Gå til innhald

Klara Fina Gulleborg…

april 1, 2007

Keiseren av Portugalien er ei svært rørande forteljing om den kjærleiken ein far kjenner til barnet sitt. Den etterlengta dottera fekk namnet Klara Fina Gulleborg, om eg minnest rett. Ho vart behandla som ei prinsesse og ei gudinne av far sin. At det ikkje gjekk med dottera som han hadde tenkt, kunne han ikkje klara å forhalda seg til. I staden ofra han forstanden.

Namnet på hjartebarnet hans dukka opp i meg i dag då eg var ute og gjekk tur med Sunniva. Den vesle blide flisa av ei jente er nå på same reis som Ingrid var på for fire år sidan. I løpet av dei siste par månadane har ho skote i veret som ein bønnestengel, og i denne veka vaks ho forbi meg. Snart må eg sjå opp i staden for ned for å møta blikket hennar. Ho er ikkje eit barn lenger, men framleis har ho den blide, milde ynden over seg som nokon kvar kunne misunna henne. Høyr om ikkje skribenten har eit par anstrok av keisaren nemnd i overskrifta. Ei lettrørd hønemor er det eg er, og eg innrømmar det glatt.

Jenter på tretten er så utruleg vakre, og dei har ikkje oppdaga det sjølv. I veka som gjekk var me på forestilling på ungdomsskulen der dei dansa song og spelte sketsjar. Litt vemodig at alle desse små jentene som har gått inn og ut av huset vårt dei siste ti åra ikkje er små jenter lenger.

Det er palmesundag og eg har påskeliljer i vasane mine. Våren er her. Nå skal me ta ungane med til mormor og morfar.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Vakre jenter, ei sann fryd! Faddarbarnet ditt har fått hol i øyrene…. tårene trilla, men etterpå var ho i full vigør på bamsefabrikken- og laga seg ein skjønn bamse. Herleg med jenter som er litt tøffe og bamsegalne 🙂 Me må møtast snart!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja. Er dokke heime i påsken?

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar