Gå til innhald

Den stille veka?

april 2, 2007

Det er påskeferie. I påsken vil eg gjerne lena meg mot stillheten og ta i mot. Eg vil gjerne vera lyttande, for dette er veka for dei store mysteria.

Å koma meg i seng om kvelden er ikkje det eg har mest talent for, så i går kveld vart det tross alle gode intensjonar, veldig seint. Derfor sov eg lenge i dag, nydeleg var det. Før eg stod opp kjende eg meg kalla til å lesa ei bok. På mammutsalget kjøpte eg ei bok med psykoterapeutiske historier. I morgon kveld skal eg fortelja. Eg skal fortelja for godt vaksne kvinner. Det vil eg gjerne gjera på ein god måte, og eg treng å fornya repetoaret mitt. Eg skulle gjerne hatt med meg nokon som kunne spela litt musikk og…

Det blei seint før eg stod opp. Eg har ete frokost i lag med kjærasten min og Odd Christian, som skiftesvis sit med oppgåver i funksjonsanalyse, og skiftesvis spelar gitar og syng. Han har tydelegvis arva mi last, eller evne, etter korleis ein ser det, til å finna kreative pustehol i det meste han gjer…

Halvard les oppskrifter og diskuterer med to andre kameratar på tolv om dei skal baka kanelrullar eller innebakte pølser. Sunniva ser film med to venninner.
Ingrid tek livet med ro etter å ha jobba i heile går og kjærasten min lagar nettsider til eit vidareutdanningstilbod.

Hagen og huset roper på flittige venlege arbeidshender, og får truleg ropa i alle fall til i morgon…

Eg las i avisa om ein tekstilkunstnar eg har møtt eit par gonger, og som har gjort inntrykk på meg, Barbro Raen Thomassen. Ho har laga ei stor utstilling i USA til minne om eit menneske ho hadde kjend i tjue år, ein nabogut med utviklingshemning, som aldri hadde lært seg å snakka. Ho fortalde at denne guten hadde hatt gåva å bare ved å vera gje menneske ei heilt spesiell oppleving av varme og nærleik. Ho hadde brodert setningar om, og til han på store stoffstykke i silkeorgansa. Ho hadde hogd i stein og brukt lang tid til å formidla det stille og langsomme som han sjølv hadde hatt som styrke. Av ein eller annan grunn gjorde denne artikkelen så sterkt inntrykk på meg at eg vart sitjande med rennande tårer.

Nå er det allereie langt på dag. Eg skal på til skulen og arbeida nokre timar. Kanskje eg kjøper bunadstoff til Sunniva sin bunad. Det er på høg tid at eg begynner å brodera dersom eg skal bli ferdig i tide. Eg vurderer alvorleg å kjøpa ein ny mobil og… Sjølv om eg så smått tek til å bli van med å ikkje vera hundre prosent tilgjengeleg.
Mrtin Lönnebo begynner kvart kapittel i boka eg held på med med setningen “Les langsomt”. I påska har eg så smått intensjonar om å leva langsomt.

Går det an å leva langsomt midt i mitt eige tempo? Eg likar å tru det, men eg innser at det på sett og vis kan vera ein illusjon.

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg og las om kunsten til Barbro – og tårene rann. Visst lever me, Heidi, i vårt eige tempo- og med fargerikt innhald! Me er heime ei stund. Treng du musisk hjelp til noko? Lean on me…..

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Meiner du det? Har du lyst til å vera litt musisk i lag med meg i morgon kveld på boasen på Ålgård. Sonja Murvold har spurt meg. Har tenkt å fortelja + lesa dikt og det kunne ha vore så fint med litt musikk mellom dei forskjellige tinga.

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Klart eg kan …. kva tid treng du meg?

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    På Ålgård i morgon klokka sju. Må kanskje sjekka ut med Sonja om dei har piano der. Klarer me å ta improviseringa på sparket eller skal me møtast hos meg i morgon ettermiddag for å øva litt?

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Har nå sjekka ut at dei har eit nytt og fint piano i lokalet og at det var ein strålande idé at du blir med. 🙂

  6. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Me treng ikkje øva, bare send meg ei melding om kva tema du vil innom… godnatt !

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Får mobil i morgon. Ringer deg.

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar