Gå til innhald

Vesle Daniel, farvel, farvel…

august 12, 2006

Me har slept store tunge bagar og ryggsekker til hurtigbåt-terminalen. Han åt sjokoladepudding med vaniljesaus til frokost, og på Narvesen-kiosken på kaia kjøpte me blad og cola. Før eg betalte, la eg ein pose skumbilar oppi posen fordi han alltid har likt det så godt…

Han klemde oss, som ein skal gjera i slike anledningar, og så måtte me springa, for far hans skulle administrera ei golfturnering. Han stod att på kaien med førti kilo bagasje, i kvit hettegenser, dongeribukse og kvit nyvaska caps og vinka til oss. I bilen sende eg ein sms til han, og fekk faktisk svar, sjølv om han hadde advart meg om at han ikkje kom til å svara på alle meldingane mine…
Og så er han flytta.

Ikkje vesle Daniel som det står så rørande om i songen
av Jakop Sande om Vesle Daniel som skal ut i verda, og om mora som bekymra går gjennom reisekista hans og legg salmebok og testament på toppen… Men eg identifiserte meg litt med mor hans då eg sat og la opp den nye dressjakken hans litt på armane i går. Ikkje meir enn to cm, for eg kunne ikkje bretta heilt inntil dei tre knappane nedst på ermet. Og på toppen av bagen hans la eg oppi WWJD- armbandet hans, som han hadde lagt att på badet…

Ikkje skal han ut på vide hav heller, eldsteguten min. Han er bare flytta til Bergen for å ta lærarutdanning. Og i fjor budde han og borte og gjekk på folkehøgskule. Likevel kjennest det litt annleis nå. Eg veit at det er ganske stor sjanse for at nå flyttar han aldri heim til oss igjen, og til mi eiga overrasking må eg svelgja litt på ein klump eg har i halsen og tørka meg litt under augene.

Visst er han vaksen, tjue år om tre veker. Dessutan skal han dela bustad med ein kamerat heimefrå, og han kjenner ein heil del folk i byen han skal bu i. Det er ikkje synd på han i det heile tatt. Men alligavel… Det er dette med å sleppa taket. Fly ut og lev ditt eige liv, liksom…

Og det burde han kunna klara godt. Heldigvis har eg tre barn att heime, så det er vel ikkje synd på meg heller…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    synneva permalink

    Nei, synd på han er det ikkje! Hugsar sjølv den fantastiske kjensla då eg drog til Bergen etter eit år på folkehøgskule. Livet låg ope framfor meg, eg var stolt og spent. Det trur eg Odd Kristian og er. Det er nok mest ditt eige vemod som ligg i klumpen i halsen. Og slik skal det vera. Du er ei vidunderleg mor, Heidi. Og venninne. Takk!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, Synneva. klart det er mitt eige vemod som får tårene til å pipla. Odd Christian var heilt klar han…
    God klem til deg, du trøystade sjel 🙂

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Låt den du elskar få prova sina vingar…
    Han har solid bagasje med sg – og då meiner eg ikkje innhaldet i flyttelasset! Du er ei flott hønemor, Heidi, glad for at du er den du er!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk skal du ha, Torhild. Velkommen til blogs…

  5. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Det är längesen nu mina två flilckor flaxade ut i världen från det trygga nästet. Förhållandet mor – barn både förändras och inte. Man liksom smälter in i bakgrunden mera, men man är viktig ändå. Man ska finnas där när det behövs. Det blir också en glidning eller vad jag ska kalla det, i styrkeförhållandet (inte riktigt rätt ord, men…) när de unga ibland får hjälpa föräldrarna med sådant de kan eller orkar bättre. Det är inte så dumt det heller! Det är härligt att ha vuxna barn ska du se!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, Tintomara. Visst er det herleg å ha vaksne barn. MEn eg kan ikkje fatta og begripa kor fort ein barndom har gått når ein står på denne sida og ser tilbake… Min eigen barndom var då uendeleg lang… ; ) Det begynner på ein måte ein ny epoke for meg sånn omtrent akkurat nå… Det kjennest spennande og vemodig på same tid. Men du verda kor glad eg er for at minstemann ikkje har fyllt tolv endå…

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar