Gå til innhald

Å nei, eg mista ein tekst…

mai 9, 2006

for første gongen på veldig lenge,- teksten om å fiska vassinsekt og stingsild med ein gjeng elleville niåringar. Teksten om pølsegrilling, utegym og eventyr…

Teksten om korleis Aller Kjæraste Syster tok meg med til stranda for å sjå på solnedgangen og konversera Violene på fransk. Violene er ein utvekslingselev på 16 år som skal vera hos dei i ti dagar. Eg hadde fransk på gymnaset i to år, det er rett, men det er 26 år sidan nå… eg oppdaga at eg framleis kunne litt, men det vart den aller enklaste formen for verbal kommunikasjon som tenkjast kan…

Me fekk sjå ei stor blodappelsinfarga kule synka ned i havet, og kjende dei første kalde bølgeskvulpa for i år slå mot tærne. I tillegg vart bilen angripen av ein bjeffande hund, noko som kunne ha enda i påkjørsel. Som om ikkje det var nok, var det plutseleg ein hest med rytter i vegbanen. Hesten vart skremt av bilen og tok omtrent dansetrinn midt i vegen.

Aller Kjæraste Syster likar nye opplevingar, så plutseleg fann me oss i køen på Drive in Mc Donald. Ho hugsa for seint at pengane låg bak i bilen, og sidan det gjekk på engelsk og norsk inne i kupeen kom bestillinga delvis på engelsk. Crazy people. Sjølv eg som vanlegvis aldri kjøpar is, måtte jo bare takka ja i den settingen. Det kan då alle forstå…

Noko i denne duren var det altså de gjekk glipp av pga ufrivillig radering.

Senga neste…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Och vad var det för fel på den här då?

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det ende opp som ei forkorta utgåve av den andre. Ser ikkje vekk frå at dei forkorta av og til kan bli vel så bra. Eg er jo veldig glad i å bruka mange ord…

Legg att svar til morsan Avbryt svar