Gå til innhald

Den første veka i det nye året

januar 6, 2007

går mot ein ende. Og det “vanlege livet” har innteke heimen att. Nesten, men ikkje heilt.

Sidan eg alltid har hatt vanskeleg for å gje slepp på noko som helst, så tviheld eg på jula ei helg til. Eg liker å ha eit juletre i stova. Eg liker å ha ei stor samling englar og mange, mange levande lys. Eigentleg ville eg helst hatt levande lys på juletreet og, men innser at det nok ikkje er rette heimen for så pass eksperimentelle instalasjonar. Me har mellom anna to kattar som er høgt og lågt. I morgon må eg vel kanskje pakka vekk pynten, men lysestaken med eit stort raudt hjarte på, som eg fekk av Sunniva til jul, skal få stå framme på kjøkkenbordet…

Det er alltid ein slags prosess når helg og ferie skal snuast til kvardag. Ein skal koma seg opp om morgonen, ungane skal gjera lekser, og plutseleg er det plikter som ropar på ein i alle krokar og svingar. Men eg er då ganske godt i gang, trur eg…

I går skulle Odd Christian reisa tilbake til Bergen. Eg hadde lova han ein liten handletur og eit besøk på kafé før han reiste, men då me stod der på kjøpesenteret og stakk kortet mitt inn i minibanken, viste det seg at det var kr. 8.50 disponibelt på kortet… Godt at eg er gift med ein mann med litt større økonomisk teft enn meg… Gullguten min var ikkje snauare enn at han spanderte ein kopp cappuccino på mor si, før me fint måtte snu nasen heim att.

Så reiste han, og det er litt tomt her i huset, sjølv om me er mange framleis, og sjølv om han i grunnen for det meste er ute når han er heime og…

I går kveld var eg i litteraturgruppe med gode venninner. Nokre gonger blir det mykje litteratur og andre gonger blir det mest levd liv. Det siste var tilfellet i går. Me hadde så mykje å snakka om at me vart like forbausa alle då me oppdaga at klokka var eitt på natta første gongen nokon kom på å sjå på henne. Vel heime må eg alltid bruka tid på å tenkja når eg har vore ute, så eg trur klokka var nærmare tre då eg kom meg i seng.

Då eg vakna var klokka halv tolv. Så lenge trur eg ikkje eg har sove sidan eg var tenåring, men eg trong det vel. I dag har eg stulla og stelt i heimen, og skrive eit halvt skodespel. Seinare i kveld er me inviterte heim til ei barndomsvenninne av meg. Det blir sikkert koseleg. Dei eldste venninnene mine har eg hatt sidan eg var seks og sju år. Ikkje dei eldste i alder, men i kjennskap, vel å merka…

Så har eg lese noko uendeleg klokt i ei bok eg gav kjærasten min til jul:

“Ikkje snakk så høgt at du ikkje høyrer hjartet ditt.”

Det kunne eg nok trenga å ha på ein hugselapp i lommen
min. Av og til snakkar eg høgt og mykje, og trur at ord er det som skal til. I boka les eg interessante synspunkt på klokskap og makt. Er det slik at ein del menneske i verda, og kanskje alle oss som bur i rike land har meir makt enn me har klokskap til å bruka?

Der var det og eit sitat av Albert Camus:

“Europas hemmelighet er at det ikke lenger elsker livet… De har fornektet livets virkelige storhet og må derfor satse på sin egen. I mangel på noe bedre har de dyrket seg selv som guder, og ulykkene deres har begynt. Gudene deres har knuste øyne.”

Dette er eit litt trist sitat som eg følte for å skriva ned. Eg trur at det skjuler ei sanning. Bur me i ein livstrøytt og desillusjonert del av verda? Det er heldigvis ikkje heile sanninga, men eg trur me må vera på vakt mot kynisismen som kviskrar. “Alt er tomt likevel. Grav til deg som best du kan, og ikkje bry deg om korleis det går med andre. Kle deg i rustning og gjer deg usårbar, for den er sterk som er av stål og stein.”

Eg likar så godt dei orda eg las på ei T-skjorte for nokre år sidan. “Det er klart at jeg kan forandre verden.”
Amen

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Å, det var ett fint motto! Det har jag faktiskt också alltid trott! Inte kan jag förändra hela världen, men jag kan göra något bättre där jag är! Gräv där du står! Och när man arbetar som pedagog vet man aldrig vart ens inflytande kan föra. Somt föll på hälleberget… men nog föll en del i god jord också.

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, og det viser seg at ein av dei tinga som kan berga eit barn som står i fare for ikkje å klara seg så godt er at nokon ser barnet og har tru på det. For eksempel du…
    Eller for eksempel eg…

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Klart du og eg utgjer forskjeller – og alle andre menneske!!Eg kom heim igår etter intenst dirigentkurs i Stjørdal med ei fantastisk dame fra Holland som heiter Panda til førenamn!Ho var så energisk og levande og fekk meg til å gjera ting eg aldri har gjort tidlegare….så eg greier mest ikkje gå i trapper idag!Den stakkars utrena kroppen fekk kjørt seg:) Har du store planar for komande fredag?

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Trur ikkje det. Kjem du hit ein tur 🙂

  5. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg må visst på eit møte i spes.pedgruppa…viste det seg… eg sjekker kor tidleg det er ferdig – det hadde jo vore gildt med ein kaferunde på Sandnes saman…? Det går alltid eit tog:)

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Eller til Bryne 🙂

Legg att svar til Torhild Avbryt svar