Gå til innhald

Om froskar og rumpetroll…

mai 8, 2006

Eg har vore borte ved tjødna for å leita etter froske-egg eller rumpetroll, men ingenting er å sjå. Det er synd, for i morgon kjem me med seksti ungar på jakt etter “småkryp i og ved ferskvatn”. Det høgaste ynskjet me har er å finna froske-egg, slik at ungane kan få fylgja utviklinga. I fjor lukkast me i å dyrka fram levande småfroskar i ein annan klasse.- Eit skikkeleg fascinerande prosjekt. Det var første gong eg var med på å få det til, dei andre gongene har rumpetrolla døydd så snart dei har begynt å få bein.

Kanskje det er ein biolog i oss alle, i alle fall i meg. Eg kan falla heilt i stavar over ryggsymjarar, buksymjarar og vårfluelarvar… I dag har me hatt om froskar og om froskane sin paringsleik, om korleis hannen klorar seg fast på hoa i fleire døgn for å sprøyta sæd over egga, straks dei er lagde. Kommentar frå 9-år gammal gut: “At han ikkje heller vil sprøyta sæden sin inn i hoa!”… Nokon som snakka om erotikk?

På frosketuren i morgon, som sannsynlegvis blir utan froskar, skal eg samla ungane og fortelja om “Froskekongen” rett frå mi sekshundre siders tjukke Grimms eventyrbok på tysk. Til mi undring står det ikkje at jenta kyssar frosken i originaleventyret. Derimot kastar ho han hardt i veggen når han vil sova på hodeputa hennar og han dett ned som menneske…

Eg trur det var Søren Kirkegaard som sa at ein skulle fortelja barn mange eventyr fordi dei handlar om alt barn skal møta sidan i livet. Då eg studerte eventyr i samband med forteljarutdanninga mi, las eg mellom anna ein psykoanalytisk tolkningsmodell for eventyr. Her blir det hevda at eventyret froskeprinsen skal førebu barna på seksualiteten. Noko som for eit kvart barn fortonar seg å vera avskyeleg, ender opp som prinsen i eventyret. Livet let seg tolka. Så mykje er sikkert…

Men tilbake til kvardagslege og venlege eventyr. Våren held fram med å eksplodera. Bøkehekken langs vegen står med lysegrøne, klissete nyfødte blad, og tulipanar stikk opp over alt. Og i dag blømer rett og slett det berømte kirsebærtreet mitt… Eg hadde aldri trudd det skulle gå så fort. Og på skulen sådde barna solsikker for fem dagar sidan. Dei er nå to og ein halv cm lange og me fører nøye logg med utviklinga…

Froskar eller ikkje froskar. Her går det unna…

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Jag var tvungen att söka på rumpetroll, vilket underbart ord för grodyngel 🙂

  2. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Rumpetroll begrep jag, men ryggsymjarar och buksymjarar?

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tintomara: Begge er små insekt som lever i ferskvatn. Dei er omtrent like store som ei marihøne (Maria fly-fly) Det eine sym på magen (buken) som levande vesen flest. Det andre sym på ryggen og har veldig kraftige symjeføter på sidene. Ryggsymjarane har ofte ei lita luftboble på magen. Trur ikkje så mange nordmenn på gata ville visst kva det var, heller… Kjenner du dei svenske namna?

  4. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Jag har kollat i min insektsbok, och de heter ryggsimmare och buksimmare, logiskt nog.
    Så nu har vi lärt oss något igen… 😉

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tenk at eg får morsan til å sitja med ordbok og Tintomara til å sitja med insektsbok. Eg kjenner meg beæra. : )

Legg att svar til Tintomara Avbryt svar