Gå til innhald

Helg i februar.

februar 11, 2007

Stemmen min haldt akkurat til fredagsrunden med teater og workshop i to nye sjetteklassar. Det varmar når elevar i flokk og fylgje kjem for å seia ting som: “Dette var kjekt!” “Kan dokke ikkje koma til vår klasse ein gong til?” og “Kan eg få begynna i ei av teatergruppene i kulturskulen?”

Lettare rusa av adrenalin, kom eg heim med dronningkostymet mitt i ein plastpose, då kjende eg plutseleg kor trøytt eg var etter ei veldig intens arbeidsveke. Eg sovna momentant på sofaen, men Ingrid som hadde invitert heim ei skulevenninne, bad meg diskret om å flytta meg ut på soveromet. “Det ser ut som om du ligg der for å sova ut den verste bakrusen, mamma…” Og det førsteinntrykket ville eg vel eigentleg ikkje gje nokon, så eg tusla ut på soveromet og sovna ein gong til…

Så var det å vakna opp til livet att, og tida for å ta ein tur rundt i huset for å sjå om det fantest klede å ha på seg, sjølv om eg ikkje hadde hatt overskot til vaskemaskinen på over ei veke. Me skulle inn på konserthuset for å høyra på Sigvart Dagsland. Ein flott konsert vart det, og eg fylde på med Fishermans friend kvart femte minutt sjølv om eg eigentleg ikkje kan eta slikt for tida, for ein lite konsertvenleg hoste låg og lurde langt nede i brystet og ville ut…

Etterpå var det kyllingsalat og familie, og seint vart det denne kvelden og…

På lørdagen skein sola så fint, og eg fekk besøkt biblioteket og betalt for mine forsømmelsar. Dessutan fekk eg send to diktsamlingar eg hadde bestilling på. Det kjendest som å få rydda opp litt i må-tinga som eg ikkje har hatt tid til å ekspedera. Eg snubla over Inger midt i Storgata, og me sneik oss til eit lite kafébesøk, sjølv om ingen av oss hadde tid. Eg elskar kafébesøk som ein eigentleg ikkje har tid til. Eg burde lagt dei inn i dagane mine oftare…

Helga har vore ei familiehelg. I går feira me Borghild, og i dag feira me kjærasten min. Eg har bakt eplekake og steikt lappar på takka etter bestemor. Me tende alle stearinlysa me kunne finna, og inviterte til improvisert utvida familieselskap med rå løk, varme pølser og heimebakte rundstykker.

Vilde har overnatta her heile helga. Ho og Sunniva har gått heile og halve dagar omkring i pyjamasbukser og med ustelt hår og vore så vakre som bare trettenåringar kan vera i den tilstanden. Halvard har spelt piano, om og om igjen har han spelt alle melodiane han kan. Til Elise, Balade pour Adeline, Alleycat, The entertainer og så vidare. Innimellom høyrer han melodiane på CD-plate og bestemmer seg for at han må øva meir fordi han ikkje får til å spela det slik som på plata…

Og i går redda me den eine hamsteren frå å bli kattemat. Plutseleg høyrde lyden av noko som enten var ein fresande katt eller ein hamster i sjølvforsvar. Kjærasten min sprang ut på gangen og ropte forskrekka på meg. Han fekk løfta opp katten og eg fekk løfta opp hamsteren… Korleis det vesle dyret hadde klart å koma seg ut av eit stengt bur og to etasjar ned anar eg ikkje…
For det kan vel ikkje ha vore katten som klarte å opna buret og bar hamsteren ned mellom tennene… Merkeleg nok gjekk det heile bra.

Nå er alt rydda etter selskapet, og eg har endeleg fått meg ein halvtime på Andedrakt, noko eg har lengta etter heile veka. Så forunderleg fort ei helg tek vegen vidare mot kvardag…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Lappar? Är det plättar månne?

  2. Inger permalink

    Takk for det herlege kafe-
    besøket me ikkje hadde tid til!! Du kan oppmuntra, gode ven!! Håpar me finn på meir saman – som me ikkje har tid til! Fekk bestilling på 3+3 hefter i helga! Ellers er det ein fryd å få lov til å vera pianolærar for din ivrige son! Klem i natta:)

  3. Heidi: permalink

    Klem tilbake Inger!
    Eg trur kanskje lappar er det same som pletter, i alle fall sånn omtrent. Det blir laga av egg, surmelk (filmjölk), sukker, mjøl og vaniljesukker og har natron som hevingsmiddel. Blir steikt som små tjukke pannekaker som eser opp litt på grunn av natronet.

Legg att svar til Inger Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: