Medlidande och allkärlek…
Det er ei treningssak. Det det seier helten min, den svenske biskopen Martin Lönnebo, som eg veit eg har referert til gjentekne gonger i dette vesle vinduet mitt mot verda.
Eg held på å lesa ei av bøkene hans, “Veven”. Han seier i føreordet at det er ei bok som må lesast langsomt, eit kapittel i veka er anbefalt dose. Det er ei bok som skal hjelpa ein å veksa som menneske og som truande. “En träningsbok för själen.”
Denne veka går øvinga ut på å tenka seg sjølv og andre som ein del av Guds stora medlidande, og bøna for veka er å få vera ein del av allkärleken. Å tilgje, bli tilgitt og å elska. Det trur eg er gåtene og nøklane til livet. Dette å leva med at det ikkje er lett å vera menneske, verken for meg eller andre, og at me alle treng medlidande frå Gud, oss sjølv og andre på same måte som me treng å kjenna oss som ein del av allkärleken…
Dette vart viss veldig filosofisk, men eigentleg er Lönnebo ein svært jordnær og praktisk tenkjande mann i tillegg til at han stiller dei store spørsmåla. Det er rett og slett slik at denne boka har hjulpe meg til å bevara roa i livet mitt dei siste fem-seks veldig travle vekene.
Eg har fått hjelp til å tenkja: Eg er ikkje forplikta til å prestera noko stort. Viss eg gjer så godt eg kan, og er til stades i mitt eige liv så er det nok. Eg har mange feil, men ingen forventar at eg skal vera feilfri. I staden kan eg lytta med merksemd når eg får kritikk, og læra noko av det. Eg treng ikkje måla meg med nokon på nokon måte. Eg kan gle meg over det andre er flinke til og visa forståing i det dei ikkje er flinke til.
I går las eg fylgjande sitat som eg i skrivande stund ikkje hugsar opphavsmannen til.
Eg blir ikkje større av å få ros.
Eg blir ikkje mindre av å få kritikk.
Eg er den eg er.
For dei som har lese heilt hit:
I dag har eg ete jordbær i sola.
I dag har Sunniva rydda huset for meg.
I dag har Ingrid lukt beda.
I dag går eg barføtt for første gongen i sommar.
Heidi
❤
Takk, morsan.