Gå til innhald

Takk for turen, kjære.

juli 8, 2006

Etter at mor di hadde gitt oss aniskringler
røykelaks
og heimebakt grovbrød til frukost
var det jordbær på Åndalsnes
før eg strikka meg gjennom Gudbrandsdalen
med gammelrosa bomullsgarn
i tretti varmegrader
eit stopp i mellomalderen
på Jørundgård der me gjekk gjennom svalgangar
og åt kyllingsalat i hagen
vel tilbake i bilen
som haldt førti grader etterkvart
fann me ut at det var rømmegraut
me alltid hadde ynskja oss
den åt me på tunet
til Dale-Gudbrand
med flytande smør
og kanel og sukker
men rosiner var dei tome for
spekematen sveitta
på fjøler av einer
og hunden fekk vatn i eit plastspann
etterpå såg me kunsten i stabburet
auger i plexiglas med bjelker og fliser
og hjarte bak netting
som eg skulle kjøpt med meg
om eg våga å vera
spontan kunsthandlar
etter nye timar i fylgje med
Kristin Lavrandsdatter på cd-plate
klarte me å finna Prestvægen ¨
og Prøysenstua
og snart skal blåklokkevikua begynna
sjølv om døra var låst-
då me nærma oss Nannestad
lo me høgt og hysterisk
og måtte kopla til naudblinken
og parkera i vegkanten
for ikkje å vera trafikkfarlege
me nådde natt-toget med god margin
og klemde einannan etter to veker i lag
men ennå skal sommaren vara lenge.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. emari permalink

    flott tekst du. Dei andre ser på fotball……..

  2. emari permalink

    Det var ein flott tur tid for middelaldrande husmødre. I morgon byrjar eg på jobb igjen. Er klar….klem frå di kjære venninne i Bærum

  3. Heidi: permalink

    Klem tilbake 😉 Middelaldrande husmødre må passa godt på seg sjølv. Synest du ikkje eg er flink med drøymetyding?

  4. Kesia permalink

    Kesia på banen: Og så var det meg du tenkte på høgt der nordvest, midt i salt vestlandsnatt! Det varma! Subtil skildring av landsdelen! Eg vart att der nordvest!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: