Som henta frå Mummi-dalen:
Grønkledd, i sånn lang omtrent fotsid regncape, med hette som dekka dongeriskjørtet, og bare avslørte den svarte strømpebuksa, gjekk eg til jobben min i dag. På føtene hadde eg yndlingsskorne mine frå Forum Design, som eg har budd i i atten månadar. Det tragiske er at dei bokstaveleg talt er så utslitne at det er hol under solen, så trass i forsøk på oppshining med svart skokrem, så blir ein søkkvåt på føtene av å gå der i regnver. Men dei fine nye limegrøne skorne med minus-solar får eg framleis gnagsår av. Eg får kjøpa meir plaster.
Eg kjende meg som ein figur frå ei Tove Jansson-bok, der eg tok meg fram i sprutregn med våte føter. Eg skulle bare ha spelt på munnspel medan eg gjekk, så ville inntrykket vore fullendt.
Inne i klasseromet hadde nokon tukla med termostaten, så der var det tretti varmegrader eller der omkring. Litt søvnige 18-mai- barn sat og glippa fredeleg med augene, medan eg las om den vesle bjørnen som ikkje kunne somna fordi det var så urettferdig at han ikkje kunne suga på tommeltotten sidan han var ein bjørn, og sidan bjørnar ikkje har tommeltott…
Sjølv vart eg så søvnig at eg måtte hella i meg minst tre desiliter svart kaffi i første pausen for å halda meg vaken. Englebarna vakna til seg sjølv sånn etterkvart.
Etter jobben var det rett på skrivekurset. Der begynte energien fort å bobla. Det er rett og slett noko av det kjekkaste eg har gjort på lenge. Ungane fekk vannmelon og blå druer til pausen sin, for å kompensera for regnet ute.
Då alle andre var gått heim, sånn ein plass mellom klokka sju og elleve, hadde Helen og eg eit møte på personalromet for å skriva personalrevy. Ho baud på salat og kaffi, og me hadde eit liggjande møte på kvar vår sofa med beina høgt.
Då eg gjekk heim, møtte eg to ulike personar som på avstand likne veldig på bror min. Eg tenkte at eg kanskje skulle ringa han i kveld, og før eg var heime ringde mobiltelefonen i veska mi. Det var bror min som ringde og ville snakka med meg… Aller kjæraste syster ville nok ha sagt noko om intuisjon og trådlaus energi…
Heidi
Mai månad er den beste! For då har me bursdag. Spesielt fin blir månaden når du skriv her kvar dag! Hedvig helsar med strålande auge og ubestemmelege vrinskelydar. Ho trur framleis ho er ein hest. I dag er ho litt akrobat og. Og sjølvsagt ein ekte hjerteknusar. Ha ei god helg viss eg ikkje ser deg. Klem.
Helsing og vrinsk til Hedvig. Og god klem til deg og til han som vandrar i dødsskuggens dal. 🙂
Og bare for å understreka cet du seier:MAI MÅNAD ER DEN BESTE: – Regn eller ikkje. I dag fyller Sunniva tretten år så nå har eg tre tenåringar i huset. 😉