Ja, han er sannelig oppstanden.
I natt bar me brennande stearinlys med oss ut av kyrkja, så vart me ståande mellom gravene på kyrkjegarden og synga: “Deg være ære, Herre over dødens makt,
evig skal døden være Kristus underlagt”
Der stod me, ungar, ungdomar, menneske midt i livet og eldre menn og kvinner med lys som blafra i vinden. Kvar gong ein av oss mista flammen var det eld å henta frå andre sitt lys.
Presten helste oss med den eldgamle påskenattshelsinga:
“Kristus er oppstanden,” og forsamlinga svarte unisont:
“Ja, han er sannelig oppstanden”.
I halvannan time hadde me site tett saman inni den vesle trekyrkja, delvis i mørke med tende stearinlys medan det vart lese tekstar og dansa i midtgangen. Det vart sunge salmer og nye lovsongar om einannan, og nattverden vart delt ut. Det må ha vore fleire hundre menneske i kyrkja trur eg, og dei aller fleste gjekk fram for å få nattverd medan ei gruppe ungdomar song lovsongar framme i koret.
Det var fint å sitja der, og eg tenkte på alle dei eg gjerne ville skulle ha vore der saman med meg. Eg ville så gjerne at dei skulle få kjenna fellesskapet, og kjenna at -slik og er kyrkja. Ikkje bare alt det andre ein tenkjer og trur om kyrkjeliv og høgmesser.
Halvard og Sunniva var glade og opprømte etterpå, og eg trur at slike opplevingar er vitaminer for sjela og ein injeksjon av tru og livskraft som dei tek med seg vidare.
Vel heime var det tradisjonell fylling og gøyming av påske-egg.
I dag på høgtidsgudstenesta hadde eg fått ei lita oppgåve. Alle barna som kom for å vera med på påskegudsteneste og barnedåp fekk tilbod om “å hjelpa til”. Dei fekk gå inn i prosesjon saman med dåpsfølget, berande på bukettar med nyutsprungne påskeliljer, som vart sette i ei stor keramikk-krukke framme ved altarringen. Då gudstenesta var slutt, bar dei blomane ned til utgangsdøra og vart ståande der for å dela ut ei lilje til kvar av dei som hadde vore i kyrkja.
Eg stod bak barna for å sjå til at alt gjekk bra. Det var eit sterkt syn å sjå eit og eit av dei vaksne ansikta opna seg og smila mot eit barn med ei framstrakt lilje. Andleta vart mjuke og augene varme. Eg måtte svelja ein klump eg fekk i halsen. Verda treng barn.
Nå skal eg ned og baka litt og førebu middagen til gjestene våre.
God påske!
Heidi
Så vackert. Jag var på mitt livs första påsknattsmässa inatt. Det var en upplevelse.
Glad påsk!
Vakkert! Påskebodskapen ber det evige livet i seg, frå generasjon til generasjon. Å samlast slik set livet i nytt perpektiv. Takk for at du delte dette med oss, Heidi! God påske!!
JAfreld og Peppar:
Ja, eg måtte skunda meg å skriva det ned medan minnet var levande. 🙂
Takk for alt 🙂
Torhild, det høyrdest dramatisk ut! Kos deg med flygelet ditt. Eg dukkar opp ein dag for å sjå og høyra.
hadde jeg vært til stede hadde jeg nok ikke klart å holde tårene tilbake….
hadde kanskje vært en god renselse for sjela mi. Sterkt med barna som møtte dei vaksne med ei påskelilje….
Ja me treng barn – de er nøkkelen til mange låste dører 🙂
May Brit: Neste år tek eg deg med. Bare synd du er eit sånt hyttemenneske som aldri er heime i påsken…
Trur eg hadde likt å være heime i påsken og. Ser at den åndelige dimensjonen blir viktigere og viktigere i lovet mitt…
Til neste år i Jerusalem, som jødane seier…