolen Siv ynskte seg til bryllaupet. All ære til dei som på denne måten løftar fram menneskeverdet til ei gruppe menneske folk ofte går forbi med lett forakt i blikket.

Nå er det spansk. Etterpå droppar eg trimturen til fordel for “Bli frisk prosjektet.”

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    «Først skal eg bare… » det känns igen 🙂

  2. Ukjend's avatar
    Per permalink

    Du verden. Jeg skal gå hit og følge med deg.

  3. Ukjend's avatar
    Synneva permalink

    Så gildt å ta nokre pausar frå 1001 natt og vera i di verd, Heidi! Eg hostar og… har sexy voice i dag og er livredd for å mista stemmen heilt til lørdag. Men no må eg jobbe. Takk for gode tekstar! Klem

  4. Ukjend's avatar
    Synneva: permalink

    Då gjeld det å halda på rette nivået av sexy voice…

    Per: Velkommen til min verden 😉

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Her gjekk det for fort. Den siste kommentaren var ikkje frå Synneva, men til Synneva frå Heidi…

  6. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    God bedring – kvil deg godt om du kan. Får ei Fransk jente på 16 år her i huste i morgon. Eg håper deu kan finne tid til oss i perioden – ho reiser til Frankrike att 18.mai.

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, då er det bare å finpussa fransken…

  8. Ukjend's avatar
    Vildanden permalink

    Hola. Vas a un curso de español? Es una idioma muy bonita. Me gusta muy bien. Har gått to spanskkurs, begge nybyrjarkurs, men når ein kun praktiserer i feriar på Kanariøyane, blir det begrensa kva ein huskar..

Legg att svar til Synneva Avbryt svar