Gå til innhald

Tende lys.

november 5, 2006

Det er blitt så mørkt ute. Ein vegg av regn og mørke og inne er det så lunt og triveleg.

I går haldt eg seminar. Seminar om muntleg fortelling, for ei gruppe menneske som driv barne og ungdomsarbeid i kyrkjene. Eg sa ja til det i vår ein gong. Ein kveld eg sat i møte med kollegene mine for å leggja årsplan for fjerde klasse. Mobildekninga var dårleg, og det var så langt fram at eg svara ja…

Så har månadane og vekene gått, og eg har hatt aldeles for lite tid til å førebu meg. Den siste månaden har eg hatt djupdykk i ein antologi med barnetekstar frå skrivekurset mitt. Eg har stor glede av å laga denne boka, som skal trykkast i hundre eksemplar, men det tek så frykteleg mykje tid…

På fredag gjekk alvoret kring seminaret opp for meg for alvor. Det meste hadde eg jo tenkt ut i hovudet mitt i frå før, men eg måtte systematisera. Dessutan hadde eg tenkt å fortelja skapelsesberetninga frå 1.Mosebok 2 utanatt som ein demonstrasjon på munnleg forteljing. Denne teksten har eg hatt inne ein gong før, men eg trong å repetera. Ein fantastisk tekst forøvreg.

På lørdags morgon var eg ennå ikkje heilt klar i hovudet. Eg fann fram Ingrid sin konfirmasjonsbibel, som er på bokmål, fordi teksten eg ville dei skulle arbeida med om Josef som tolkar Farao sine draumar var kopiert på nynorsk. Eg visste at ei gruppe svenske kyrkjearbeidarar skulle vera der, og var ikkje sikker på om dei ville forstå det nynorske bibelspråket. Framme i bibelen stod ei helsing frå kyrkja, til Ingrid, skriven inn med hand: Fil 4.13.“Alt makter jeg i han som gjør meg sterk.”

Det ordet var jo faktisk noko å ta med seg. Eg minna meg sjølv om at seminaret ikkje var ei oppvisning i kor dyktig eg var, men bare det å dela noko eg kan og har tileigna meg med andre som kanskje kunne bruka det til noko.

Eg hadde bestemt meg for å halda kurset utan betaling, fordi eg veit at oppdragsgjevar har ein økonomi som bare så vidt går rundt. Av og til brukar eg ordtaket: “For intet har du fått det, og for intet skal du gje det vidare.” Trur det kan virka litt provoserande på nokon, men for meg er det ein fin tanke. I alle fall i enkelte situasjonar… På veg til toget gjekk eg og repeterte bibelteksten eg skulle fortelja: “Elva Pisjon renn rundt Havialandet. Der er det gull. Gullet i det landet er godt, og der finst det og bedolakvae og karneol.” Pisjon, Havilalandet og karneol. Mykje å halda styr på. Eg gjer meg sjølv amnesti til å ta vekk det med bedolakvae og karneol dersom eg kjenner at eg ikkje hugsar det.

Småmumlande for meg sjølv, går eg i den knalloransje kåpa mi med irrgrøne sko under ein stor rød paraply i høljeregn. Framfor meg på vegen ser eg plutseleg ein hundrelapp, nær ved å gå i oppløysing av regn og væte.
Under tørrare klimatiske tilhøve ville eg latt han liggja i fall eit barn hadde mista han og kom tilbake for å leita. Nå skjønar eg at det er vera eller ikkje vera for pengesetelen og tek han forsiktig opp. Det støttar tanken om kor forgjengeleg pengar er… Eg tenkjer at viss eg får til å tørka han skal pengane gå til eit godt formål.

Distré som ein forfattar eller ein professor, bommar eg på vegen til toget og går automatisk mot skulen eg jobbar medan eg messar for meg sjølv om bedolakvae og karneol… Eg oppdagar det i tide, og set pulsen i eit høgare gir for å rekka toget.

Vel framme på stasjonen, blir eg godt teken i mot av Torhild som serverer frokost i heimen. Skinke, kokte egg,
og grøne salatblad til ære for meg… Fadderbarnet Maren er raus med kyss og klemmer, og informerer meg om at bamsen hennar ynskjer seg strikka bukse og genser til jul.

Før det er min tur til å snakka er prestasjonsangsten over. Per Magne hjelper meg å bera stolar og eg tenner levande lys. Før dei første deltakarane kjem finn eg ein kulepenn og gjer noko som strir mot alle prinsipp i forteljarutdanninga mi. I venstre handflata mi skriv eg store bokstavar med kulepenn. KARNEOL.

Når eg kjem heim er eg stuptrøytt. Kjærasten min legg ved i omnen, og eg legg meg på sofaen med ei avis. Røyken svir i augene, men det kjennest koseleg og lunt og fint. Plutseleg kjem han inn i stova og spør om eg ikkje merkar nokonting… Omnsdøra stod på gløtt. To vedkubbar utanfor omnen har begynt å brenna. Det kunne blitt brann i stova der eg låg fredeleg og las avisa.

Medan kjærasten min luftar den røyklagde stova, og ber ut dei ulmande kubbane kjører eg til butikken. Eg kjøper endå ei avis og to peparbiffar. Alle ungane er ute.
Kjærasten min og eg tenner stearinlys. Me et biff med asparges og sjampinjong, med rødløk og fløte og alt er så fint så fint.

Etterpå somnar eg på sofaen med den nye avisa og eit grått teppe. Eg vaknar og ser kjempesjansen på TV. Eg vaknar og kjører Sunnigull gjennom mørke regntunge gater til ei venninne, der ho skal overnatta. Eg kyssar ungen min på kinnet, kjører heim og somnar att.

I dag starta eg dagen med ein time under dyna med Märta Tikkannen sin nye samlivsbiografi. Ho har vore ein av mine absolutte favorittar sidan eg las Århundrets Kärlekssaga som veldig ung.

Så har eg ete frokost med fire tende limegrøne lys i staken. Eg har ete omelett med spekeskinke og sjampinjong,og drukke vatn og svart kaffi. Eg kyssa Halvard på kinnet, og fortalde kor glad eg er for at han er fødd. Så velsigna eg han. Barna mine som er van med mine veremåtar og handlingsmønster, tek slikt med stor ro. Halvard hadde funne fram stillongsen for sesongen, og skulle til hallen for å spela fotball med kameratar. Nå skal eg ta med den røde paraplyen i bilen og bruka dagen med Aller kjæraste syster.

Gud velsigne livet.

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Daniela permalink

    Kjenner ingen, ingen som lever så nær sjølve livet som du!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk, det var vakkert sagt.

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Tusen takk for innsatsen på barenlederseminaret! Eg har høyrt mange godord om deg etterpå! Godt å ha deg til ven:)

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk det same, Torhild 🙂

  5. Ukjend's avatar
    Ellen permalink

    Takk for eit inspirerande kurs på Bogafjell, Heidi!
    Fint å lesa «Tende lys»!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk Ellen, er det du som spelar piano og syng?

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Måtte bare få sagt, at eg sjølvagt veit kven du er, Ellen. Tenkte bare litt i kryss.

Legg att svar til Daniela Avbryt svar