Gå til innhald

Ein konge kledd ut som narr.

april 6, 2007

Eg har vore på krossvandring. Via Dolorosa av det indre slaget. Klokkaren vår, han med den vakraste opplesarstemmen eg veit om, leia oss gjennom dei fjorten stasjonane saman med presten. Martin Lönnebo hadde skrive desse meditasjonstekstane til bruk langs den eldgamle lidingsvegen . Det vart eit møte med lidinga og lidingsmysteriet, og ei bøn om at me som fylgjer etter må få mot til ikkje å gå utanom det som gjer vondt. Det er mykje som gjer vondt, i verda, i oss sjølv og i andre menneske.

Kyrkjeromet er rydda reint. På alteret er det ingen tende lys. Songen er i moll og a capella. På eit lite bord ved kortrappa ligg det svart duk. På duken ligg ei tornekrone. Blodraude roser, ei for kvart av Jesu sår, står i ein glasvase. På golvet ligg det strødd tretti sølvpengar.

I dag, då eg drakk morgonkaffien min, høyrde eg at den store verdsomspennande klimarapporten skulle ha blitt lagt fram i dag, men ein del land hadde bedd om at han måtte omarbeidast først fordi innhaldet var for sterkt.
Eg tenkte på det symbolske i at ein slik rapport skulle leggjast fram på langfredag. Har nokon vore klare nok i hovudet til å finna ut at det truleg var den mest passande dagen som finnast kunne?

Eg har høyrt at folk har gjort mykje for å ta lidinga på alvor på langfredag. I ei bygd i Norge var det visstnok skikken å gå med småstein i treskorne og vaska fjoset, fordi det var det skitnaste og tyngste arbeidet som fantest.

At lidinga finst treng ein ikkje vera spesielt klok, erfaren eller visjonær for å vita. Eg spør som eg ofte gjer. Kor skal eg gå hen med meg sjølv? Og tenkjer i tillit at vegen vil opna seg. Måtte me få mot til å ta dei rette vala.

Då eg gjekk heim kom klokkaren bort til meg. Eg fekk ein klem og ei av dei blodraude rosene.

Til påskeutstillinga som eg hadde i lag med Inger skreiv eg eit veldig kort dikt som eg siterer etter minnet.

Og lyset kom til verda.
Eg ropar
med det eg har att av stemme:

La mørket ta i mot det.

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Arne permalink

    Ja, det var ei sterk oppleving å vera med på korsvegen i kyrkja idag! Eg har tillate meg å sitera deg på bloggen min. Ingen kan skildra dette som deg!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Bare kjekt, Arne. Nå må eg innom deg å lesa.

  3. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    Ingen kan skriva som du, Heidi! Har lese bloggane dykkar i kveld (din og Arne sin)- og ser at påskens innhald er nært og sterkt. Og dei kortaste tekstane er ofte dei som sit att. Slik som diktet her- det rommar meir enn ord… Liljer langs vegen, påskeliljer. Ordet kjem til oss, også på dei lange dagane. Takk for vakre tekstar og ord som dirrar mot vår!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk for alle gode orda, Jarfeld

  5. Ukjend's avatar
    Skylla permalink

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Skylla: Takk det same 🙂

  7. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Sterkt! Du berører! Skulle likt å lese Arne – kven du nå er – sin blogg…

  8. Ukjend's avatar
    Heidi. permalink

    Arne er mannen til Inger som eg hadde utstilling saman med. Eg veit ikkje koss eg klagar linkar, men du skal få adressa. 🙂

Legg att svar til Heidi. Avbryt svar